Handelen på Sundre før i tida i farger

Urholtgeila var «navlen» på gamle Sundre, Men rundt plassen som vart kalla Urholt- geila, var det bygt utan plan. På sørsida låg Sundre Hotel vegg i vegg med Tingstugu. I krysset Nigardsvegen/stasjonsvegen låg forretningsgarden til Hajem. Vest for Urholtgeila stod Skrienhuset. Rett over vegen for Skrienhuset stod to store tømrabygningar, Pleymshagen og Urholtbua.

b7dac59c-9855-47c2-8db7-c5e94f68a0d7-17083-000002dd75a3c4ab

img_4529

Guri Hovdegard og søster Sigrid bak disken på kafeen

I 1908 begynte Guri Hovdegard frå Vats kafé i eit forretningsbygg som kjøpmann Gussgaard hadde sett opp like aust for kyrkja (der Hallingdølen har sitt bygg i dag). Nokre år seinare overtok systera Sigrid kafeen. 1 1916 bygde ho eige hus lenger aust på Sundre- på «Nordby» -huset som Marit Kaslegard seinare hadde, og flytta kafédrifta dit.

img_4526

I 1924 kjøpte Per Vareberg Gussgardhuset som blant bygdefolket no vart heitande «Varaberghuset». Her dreiv Vareberg jernvarehandel til etter brannen på Sundre i 1931. Frå 1928 til 1933 leigde tannlækjar Sigurd Holdhus kontorrom her, og Einar Helgestad hadde frisør- og barbersalong i «Varaberghuset» frå 1932 til 1971. Katfistova på «Nordby» var i drift til 1925, då her var ei slags sjukestugu. Det hadde seg slik: I Hol giekk det ein stygg øyreverksfarang, og mange av dei sjuke måtte ha dagleg doktertilsyn. Hans Bruun, som var distrikslækjar både i Hol og Ål fekk då til ei ordning slik at pasientane kunne bu på «Nordby», som var nærmaste nabo til doktergarden. Denne ordninga kom til å gjelde ein del år. Frå 1928 til 1933 leigde tannlækjar Sigurd Holdhus kontorrom på same staden. Etterpå flytte Ragnhild Vareberg inn og budde der til huset vart rivi. Den siste som brukte butikk- og kafeavdelinga, var barber Einar Helgestad frå Voss, han hadde salong der frå 1932 til 1971. Etteråt uthuset var påbygt hadde Sigvat Tveito ei stutt tid atelieret sitt i rausthøgda her.

Chr. Urholt var frå Nesbyen, men slo seg ned i Ål. Han bygde ein forretningsgard på Sundre i 1866 og opna «den fyrste butikken på Sundre. Den fekk namnet Urholtbygningen og seinare Spareforeninga, etter eigarskifte. Den låg jamsides ein like stor tømrabygnad som lensmann Pleym sette opp.

 

Urholtbua nærmest og Pleymshagen i bakgrunnen
Urholtbua nærmest og Pleymshagen i bakgrunnen

Merk at Perstølen hadde bokskap ved inngangsdøra, selv på vinterstid.

Pleymshagen
Pleymshagen

Urholt sette opp ein bygnad for overnatting, der det var skyss-stasjon og gjestgjevarstad. Då fru Berrum overtok i 1913, vart dette Sundre Hotel. Denne låg omlag der Ål tingstugu er no. (Alle desse husa gjekk med i storbrannen i 1931).

Me se Sundre hotell og skydsstation, Tingstugu og Urholtbua
Me se Sundre hotell og skydsstation, Tingstugu og Urholtbua

 

Ein vestlending, T. T. Kronen, dreiv i Urholtbygningen nokre år, og O. Hajem ei tid, til han bygde eigen forretningsgard 1922. Ål spareforening overtok då Urholtbua og handla her til foreninga vart nedlagd og Asle Bergo overtok og starta eigen handel 1930.
Ein vestlending, T. T. Kronen, dreiv i Urholtbygningen nokre år, og O. Hajem ei tid, til han bygde eigen forretningsgard 1922. Ål spareforening overtok då Urholtbua og handla her til foreninga vart nedlagd og Asle Bergo overtok og starta eigen handel 1930.

img_4549

I 1921 kjøpte Ola. T. Skrien ei stor tomt av Aksel Urholt. Det var eit trekanta jord- stykke mellom allmanmegen (no Sundrevegen), Stasionssvegen og kyrkjegarden. Her kom det opp eit stort hus i tre høgder. Mykje av Skrienhuset. som det vart kalla, vart bortleigd. I kjellarhogda dreiv Torleiv Bergo kjøttbutikk. her opna ein innflyttar tøyforretning. I første etasje dreiv Guri Skrien kaffistove, og her fekk urmakarane Sataøen butikk og verkstad. Skrienhuset gjekk med i Sundrebrannen i 1931.

img_4533

img_4545

Pleymshagen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s