Handelen på Sundre 1860-1931

Nedlastbar og utskriftsvennlig versjon av artikkelen: Handelen på Sundre 1860 Hallingminne

Kristen Svarteberg skriver følgende om handelen på Sundre i Ål bygdesoge:» Dei fyrste som tok til med kråmbuhandel i Ål var Torstein O. Svarteberg, Asle Kortgarden, Nils K. Gudmundsrud, Eirik H. Nos, Knut Leksvol og Halgrim Skjervheim. Alle desse handla utover frå kring 1860. Torstein Svarteberg skal ha byrja sist i 1850-åra i ei stugu i Nordigarden på Svarteberg. Den tida gjekk Nordbygd-vegen på vestsida. Seinare handla han nokre år på Sundre i lag med Asle Kortgarden.

Eirik Nos dreiv i lag med Nils Gudmundsrud i Gudmundsrud. Alle dei andre handla heime på gardane. Dei dreiv det nok som ei binæring. Det var småhandel. Fleire selde brennevin over disken, og den traflkken gjorde dei det visst bra på. Torstein Svarteberg skal ha handla mest med brennevin og tobakk då han byrja. Halgrim Skjervheim selde mykje brennevin over disken. Hajem skriver i at Halgrim Skjervheim begynte vinhandel i et kammers på Skjervheim hvor det av og til skulde gått nokså lystig for seg. Men utover 1860-åra la kommunen ein ekstra skatt på dei som selde brennevin, og dei fleste slutta etter kvart. Han som heldt lengst ut var Chr. Urholt. Han byrja handel på Sundre kring 1865. Men på Sundre vart det så mykje fyll og spetakkel at folk fekk imot det. 1871 stengde Urholt og brennevinskrana. Dermed vart det for godt slutt på å selja brennevin over disk.

sorteberg slåmaskiner ringerikes blad 1900
Ringerikes blad 1900

Småhandelen kring på gardane gjekk ikkje lenge. Eit par av dei fyrste som byrja, gjekk det ut med, og alle desse slutta etter nokre år. Det var dei som slo seg ned på Sundre, og som dreiv det som hovudnering, som greidde seg best. Her var Chr. Urholt. Han bygde forretningsgard 1866. Attåt butikken dreiv han med skog- og tømmerhandel, hadde skysstasjon og dreiv gjestgjevargard. Han var ein tiltaksam og framme kar. Fyrst i 1870-åra kom Carl Nielsen. Han bygde i Larsgarden og hadde kråmbu der. 1873 starta Aal og Torpe spareforening. Denne handla nokre år i Gudmundsrud, seinare på Sundre.

Håkon Ulshagen skriv i «Det gamle Sundre»: «Kring 1880 vart eit lite jordstykke frådelt Myro (Nigarden Sundre), og ved skylddelinga fekk det fekk namnet Halvmålet. Som eigar står oppført handelsmann Gulsrud. Husa på Halvmålet er flytta dit. Stova kom frå Stavejordet, kor loftet kom frå veit me ikkje. Då søre Stave brann i juni 1871, brann også stova hans Andres Bjella første kasseraren i Aal Sparebank men han fekk redda den vesle kista der han hadde det som høyrde banken til. Etter brannen vart eit jordstykke frådelt garden, det fekk namnet Stavejordet, grn. 114, bra. 7, og Andres bygde seg hus her. I 1875 kjøpt han Myro og flytte dit, men banken vart verande på Stavejordet fram til 1881 då Andres flytte den til Nigarden.

«Gamlebanken» kom så til Halvmålet, og det var Asle søre Bjella som kom til å bu der. Attåt stova og loftet fekk han seg opp uthus, for han hadde eit jordstykke i Øvre-Ål og slo eit stykke ova kyrkja slik at han fødde to kyr. – Asle var handelskar. Bjellanamnet vart sjeldan brukt om mannen på Halvmålet, han vart heitande Asle Skeie. Grunnen til dette var at vegen vestover frå Sundre frå gamalt hadde vorti kalla Skeidet, truleg fordi det hadde vori kappridng og -køyring her.

Asle dreiv med handel av mange slag. Han kjøpte opp skinn og vilt som han selde vidare til byen. Attåt dette selde han kaffi. Folk som hadde ærend til Sundre eller hadde vori til messe om sundagane, kunne gå inn til Asle og få seg litt i livet. Han selde også heimebaka kaker, og så hadde han stallrom til utlån. Det var difor mange som kom innom på Halvmålet.

bilde 1
Eitt av dei eldste bileta me har av Sundre, tatt ca 187. Me kjenner att Pleymshagen, Tingstugu og Chnstian Urholts gjestgiveri og skysstajon, seinare Sundre Hotel. Gretestugu. som vart selt som hytte til Kristiania, nedanfor Pleymshagen.

Bjella hadde teft som forretningsmann og samla seg pengar på mange vis. Når han selde kaffi, vart han ofte med og drakk sjølv også. Betalinga var pr. kopp, og det er fortalt at han ved oppgjeret også rekna med det han sjølv hadde drukki. Det er også fortalt at han samla på gruten som var att i koppane, og tømde denne attende på kjelen. Kakene hans kosta ein øre stykket. Vart det kjapt for ti øre la han åtte kaker i ein papirpose, posen kosta då to øre.

Bjella var ein nøyten kar på alle vis. Når det hadde stått hestar ved kyrkjegardsgjerdet og det låg att gjødsel der, så tok han vare på denne til hagen sin. Han heldt elles vegen forbi eigedomen sin rein for slikt som hestar og andre dyr la att etter seg der. Handelen og anna gjorde Asle til ein svært velståande mann».

Forretninga til Chr. Urholt dreiv O. A. Øyno nokre år frå sist i 1890-åra, ei tid seinare nokre år i lag med O. Ødelien.

Pleymshagen
Pleymshagen

Då Kristian Urholt slutta som skysskaffar, overtok Øino skysstasjonen på Sundre. I Handelsregistre for 1899 kan vi lese: «Hr. Fogden i Hallingdal. Undertegnede Ole A Øino anmelder herved, at jeg under firma O. A. Øino agter at drive handel i Aal herred. Min bopæleor paa Sundre i nævnte herred.  Sundre den 24 Juli 1899. O. A. Øino».

Eg hugsar at både dottera Liv og sonen Leif sume tide var ute med skysshest. I 1917 kjøpte Øino saman med Ola Ødelien frå Nordbygda UrhoItgarden og gjekk i gang med handel i Urholtbua der førstnemnde hadde starta forretning den gong han flytte til Sundre. Men alt året etter tok Aksel Urholt att garden på odel. No selde Øino Larsgarden til Ødelien og flytte sjølv til Oppegård. 

aal og torpo speareforening 1880
Aal og Torpo speareforening 1880

I følge Handelsregistre for 1918 avsluttet Øino og Ødelien samarbeidet det året: «Aal den 25. septbr. 1918. Hr. sorenskriveren i Hallingdal, Nesbyen. Vi tillater os herved at utmelde handelsfirmaet Øino & Ødelien av firma-registeret„ da det er opløst. Ærbødigst Registrert, Hallingdals Sorenskriverkontor den 30. Septbr. 1918». Siste bygningen som kjøpmann Øino sette opp Preinsrudhuset har vori nytta til så mangt. Under første verdskrigen heldt provianteringsrådet til der. Då Ål Samvirkelag vart skipa i 1920, vart første høgda butikk i nokre år. Også andre høgda vart ei tid nytta slik, brørne Ola og Sevet Sataøen hadde verkstad og butikk der før dei flytte til Skrienhuset. Då Preinsrud vart eigar i førstninga av tjugeåra, leigde han bort andre høgda som bustad og budde sjølv nede.

øino kort
Det var O. A. Øino som sette opp dei to husa på dette kortet. I første etasje  i det to-høgda bygget var det landhandel, og her budde Øinofamilien. I andre etasje  var det hotell. Seinare sette Øino opp ein ny bygning pa nordsida av tunet (kjent som
Preinsrudhuset etter han som kjøpte det).

Ein vestlending, T. T. Kronen, dreiv i Urholtbygnigen nokre år, og O. Hajem ei tid, til han bygde eigen forretningsgard 1922. Ål spareforening overtok då Urholtbua og handla her til foreninga vart nedlagd og Asle Bergo overtok og starta eigen handel 1930.

ødelien
Birgit, Sander og Ola Ødelien framom forretninga til Øino og Ødelien i 1917.

Asle Bergo 19.03. 1902—1979. G 1932 m Rangdi Embriksdtr. Bæra. Ingen barn. Asle starta opp som kjøpmann på Sundretorget i 1930. Krambua gjekk med i brannen Sundre i 1931. Ei brakke kom opp mellombels til den nye butikken vart ferdig. Asle dreiv assortert landhandel. Asle gjekk ikkje av vegen for ein spøk med kundane. Ved eitt høve lova han ein kunde ryggsekken fylt med mat om vedkomande ville sykle opp til Strand og attende med bjølle rundt halsen. Asle rekna seg nokså trygg på at det ikkje kom til å skje, men kunden tok utfordringa på strak arm. Halvor Sandelien på Bakken fekk såleis full ryggsekk.

Kristen Sorteberg skriv: «Etter brannen på Sundre 1931 vart grunnen der Urholtbua hadde stade, kjøpt av kommunen og Aal sparebank og utlagd til torg. Dei som vart ute for brannen, bygde då nye forretningsgardar. Handelen til Carl Nielsen overtok Gudsgård og T. Sorteberg i lag kring hundreårskiftet. Dei dreiv der nokre år til denne handelen vart nedlagd. Gudsgård dreiv då handel i eit anna hus nokre år. Seinare hadde Per Vareberg sportsforretning her nokre år. Den gamle butikken til Engebret Sorteberg har gått på fleire hender. Fyrst dreiv Strand og Hefte der nokre år i lag, så Strand aleine og seinare E. Kirkedelen. Mange nye forretningar har det kome på Sundre. 1920 starta Ål samvirkelag, 1931 0. Perstølen og O. Opheim kolonial, 1933 Hallingdal meieris kolonial.

bilde 2
Sundre i 1895. Neda vegen, frå venstre, ser me den gamle foreningsstugu, der m.a. Eirik Kirkedelen dreiv handel. Ova vegen er privathuset hans. Nedafor og bak loftet ser me i Fjellheimhuset. Neda jordet lengst til venstre er Sundre-Myren det gamle tunet. Lenger inn i biletet er «Ni-garden pa Sundre». Rett ovanfor ser me uthusa i Gretegarden og deretterden tohogda lensmannshygnaden/gamle tingstugu bygd i 1764. I rett vinkel på tingstugu er skysstastonen som Chr. Urholt bygde (seinare Berrums Hotel/Sundre Hotel). Paåandre sida av «Jeile» ligg Urholtbygnaden, seinare Spareforeninga. Bak denne er Pleymshagen. Og lengst bak ser me kyrkja og prestegarden.

Til Fogden i Hallingdal. I henhold til Lov af 17 Mai 1890 om Indmeldelse i Firmaregistret tillader man sig  herved at anmelde Hallingdalg Brandforsikringsselskab, hvis direktion for Tiden er Landh. Engb. Sorteberg ( Formand), Haaken T. Opsata og Tollef Breie, — der fra 1/1 91 driver sin virksomhet i Hallingdal (….) Aal den 19 Marts 1891.
Engb. Sorteberg.
Haaken T. Opsata.
Aal den 20 Marts 1891.
Tollef Breie.

Ola Perstølen
O. Perstølen byrja skreddarforretning 1901, skreddar- og manufakturforretning 1917, bokhandel 1919. Frå 1931 har han drive i lag med O. Opheim. Ola Perstølen skriver: «I 1917 løyste eg handelsbrev og tok til med litt handel. Det var reisande for Wald-Jaeobsen & Co. i Bergen som rådde meg so til det, og det var no varor derifrå eg hadde – dressar, underty, skjorter m. v. Varorre hadde eg på verkstaden, andre høgdi på Solbakken. Den nørdste helvti av andre høgdi var det Ellingsgard hadde til skulerom. Det vart berre ein vinter, og då vart dette romer eeke ril verkstad og sengerom, og fyrste høgdi vart burtleigd. Då so eg kom att, delte me dette romet i nødre parten, og framromet van då verkstad (og butikk), det inste
vart kontor og upphaldsrom for han Asle, og sengerom for Torleiv og Vebjørn».

I 1917 vart den gamle bygningen Pløymshagen seid ved auksjon. Eg hadde havt hug til å vera med og by på den, men tatte det var «formasteleg,,, Eg hadde gjeld på Solbakken, ogdet var ikkje lett å ra kausjonistar på eir so vågalt tiltak som dette vilde vare. Eg møtte ikkje upp på auksjon ein gong, men høyrde at Torstein Svaneberg hadde kjøpt eigedomen for kr 15 000. Eg gjekk gruvla på dette, og kom so på at eg vilde høyra med han Torstein kor mykje han tenkte seg til å rena på eigedomen. Det var um sumaren etter, og eg drog av garde ein dag til Svarteberg. Eg sykla, og då eg kom sørunder Vishagen, kollkøyrde eg. Men det gjekk då ‘kje verre enn at eg fota meg att, og sykkelen var like brukande. Eg fortalde derte då eg kom heim att, og ho Dortea la det ut slik: at kjøpte eg Pløymshagen, so vilde der ikkje gå berre bra, men ikkje verre heller enn eg kom på fotene att. – Og so må ein vel seia det gjekk og.

Han Torstein vart interessert, og var slett ikkje uviljug til å selja, men han vilde ha 18 000 for eigedomen. Han skulde då setja inn pant i eigedomen. Og det var dette eg hadde rekna med. Han var ein rik mann, og trang ikkje pengane, so eg ttong ikkje ty til nokon for å ra kausjonistar. – Likevel var no dette er eit vågalt tiltak, so då han kom til Sundre nokre dagar etterpå, so hadde eg mest slege handelen frå meg. Men no hadde han vorte ivrig på handelen, og det vart til det me handla. (Han kvekte meg forresten eit års eid etterpå. Han hadde selt pantebrevet til ein utpå bygdom og sa upp pengane, men so fekk eg då Hol Sparebank til å løysa inn pantet.) Det var ein gama! herskapsbygning, dette, og ikkje svært høveleg til forretningsgard. Der var ei svære stor stugu i fyrste høgdi, og den tenkte eg til verkstad. Ved sida sørover var det tvo mindre rom. Desse tenkte eg då til butikkar. Tvo rom i fyrste høgdi leigde eg burt. Eit stort fint rom i andre høgdi hadde eg etla Asle til upphaldsrom og kontor, eie rom ril Torleiv
og Vebjørn og eie par rom til lager».

Knut Langehaug byrja skreddarforretning 1907, Marte Stølen systugu kring hundreårsskiftet, seinare manufaktur, Oline Berg manufaktur 1933, skoforretning og manufaktur 1928, Sissel Bråten manufaktur og prydsaum 1932, Bernhard Berg sportsforretning 1934, Knut Bråten frukt- og elektrisk forretning 1923, Nils Dalseide slaktarforretning 1923, Herbrand Larsen slaktarforretning i 1930-åra, Johan Sundre det fyrste bakeriet i 1890-åra, Strand og Hefte bakeri kring 1900, Ål samvirkelag bakeri i 1920-åra, Sørensens bakeri 1937. Svein L. Bæra byrja sylvsmedforretning 1908, Ola og Sevat Sataøen urmakerforretning 1915, brørne Lundgård bilverksted fyrst i 1920-åra, Olaf Ruud og Sevat Svarteberg bilverkstad 1939, Sigv. Tveito fotograf 1921, Johs. Brye
fotograf 1938, Einar Helgestad barber og frisør 1932».

guri hovdegard
I 1908 begynte Guri Hovdegard frå Vats kafe i eit forretningsbygg som kjøpmann
Gussgaard hadde sett opp like aust for kyrkja (der Hallingdølen har sitt bygg i dag).
Nokre år seinare overtok systera Sigrid kafeen. 1 1916 bygde ho eige hus lenger aust
på Sundre- på «Nordby» -huset som Marit Kaslegard seinare hadde, og flytta kafedrifta
dit.

Nils Noss skriv følgjande om handelen på Sundre i artikkelen «Utviklinga av Sundre som tettstad» i Dølaminne 1996: «Handelen var ein viktig ting som byane hadde monopol på. Men det som dei ikkje rådde med var dei omreisande handelsmenn. Det var no først og fremst fehandlarane, men også skreppekræmarar. Ellers so reiste bøndene til Lærdal, Branes eller Kristiania med varone sine og selde og kjøpte. Knut Sindresen Dekka som var rokkedreiar drog rokkane sine på ei handkjerre til Lærdal og seide dei der. Dette var etter at køyrevegen var ferdig i 1840. Eilev Moen og Eilev Brenna drog blekkløy på ein kjelke til Kristiania på vinterføre. Desse skreppekræmarane dreiv ein ulovleg trafikk, og det hende at lensmannen slo kloa i dei. I 1837 stod Nils Bæra, Knut Opheim og Ola Sørbøenseie klaga for å ha handla med kråm. Dei hadde selt foldeknivar, spennu, kammar, såpe, lakris og finare tøy. I 1840 bar amtmannen seg ille over at «handelsånden hos bonden i Hallingdal er vokset til skadelige høider, da de yngre derved vennes til et omflakkende ørkesløst liv, og henfalder til udsvævelser og usedelighed og bedragerier, som de anse for handelskløgt». Om ikkje øvrigheite likte kramkarane so var dei velkomne på gardane. For vanlege folk hadde ikkje høve til å koma i nokon krambu.

urholtgeila
Urholtgeila var «navlen» på gamle Sundre, Men rundt plassen som vart kalla Urholt-
geila, var det bygt utan plan. På sørsida låg Sundre Hotel vegg i vegg med Tingstugu. I krysset Nigardsvegen/sta- sjonsvegen låg forretningsgarden til O. S. Vest for Urholtgeila stod Skrienhuset  Rett over vegen for Skrienhuset stod to store tømrabygningar, Pleymshagen og Urholtbua.

I 1836 fekk Rømche løyve til å drive handel på Nes, som den einaste i Hallingdal. Men so i 1856 kom lova om frihandel på landet. Og no var det mange som begynte med kråmbu omkring på gardane. Det som det var lettast å lena pengar på var å selja brennevin. Men utover i 1860-åra la kommuna ein ekstra skatt på dei som selde brennevin. Og dei fleste slutta etter kvart.

På Sundre hadde Christian Urholdt bygt gjestgiveri, det som seinare vart til Sundre Hotell. I 1866 bygde han kråmbu på Sundre og begynte med handel. Han dreiv også med brennevinshandel. Men på Sundre vart det so mykje fyll og spetakkel at folk fekk imot det. So i 1871 slutta han med det. Christian Urholdt dreiv attått butikken med skog- og tømmerhandel, hadde skyss-stasjon og gjestgjevargard.

urholt
Urholt

Dei handla nokre år i Gudmundsrud. Nils Nilsson Gudmundsrud var født 01.04. 1837, og han gikk bort i 1908. Foreldrene hans var Nils Knutsson Helling Gudmundsrud og Sigrid Olsdtr. Gjeldokk. Han var gift med Ågot Larsdtr. Styrkestad Gudmundsrud 02.11. 1847—1911 Foreldrene hennes varLars Larsson Stavehaugen Styrkestad og Margit Eivindsdtr. Styrkestad. Nils og Ågot gifte seg i 1867. Nils slo på tromme og bles lur som gjætar i unge år. Nils kjøpte Gudmundsrud då broren Store-Ole reiste til Amerika. Han sette opp stugubygnad i to høgder. Folk tykte han bygde stort, dei sa han “bygde seg ute”. Både Nils og Ågot var veikhelsa, og dei vart sitjande trongt i det. Nils var gardbrukar og lærar. Ei tid dreiv han også krambu i Gudmundsrud saman med Eirik Hallgrimsson Noss. Eirik Hallgrimsson Evjen Noss var fødd 08.05. 1813—1891 BILD. Han var gift med Barbo Arnfinnsdtr. Roen Noss 26.08. 1820—1892. Eirik og Barbo gifte seg i Gol i 1839. Dei 11 ungane står oppførte på Evjen, gnr. 1/13 år 1838. I unge år kjøpte Eirik Hallgrimsson ein skogrem i Ridalen til uthogst. Det vart starten på ein omfattande skoghandel. Eirik og broren Hallgrim dreiv stort med skoghandel i heile dalen. Då dei delte hopehavet sitt, fekk Eirik “det som var ovafor Heslabrua”! Fyrste tida budde Eirik og Barbro på Øygarden og Ottargarden Rotneim i Gol. Eirik Hallgrimsson dreiv krambuhandel i Gudmundsrud saman med Nils N. Gudmundsrud ei tid.Engebret Sorteberg var styrar der ei tid, til han tok til med eigen butikk på Sundre i 1888.

Eirik E Noss
Eirik Noss

Engebret T. Sorteberg gjekk i fotspora til faren og dreiv butikk. Faren, Torsten O. Sorteberg, var av dei aller fyrste som tok til med butikk i Ål, heime på garden, i 1857. Engebret var ei tid styrar av Aal og Torpo Spareforening som vart starta alt i 1873. I 1888 tok han til med eigen forretning i ei stugu (Foreningsstugu) ved Gamlevegen på Sundre. Engebret Sorteberg. Engebret Sorteberg var først i butikken hos sin far, men da Ål spareforening blev oprettet i 1873, så kom han i butikken der, og blev straks bestyrer for denne forretning, hvor han var til i 1888, da han begynte sin egen forretning på Sundre. Da hans eldste datter blev gift med O. Strand, så overtok han forretningen på Sundre, og i 1901 begynte Engebret med butikkhandel i Votndalen, som han drev til sin død i 1908. Hans yngste datter blev gift med O. S. Hajem, som fortsatte forretningen der efter sin svigerfar i noen år, men har senere flyttet til Sundre. Engebret Sorteberg var en dyktig forretningsmann, og tillike deltok han meget i den politiske kamp i 1880-årene, og var en ivrig talsmann og leder for venstrepartiet i ÅI. Det var visstnok han som fikk istand den første offisielle 17de mai fest i Ål, som blev avholdt i 1880, og siden har der flere gange vært sådanne fester.

engebret sorteberg
Engebret Sorteberg

Vonheim var ein del av eigedomen Stein som kjøpmann Engebret Svarteberg fekk kjøpt av farsgarden Sundre. Den vart frådelt Stein så seint som i 1912, dengong Erik N. Kirkedelen vart eigar. Husa på Vonheim hadde visstnok stått der heilt sidan sist i åttiåra då Svarteberg tok til med eiga krambu etterat han i 1888 slutta som styrar for Aal Spareforening (Aal Bygdesoge b. 2 s. 285).Sjølve krambua, ei vanleg hallingstove, var flytta dit frå Belluteigen i Nosgrenda, og pakkbua var eit lite stabbur som også vart flytta til Vonheim, men kvar det kom frå er uvisst.

sundre hotel aftenposten 1912
Aftenposten 1912

I følge Ola S Hajem var Tosten Olsen Sorteberg den første som begynte alminnelig butikkhandel i Ål (Hefet Hallingdal kjøpmannsforretning 1893-1943). Han hadde tidligere ved siden av gårdsbruket drevet litt med omførselshandel. Så snart loven tillot det, innrettet han en pent rosemalt stue på gården Sorteberg til butikk. (Torstein Olsson Svarteberg 1827—1867 Foreldre: Ola Torsteinsson Svarteberg og Birgit Rasmusdtr. Opheim.Gm Birgit Embriksdtr. Espegard Svarteberg 1827—1907. Foreldre: Embrik Botolvsson Espegard og Borghild Olsdtr. Lappegard. Torstein og Birgit gifte seg i 1845. Torstein dreiv vinhandel og landhandel på Svarteberg i lag med Asle Bjella ei tid. Det var ikkje særleg velykka. Då buet vart oppgjort åtte han ikkje nåla i veggen.Torstein døydde i stor gjeld 40 år gamal. Det vart halde eksekusjon hjå Birgit neste år. Ho berga garden, og selde til svigersonen i 1871. Sonen Embrik vart handelsmann på Sundre). I 1900 var Sorteberg ”Landhandler med Agentur. Belluteigen var husmannsplass under Tolleivsgarden. Bruket vart frådelt som eige bruk i 1878 og selt i 1898. Belluteigen ligg i steinut og brattlendt mark og grensar mot Tolleivsgarden i aust og Skottebøl i sør. Namnet skal koma av bell, dvs. rundaktig høgd. Stugu er bygd i 1935, uthusa i 1927. Ei stugu or Belluteigen kom til Sundre og vart brukt som krambu av E. Sorteberg og Kirkedelen.

sorteberg rør VG 1880
Annonse i VG frå 1880.

Embrik Torsteinsson Svarteberg Sorteberg 23.12. 1852–1908. Gm Kari Andersdtr. Ulshagen Sorteberg 23.03. 1856–1883 Embrik og Kari gifte seg i 1877. Ei tid hadde dei landhandel på Heimdal i Votndalen. I 1883 kjøpte han søre Hago, bnr. 110/26 som han selde att i 1897. Sidan fekk dei seg eiga krambu på Sundre, ”E.T. Sorteberg.” Der framgår av ein kunngjering i Norsk Kunngjørelsestidende 1891 at Sorteberg allerie den gång var etablert som landhandler på Sundre.

aal hotell under bygging.PNG
Skrienhuset under bygging

Då Svarteberg like etter hundreårsskiftet slo seg ned som kremar i Votndalen, «nordpå buen», tok svigersonen Ola O. Strand over eigedomen Stein, og han og svogeren hans, Anders A. Hefte, heldt fram med handelen. Anders Andersson Hefte var født 09.11. 1861 og gikk bort i 1936. Anders overtok forretningsdrifta etter E.T. Sorteberg. I 1900 budde dei på ”Krambodens Kontor”, og Margit var telefonistinne. Anders heldt fram som militær ved sida av krambua. Margit styrte krambua medan Anders var ute på lange øvingar. I følge Norske handelsregistre for 1901 hadde han og Ola O Strand allerede etablert Strand & Hefte sammen det året. Dei tok også til med bakeri i ei gamal stove som vart sett opp litt ned for husa på Stein, her står no huset som Olaf Knausen bygde og som Tor Hagen eig i dag. (Sundrevegen 103). Anders hefte var utdana militær, og i 1909 vart han kvartermeister og flytte til Hønefoss. Ola Olsson Strand 13.06. 1870–1946. Gm Ambjørg Embriksdtr. Sorteberg Strand 09.12. 1878–1956 Ola og Ambjørg gifte seg på Norderhov i 1895. Same året fekk Ola eit barn med Margit Tolleivsdtr. Halvorsgarden Strand f. 1873: Sigrid 1895–1898. Ola hadde heimegarden saman med broren Holge frå 1913. Ola var korporal og handelsbetjent, og budde på Sundre. Han hadde krambu på
Sundre, forsikringskontor heime på Stein (huset i Gamlevegen). Sidan slutta han som kjøpmann, og var revisor og likningssekretær. Han spelte på lur og prillarhorn og fele. Var æresmedlem i idrettslaget, mannskoret og skyttarlaget.

sorteberg separator ringerikes blad 1897
Ringerikes blad 1897

Hajem skriver i at Halgrim Skjervheim begynte vinhandel i et kammers på Skjervheim hvor det av og til skulde gått nokså lystig for seg. Tosten Sorteberg og Asle Kortgård begynte også snart landhandleri med vinhandel i et lite firkantet hus på Sundre. I følge Ola S Hajem var Tosten Olsen Sorteberg den første som begynte alminnelig butikkhandel i Ål (Hefet Hallingdal kjøpmannsforretning 1893-1943). Han hadde tidligere ved siden av gårdsbruket drevet litt med omførselshandel. Så snart loven tillot det, innrettet han en pent rosemalt stue på gården Sorteberg til butikk. (Torstein Olsson Svarteberg 1827—1867 Foreldre: Ola Torsteinsson Svarteberg og Birgit Rasmusdtr. Opheim.Gm Birgit Embriksdtr. Espegard Svarteberg 1827—1907. Foreldre: Embrik Botolvsson Espegard og Borghild Olsdtr. Lappegard. Torstein og Birgit gifte seg i 1845. Torstein dreiv vinhandel og landhandel på Svarteberg i lag med Asle Bjella ei tid. Det var ikkje særleg velykka. Då buet vart oppgjort åtte han ikkje nåla i veggen.Torstein døydde i stor gjeld 40 år gamal. Det vart halde eksekusjon hjå Birgit neste år. Ho berga garden, og selde til svigersonen i 1871. Sonen Embrik vart handelsmann på Sundre). (Asle Olsson Bjella Kortgarden 1830—1919. Foreldre: Ola Olsson Ulshagen Bjella og Mari Olsdtr. ØvreLå. Gm Anne Tolleivsdtr. Dengerud Kortgarden 1843—1895. Asle dreiv krambu i ei stugu på Kortgarden ei tid. Det nordre huset på garden vart brukt som pakkbu, det søre som bustad og krambu.Men krambua bar seg ikkje økonomisk, så i 1871 melde Asle buet konkurs. Det vart handelsbetjenten Petter Syversson som møtte på tinget. (Asle var sengeliggjande under buhandsaminga.) Varelageret vart taksert til 547 spd, husdyr fire kyr, 15 geiter, seks sauer, hest og gris. Gjeld 410 spd.Etter desse tala å dømme var nok stoda ikkje trykkjande, men Asle såg truleg at innteninga ikkje var god nok til å halde fram med krambu-drifta).

«Atmosfæra» i ei kråmbu var noko spesiell. Her kom bøndane med alt dei skulle selja, smørbuttar, ost og prim, huder og skinn, slakt, vilt, lagga trekjerald og mangt anna. Og so kjøpte dei att mjøl, sukker, tobakk, parafin, drops, tøy og anna. Lukta i ei kråmbu var ei blanding av alt dette. Kråmbulukta var lik alle stader. Og so var det pruting på alt dei skulle både selja og kjøpe. Dei fåaste hadde reide pengar. Dei som hadde noko å selja handla «på bok». Mange vart nok skuldig ein del på «kræmarhandelen». Noko som etter kvart vart eit stort problem».

Lars Nilsson Gudmundsrud 04.04. 1873—1939 dreiv som vognmann og køyrde varer mellom stasjonen og krambuene på Sundre.

I artikklen «Lassekjøyring» i Dølaminne for 1990 gir Knut M. Lappegard ein detaljert framstilling av korleis lassekøyringji foregjekk: «Frå gamalt var det byane somn hadde einerett til å drive handel, og dertil nokre marknadsplassar på landet. Når bøndene her i dalen skulle omsetja sine varer, eller gjera innkjøp, måtte dei dra på langtur. Frå dei øvre bygdene her gjekk vegen for ein stor del vestover eller nordover, til Eidfjord, Aurland eller Lærdal. Særleg var marknaden på Lærdalsøyri mykje nytta. Dit kom dei lettast med kløvhest på tåen mark. Nedover dalen, til marknaden i Drammen (Branes), Kongsberg eller Oslo (Kristiania) kunne dei køyra med sled på vinterføre. Og mange var det som tok turar til Branesmarken i februar, eller til Kongsbergmarken litt seinare. Det gjekk of tast med I 4 dagar på ein slik tur. Det bøndene hadde å selja var salta kjøt og flesk, huder og skinn, ost, prim, rakafisk, og anna. Og so kjøpte dei med seg heimatt det dei hadde bruk for, gjerne til heile året. I det gamle sparsame naturalhushaldet var det ikkje mykje dei trong av innkjøpte varer.

I 1856 kom det lov om frihandel på landet. Og straks etter kom dei fyrste landhandlarane her i dalen med sine butikker – «kræmarar» og «kråmbuer» – som dei helst vart kalla her. Og no kunne bøndene etterkvart gjera handelen sin der, dei slapp å reisa den lange vegen til «marken» for å selja og kjøpe. Men desse landhandlarane måtte få alle sine varer frå byen uppover dalen, og bondevarene nedover, og det var berre ein måte å få det på: Dei måtte tinge folk til å køyre med hest. Dermed korn det etterkvart
igang ein trafikk, ein ferdsel upp og ned i dalen som då og seinare vart omtale som:
lassekøyring.

sundre hotell

Det hadde vorte veg uppover Hallingdal – ein slags kjerreveg – i 1826. So no gjekk det an å køyre lass etter dalen både vet og surnar. I 1872 kom det jernbane til Krøderen stasjon – Sundvolden som det dengang vart kalla. Og det korn darnpbåtar som trafikkerte heile fjorden frå Krøderen i nedre ende, til Gulsvik i øvre enden av fjorden. Dermed vart det anten frå Krøderen om vinteren, eller frå Gulsvik om sumaren, at varene måtte køyrast med hest uppover Hallingdal. Det var likevel lange turer. Her ifrå Ål brukte dei oftast 8 dagar på ein tur til Gulsvik og uppatt, til Krøderen 9 eller 10 dager. Det vart soleis fleire overnattingar på ein tur, det vart bruk for husvære å ta inn i. Og folk på srnåplassar som låg lagleg til utetter dalen innretta seg på dette og tok imot desse lassekøyrarane, seide kaffi til dei, og gav husvære for natta for ein billeg pris. Det vart Kvilingsplassadn, som vart eit vanleg kjent omgrep i dalen. Dei som åtte og dreiv desse kvilingsplassane hadde ofte største innkoma si av denne trafikken. Som det går fram av namnet var det ikkje berre til overnatting desse plassane vart nytta, men og til ei stuttare kvild. Ein hest må ha mat eit par gonger om dagen, og han må få tid til å eta. Difor hovde det godt å stane ved ein kvilingsplass for ei stuttare kvild, so fekk køyrekaren inn og kjøpe seg kaffi attåt nista si, medan hesten åt. På den måten vart det etterkvart bruk for kvilingsplassar med små mellomrom etter heile dalen.

Asle Kirkedelen har fortalt om denne køyringa i noko han skreiv upp for Helge Fonnum. Her blir teke med noko av dette slik det er attgjeve i bygdeboka: «Når me skulle til Gulsvik, eller Krøderen, måtte me ruste oss vel. Sleden måtte vera i god stand, og hesteselen smurt. Kvinnfolka hadde arbeid med å laga niste. Me var vanleg borte ei veke, og måtte minst ha ei kake om dagen og ein lefsekling, og smør i ei treøskje og ost og prim. Det hende me kunne få med oss kjøt og flesk med. So var det for til hesten, ein sekk for dagen. Og so måtte me ikkje gløyme nål og tråd, syl og busteleiv, hamar og tong, og gjerne eit spann til å vatne hesten med. Når me hadde varelass og alt snosset, kunne lasset bli svært høgt dei fyrste dagane. Men so sette me att ein forsekk kvar dag, so me hadde når me kom attende. Fyrste dagen køyrde me gjerne til Nedrebråten eller Personbråten i Gol. Me hadde då kvil i Sataøyn eller på Kaffimoen. Når me kom på ein kvilingsplass, var det å binde hesten og gje han mat, ta nistekista i handa og inn i få kjøpt kaffi attåt maten. Mjølk eller fløyte var det sjeldan me fekk kjøpt, so det vart kaffi jamt. Ofte måtte me kjøpe kaffi berre for å få kvile der, for det var no mest kaffisalet dei levde av på kvilingsplassane. Det fyrste eg reiste, kosta ein kopp kal/i 10 øre og nattelosji 7 øre. Om natta måtte me ofte finne oss i å liggja på ein krakk, i ein benk eller på golvet. Det var ofte overfylt på kvilingsplassane.

hajem votndalen 1909

Fekk me ikkje hesten inn på stallen, måtte me køyre vidare om natta. Andre dagen køyrde me til Nes eller eil Spelemannsmoen, stundom like til Rauk, etter som føret var, og kor tungt lass me hadde. Hadde me tungt lass, greidde me sjeldan meir enn tre mil om dagen. Då kvilde me ofte i Danielsplassen eller på Tyribakken på Nes.T redje dagen køyrde me til Stranda eller like til G ulsvik, i det siste fekkme helst hus i Utigarden. !Yle hadde då kvilt på Steinmoen eller Reiarsgard, og kanskje ein stad ril. Var det is, so me slapp ut på Krøderen, kvilde me på Steinarodden eller Stavenesodden og overnatta då enten i Noresund eller køyrde ratt til Krøderen om kvelden. Morgonen etter var det eit svare strev med å få levert det me hadde med oss og få ut dei varene me skulle få med oss attende. Når det skulle takastutog lessast på 10-15 lass, vart det nokso skumput, for alle ville vera fyrst. Det galdt å ta ut att so snart som råd, så ein fekk plass på kvilingsplassane oppover. Me stelte det då helst slik at me var tre-fire i lag, om noko skulle koma på. Oppover isen var det trygt å vera fleire i lag. Isen var ofte utrygg, og var det vatn på isen, kunne lasset setja seg fast. No var det slik at dei som kom ovafrå hadde lettare lass, so dei måtte helst or vegen når dei møttest, men var ein åleine og møtte eit stort fylgje, so var det ofast makta som rådde. Var snøen stor, kunne det vera eit fælt slit med å få lasset på vegen att. Når me var fleire i lag, kunne me dessuten køyre beite opp dei tyngste bakkane. Ein tur til Gulsvik kunne me greie på 5 dagar, til Krøderen på 8 når det var fint føre og det gjekk greitt. Men måtte me køyre Ringnesåsen, greidde me ikkje turen på under 10 dagar. Då var det nok mange tunge tak å ta. Her måtte me jamt køyre beite, jamvel om ikkje lasset var meir enn 3-400 kg. Var det holke kunne det beintfram vera livsfarleg. På ein tur til Krøderen kunne me tene 20 kr., til Gulsvik 16 kr. Eit vanleg lass kunne vera 600-700 kg.

So langt Asle Kirkedelen. Attåt dei kvilingsplassane som er nemnde i dette stykket, har det vorte nemnt namn som: Sveidnhaugen, Sundre, Sirerudningen, Torpo, Rustberggard, Hanselmoen, Slettemoen, Sevrestøe, Graslandsbråten og Sandodden. «Kræmarhandelen» auka på utetter åra. Folk vande seg til å bruke meir og meir innkjøpte varer. Og «kræmaren» som skaffa varene, fekk bruk for fleire og fleire lassekøyrarar til å hente upp varene frå byen. Kven som ville kunne få køyre, for den betaling kjøpmannen baud. Så stor betaling var det vel ikkje. Men vanlege bønder hadde lite av kontante pengar, og ikkje var det mykje å få av attåtinntekt. Kunne dei avsjå nokre dagar til ein tur, so hadde dei nokre kroner for det. Det var å avtale med kjøpmannen kva tid dei skulle reise, og få med ei «anvisning» på dei varene dei skulle ta ut. Og fekk dei med noko lass nedover med, so hadde dei litt omframt fortenest.

Mange av bøndene brukte å ta ein tur om våren, etter våronne, og ein tur om hausten. Surne tok fleire turar i året, «so ofto at dei heldt seg fri kræmarhandelen», som ein har sagt. Nokre få dreiv denne køyringa mest som leveveg. Surne køyrde med tvo hestar med kvart sitt lass, ein stødig hest gjekk etter dei andre utan å måtte taumkøyrast. Serleg om haustane var det mykje køyring. Kjøpmennene ville gjerne få uppover mest mogeleg varer då, medan dei fekk det ut på Gulsvik, før «Krør-båtane la upp». Då var det ofte lange rader av lassekøyrarar å sjå etter Hallingdalsvegen.

hajem ål Handelsregistre for Kongeriket Norge. 1909
Handelsregistrene for 1909

Det var ikkje alltid det gjekk so greitt med denne køyringa. A. Kirkedelen har fortalt om vanskar dei kunne koma ut for når dei køyrde på isen på Krøderen. Det hende til og med at isen rauk, so dei køyrde nedi. Det er fortalt om ein som køyrde hesten gjennom isen sa han hekk att etter draget og lasset. Då brukte dei det gamle knepet å strype hesten med taumelykkja og dukke han heilt under, når dei då slepte han, skaut han upp med slik kraft og fart at han kom uppå isen att. Ein annen har fortalt om ein hest som gjekk gjennom isen og selen vrei seg laus frå draget – han gjekk til botnars og drukna.
Men etter landevegen kunne det med vera mange vanskar. Det var mange bratte bakkar å koma seg upp. Det har vorte nemnt Tyribakken, Svenkerudbakken, Jøtebakken, Satabakken o.fl. Men verst av alt var dersom dei måtte køyre landevegen til Krøderen. Då måtte dei over den illgjetne Ringnesåsen. Der var det noko tverrbratte bakkar. Dei prøvde som ofast å vera fleire i fylgje, so dei kunne hjelpast åt. Vart det for bratt for hesten tok fleire karar tak i same lasset og hjelpte hesten med å dra. Gjekk ikkje det, so måtte dei køyre «beite» eller køyre «tvibeite» som dei kalla. Dei spente to hestar for same lasset, og fekk upp lass etter lass på den måten. Var det støtt snøføre gjekk det of tast bra, var det holkeføre hende det at taket glapp undan hesteføtene og det bar attover att med både hest og lass».

Handel var privilegium for kjøpstadene frå gamalt. Såleis var det visst ingen krambuer på Sundre før etter 1857. Folk måtte hente varer til eigen bruk i byen eller på marknaden i Lærdal, Drammen, Kongsberg og Kr.ania. Gamle foto viser eit aktivt jordbruk på Sundre sist på 1800-talet, og etter måten få hus. Med bakgrunn i lova om frihandel frå 1857 voks tettstaden Sundre fram med einskilde hus og krambuer langs vegen som no blir kalla Gamlevegen.

Carl Nielsen
Carl Nielsen dreiv landhandel på Sundre frå om lag 1870. Denne krambua vart kalla Nilsebua. Kring 1880 kjøpte Nielsen eit jordstykke av Myren og sette opp ein tohøgda tømmerbygning nedafor ålmannvegen (Gamlevegen). Nielsen hadde slåtteland ovafor ålmannvegen, og fødde ei ku. Carl Nielsen 1846–1899 = Carl Adolph. Foreldre: Niels Sørensen og Berte Carine Kristiansen (Skoger), Drammen.

Carl Nielsen dreiv landhandel på Sundre frå om lag 1870. Han var ugift, men systera Caroline Amalie f. 1851 var husstyrar hjå han. Også mora budde her i 1891. Krambua vart kalla Nilse-bua. Kring 1880 kjøpte han eit jordstykke av Myren og sette opp ein tohøgda tømmerbygning nedafor ålmannvegen. Nielsen hadde slåtteland ovafor ålmannvegen, og fødde ei ku. Det var eit gjestfritt hus hjå Nielsen, det gjekk gjetord om samkomene her. (Oppl. H. Ulshagen)

«I midten av juli 1890 var kunstneren Gerhard Munthe på veg oppover Hallingdal. Det ser ut til at han først køyrde oppom Hemsedal, men så gjekk turen til Ål. Der han tok inn hjå kjøpmann Nielsen på Sundre. Nielsen dreiv skysstasjon og krambu, den såkalla Nilsebua. No hadde han nett bygd seg eit digert laftehus i to høgder og vel så det, tømmervillaen som dr. Bruun kjøpte nokre år seinare og gav namnet Fjellheim. Her var det Gerhard Munthe heldt til sommaren 1890. Dette var utgangspunktet for studietokter i grannelaget og for lengre køyreturar til andre grender» (Ellingsgard).

Carl Nielsen fekk opp ei Iita stove i Larsgarden-Sundre omlag der Trygve Nordhagen hadde huset sitt, og her gjekk han i gang med krambuhandel. Huset vart kalla Nilsebua, og bakken vestover frå krambua har vorti kalla Nilsebakken heilt fram til våre dagar. Nielsen var ugift og hadde med seg mor si og systera Caroline. Kring 1880 kjøpte han eit jordstykke av eigedomen Myren (brn. 37) og ved skylddelinga fekk det namnet Jordet. Handelen vart tinglyst 24/11 1881. Nedunder allmannvegen, no Gamlevegen, sette han opp ein tohøgda timrabygning som skilde seg ut frå dei andre husa på Sundre den gongen. Det var uvanleg høgt under himlingane i båe etasjane. Dette huset vart noko av eit mønster for sume av husa som kom opp i tettbygdstroket like etter hundreårskiftet.

Nielsen hadde slåtteland på nordsida av allmannvegen der Åsmund Bråten, Lars Strand og Asbjørn Sonerud har husa sine no, og han hadde kyr. Gamle Lars Myren har fortalt at han i midten av nittiåra gjette heimekyra til Nielsen i Vestlia. Han var då ofte saman med ei jente som passa kyra til Urholt. Det var eit gjestfritt hus heime hjå Carl Nielsen, og det har gått gjetord om sume av samkomene der heilt til våre dagar. Handelsreisande overnatta ofte på Jordet, og sume andre budde der i lenger tid, m,a. sume målarar. Det finst eit bilete av dei gamle husa på Hago som ein av desse har måla. Etterkvart vart det slik at Nielsen dreiv handelen sin mest med leigehjelp og var sjølv lite å sjå i krambua.

skrienhuset
Skrienhuset

Caroline sat med huset nokre år etter at Carl var død. Så selde ho huset til dokter Bruun og leigde hus hjå Arne Stølen (Solheim). Der hadde ho ”Spiseforretning” i andre høgda. Caroline hadde mykje gjester, både til middag og overnatting under bygginga av
Bergensbanen. Carl og Caroline hadde brørne Laurits, som budde i Ealmut i Miehigan, og
Otto, som var kontorsjef i Kr.ania.

kongsvoll bilde
Kongsvoll sunna Sundre vart bygd av vatsingen Syver Luksengård. Det var ein to-høgda bygning som lig like inntil allmanmegen, no Gamlvegen. Huset vart bygt i 1902/3. Syver giorde det aller meste av grunn- og byggearbeida sjølv. Syver hadde kunstnargivnad i mange leier, og huset kom til å bera preg av del. Ikkje minst var det mange vakre utskjeringar her. På Kongsvoll tok Syver og kona imot overnattingsgjester. Folk ute frå bygda fekk husrom på Kongsvoll både når dei var på møte og måtte overnatte og når dei skulle ta toget som gjekk frå Ål tidleg om morgonen. Dei dreiv også lift kafeverksemd. I 1917 tok Luksengard stillinga som skyss-skaffar i Ål, og fram til 1925 var Kongsvoll skyss-stasjon. Syver kjøpte bil alt i 1922, og var med det ein av dei første med slikt køyretøy i Ål. Delar av det store huset pa Kongsvoll var gjennom åra bortleigd. Gullsmed Leif Bæren hadde i mange år verkstad og butikk i ein del av første etasje. Andre høgda vart leigd ut som bustad. Dyrlege Thygesen, vistnok den første veterinæren i Ål, budde nokre år pa Kongsvoll. Deretter flytta fotograt Børresen inn. Dyrlege Gjørud leigde hus her, og etter han kom lensmann Ecktell. Lokførar Stokke budde her med huslyden sin i åtte år, Og både klokkar Næss og sokneprest Øye var leiæebuarar på Kongsvoll.

Ola Perstølen skriv : «Ette me voro færig i kjyrkjun, vildæ me då ta ain tur burti kråmbuidn. A dær va dæ mykjy å sjå på, å mykjy dæ kunna våre morot å hatt tå alt som va dær. A ænkort haddæ e væl handla. Dæ va no jabnast so at når nokon raistæ te Sundre, so va dæ ængon som skuldæ ha ait æll anna ifrå kræmare. No va dæ mykjl skikkæn dæn tie, at kræmar’n skuldæ «gje appå handæln». Dæ vart no jabnast ain lit’n påse mæ dråps, ain brun sukkærklump, æll noko slikt. Mæn e haddæ lagt mærkji te at kara som bruktæ tobakk, gjædnæ beo um ain tobakksmåle appå handæl’n, å fingo dæ. Kræmarn haddæ tobakkæn i ain skuff i diskji, å so drog kråmbukar’n fram skuffæn, å skar tå rulle ain stubb på skuffækante. A dæ va kji sjælda dette hændæ, får dæ hadde vårte ait stort hakk i skuffe dær ‘n skar tå tobakksbeten. – Ja, so haddæ e væl handla lite, som sagt, å so klæmdæ e te spørja kråmbukar’n um e kunna få ain tobakksbete appå. «Ko ska du mæ tobakk du då, som æ so lit’n?» sa ‘n. Mæn han drog då fram skuffæn å skar tå rettig ain duvæle måle. E tænkji dæ kunna våre so ain ti-tålv sentimetær».

Johan Olson Sundre
Johan Olson Sundre (frå Gretegarden) f. 1859 var visstnok den første utlærde bakaren i Ål. Han gjekk læra hjå ein Sørensen som dreiv bakeri på Rodeløkka i Kristiania. Då han var ferdig med læretida og kom attende til heimbygda, fekk han seg opp ei stove ved allmannvegen litt vest for tunet på farsgarden. Huset skal først ha stått ein stad oppmed Strandafjorden, kvar veit ingen no. Inntil dette kom det eit tilbygg også det av gamalt tømmer. Det er fortalt at desse materialane var fra eit hus som hadde vore nytta til arrestlokale på Sundre. Dersom dette er rett var det kanskje deler av lensmannsarresten der Hans Nielsen Hauge eingong sat. Johan Olsson Sundre 26.11. 1859—1954. Gm Gunvor Andresdtr. Bjella Sundre 15.09. 1868—1944. Johan og Gunvor gifte seg i 1895. Johan gjekk i lære hjå ein bakar Sørensen på Rodeløkka i Kr.ania. Dei flytte attende til Ål og sette opp “Bakarstugu” på Sundre kring 1880. Johan leverte bakverk til krambuene på Sundre, dessutan selde han noko direkte. Dottera fortalde at det kosta
7 øre for tre wienerbrød. I 1890 kjøpte Johan bruket Stavejordet av dokter Sehnitler for kr 3000. Johan bygde stugu på Stavejordet og flytte etter kvart frå Bakarstugu.

Tilbygget kom på vestsida av stova frå Strandafjorden, var delt i to rom som hadde dører rett ut. I romet nærast vegen var det bakaromn, ogheri var det då at Johan dreiv som bakar. Huset hans vart kalla Bakarstugu (Bakarstugu. Seinare Midtun, brn. 134) heilt ned mot våre dagar, og sjølv gjekk han under namnet Bakaren lenge etterat han hadde slutta med å laga brød og kaker.

Dotter til Johan, Halldis Aspegren, som no bur i Oslo, meiner at far hennar kom i gang med baking på Sundre alt kring 1880. Han leverte brød og kaker tii krambuene på Sundre, men selde også i smått beinveges frå huset sitt. Halldis meiner også at ho hugsar prisane på sumt av bakverka. For snippkaker var det to øre, tre wienerbrød kosta sju øre, men brødpris er ho ikkje sikker på. Dottera vart født lenge etterat faren tok til å baka, og prisane var kanskje endå rimelegare første tida, seier Halldis.
Det hende sjølvsagt at bakaren sume tider var uheldig med deigen sin slik at brøda ikkje ville «heve» seg. Jørgen Syversen, slektningen til Bakaren og no snart nitti år, hugsar at far hans ein gong kom heim med ein sekk brød han hadde fått hjå Johan, brød som ikkje kunne seljast. Hjå Syver Sandehuset kom dette vel med, for han hadde mange munnar å mette.

I 1890 kjøpte Johan bruket Stavejordet av distriktslekjar Sehnitler, men der var det berre uthus då, for stova, var seld og flytta til Halvmålet på Sundre, tomta som Asle Bjella (Skeie) eigde. Bakaren vart difor buande på Gretegarden til etterat han i 1895 var gift med Birgit Andresdotter Nigarden-Sundre og hadde fått opp ny stove på. eigedomen sin. Men også etterat huslyden hadde flytta, vart det baka på Sundre. Sidan kom det opp eit lite hus vest for der ungdomshuset Solhov seinare vart bygt og bakinga vart flytta dit. Ut gjennom åra kom mange til å bu i Bakarstugun. Den første som flytte inn, var Syver Thune, bror til Johan. Etter han budde det fleire der som kom til bygda då jernbanebygginga tok til. Ein av desse var Kokshus. Han køyrde for jernbaneanlegget ei tid. Hesten sin fekk han ha i ein stall hjå Ola Sundre (Grete-Ola) fortel Jørgen Syversen som hadde slekt på Gretegarden. Etter Kokshusen flytte andre anleggsfolk inn. Det er noko ugreitt med eigartilhøva framover til 1919. Først det året finst det hjå sorenskrivaren noko om handel når det gjeld Midtun. Men frå 1908 eller 1909 var Lars N. Gudmundsrud eigar. Sjølv budde han i dei to små roma mot vest og leigde bort resten av huset. Av nokre gamle papir som nyleg er komne fram i dagen att, kan ein sjå at den nyskipa arbeidarforeninga i Ål hadde møta sine i «Lars Gudmundsruds hus på Sundre» m. a. i 1910. –

I «Katalog for Udstillingen i Drammen 1901 for Buskeruds, Jarlsberg & Laurviks og Kristians Amter» ser vi at Marthe Stølen deltar med et par produkter. Marte Torsteinsdtr. Stølen Langeland var fødd 16.01. 1871 og ho gikk burt i 1936. Ho vart gift i Bergen 1910 m Embrik Olsson Langeland. Fosterbarn: Oline Langeland Berg (1911–1992).

Det var kjøpmann Johannes Gudsgaard, innflyttar frå Norderhov, som fekk opp dei første husa på Hallingby, eit jordstykke frådelt Larsgarden Sundre. I følge Handlesregistre for 1900 drev Sorteberg og Gudsgaard i kompaniskap. Han var først krambukar hjå Thor Svarteberg som då dreiv handel i Nilsebua som stod omlag der Trygve Nordhagen no har huset sitt, vart gift med Alma, syster til Thor og så medeigar i forretninga. Då Svarteberg flytte frå bygda, heldt Gudsgaard fram åleine ei tid. Men straks etter hundreårsskiftet fekk han seg tomt og gjekk i gang med bygging, tomtehandelen vart tinglyst 21/11 1903. Ola Ødelien som vart heradskasserar i Ål, fortalde eingong at då han vinteren 1903/4 gjekk Hallingdal Amtsskule som det året var lagt til Ål, dreiv Eivind Moen og Halvor Espelunden på med huset til Gudsgaard.

Før bygget var ferdig, vart det handla i eit lite tømrahus som først var sett opp på tomta. Dette vart sidan pakkbu, stall og seinare påbygt til to høgder. Men i 1905 var handelen i gang i nybygget. Per Vareberg kan hugse at han det året gjekk og handla for mor si i den nye krambua. Det vart ikkje lenge Gudsgaard dreiv som handelsmann her. Alt i 1909 leigde han bort heile første høgda til Guri Embriksdotter Hovdegard frå Vats, ho gjekk i gang med kaffistove i romet som hadde vori krambu. Litt seinare vart systera Sigrid med, og ho heldt fram etterat Guri gifta seg og vart gardkjerring. Men i 1916 flytte ho kaffistova si til huset ho hadde bygt på Nordby (brn. 126). No overtok Birgit Hefte, syster til fru Gudsgaard, første høgda i huset, ho også dreiv kafe fram til 1921, då, kom turen til frk. Saue frå Voss. Ei stutt tid hadde Birgit Huus systugu i roma, som hadde vori butikk og kafe. Heile tida hadde Gudsgaard med huslyd budd i andre høgda. År om anna leigde han bort rom også der. Skraddar Knut Langehaug frå Hemsedal hadde såleis verkstaden sin der nokre år før han fekk seg opp eige hus på Storstein.

Det var Ola Asleson Øino (O. A. Øino) som sette opp dei to bygningane som står ved Larsgardtunet i dag. Han hadde vori i Amerika der han ei tid dreiv handel. Då han kom heimatt, vart han gift med Margit Tolleivsdotter Strand og budde ei tid på farsgarden hennar. Då han tok til med handel i Urholtbua på Sundre, budde huslyden først i den gamle Tingstugu. Men i 1908 (?) kjøpte Øino farsgarden av Ola Holgeson. Han reiv dei gamle husa og bygde nye. Svogeren Lars Pletten fekk overta gamlestugu som han sette oppatt på Bruvollen ved Vangebrua, her stod huset til i 1976. Tømmeret frå den gamle låven i Larsgarden vart kantskori og brukt som byggevyrke i det tohøgda våningshuset som Øino sette opp omlag der stova hadde stått før. Dei nye uthusa fekk plass der brannstasjonen no står. Øino tok vare på det gamle loftet som fekk plass i bakken nord for det nye våningshuset. Loftet er no rivi og selt. Øinohuslyden budde no i første høgda av bygningen i farsgarden, andre høgda vart hotell. Her fekk handelsreisande og andre bu. Sidan sette Øino opp ein ny bygning på nordsida av tunet, huset som har vorti kalla Preinsrudbygningen etter han som sidan kjøpte det.

øino ødelien kassadagbok
Kassadagbok Øino & Ødelien bevart i Ål bygdearkiv

Då Kristian Urholt slutta som skysskaffar, overtok Øino skysstasjonen på Sundre. I Handelsregistre for 1899 kan vi lese: «Hr. Fogden i Hallingdal. Undertegnede Ole A Øino anmelder herved, at jeg under firma O. A. Øino agter at drive handel i Aal herred. Min bopæl er paa Sundre i nævnte herred.  Sundre den 24 Juli 1899. O. A. Øino». Eg hugsar at både dottera Liv og sonen Leif sume tide var ute med skysshest.

I 1912 overtok Eirik Kirkedelen Vonheim for 6000 kroner. Han hadde slutta som styrar for Ål Spareforening. Han heldt fram både med krambu og med bakeriet som Strand og Hefte hadde drivi. Kring 1920 utvida han krambua mot aust, og over dette tilbygget vart det plass tii to små hyblar. Krambua til Kirkedelen var i drift til sist i trettiåra. Sjølv døydde han utpå hausten 1940. Husa på Vonheim vart no selde. Per Holto kjøpte loftet (pakkbua) §§ no kom til Kvinnegardslia Syver S og Syver K Luksengard kjøpte krambua. Litt seinare vart den sistnemnde eineeigar på Vonheim.Han bygde den gamle krambua om til to små husvære og leigde desse bort.Dei var i bruk nokre år, men forfall etter kvart.Til slutt vart dei ståande ubrukte.

Guri Embriksdotter Hovdegard frå Vats hadde gått i gang med kaffistove i bygnaden på Hallingby, brn, 86, huset som kjøpmann Johan Gudsgaard hadde sett opp der like etter hundreårsskiftet. Systera Sigrid, som hadde vori i byen ei tid, kom no heim og dei dreiv i lag ei tid. Då Guri gifta seg, heldt Sigrid fram med kaffistova åleine, og snart fekk ho sett også opp eige hus. Guri Embriksdtr. Hovdegard Warberg 16.09. 1881—1965 Gift i 1912 med Nils Olsson Warberg.

handelsbrev sataøen 1920
Handelsbrev Sevat Sataøen utstedt av lensmann Ecktell 1920 -bevart i Ål bygdearkiv.

Den 19. november 1917 fekk Ola Perstølen skøyte på eigedom. Perstølen hadde hatt skraddarverkstaden sin heime på Solbakken nokre år før han kjøpte Pleymshagen, no vart det flytting. I huset han no tok i bruk, var det to inngangar frå eit romsleg gardstun på austsida. Døra nærast vegen førde inn til romet som vart butikk. Her tok Perstølen til med handel, han selde klede, ty og sysaker. Romet til høgre for butikken var først lager for slike varer, men snart kom det andre ting her, bøker og andre papirvarer. Bokhandelen til Perstølen var den andre i dalen.

I artikklen «Frå Perstølen til Perstølhuset», nedskreve av Perstølen og gjengitt i Dølaminne 2003, fortel han: «Planen var då at eg skulde opna skreddarverkstad på Sundre, og so var det då um å gjera å finna eit husvære som var høveleg og ikkje for dyrt. Han Asle skulde vera i lag med meg, var avtala. Eg kom då ril å leiga eit kammers hjå Birgit Sundre, eller Grete-Birgit, som hu mest vatt nemnd. Ho hadde ei liti hallingstugu«uppå haugji» urn lag der Evjens Minne er no.

Der gjekk ein skråveg upp dit frå «Nilsebu’ n», der Gusgård og Sorteberg dreiv handel då.
Sjølve stugu budde ho i sjølv, ho Birgit. Ho seide kaffi til folk, når det høvde seg so. Og so
dreiv ho med iglar. Det var ikkje eigen inngangtil det kammerset me skulde ha, so ein måtte gå gjenom stugu hennar Birgit. I dette vesle kammerset skulde me då ha alt me trong, både til verkstad, soverom, kjøken – ja, alt. Eg tekk han Eivind Moen til å laga eit stort bord og ein stor vinkel til tilskjeringi».

Det hadde heile tidi vare ein draum at eg måtte få meg eige hus på Sundre, og i 7. juni 1904 kjøpte eg eit stykke på søre Sundre (gnr. I 10,bnr. 87) av Andres Hagen ova vegen ova Luksengård og innåt eit stykke 0. Strand hadde der. Det vatt so tale um byggjeplanar, og detvar liksom sjølvsagt at eg måtte ha han farbror,Sundbreihaugen, med på råd. Det måtte vetta han eg fekk til å ta fyrste taki med byggjearbeidet, utgraving av tomti og muring. Då han so tok til å pønsa på husrufr, so kom han på det vilde vera finare og trivelegare byggjeplass lenger sør, og so vatt det til det at eg kjøpte eit stykke til av Andres Hago. Det var to åkrar med noko skogvokst ovanfor, til eit gamalt gjerde. Alt i alt var det vel ein seks-sju mål».

Etter brannen i 1931 gjekk Ola Perstølen og Ola Opheim frå Torpo saman og sette opp nytt forretningsbygg i Pleymshagen (fru Perstølen og fru Opheim var slektningar frå Nord-Noreg). Arkitekt Eindride Slåtto teikna huset. Ola Opheim 20.11. 1894–1951. Foreldre: Knut Olsson Opheim Hagajordet og Margit Rasmusdtr. Opheim. Gm Borghild Olsdtr. Kaspersen Nordgård Opheim 09.02. 1900–1979 Ola og Borghild gifte seg i 1924. Borghild gjekk på Buskerud folkehøgskule, og kom til Hallingdal som onnejente. Ola starta som krambusvein på Torpo. Så vart han styrar på det nyskipa Torpo Samvirkelag. Deretter gjekk han inn i selskapet ”Perstølen & Opheim” på Sundre. Etter kvart
skipa han ”Opheim Kolonial” eller ”O. Opheim” på Sundre.

Heile første høgda i Pleymshagen II vart butikkrom, i andre høgda kom det skraddarverkstad mot vest, ein bustad mot Torget og dertil to rom som tannlækjar Holdhus fekk overta. Perstølen og Opheim dreiv forretning i lag fram til 1948. Opheim hadde tilsynet med kolonialavdelinga og førde rekneskapen. Perstølen hadde ansvaret for manufakturavdelinga, bokhandelen og skraddarverkstaden. Huslyden Opheim flytte inn i bustaden.

I 1948 skilde Perstølen og Opheim lag og dreiv kvar sine avdelingar og i 1957 overtok Opheim heile huset, for då stod det store Perstølhuset ferdig der lensmann Pleym hadde hatt hage. Pleymshagen II har vorti modernisert og utvida eit par gonger, og nye avdelingar er komne til, såleis handel med kvinneklede i kjellaren.

Ola S Hajem
Ola Solvesson Håheim Hajem 01.01. 1876—1960. G 1906 m Birgit Embriksdtr. Svarteberg. Foreldre: Solve Olsson Håheim og Kristi Olsdtr. Haug. E.T. Sorteberg dreiv handel i Nedrejordet før han flytte til Sundre. Svigersonen hans, Ola S. Hajem, var krambugut hjå han ei tid. Kring 1910 flytte E.T. Sorteberg til Sundre, og Ola overtok krambua i Nedrejordet. Ola dreiv som handelsmann her fram til 1918, då også han flytte til Sundre (Ål bygdebok).

Ola S Hajem drev forretning på Nes i 1904. Dette fremgår av Handelsregistre for Kongeriket Norge 1904. I følge Handelsregistre for Kongeriket Norge for 1909 drev Ola S. Hajem krambu i Votndalen i alle fall så tidlig som 1906. I 1918 flytte han til Sundre og heldt fram med handel i den gamle Urholtbua der, sidan kjøpte han seg tomt der den gamle Gretestugu hadde stått. Handelen er tinglyst 20. mai 1922, og staden har då fått namnet Hajem. Så fekk han seg opp hus her, det var byggmeister Jensen frå Gol som sette opp dette, og hausten 1923 flytte Hajem forretninga si. Ved sida av vanleg krambu gjekk han no også i gang med kledeshandel. Planen var også å starte bakeri difor hadde nybygget fått ei uvanleg høg pipe som vart eit slags «landemerke» ved Urholtgeila.

Sørvestre delen av huset vart bortleigd, og her kom det snart kafe, Ingeborg Saue frå Voss dreiv denne i fleire år. Ho tok også mot overnattinggjester som fekk rom i andre høgda. I kjellarhøgda kom det mjølkebutikk og her handla Birgit Hoff, sidan Tarand Noss. Då storbrannen på Sundre braut ut 11. mars 1931 vart all mjølka i butikken brukt til slokking avdi det var lang veg til næraste brunn.

Huset til Ola Hajem var ein av dei seks store bygningane som strauk med då Sundre brann for snart femti år sidan. Det var då Ola Hajem heldt på å bli brent inne. Etter at huset hans hadde teki fyr, gjekk han inn på kontoret sitt for å hente noko, men kom ikkje utatt. Jørgen Syverson Sandehuset fann han inne i ein gang der han låg uveta og forbrend.

Sigvat Tveito 15.02. 1889–1953. Foreldre: Håkon Olsson Skrindo Tveito og Margit Eilevsdtr. Moen. Gm Margit Moe Tveito 17.06. 1897–1995. Sigvat var medlem av teatergruppa til Hulda Garborg og for land og strand i unge år. (Etter kvart vart denne teatergruppa til Det Norske Teaterert.) Så fekk Sigvat seg fotoutdanning, fyrst hjå Kvislen i Sigdal, så 4-årig fotolære i Bergen, sidan hjå hoff-fotograf Andersson i Kr.ania. Deretter arbeidde han i krambu nokre år, var m.a. styrar på Samhald ei tid. I 1921 opna Sigvat foto-atelier på Sundre. To år etter bygde dei seg eige hus med atelier i Stasjonsbakken. Sigvat hadde eit skarpt auga for motiv. Etter at han gjekk bort, dreiv Margit og dottera Torgunn fotoatelieet i mange år. (Oppl. H. Ulshagen.) Sigvat var aktiv i ungdomslag, amatørteatermiljøet og korsang. Han var skrivefør og ein flink dansar.

1 1921 kjøpte Ola. T. Skrien ei stor tomt av Aksel Urholt. Det var eit trekanta jord-
stykke mellom allmanmegen (no Sundrevegen), Stasionssvegen og kyrkjegarden.
Her kom det opp eit stort hus i tre høgder. Mykje av Skrienhuset. som det vart kalla,
vart bortleigd. I kjellarhogda dreiv Torleiv Bergo kjøttbutikk. her opna ein innflyttar
tøyforretning. I første etasje dreiv Guri Skrien kaffistove, og her fekk urnmakarane
Sataøen butikk og verkstad. Skrienhuset gjekk med i Sundrebrannen i 1931. Men alt
året etter stod eit nytt Skrienhus ferdig. BILDE 1 I 1936 vart namnet på huset forandra til Aal  Hotel, og eigarar og vertsskap var no Dordei og Lars Halingstad. Guri og Ola Skrien
omkom i flyulykka på Strandatjorden i påskehelga 1935. 

skrien 1935 flyulykka

I 1923 flytte handelslaget til Urholtbua, og så kjøpte Eirik Kirkedelen husa både på Vatningen er Skarpsno. Dei fleste vart selde att og flytta, berre sjølve krambua vart ståande. Pakkbua vart dett oppatt ein stad i Nordbygda.

Nils Dalseide
14. mai 1919 vart det tinglesi skøyte på Midtun frå Marie Urholt «vedtat av Kristian Urholt som verge samt overformynderi og sorenskriv er» til kjøpmann O. S. Hajem. Då Hajem bygde første forretningsgarden sin på Sundre, budde arbeidsfolka hans i Bakarstugu.

dalseide
Inge Haugen (t.v) og Torleif Dalseide utanfor kjøttforretninga til Nils Dalseide på
Sundre.

Alt om hausten selde Hajem huset til Nils Dalseide. Handelen tinglesi 5/11 1924. Dalseide var slaktar og hadde butikk i stoveromet. Sjølv budde han ei tid i roma mot vest. Men så bygde han på huset og fekk bustad i andre høgda. Dalseide var gift med Anne Hoff og under krigen overtok han farsgarden hennar. Han selde då Midtun til hotelleigar Lars Hallingstad, handelen vart tinglyst 17/7 1942. No flytte Endre Rust frå Gol inn og dreiv kjøtforretning i Bakarstugu heilt fram til 1970. Omlag same tida dreiv P. O. Larsen, også innflyttar, pølsemakeri i kjellaren. Den siste som dreiv forretning i Bakarstugu, var Ola Espegard, også han var pølsemakar. I roma mot vest har svært mange haldi til. Her hadde Leif Øyno ei tid skobutikken sin. Systrane Olsen dreiv frukthandel her, Buskeruds Blad hadde ei tid distriktskontoret for Hallingdal der. Og her dreiv skomakar Irgens.

Per Vareberg
I 1924 kjøpte Per Vareberg Gussgardhuset som blant bygdefolket no vart heitande
«Varaberghuset». Her dreiv Vareberg jernvarehandel til etter brannen på Sundre i
1931. Frå 1928 til 1933 leigde tannlækjar Sigurd Holdhus kontorrom her, og Einar
Helgestad hadde frisør- og barbersalong i «Varaberghuset» frå 1932 til 1971.
Katfistova på «Nordby» var i drift til 1925, då her var ei slags sjukestugu. Det hadde
seg slik: I Hol giekk det ein stygg øyreverksfarang, og mange av dei sjuke måtte ha
dagleg doktertilsyn. Hans Bruun, som var distrikslækjar både i Hol og Ål fekk då
til ei ordning slik at pasientane kunne bu på «Nordby», som var nærmaste nabo til
doktergarden. Denne ordninga kom til å gjelde ein del år. Frå 1928 til 1933 leigde tannlækjar Sigurd Holdhus kontorrom på same staden. Etterpå flytte Ragnhild Vareberg inn og budde der til huset vart rivi. Den siste som brukte butikk- og kafeavdelinga, var barber Einar Helgestad frå Voss, han hadde salong der frå 1932 til 1971. Etteråt uthuset var påbygt hadde Sigvat Tveito ei stutt tid atelieret sitt i rausthøgda her.

Nils Noss skriver i et nummer av Dølaminne: «Lars Halingstad var født i Hol i 1902. I sin ungdom gjekk han på Buskerud Folkehøgskule, og tok seinare eksamen artium på Voss Landsgymnas. Han tok førebuande prøve ved universitetet i Oslo, men braut av utdaninga og reiste til Amerika i 1926. Der var han med på ymse slags arbeid. Blant anna arbeidde han Heire år ved kopargruvone i Alaska. Dette er ei av dei hardaste arbeidsplassane som finnst. Men Lars var ein forskarnatur, han skulle prøve alt. Etter nokre år på ymse plassar i Amerika syntes han at han hadde sett og prøvt nok av landet, so han reiste attende til Hallingdal. I 1934 kjøpte han Ål Hotell som syster hans, Guri, og mannen hennar Ola Skrien hadde hadt. Hotellet var til salgs fordi begge desse omkom i ei flyulykke. Lars vart gift med Dordei Torsteinsdotter Seim. Isamen dreiv dei hotellet til dei vart pensjonistar. Dordei og Lars dreiv og kafe i hotellet. Der kom dei fleste bygdafolk innom. Då var det ikkje sjeldan at eldre folk vart beden inn i stugu og fekk kaffi der. Og so måtte dei gjeme prate inn ein stubb på lydbandet. Etterkvart vart dette ei anseleg samling».

I førstninga av tjueåra kjøpte Arne Solheim Solheimhuset og flytte det til ei tomt han kjøpte av Larsgarden-Sundre. I ei av kjellarhøgdene her gjekk han i gang med ysteri som han dreiv i nokre år. Huset stod fullt ferdig i 1925. Kjellaren var i to høgder, og det var i ei av desse han plasserte ysteriet.

Alt i 1920 var Ål Kooperative Handelslag komi i gang og hadde butikkrom i nordre bygningen i farsgarden. Då Solheim hadde ferdig huset sitt, fekk handelslaget tilbod om å flytte dit og slo til. To år seinare gjekk laget i gang med bakeri som fekk plass i ei av kjellarhøgdene. I trettiåra fekk huset eit tilbygg på vestsida med butikk i første høgda og bustad i andre. Denne delen leigde Solheim bort, først til Herbrand Larsen og sidan til Egil Speren. Båe dreiv kjøtforretning. Butikken som Ål Samvirkelag hadde flytta inn i (laget skifta namn i midten av trettiåra), vart etterkvart heilt umoderne og altfor trong og fleire gonger var det tale om bygging. Til slutt vart det også kjøpt tomt mellom Gamlevegen og Sundrevegen, og laget fekk teikningar til nytt hus. Men saka vart utsett.
Då Solheim tok til å bli gamal, ville han selja Solberg, og 25. mars 1942 kjøpte Ål Samvirkelaget eigedomen.

Lars K. Myhren bygde seg hus på Fredly, ei tomt frådelt brn. 138. Lars var tilsett ved jernbanen og hadde først bygt seg hus i skogen aust for farsgarden. Like før 1920 søkte han seg over til fjellet og budde nokre år på Finse, og så leigde han bort huset i Myreskogen. I 1925 selde Lars huset sitt og gjekk i gang med bygging på Fredly som var kjøpt i 1923, og då første byggesteget var ferdig, flytte han og huslyden inn i andre høgda, resten av huset vart bortleigt. Gullsmed Sven Bæren (Svein Larsson Bæren 11.12. 1870–1941) tok over to rom til butikk og verkstad. I dei andre roma i første høgda heldt to barberar til etter tur sidan vart det innreidd ein liten bustad her.
Så kom andre byggesteget, og frå 1934 til 1938 hadde Bernhard Berg butikk her, han handla med sportsartiklar, elektriske apparat og radio. Då Berg hadde fått seg eige hus, overtok ein Ostrø butikkromet og bustaden ved sida av dette, han handla med papirartiklar og glasvarer. Ostrø flytte frå bygda like etter krigen og Embrik Bæra tok over etter han. Frå no vart det også fargehandel her. Bæra dreiv forretninga i tjuefem år. Etter Bæra kom turen til Guri Myrestølen. Ho har leigt alt i første høgda bortsett frå det gullsmed Leif Bæren har. Ei tid var det mjølkebutikk i kjellarhøgda under siste byggesteget.

I 1932 stod det nye Hajemhuset ferdig på tufta til det som brann, og etter å ha handla eit år i ei lita brakke kunne Hajem opne den nye butikken sin. Ei ny kaffistove vart også opna, og det kom til å bli Ågot Hallingstad som dreiv denne lengste tida. Etterat Ola Skrien og kona hans omkom då flyet dei var med i datt ned ved Strandafjorden stod frk. Hallingstad for drifta av kafeen og overnattingstaden Sundby. Men så flytte ho over i Hajemhuset der ho dreiv Sundreby kafe og pensjonat. Ho vart gift med Embrik O. Hajem, men heldt fram med kafeen og pensjonatet like til 1960. I kjellarhøgda var det ei tid fiskematkjøken, sidan flytte det inn handverkarar der, m. a. skomakarar. No er roma her lagerplass. Der kafeen eingong var er det no bustad.

I førstninga av trettiåra kom nesningen Bernhard Berg til Ål og opna butikk hjå Lars Myhren i Stasjonsvegen, her handla han med sportsartiklar, elektriske artiklar, sidan også med radio og Tv. Berg vart gift med Oline Langeland som også dreiv handel og hadde butikk i den nye Tingstugu der ho selde mote- og manufakturvarer. Så sette familien seg opp eigen forretningsgard på ei tomt som vart frådelt Larsgarden-Sundre. Ved skylddelinga gav dei eigedomen sin namnet Bergland, og hausten 1938 flytte dei forretningane sine inn i eige hus. Det var svigerfaren til Berg, Embrik Langeland, som sette opp huset. Heile første høgda i det store huset vart butikkrom og lager og andre høgda bustad. Også noko av kjellarhøgda vart brukt som bustad i fleire år, og mange har budd der gjennom åra. Ei tid budde fotograf Brye der, og han hadde då også verkstad og butikk der. Nokre år vart det også leigt ut rom i andre høgda, det var Synnøve Urholdt som dreiv frisørsalong der nokre år.

Kilder: I hovedsak Ulshagens «Det game Sundre, Ål bygdebok, diverse numre av Dølaminne, Norges handelsregistre, bokserien Gamle Aal i tekst og bilder samt ulike avisannonser fra perioden 1880-1935.

 

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s