Om Hallingminne

Hallingminne er ei lokalhistorisk nettside oppretta og driven av Olav Sataslåtten. Sida vart oppretta i 2017 med mål om å samla, dokumentera og formidla kjelder og forteljingar knytte til historia, kulturen og menneska i Hallingdal.
Hallingminne har vore ein stad der lokalhistorisk materiale er gjort tilgjengeleg for alle. På sida finn ein eigne artiklar og undersøkingar, biografiar, transkripsjonar av eldre tekstar, historiske dokument, fotografi, kart, segner, folkeminne og oversikter over kjeldemateriale. Innhaldet omfattar mellom anna lokal samfunnshistorie, utvandring, samferdsel, krigshistorie, rettssaker, levekår, kyrkjehistorie, språk, kunst og kulturhistorie.
Eit viktig føremål har vore å løfta fram menneske og hendingar som har fått liten plass i den etablerte historieskrivinga. Hallingminne har hatt som mål å gjera eldre og lite tilgjengeleg materiale søkbart og lesbart for nye generasjonar. Transkripsjonar blir normalt presenterte med opplysningar om opphav, kjelde og eventuell språkleg bearbeiding. Når eldre tekstar blir redigerte eller sette inn i ein ny samanheng, skal det gå tydeleg fram kva som er originaltekst, og kva som er seinare kommentarar eller bearbeiding.
Sida har vore eit sjølvstendig og personleg drive formidlingsprosjekt. Ho representerer ikkje eit museum, arkiv, historielag eller offentleg organ. Artiklane byggjer på kjelder frå mellom anna offentlege arkiv, bygdearkiv, bibliotek, historiske aviser, bøker, kyrkjebøker, folketeljingar, fotografi, kart og munnlege opplysningar. Opplysningar blir så langt det er mogleg kontrollerte mot kjeldene. Rettelser, tilleggsopplysningar og nye kjelder er derfor velkomne.
Sidan starten i 2017 har Hallingminne hatt om lag 194 000 visningar og 55 300 besøkande. Den store interessa viser at lokalhistorisk materiale har verdi langt utover det næraste lokalmiljøet. Lesarane omfattar både hallingar, utflytte hallingar, slektsgranskarar, studentar, forskarar og andre som er interesserte i Hallingdal.
Korleis Hallingminne skal førast som kjelde
Når artiklar frå Hallingminne blir brukte som kjelde, ber eg om at den namngjevne forfattaren blir ført opp som opphavsperson. Mine artiklar skal derfor ikkje førast med nettsida som forfattar.
Bruk denne forma:
Olav Sataslåtten: «Namn på artikkelen», Hallingminne, publiseringsdato, nettadresse og lesedato.
Kortforma kan vera:
Olav Sataslåtten: «Namn på artikkelen».
Døme:
Olav Sataslåtten: «Menn i mørket – Osvald-gruppen i Hallingdal 1942–1944», Hallingminne, 5. juli 2019.
Ikkje bruk:
Hallingminne: «Menn i mørket – Osvald-gruppen i Hallingdal 1942–1944».
Dersom ein tekst på Hallingminne er skriven av ein annan forfattar, skal denne forfattaren førast opp. Dersom Hallingminne presenterer eller transkriberer ein historisk tekst, bør både den opphavlege forfattaren og den som har utført transkripsjonen eller bearbeidinga, nemnast.
Døme:
Just Thoner: «Litt om gamle samferdselsveier og nedlagte fjellgarder i øvre Hallingdal», 1927. Transkribert og publisert av Olav Sataslåtten på Hallingminne.
Opphavsrett og bruk
Eigne artiklar, transkripsjonar, samanstillingar og språklege bearbeidingar på Hallingminne er resultat av eit omfattande lokalhistorisk arbeid. Innhald kan siterast i samsvar med vanleg sitatrett, så lenge forfattar, artikkeltittel og publiseringsstad blir oppgjevne.
Lengre gjengiving, republisering eller kommersiell bruk av artiklar, transkripsjonar og samanstillingar krev løyve frå Olav Sataslåtten. Opphavsretten til historiske fotografi, kunstverk, kart og originaltekstar kan liggja hos andre institusjonar eller rettshavarar. Kjelde- og rettsopplysningane som følgjer det enkelte materialet, må derfor respekterast.
Hallingminne er meint som eit ope vindauge mot fortida, men også som eit verkstadrom for lokalhistorie. Målet er å ta vare på kjelder, stilla nye spørsmål og gjera historia til Hallingdal lettare tilgjengeleg for alle som ønskjer å lesa, læra og bidra.
Olav Sataslåtten
Redaktør og ansvarleg for Hallingminne