av Olav Sataslåtten

Inne i gangromet i tingstugu gjekk ei fint forma svingtrapp opp til andre høgda.
Heile dette romet var dekorert av Kristen Aanstad. Bildet er i Drammens museums eige.

Ingeborg Arbo (1872-1958) var ein norsk vever og tekstilkunstnar. Frå 1897 til 1906 var ho tilsett som veverske hos Frida Hansen og Det Norske Billedvæveri. Her lærte ho ulike fargemetodar, vevsteknikker og fekk trening i å teikna for vev. Etter nedlegginga i 1906 arbeidde Arbo for Den Norske Husflidsforening. På denne tida reiste ho rundt i norske bygder for å studera og samla inn kunnskap om dei ulike mønstera til plassane, fargebruk og tekstile særpreg. Drammen Museum har datert bildet til 1901, men det er vel mest sannsynleg at det er malt i 1906.

I 1900 deltok Arbo på Verdensutstillingen i Paris, saman med Ingrid Klingenberg og Eugenie Faye-Hansen. Saman fekk dei sølvmedalje for sine vevede teppe. I 1901 oppretta ho Foreningen for anvend kunst saman med Marie Karsten, Ingrid Klingenberg og Lilly Hansen. Dette skulle bli forløparen til Foreningen Brukskunst
Håkon Ulshagen skriv om tingstugu: «Den 11. mars 1931 brann den gamle tingstugu på Sundre, og det kanskje mest særmerkte huset i bygda nest etter stavkyrkjene og staveloftet vart dermed borte for godt. Bygningen hadde då vori tingstugu frå 1816. Men huset var nok ikkje bygt til det. Torkjell Olson Villand hadde sett det opp som bustad så tidleg som i 1764.

Torkjell var lensmann og prokurator og vart også gjestgjevar på Sun¬dre. Han hadde difor bruk for godt med husrom både for embetsmenn og andre som kom til bygda, han hadde vori ute i verda, og derifrå hadde han med seg impulsar som han nytta seg av som byggmeister, dertil hadde han kunstnargivnad og var også ein kar som gjerne slo stort på. Alt dette kom til å spegla seg av i mangt av det han bygde, ikkje minst i hans eige hus. Det er difor ikkje så merkelege orda som gudbrandsdølen Kristen Aanstad skal ha sagt etterat han i første gongen såg huset til lensmannen: Då eg kom sy geilo og såg kva Torkjell hadde gjort, kvakk eg.
Det var ikkje berre storleiken av huset som gjorde inntrykk på folk det var likså mykje måten som alt var gjort på. Alt i den spissboga svala med dei fine hjørnestolpane, dei vridde midtstolpane og rekkverket møtte ein noko fornemt. Så stod ein framføre den merkelege inngangsportalen. Det er om denne Reinton skriv i Holsboka (Band I): Ein legg særleg merke til den flotte inngangsportalen, som elles verkar uroleg, ei merkeleg blanding som han er av kyrkjeportal, barokksøyler og renesansebalustrade. Ein kopi av svaIa fekk plass framfor sideinngangen til våpenhuset då hovudkyrkja i Ål vart restaurert og ombygt sist i femtiåra.
Inne i gangromet i tingstugu gjekk ei fint forna svingtrapp opp til andre høgda. Heile dette romet var dekorert av Kristen Aanstad. På veggen rett mot inngangen stod Torkjell sjølv med pipe i munnen og øks ved sida, det siste som symbol på byggmeisteren. Ei dør ved sida av portrettet førde inn til kjøkenet der det var ei røseleg peis, Gjennom døra til høgre kom ein inn i ei stor stove. Denne var overhimla og hadde vindauge på tre vegger.

Andre høgda hadde same inndeling som den første, men gangen her var mindre og soveromet over kjøkenet tilsvarande større. Til høgre frå gangen her korn ein inn i sjølve salen, eit høgrausta rom med ein svær møningsås der Torkjell hadde hoggi ut i høgrelieff og fargelagt desse orda: Dette hus er bygt i Guds navn av Torchild Olsen Villand.På nordveggen dominerte ein høg og fint utforma brannmur med ein kjempestor etasjeomn framføre. Både salen og stova, i første høgda var på nelt med bord ordna i innramma ruter.
Fotografia som me har av den gamle tingstugu, gjev oss ikkje noko rett bilete av huset hans Torkjell Villand, for i den tida kommunen var eigar, vart det gjort endringar både ute og inne.
Det smale tilbygget på sida mot Urholtgeila, seinare torget, kom til av di kommunen ville ha meir plass. Bordkledningen huset hadde då det brann, var etter måten ny. Det er elles uvisst kva tid huset fekk bordkledning første gongen. Eit par stokkar som overlevde brannen i 1931, synest å prove at det har vori utan kledning lenge.

Også inne har huset vori endra etterat bygda tok over. Den store stova i første høgda vart eingong delt i to smale rom. Mellom desse vart det sett inn dobbeltdører. – Ein del av innbuet som Torkjell Villand hadde i stova si, er no i Sundrehagen. Det var Eirik Nensegard frå Hol, ein av eigarane på Sundre som tok det med til Sundrehagen då han like før 1800 slo seg ned på denne garden.

Det store framskåpet og golvklokka skal vera både snikra og måla av Kristen Aanstad. At han har vori meister for målinga er visst heilt sikkert. Men snikkararbeidet på desse to tinga kan tyde på at det har vori to handverkarar. Klokkekassa er laga av ein finsnikkar, ikkje skåpet. Den store og uvanleg fine spegelramma kan ikkje vera Aanstad sitt arbeid. Treskurden minner om sumt av innbuet frå gamlekyrkja. – – – Det var bygdetinget som kom til å gje huset hans Torkjell Villand namn. I 1730 hadde Sundre vorti fast tingstad for Ål, og i 1816 vart huset på Bygnadsluten kjøpt til tingstugu. Sidan vart bygningen også kommunehus, men namnet vart ikkje endre. Og da nytt kommunehus stod ferdig i 1933, gjekk det gamle namnet heilt naturleg over på dette.

Gamletingstugu vart gjennom åra brukt til så mangt. Og her skal ein nemne litt av det. To gonger hadde Nedre-Ål skule klasserom her. Første gongen var like etterat grenda i 1861 hadde fått fast skule. Etter to år på Sundre vart ei stove på søre Huus leigt, og skulen var der til huset på Klok¬kargarden stod ferdig hausten 1865. Hausten 1916 vart Nedre-Ål skule atter i beit for hus, og fram til jul 1932 fekk to av dei seks klassane plass i eit lite rom i tingstugu.

Også andre skular var no og då innom i tingstugu, såleis den ambulerande amtsskulen i dalen og Hallingdal arbeidsskule. Før Lien landbruk- og husmorskule kom i gang, hadde Fjellbygdsjordbruksskulen for Halling¬dal og Numedal år om anna kurs i tingstugun.

Før det vart bygd ungdomshus i bygda vart salem i tingstugu ofte brukt til møte-og festrom. Her var det også haIdi basarar. I fleire år var det verkstad og butikk i tilbygget på nordsida. Det var gullsmed Svein Bæren som leigde hus her ei tid. At dei minste roma også har vori nytta som bustad høyrest kanskje litt merkeleg. Men nokre gonger har det budd folk her også etterat kommunen vart eigar. Ein av dokterane skal ha budd her ei tid, det same gjorde både kjøpmann 0. A. Øino og kjøpmann T. T. Kronen før dei fekk seg annan bustad».