
Manuset er truleg skreve på 1970-talet, på ålingsdialekt, utan mange punktum. Margits eiga rettskriving er beholdt. [1]
Eg er født på Sataslåtten 15/8 1892. Foreldra mine var: Ragndi og Torstein. Sataslåtten ligg fint til der Hallingdals åne renn like ved. Eg gjik på Sando skule det var kji so svert langt eg mått over brune, og upp ein bakji so var eg der. Me voro 8 syskjin so me hadde det kji aule. Det van Ola og Dårdei, Håkon Turi. Per. Olav. og so eg og Svein.
Me jentudn skulde hjålpe te med alt arbeid inne i huset. Gutadn med alt ute, og dei hadde skjiu med dei men, me jentudn skull kji tulle us burt med slikt fantri. Men so kuna det hende at lyste vart so stor at me lånetok skjiudn ått guto, so vart det huskestugu. Men det var kji so fint utstyr akurat, det var kji so godt å få viubindingen til og sita, men
Side 2:
morot var det serdu. På skula likte eg me godt, eg var gla i å lesa og so var eg so flink te syngji. Ja eg leste alt eg kom over, so ho mor lurte på om eg skull studere til prest. Om våren var det mykji og gjera for då var det og stelle seg i stand te me skul buføre til støls, det var veldi moro. Det var som regel 14 daga fyr jønsok Då skull me til Smylimon og vera der 14 daga fyr me skulde til Båset. Ja so var me der då i 10 viku. Der hente de myki. I 5te vikun kom slåttefolkji for dei skulde slå volladn. Det var 7 uppsitare på Båset og alle kom so omtrent på sama tie, då hadde me ungadn det veldi morosamt, unga var det på kor støl, ser du. Ja og so var det so moro
Side 3:
når det kom heimfolk. Kor laurdag kom far upp til us på stølen, då hadde mor us med burt til steinkjødne der vaska me us og hadde på us reint tøi me skul vera fin når far kom. Det var herlige tider. Då hadde far gjedne gjingi den lange vegen burtom hestekjødne og upp etter løkjo og fiska og me fekk steikt øret surra i rømme om kvelden. Då var det lurdagskveld på langstøle.
Ja endå hadde me endå meir og gle us til på den tia, for omtrent i 8de vika kom det jaktkara, bykara med bikjer, og dei budde då burtpå Hålgjilijelun eit lite stykji burtafor vår bu so da vanka det sukkelade og drops eg fekk tesmei en rund fin eske full af drops den esken hadde eg i mange år til og ha snerpu i (pennvejer) (?) på skulen. Ja og på sama
Side 4:
tia kom det svere drifti over fjellet frå vestlandet med krøter som skulde jagas over til Nesbyn og til Dr. til slakt Det var veldi moro for us ungo og sjå so mange rare kjyr og uksa. Dei overnatta då jedne på veslegjelun hjå us og det hente det var kjyr som mor måtte mjålke. Siste sundag me var på Båset fekk me ha våre krøtor inne på vålle og då behøvde kji gjetleguten ut om morgon og gjete. Eles mått dei ut ratt om morgon. Det var no mest gutadn som skul jete, difor var eg mykji med far som ånnejente eg var kji meir end 12 år då eg var med far heile sumaren og ånna alt som skul til heile veten til: me hadde 6 kjyr 2 kalva og kvige 15 sauer og like mange jeita so det skul mykji til. Men so lerde eg af far og bli ei
Side 5:
flink onnejente med. Det var kji vanskele og få ånnejentejobb for meg når eg hadde gjingi i skule jå o far Jaa o far lærde eg og koke mat, både graut og suppe. Aa so sång me han far og eg når me slo i storemyr:
Her i storemyr er det kji aule,
berre me kan halde det ut;
Det er flugu i fleng som reise og kjem
Og me hanken gjere ein sleng.
Ja, so vart det hausten og skula begjynte i oktober. Men fyst måtte me hjålpe te med alt som skull i hus, eg var var burte på galo og pella eplu (Poteter) og ein haust hadde tjent over 2 krunu så då jekk eg te Sundre og kjøpte glanspapir for nu skulde det bli juletrepynt, me var kji vant med juletre den gongen, kjobte 6 lys 5 sukkerkjeks og
Side 6:
endå noko glitter og far var burti skogji og fan ei fin buske. Ja dår var eg kry, det var nokk fyrste gongen det hadde vore juletre på Sataslåtten Om hausten var det veldi mykji og fara me. Då kom n Sindre han laga sko te us alle Mor begjynte spinne og veva So var det julehelg snart. Slakting brygjing bakjing Det var so mange som gjik på legd den gångji det var ingen trygd. Det var n Ruggen. Branden Myreguten. Turkeanne. Garneguro. Fetaknut. Alle fekk lite mat med seg. Ja ho garneguro batt sokka (strikka) med ho for folk. Ja n’far var skraddar, han såuma nok mangi brok gratis for dessa og fleire til Ja han far sauma kjol til meg. Det var brunt heimevove tøi som mor vevde og spant gådne til. Ja ho mor spann og vevde alt gådn som skull til til klæu at us alle
Side 7:
me kuna kji gå og kjøpe det ser du, men me var veldi fornøid. Me hadde kji anna end parafinlampe og det måtte sparast so me sat gjedne neme peisen og leste, men skuleleksa måt me mest gjera i dagslys. Far helt ei avis: «Buskerud amtstidende» fekk vel den ei gong i vikun Eg hadde eit lite blad som heite «Magne» og det var læraren min som ordna det. Ja du kan tru eg var gla i det vesle blae. Lange mørke vettrekvelda var det nok altids noko og gera, både mor og far song og me hjelpte far og skavde bjørkjikubba me skavde bork til kjydn og so spikka me kurvestikku «Pølsepinna» som mor brukte til kurver når me hadde slakta
Det var mykji arbeid med slaktingen. Mor gjorde rein tarma eg hjelpte henne mykji med det for for me måt ha rennande vatn og då måt me uppå myre, for der var det lækje. So vart det kjøthakkin. Det gjikk for sig på den måten at me hadde hakketron. Og so var det brei skarp øks som passa akurat til tron. Det var tungt arbeid
Side 8:
som manfolka laut gjera Hakkehakkehakke
Eg kan huske far kjøpte kjøtkvern det var nokk veldi godt. I 1905 bygde vi nytt hus og far selde den gamle stugu, det vart stor forandring. Aa so begjynte det og koma arbeidera opover dalen Bergensbanen skulde bygjast. Jødnbanalina går berre eit godt steinkast på ovafor Sataslåtten so me vart nere nabuar med lina og slik høvde det seg at et par man kunne bu hjå us med ellers so fekk dei husvere over alle sta’ Me di at me vart so nere lina vert det meir og meir pass med krøtera so dei kji kom innom. Ja so i 1909 var det full kjøiring upover dalen. Ja om, sumaren var det meir folkasamt De kuna vera kunstmålarar og slike som tok bilder av folk og dyr. So hadde me kor sumar besøk af Melum. Han var blaman han gjekk i alle gara og tinga burt blaet sit som heite «Nu» og far var abonent i årevis. Han skreiv litt på sine reiser om eit og anna, for ekspl. at han
Side 9:
hadde våre på Sando der hadde han drukje kaffe og hr. Sando hadde betalt og tinga et abonemag og betalt, 5kr kosta blae for heile året. Ja alle stan var han inne, om alt detta skreiv han, så når me fekk detta «Nu» kunne me lesa at han hadde våre hjå Torstein Sataslåtten får nyt abonemag og at han hadde blitt trakteret kaffe og mjølkeprim af hans pene datter. Han kuna skryte, men han glemte ingen. I slik duur gjik heile blae «Nu».
Ja, Melum var ein original, me syns det var artigt og få besøk af han. Han hadde langt kjuk kvit hår og sjegg som rekte langt ned på bringa, i klesveien ar han med lite rar. gjekk berre me sko ikkje sokka om det so var 20-25 grader kalt, om sumaren sama slags påkledning, likt både vet som sumar. Kjøire vilde han alder, «Jeg går på mine ben» Men han vart gamal over 80 år.
Ja årene går og det lei til min konfirmasjonstid begjynte for Presten hausten 1905 – konfirmasjonsdag va fyste sundag ette Påsk år 1906 me gjikk hjå
Side 10:
Presten heile veten ein dag i vikun, for eg gjik på skulun samstundes. Men på sama tid so var det mykji anna som skulde lerast so som spinne gådn og veva. Til konformasjon mått eg ha alt nytt. Då var det mykji utleg for far og mor. Tøie til stakk måt kjøpast på Sundre til bunad mått det vera silketørkled, «Sølvstas» ja sølvstasen har eg den dag i dag, det kjem kji a mota det. Men eg var flink til og saume, brodre so eg gjorde alt detta sjøl berre fekk liter fyresogn tån Tilla Bergji ho var meister. Ja so var eg konformert. Fyste sumaren etterpå var eg eit halvt år på Nos var til og med på stølen der. Der var det kji småttri og gera me hadde over 20 mjålkekjyr og masse jeita og me måt yste og koke all den mjålka, kor dag måtte me ha sver kjel på for og yste ost og me hadde 2 store smørkjinner i vikun, men eg hadde med me store jente og hjelleguten mått dra sepratoren og hjelpe til med vanbering
Side 11:
han måtte til og med mjålke ei par kjyr. Det var kji og gå på sats i dei dagar. Eg skjøna kji kos me greide alt. Men me må ha greid det bra, for me fekk god ros av sjålvefolket, når dei kom til støls
Dei vilde apsolutt hatt meg at neste sumar men då skull eg noko anna. Ånnejente syns eg var trivele arbeid, og so tente eg 6 kr viku og hadde som regel fri kor sundag. No begjynte eg og vera med i ungdomslaget og der var det alltid noko eg måt være med og ordne eg passa so godt med både det eina are. Ja slik var det støtt, hos Margit, ja ho Margit. Men no må eg fortelja noko morosomt. På Sando hadde tikji i mot ein gut frå byn, som var lite svakele han skulde koma til krefter, og han kom seint og tile til us og me svalla då ven. men han var so veldi inntikjin i meg eg kunna kji fordra han men so ein dag då so kom han burt til far og so sa han: «Jeg er så forelsket i Margit trur du jeg kunne få henne?» «Det veit eg kji», sa far og lo godt.
Side 12:
Ja, det var mykji levend med Bjarne. Han gjikk og prata om at han skulde kanskje forlove sig med Margit, han var helt forstyra. Ja, dette hente i min lyse ungdomstid og mykji morro hadde eg var gla i og danse sat alder vegjepryd eg dansa med alle hadde ingen bestent gut men det kann nok hende at det var dei som tenkte noko anna. Nei det var liv og moro
I ungdomslaget var det mykji moro var med i sangkor i leikarring og var med i spelstykji som vart uppset af fru Brun, vor kjere formann i langet. Me måtte arbeide for og få inn penger me skulde få us ungdomshus og det greide me. Me fekk «Solhov» det står den dag i dag. Endå «Tyskera» var noko stygg mot det, men det er eit anna kapitel.
Det kji berre spøk og få skrapa i saman so mange peng. Me hadde basarar og me hadde kårgeaksjonar då var det om og gera og ha fine kågji som vart dyre men so vart jenta med i ..?
Side 13:
då kunna det hende me blunka til den guten med helst vilde ha ja det var veldi moto då dei bau opp so kårgji vart dyr. Ja den store dag kom 1911 sto huset ferdi og skulde inviast. Då var det stor ståk Me var 8 jentu som skulde stå for det og det var sjølsagt at eg mått vera med på det me skulde ha småmat lefsekling rommebrød og mjålkeprim og heimebrygja maltøl, men det fekk me erfarne folk til å gjera. Ja det var fest.
Akkurat i dei tio bygde dei ut Veihagafossen so no skulde det bli elekstrigs strom på Ål so i det momange då, so kom det mange framand arbeiara upp til Ål og alle dessa skulde ha husvere, då var det at Olsen kom han kom til Mari dårtehaugen «dårtemari» Det var ei attegløime men Olsen jifta seg med henne og so vart det «Dårte Olsen» og so sa han «Hu Mari er itte grei hu»
[1] Transkribert 2021 av Margits yngste barnebarn, Diis Bøhn (1957- )
Legg igjen en kommentar