Livet på Sundre i gamal tid i farger

image-6

Sissel og Eirik Kirkedelen med borna heime på Skandsen  (søre Sundre). Kirkedelen kjøpte Skandsen i 1912 for 4.500 kroner. Han bygde på huset og leigde bort andre høgda.
Sjølv flytta Eirik og familien inn i det som hadde vore Skansestova. Sissel hadde styrt telefonsentralen på Sundre frå starten i 1895, og no tok ho med seg sentralen til Skandsen. Ho hadde sentralen til 1942, då han vart flytta over i Tingstugu.

3cfc2955-8477-4264-b298-f5d799c1dc03-8497-000003211e95ce3c
Forsyningskontoret i Ål. Kari Granlien sittende foran, og bak frå venstre Per Vareberg, Ola H. Bråten, Olav Lien (stående) og Leif Vareberg.

image-8

I valperioden 1929-31 hadde Arbeiderpartiet tre representantar i Ål heradsstyre. Olav K. Lien (i midten) og Håkon Ulshagen (t.h) var innvalde på lista til Ål småbruker- og arbeiderparti, medan Ola L. Bæra representerte Torpo Arbeiderparti. Både Arbeiderpartiet og Bondepartiet vart første gongen representerte i Ål heradsstyre ved valet hausten 1925. Torpo var eige valsokn med seks representantar i kommunestyret til og
med valet i 1955. (Oppl: Sigbjørn Tormodsgard og Olav Oppsato).

A2608759-57F9-4ED1-BD1B-EC6C7E8B1FD1-9338-00000374B42EB2FA
Frå venstre: Sigurd Hajem, Ragnhild Olsen gift Hoff og Solveig Hajem. Karen til høgre har eg ikkje namnet på.

DE0FDAAF-8FE0-4667-B9C9-4949B8CE8FF3-26287-000005CAB16EE896
Forfattar og tidl. ordførar Lars Opsata.

0A7710DE-2E8C-4755-B066-F0347AABC358-294-0000002D2639F83B
Ola og Per Perstølen inne i den nye Perstølbutikken som vart opna på 80-årsdagen til Ola i 1957.

50b5f1d2-8afa-45b3-9323-a27eaa04e812-5261-00000201a660486e
I mange år hadde Ragnhild Teigen alt sal av mjølk og fløyte på Sundre (med unntak av meieriutsalet på stasjonssida). Det var Mjølkeutsal i kjellaren i Myrenhuset i Stasjonsvegen og frå sist i 50-åra i kjellaren på Aal Hotell. Teigen starta mjølkeutsalet i Myrenhuset i 1938 og slutta då momsen vart innført i 1970. Den første mjølkebutikken på Sundre var imidlertid i kjeIIaren hjå Hajem ( Hajem-huset bygt i 1923) Her handla fyrst Birgit Hoff, seinate Tarand Noss. Under stor-brannen på Sundre 11. mars 1931, vart all mjølka brukt i slokkinga.  På biletet; innafor disken: Petra Sorteberglien t.v. og Ragnhild Teigen. Kvinnen med ryggen til er Margit Wiik. Blant kundane er Torbjørn Olsen og Birgit Holo (oppl. frå Tormodsgard og Oppsato).

b57a699d-d335-4363-99dc-ac8eb8d8125b-20873-00000520b315ea9b-1
Turnlaget Fram vart stifta i 1920 og var i gang til 1940. Dette biletet er frå 1921 og fremst frå venstre er Olaf Luksengard, brorne Arne og Trygve Pedersen og Knut Stave. Andre rekke frå venstre: Halldis Stavgjordet (Sundre), Astrid Olson, Dagny Bjarkø, Otilie Jansen, instruktør Ola Vøllo, Liv Urholt, Kari Kragerud Agnes Næss og Anne Moe.  Tredje rekke frå venstre: Arnt Jansen, Torleiv Sundre, Håkon Ulshagen, Vebjørn Odden, Kristian Kragerud og Trygve Hjelle. (Oppl. frå Tormodsgard og Oppsato).

27C561CA-FF06-4B6D-A63A-31A6F77093FE-8497-00000326D5890164 (1)

«Olympiaden» på Gardjordet. Ragnhild og Levor Teigen.

image-6

Birgit, Sander og Ola Ødelien foran Urholtbua. Ødelien drev i kompaniskap med Ola A Øino. I 1917 kjøpte Øino saman med Ola Ødelien frå Nordbygda Urholtgarden og gjekk i gang med handel i Urholtbua der førstnemnde hadde starta forretning den gong han flytte til Sundre. I følge Handelsregistre for 1918 avslutta Øino og Ødelien samarbeidet det året. Bildet er altså frå 1917 eller 1918.

img_4582
Dette bildet er nok frå Urholtbua.

8e35fbb1-9332-4c81-a948-8e2c5db158a0-1007-00000046457266a3
Personalet på Aal hotell.

img_4590-1Likningsnemnda, 1936. Framme frå venstre: S. Skarsgård, N. Sannum, S. Roen. Ola O Strand, N. Medgard og H. Knausen. Bak frå venstre: A. Holto, O. Sundbrei, L. Skrattegård, O. Kirkedelen, L. Håheim og Håkon Sataslåtten.

img_3363-2
Nok eit bilete der Tingstugu er måla i ein mørkare farge.

img_4595
Like etter krigen. Ein buss Ål Rutebillag blir «skodd om». På andre sida av riksvegen ser me Haugokaféen og Sundrehall.   Kari og Andres Haugo flytta inn i eige hus i 1925. Dei sette óg opp ein kiosk inntil Sundrehallplassen. Her dreiv Kari etter kvart kafé, Haugokaféen, til ca. 1960.

07D88A44-BAA3-4765-8FD0-8C70A098264C-8497-00000326AA3F7DAE (1)
Karen Sorteberglien, Levor og Ragnhild Teigen foran verkstaden til Br. Lundegård.

54202346-E6DE-405A-8BB2-2393ADD97CED-4834-000001D0DB09D3E0
Tore Walter Andersen, Rolf Olsen, Steinar Ulshagen og Olvar Opheim.

mannskor
Ål Mannskor vart stifta i 1924. Det var Sigvat Tveito som kom med tanken om eit slikt kor, og han var i mange år ei drivande kraft. Biletet er frå siste krigsåret. I første rekke frå venstre er Knut Myro, Håkon Sataslåtten, Sigvat Tveito, Erling Telning-Pedersen, Karl Krøvel-Velle, O. O. Strand, Håkon Tønnesen, Arne Nilsen og «Vesle-Tolleiv» Noss. Andre rekke frå venstre: Olav Eriksson, Olav Nilsen, Olav Langehaug, Svein Skarpås, Tor Sundrehagen, Leif Varberg, Kristian Sørensen, Sigurd Ødelien, Rolf Snildal, Arnfinn Sorteberglien, Ola Tormodsgard, Mikkel Torsethaugen, Ola Trintrud, Erik Bakken, Ola Sletto, Kjell Andersen, Per Kvelprud og Eirik Sando. Bakerste rekke frå venstre: Olav K. Myro, Lars Stave, Per Varberg, Ola H. Bråten, Sigurd Linjordet, Oskar Jemterud, Sevat Sataøen, Hermann Gullhagen, Trygve Rolstad, Sigvat Kirkedelen, Anton Dynge, Inge Haugen og Nils Kolbjørnsgard.

image-6

Politisk møte på Kongsvoll 1911-12. Kjøpmann Ola O Strand i kvit skjorte til høgre foran på trappa, Herman Gullhagen til venstre for ham, Ivar Helgesen sittende til venstre for døren, Lars Vareberg står til høyre for døren.

Eldste bygningen på Kongsvoll er stor med to fulle høgder og dertil kvistrom. Deler av huset har derfor gjennom åra vori bortleigt. Gullsmed Sven Bæren hadde i mange år vestre delen av første høgda til verkstad og butikk. Andre høgda, har vori leigt ut som butad, og mange har haldi til her. Dyrlækjar Thygesen, vistnok den første veterinæren i Ål, budde her nokre år. Så flytte fotograf Børresen inn. Dyrlækjar Gjørud leigde hus her før han tok over garden Leksvol, og etter han kom svigerfaren, lensmann Henrik Ecktell. Han hadde både bustad og kontor i huset på Kongsvoll. Den som slo seg til lengst her, var lokomotivførar Stokke. Denne huslyden budde hjå Luksengård i åtte år. Både klokkar Næss og sokneprest Øye har også vori leigebuarar i bygningen.

Bildene i denne artikkelen er kolorerte av Olav Sataslåtten, og de representerer i kolorert form et eget ånsverk som er opphavsrettslig beskyttet. Du kan derfor ikke dele dem eller gjenbruke dem uten å ha innhentet tillatelse fra ham.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s