Et svært sjeldent bilde av spelemannen Ola Lein – «Leinen» i yngre år- tatt av Torbjørn Tragethon

oleiv ola lina leinDette bildet viser Oleiv, Ola og Lina Lein fra Hol. Biletet er ein del tå samlinga til Olav Oppsato og Sigbjørn Tormodsgard. Det er svært verdifullt ettersom det viser spelemannen Ola Lein, «Leinen», i yngre år.

Ola Lein, Leinen, var født i 1845 og han gikk bort i 1919. Mor hans var Anne Olsdtr. Dengerud Lein, 1812—1893. Ola var spelemann og netvindar, Låtten “Leinen” til Øvrevollseie stammer frå han.  Lars Reinton fortel i Folk og fortid i Hol om korleis spelemannen Herleik Kvanneberg fikk seg fele tå Leinen. «Den fyrste fela han hadde, gjorde han sjølv, av ei fjøl som han sette strenger på. Når han sette ho inn til klokkekassa og strauk på ho, song det so det runde. Far hans gøymde fela for han, men han fann ho att. Då knuste faren ho mot ein vegg. Mange år etter fekk Helleik eit trekkspel. Og det var ikkje so gale å spela på. Han spelte endå til dans på det. Men so hende det at han hadde ei kyr ute på leige hjå Leina, og Leinen vart skuldig honom eit pund smør. «Du kann få fela», sa Leinen. Og då vart det speling! Det var ei god fele. Knut (Øino), son hans Asle Vangen (Asle Øino d.e.), hadde gjort ho. Låttane lærde han tå Brøta (Brøta-Per/Bråta-Per?) og Skøra (Knut Skøro/Skåren), men og mange av dei som let med kjafte. – Helleik dyrka mest musikken berre for musikken si skuld. Han laga slåttar og, soleis ein som han kalla ~Orrhanen. Det er ristetak og kuldringar i han, som du høyrer orrhanen. Han laga og ein lausslått, men han har ikkje noko namn».

Takket være denne lille detaljen i Folk og fortid i Hol vet vi at Knut Øino lagde feler. Sønnen til Ola A Strand, Asle Strand, skriver følgende om Knut Øino i Spelemannsbladet nr 5 1953: «Knut Aslesen Øino, sønn av Asle var også en meget god spelemann, men da han i motsetning til sin far var en i høy grad arbeidets mann vart han sig ikke i den grad spillemann som faren. Hans felesplil utmerket sig ved en fullkommen utførelse av slåttene og hans tonekunst med dobbelttoner var enestående, og er det beklageligste at hans personlige beskrivelse av felespillet ikke har fått noen avtagere. Det var almindelig og høre før festlige anledninger når det var spørsmal om å delta eller ikke at: «Ja, er det Knut som skal læte sa får vi gå. Når spelemenn ble diskutert ble det ofte uttalt at: «Jo den og den låter godt, men han Knut Øino er det no ikke da».

Lars Opsata og Kristen Svarteberg skriver dette om Knut Øino i Ål bygdebok: «Øino, Knut Asleson 30.09. 1866—1945. Foreldre: Asle Larsson Øyno og Liv Olsdtr. UnderBerget (Leveld). Knut fekk auksjonsskøyte på Øyno for kr 1830 i 1891. Knut dreiv gråsteinsmuring på Bergensbanen ei tid, sidan vart det båtbygging. I 1908 skreiv Mehlum at Knut hadde bygt 279 båtar som var spreidde over heile Hallingdal. Det vart omlag 700 båtar frå hans hand. Han laga også likkister. Øyno-båtane kunne vera vanlege robåtar, eller det var større båtar til bruk under tømmerfløytinga, brotningsbåtar dei kalla. Ein Øyno-båt av denne typen vart brukt som ferje ved Liodden i Nes fram til brua kom i 1959. Båten vart rodd av to, og han frakta folk, krøter og køyretøy. Knut var flink spelemann. Han brukte mykje dobbeltgrep på hardingfela, hadde lært mykje hjå far sin, men hadde også sitt eige spel».

Ola Lein og familen hass budde på fjellgarden Olas-lein inne ved Strandavatnet i Hol. Anne var så flink til å kveda og tralle slåttar. Ho song vent til ho vart utende gamal. Spelemenn kom og lærte gamle låttar av henne. På Lein hadde dei fjøset under stugu. Ein som overnatta i Lein, høyrde Anne då ho stelte dyra: “Ho song eit bel, so kvod ho, og så lulla ho og let eit bel.” Sonedottera vart mor til spelemannen Kristian Øvrevollseie.

Siden Ola Lein var født i 1845 er dette bildet trolig tatt på 1860-tallet, av fotograf Torbjørn Trøgaton. Lars Reinton skriver i Folk og fortid i Hol. 2 : Frå 1815 til vår tid: « Hol var vel ei av dei fyrste bygdene (i Hallingdal) som fekk fotograf. Lærar Torbjørn Trøgaton (Tragethon), f. 1840, tok til med fotografering i 186o-åra. Han var ein uvanleg netthendt mann, dugande i alt slag praktisk arbeid, han måla, snikra, smidde, og gjorde alt like godt. Enno er det reidskap og husbunad i bruk i Trøgaton, som han laga. I Troøgaton hadde han eit lite rom til fotograferingsarbeidet. I den tid måtte dei laga platene sjølve, ei ny plate for kvar fotografering, og ho måtte brukast og fikserast medan ho enno var våt. Dette gjorde fotograferinga den tid sers tungvind, det tok og sterkt på synet, for meste arbeidet måtte gjerast i mørkerom og med raudt ljos. Det vart difor vanskeleg å fara ikring og ta bilete. I samlinga hans av plater i Trøgaton er det difor få bilete av gardar eller landskap, men der er ei mengd portrett og gruppebilete av interesse».

Farmor til Ola Lein, Helga Olsdotter, fødd kring 1770, er det fortalt bles på bukkehorn.

Av Olav Sataslåtten d.y. Opphavsrett ved ham. Takk til Olav Oppsato for å ha gitt meg tilgang til samlingen deres.

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s