Glasplatefotografiane til Ola A Strand i Ål bygdearkiv kolorert

Desse bilda er ein del av Ål bygdearkiv sin samling, og dei er kolorerte av Olav Sataslåtten på frivillig, ulønna basis som eit samarbeidsprosjekt mellom Ål bygdearkiv og han. Det er Ål bygdearkiv som står som eigar av desse bilda, og kvar og ein kopiering på nett eller i publikasjonar kan ikkje skje utan i samråd med Ål bygdearkiv. Me gjer oppmerksam på at glasplatesamlinga etter Ola A Strand tel fleire bilete enn dei som no publiserast på Hallingminne

Ola Aslesson Strand vart fødd  i 1859 og han døde i 1945. Foreldrene hans var Asle Tolleivsson Halvorsgarden Strand 1809—1889 og Sigrid Tolleivsdtr. Bjella 1814—1887.

Ola og broren Tolleiv d.y. var fyrst i Oslo og lærde om mekanikk. Deretter vart det nokre år i Amerika frå 1880. Ola kjøpte med seg den fyrste maskinhamaren i landet (driven med vasskraft), og bygde Vangesmia då han kom heim att. Frå Telemark henta han ljåsmeden Hans Kåsalien. Det var opptil fem mann i arbeid i smia. Det viste seg å vera vanskeleg å konkurrere med ljåsmedane i Hol. Men Vangeplogane fekk eit svært godt ry. Dessutan smidde han hestehelder. Etter kvart kom ljåsmedane i Tinn til Ål for å lære maskinsmiing.

I 1889 fekk Ola 300 kr i stipend frå Industridepartementet for å reise til den internasjonale utstillinga for “Kunst, Agerbrug og Industri” i Paris. I 1896 selde Ola frå langstølen på Rødungen, og i 1900 vart Rimeberget frådelt. Jakt- og fiskerett vart fråseld til Randen i 1906. Ola Aslesson vart beskriven slik i 1900: “Mekanikus. Eier og arbeider ved ljåfabrik for egen regning, gaardbruger.” Vidare hadde Ola kverna i Ylifossen o.a., og fiskeoppdrett (klekkjeri ved olla oppe i Rimehagane). I 1900 delte Ola frå Bergo, bnr. 32 til Lars Bråten. Ei gamal loftsstugu har truleg fylgt med på kjøpet.

I 1903 brann smia og heile lageret. Ingen ting var forsikra, og Ola var ruinert. Han tok då to år i Amerika att for å koma seg på fote økonomisk. Heime sat kona med åtte barn og venta. Ola kom heim då Ylifossen kunne seljast.

Ola var også ein god spelemann og fotograf. I 1907 kjøpte han fotoapparat hjå pastor Opsata, som var heim att ein tur frå Amerika. Ola (delvis også sonen Steen) fotograferte mykje både frå rallarlivet og bygginga av Bergensbanen, og noko frå bygdeliv elles. Samlinga er no i Bygdearkivet. Kjelde: Torstein Seim.

Olav Sataslåtten

 

 

One Comment Add yours

  1. Multerland seier:

    Tusend takk!
    Stort bidrag til Hallingdals historie.

    Likar

Legg att svar til Multerland Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s