Teikningane er ein del av Riksantikvarens samling, og er henta derifrå.

Nes stavkyrkje var ei stavkyrkje på Nesbyen i Hallingdal. Stavkyrkja vart riven i 1864, to år etter at dagens Nes kyrkje vart innvigd. Stavkyrkja låg om lag 500 meter nordvest for dagens kyrkje, og ein kan framleis sjå tufta. Eit skilt på staden daterer kyrkja til 1200-talet.

Det har vore minst ei tidlegare kyrkje på staden, for i eit brannlag som dekkjer store delar av tufta, er det funne brannskadde grunnmurar. Det er òg funne graver som ut frå orienteringa må vere eldre enn dette, men det er ikkje funne sikre spor etter ei enda eldre kyrkje. Den nedbrente trekyrkja skal ha vore om lag 8,8 meter lang. Desse funna er frå ei utgraving i 1965 då stavkyrkjetufta vart avdekka og konservert.

Stavkyrkja, som vart riven i 1864, vart målt opp av Hans Gude i 1850 og av Georg Bull i 1855, og er såleis betre kjend enn mange andre stavkyrkjer som leid same skjebne. Stavkyrkja var opphaveleg ei langkyrkje og fekk etter kvart apsis i koret. På andre halvdel av 1700-talet vart ho utvida med lafta krossarmar og dessutan våpenhus i vest og sakristi i aust.[a]

Frå stavkyrkja er bevart bygningsdelar og dekorerte detaljar ei rekkje stader, mellom anna i Kulturhistorisk museum og på Hallingdal Museum. Altartavla og døypefonten frå stavkyrkja vart overført til den nye kyrkja. Altartavla er sidan avløyst av ei ny tavle, men biletet, som syner krossfestinga, er framleis i kyrkja. Kummen frå døypefonten (av kleberstein) er i bruk den dag i dag og har fått ein ny sokkel.

Av Joachim Frich , datert 1.1.1848
«»»Langsnitt af tagverket over koret, tverrsnitt af tagværket _ over koret, tagriderens midtsøyle, oppriss af dør og opning _ mot sør i korveggen.»» Signert G.A. Bull og Chr. Christie.» Datert 1.1..1855
Plan, langsnitt, teikna av Georg Andreas Bull og Christian Christie, 1.1. 1855.
Oppriss og plan av døpefont , teikna av Christian Christie, 1860.
«Tverrsnitt, oppriss af søylebasis, opning i korvegg mot _ sør, snitt af midtsøyle, plansnitt af tårn, detaljer fra _ bjelker»». Teikna av Georg Andreas Bull og Christian Christie, 1855.
Tverrsnitt, teikna av Georg Andreas Bull og Christian Christie, 1855.
«Langsnitt og tverrsnitt af skib»». Signert G.A. Bull _ og Chr. Christie, 1855.
«Grunnplan, gavl i skibet Langsnitt av taket over den hallvrunde del av koret. «»levning av kapitel, sokkelen av søylene _ ved hovedinngang. Signert G.A. Bull og Chr. Christie», 1855
«Dør-ring fra Nes kirke, optaget af Bull, udført af Christie»» _ Signert G.A. Bull og Chr. Christie», 1855.
«Langsnitt af tagverket over koret, tverrsnitt af tagværket _ over koret, tagriderens midtsøyle, oppriss af dør og opning _ mot sør i korveggen.»» Signert G.A. Bull og Chr. Christie.», 1855.