Kven var skotten Sander Sanderson, skrivaren i Ål?

Av Olav Sataslåtten

I byrjinga av 1600-talet sat ein skotskfødd skreddar på Stavehaugen i Ål og skreiv brev, skifte, pantedokument og rettsreferat for hallingane. Namnet hans var Sander Sanderson, også skrive Sander Sandersen. Han vart ein av dei tidlegaste kjende skrivarane i Hallingdal, og i 1612 fekk han fullmakt til å møta i retten på vegner av sorenskrivar Reinholt Piperinck.

Seinare tradisjon har omtala Sander som den første sorenskrivaren i Hallingdal. Dei bevarte dokumenta gir eit meir nyansert bilete. Sander var skreddar, skrivar og ein slags sorenskrivarfullmektig. Han kunne sitja i retten når sorenskrivaren var fråverande, føre rettssaker fram til dom og skriva fleire typar juridiske dokument. Slik fekk han ei sentral rolle i det lokale rettsstellet.

Sander vart også stamfar til ei vidgreina slekt i øvre Hallingdal, der etterkomarane lenge vart kalla «skottadn». Men kvar i Skottland kom han frå, og kvifor enda han i Hallingdal? Her møtest dokument, slektstradisjonar og segner utan å gi eit endeleg svar.

Skotsk innvandring til Noreg

Per Olav Reinton set historia om Sander inn i ein vidare samanheng i artikkelen «Sander skredder og andre skotter», publisert i Under Hallingskarvet i 2012. Han viser at Sander ikkje kom til eit land utan samband med Skottland. Gjennom fleire hundreår hadde det vore tett kontakt mellom Noreg, Orknøyane og det skotske fastlandet.

Orknøyane hadde lenge vore ein del av det norske riket. Språket norn, som var nærskyldt med norsk, heldt seg på øyane til langt inn på 1700-talet. Reinton peikar på at sjøvegen mellom Orknøyane og Bergen var kort. Under gode forhold kunne overfarten ta om lag fire døgn.

Det politiske sambandet vart endra etter giftarmålet mellom Margrete, dotter til kong Christian I av Danmark-Noreg, og Jakob III av Skottland. Då kongen ikkje kunne betala heile medgifta, vart Orknøyane og seinare Shetland stilte som pant. Skottane tok i praksis over styringa av øyane i siste delen av 1400-talet.

Handels- og kulturkontakten mellom øyane og Noreg tok likevel ikkje slutt. På 1500- og 1600-talet kom mange skottar til Bergen og Vestlandet. Somme slo seg ned i byen, medan andre dreiv handel, handverk og trelasthandel i bygdene.

Reinton skriv:

«Skottene og hanseatene var de to største utenlandske gruppene i Bergen. Bergen kunne like gjerne bli kalt skottenes by som hanseatenes by, i følge Nina Østby Pedersen.»

Det vart til tider skarpe konfliktar mellom skottane og dei tyske hanseatane. Natta til 9. september 1523 gjekk tyskarar til åtak på skottane på Strandsida i Bergen. Dei plyndra husa deira og tok fleire til fange. Området der skotske skreddarar, vevarar og kremmarar heldt til, vart kalla Skottebyen. Namnet lever vidare i Skottegaten ved Nøstet.

Det var så mange skottar på Vestlandet i perioden frå om lag 1500 til 1650 at perioden stundom har fått namnet «skottetida».

Frå Skottland til Hallingdal

Sander Sanderson må ha kome til Noreg før han slo seg ned i Gol i 1593. Ifølgje ein slektstradisjon som seinare vart skriven ned av S. Reinton, var Sander fødd omkring 1555. Tradisjonen fortel at han fyrst heldt til i Hesjedalen, der han møtte Ragnhild Asgautsdotter.

Per Olav Reinton påpeikar at denne Hesjedalen truleg låg på Vestlandet og ikkje ved Oslo, slik enkelte eldre framstillingar har hevda. Dersom dette er rett, styrkjer det teorien om at Sander kom inn i landet gjennom Bergen og seinare tok seg over fjellet til Hallingdal.

I slektskrønika etter S. Reinton heiter det:

«I Skottland levde ikring aar 1500 ein mann som heitte Sanders. Han hadde ein son. Sander Sanderson som var fødd ikring 1555. Han kom hit til Noreg i dei tidom, daa det derburte var noko leide religionsforfylgjingar. I Hesjedalen vart han kjend med ei gjente som heitte Ragnhild Asgautsdotter. Ho fylgde med han upp til Hallingdal, og i Gol vart dei gifte i 1593.»

Den næraste samtidskjelda opplyser ikkje når Sander kom til Noreg eller kvar han budde før han slo seg ned i Gol. Ho slår derimot fast at han var fødd i Skottland. I eit vitnemål frå 1633 blir han omtala som:

«Sander Sandersen barnefødt i Skoettland».

At han kom til Gol i 1593, ser ut til å byggja på eit vitnemål frå 1601. Der står det at Sander og Ragnhild hadde budd i grenda i åtte år. Opplysningane passar dermed med at dei slo seg ned i Gol i 1593.

Rømde han frå religionsforfølging?

Ei lokal segn vil ha det til at Sander flykta frå religionsforfølgingane i Skottland på Maria Stuart si tid. Etter denne tradisjonen skal han ha valt Hallingdal fordi dalen låg avsides og gav vern.

Lars Reinton formulerte tradisjonen slik:

«Segner vil ha det til at han rømde frå Skottland i religionsforfylgjingane i Maria Stuarts tid, og at det skal vera grunnen til at han stakk seg av i ein avdal som Hallingdal. Her slo han seg fyrst til i Gol, han kom dit i 1593.»

Per Olav Reinton meiner det ikkje finst skriftlege prov for at Sander var religionsflyktning. Han avviser likevel ikkje at uro og forfølging kan ha vore ein del av bakgrunnen.

På 1500-talet var Skottland og Nord-England prega av konflikt mellom katolikkar og protestantar, stormannsslekter og konkurrerande kongsemne. Maria Stuart, den katolske dronninga av Skottland, vart avsett i 1567 og seinare halshoggen i England i 1587. Opprøret i Nord-England i 1569 vart slått brutalt ned av dronning Elisabeth I. Mange av deltakarane vart avretta, medan andre miste jorda si eller flykta nordover.

Reinton drøftar om somme av flyktningane kan ha kome til Orknøyane, Bergen og vidare til norske bygder. Men han understrekar at det ikkje er mogleg å knyta Sander direkte til desse hendingane:

«Ut fra kildene er det ingen som kan vite noe om hva som var motivet for å komme til Norge — langt mindre hva som drev en skotte til Hallingdal på 1600-tallet.»

Ei anna og kanskje enklare forklaring er at Sander kom som handverkar og omreisande handelsmann. Skotske skreddarar, vevarar og kremmarar var vanlege i Bergen og på Vestlandet. Skip frå øyane i vest førte mellom anna ull og tekstilar til Noreg. Skreddarar kunne kombinera handverket med småhandel og ferdast frå bygd til bygd.

Reinton meiner difor at Sander kan ha kome over fjellet som skreddar og kremmar:

«Så Sander kom nok første gang vandrende over fjellene som skredder og kremmer.»

Dette er ei sannsynleg tolking, men heller ikkje ho kan dokumenterast sikkert.

Åtte år i Gol

Sander og Ragnhild budde i Gol frå omkring 1593 til 1601. Eit vitnemål frå Gol, datert 8. august 1601 og seinare bevart på Røo, gir dei eit godt skotsmål.

Vitnemålet fortel:

«att all den stund Sander Sandersen och hans hustru Ragnilde Asgodsdatter boede her i voris grend som var åtte år, haffuer de skikket sig ærlig, kristelig, trollig och vel, så at her er ingen som haver Sander eller hustru til at sige andet end det som ærligt och troligt er, och gode folk anstår».

Vitnemålet kan ha vorte skrive då familien skulle flytta frå Gol. Slike skotsmål fungerte som dokumentasjon på korleis ein person hadde levd og oppført seg i lokalsamfunnet. Dei kunne vera nyttige når ein flytta til ei ny bygd eller skulle ta på seg arbeid og offentlege oppgåver.

Etter opphaldet i Gol slo familien seg ned på Stavehaugen ved Ål kyrkje.

Skreddaren og skrivaren på Stavehaugen

Sander vart i samtida omtala som «Sander skredder». Skreddaryrket var truleg den viktigaste levevegen hans, i alle fall dei fyrste åra i Hallingdal.

Men Sander kunne også skriva. På byrjinga av 1600-talet var dette ein sjeldan og verdifull dugleik i ei bondebygd. Han skreiv dokument, hjelpte folk i rettssaker og vart etter kvart knytt til embetsverket.

Eit vitnemål frå Ål, skrive 16. juni 1609, viser at både skreddararbeidet og skrivearbeidet hans vart verdsett. Lensmannen Knut Skjervheim bad etter gudstenesta om at bygdefolket skulle gi Sander og Ragnhild eit skotsmål.

I vitnemålet heiter det:

«— fremkom Knud Skjervem, lensmann i Ål, efter gudstjenesten var slutt, udi menige almues nærværelse och påhørelse, oc bad os på Guds og rettens vegne giffue Sander Sanderson, med sin hustru Ragnildt Asgoudsdotter et sandt prof och vidnesbyrd, hvorledes de haver sig skikket och begangit med gammel och ung, med fatig och rig uden hus och inden.»

Bygdefolket takka Sander både for arbeidet hans som skreddar og for skrivehjelpa:

«Tilsvarende menige almue, gammel och ung, fatig och rig, som den dag var tilstede, at de betakke Sander Sanderson, både på hans embeds vegne med skreder embede och for hans skriffuelse.»

Formuleringa viser at han hadde fått ein etablert posisjon i Ål. Han var ikkje berre ein framand handverkar, men ein person som bygdefolket nytta og hadde tillit til.

Tingstaden ved Ål kyrkje

Ål hadde vore tingstad lenge før Sander kom til bygda. Historikaren Alexander Bugge viser i boka Tingsteder, gilder og andre gamle mittpunkter i de norske bygder frå 1918 til eit dokument frå 1508:

«Fra Hallingdal kjender vi tingstederne i Aal og Gol. I Aal heter det 1508: ‘wi warom widh stapvlen i Aal a rettha thingstaad’. Tingstedet var altsaa ved støpulen (klokketaarnet) ved Aal kirke.»

Stavehaugen låg dermed nær eit gammalt rettsleg og kyrkjeleg tyngdepunkt. Bustaden til Sander var godt plassert for ein mann som både skreiv dokument og gjorde teneste i rettsstellet.

Ei seinare segn fortel at Sander om vinteren heldt ting ute på isen ved Torpomoen. Vatnet skulle av den grunn ha fått namnet Tingvollen. Det er vanskeleg å avgjera kor gammal eller påliteleg denne tradisjonen er, men ho viser at Sander lenge vart hugsa som sorenskrivaren i dalen.

Fullmakt til å sitja i retten

Det viktigaste dokumentet om den rettslege rolla hans er fullmakta frå sorenskrivar Reinholt Piperinck, datert Nordre Strand 25. august 1612. Originalen var etter det Lars Reinton opplyser, bevart på Røo.

I fullmakta heiter det:

«Bekiender Jeg Reinolt Piperinck, sorenskriffuer udi Hallingdalen, och gjør hermed vitterlig for alle udi dette mitt obne breff, at jeg fuldkommen makt och myndighed giffuer nærværendes Saunder Saundersen boendis på Røe i Åls prestegjeld i Hallingdalen, att han på mine vegne i min fraaværelse skal haffue fuldkommen makt och myndighed att sidde udi rette i mit sted, hvor stefnestuer eller forsamlinger om nogen rettergang i Hallingdal skeer, såvel i det nedre som i det öffre gjeldt.»

Sander fekk altså fullmakt til å sitja i retten når sorenskrivaren var fråverande, både i nedre og øvre Hallingdal. Han kunne skriva, føre sakene fram til dom og deretter senda materialet til sorenskrivaren:

«och i ligemåde, att skriffue, opkaste til doms och hvad for rette går, och det mig siden til hende stille, at jeg det til fulde kand ferdig gjøre och skriffue».

Fullmakta viser samtidig ei viktig avgrensing. Sander kunne leggja sakene til rette og førebu dommen, men det var sorenskrivaren som skulle ferdigstilla og skriva sjølve dommen.

Derimot fekk Sander rett til å skriva forliksbrev, skiftebrev, pantebrev og liknande dokument for eiga rekning:

«Men hvad anlangendes er forligelsesbreffue, skiftebreve, pantebreve och andet deslige haffuer jeg undt och oplatt hannem at skriffue och gjøre och derfor tilfulde annamme alle betalinger.»

På baksida av dokumentet står det at brevet vart lese på lagtinget i Oslo i 1615. Dermed var fullmakta offentleg kjend og godkjend i rettssystemet.

Var han sorenskrivar?

Seinare kjelder omtalar Sander som den fyrste sorenskrivaren i Hallingdal. Ivar Wiel skreiv i 1743:

«Sander Sanderssön, som efter ovenanförte Syver Sörböns Beretning skal have været den förste Sorenskriver her, beskikket i Overensstemmelsse med C4. Norske Lov af 1604.»

Wiel legg til at Sander var skotte av fødsel, ein lærd mann og busett på Stavehaugen:

«Syver Sörbön melder, at Sander Sanderssön var en Skotte af Födssel og en lærd Mand, og at han boede paa Stave-Hougen.»

Ludvig Daae førte tradisjonen vidare i Norske Bygdesagn frå 1870. Daae skreiv at Sander vart kalla til å vera den fyrste sorenskrivaren i Hallingdal då faste sorenskrivarar vart innførte for å hjelpa bøndene med rettssaker.

Dei samtidige dokumenta gir likevel ikkje grunnlag for å seia at Sander hadde det formelle embetet som sorenskrivar. I brevet frå 1612 er Reinholt Piperinck uttrykkeleg kalla sorenskrivar. Sander fekk fullmakt til å representera han når han var borte.

Den mest presise omtalen er difor at Sander var skrivar og sorenskrivarfullmektig, eller at han var konstituert til å utføra delar av sorenskrivaren sine oppgåver i fråværet hans. At bygdefolket seinare hugsa han som sorenskrivar, er forståeleg. I praksis kunne det vera Sander dei møtte på tinget og Sander som skreiv dokumenta deira.

Frå Stavehaugen til Røo

På eit tidspunkt flytta Sander til Røo i Hol. Fullmakta frå 1612 omtalar han som busett der. Etterkomarane hans vart verande på garden gjennom fleire slektsledd.

Ludvig Daae fortel at ein av døtrene til Sander vart gift til Larsgard i Hol. Der skal beltet hans ha vorte bevart, medan stridshammaren fanst på Røo. På Stavehaugen skal ein lenge ha teke vare på kleda hans:

«Paa Stave bevaredes længe Sanders Klædning, en Trøie, saa sid, at den naaede til Gulvet, graa Benklæder med Rynker og en tresnudet Hat med lav, rund Pul.»

Klesdrakta og våpenet vart synlege minne om den skotske stamfaren. Men slike gjenstandstradisjonar må vurderast kritisk.

Stridshammaren kan etter forma godt vera frå 1600-talet. Denne typen våpen kunne ha eit langt skaft og også fungera som vandringsstav. Det er likevel ikkje mogleg å prova at hammaren faktisk tilhøyrde Sander.

Ein annan gjenstand som har vore kalla «Sanders dolk», kan derimot ikkje ha vore hans. Fagfolk ved Forsvarsmuseet har vurdert han som ei kårde frå 1700-talet, produsert lenge etter at Sander var død.

Ein gammal mann i fattigdom

Sander vart truleg ikkje velståande av arbeidet som skreddar og skrivar. Eit skotsmål frå 1633 skildrar han som gammal, veik og fattig:

«Er da fremkommen Sander Sandersen barnefødt i Skoettland som klageligen foregav hans tilslagne gamle alders svagelighet och armodsligheds tilstand, således at han nu i denne tilslagne dyre tid som vi samtligen her tilfjelds ere udi geråden, ikke vidste sig och sin fattige quinde av deres henders arbeide at kunde ernære eller mere deres daglige føde och klæder betjene.»

Formuleringa «av deres henders arbeide» peikar mot at både Sander og kona framleis var avhengige av praktisk arbeid for å livnæra seg. Det passar med biletet av ein omreisande skreddar som også tok skriveoppdrag og juridisk arbeid.

Vitnemålet viser dessutan at alderdommen kunne bli hard for dei som ikkje hadde ein gard eller andre sikre inntekter. Sander hadde hatt viktige oppgåver i lokalsamfunnet, men enda likevel i fattigdom.

«Skottadn» i øvre Hallingdal

Etterkomarane til Sander spreidde seg utover i Hol, Ål og andre delar av Hallingdal. I fleire slektsledd vart namnet Sander ført vidare.

Ludvig Daae skreiv:

«Stamfaderen Sander Sandersens Æt, der udmærker sig ved en særegen Legemsbygning, kaldes endnu den Dag idag ‘Skotterne’. De ere alle stærke Folk og vare fordum frygtede Modstandere i de jevnlige Bygdekampe.»

Daae fortel også at Villandsætta skal ha hatt respekt for skotteslekta:

«Det er ikke værdt at slaas med dem, de lade sig ikke piske.»

Dette er segnstoff og ikkje dokumentasjon på korleis alle etterkomarane var. Forteljinga viser likevel at det skotske opphavet vart ein viktig del av slektsidentiteten.

Lars Reinton skreiv om ætta:

«Ætta hans som enno sit på Røo, og elles er spreidd vidt ikring i øvre Hallingdal, har gjeve Hol mange dugande menn; i eldre tid likte dei gjerne å kalle seg ‘skottadn’.»

Det skotske opphavet vart med andre ord ikkje gløymt. Det vart halde levande gjennom namn, gjenstandar og forteljingar.

Namnet Skottebøl

Per Olav Reinton drøftar også om gardsnamnet Skottebøl i Ål kan ha samband med skotsk busetjing. Den vanlege forklaringa er at namnet kjem frå mannsnamnet Skopti eller Skofte. Eit dokument frå 1593 ser ut til å ha forma «Skofftebøl», noko som støttar denne tolkinga.

Likevel meiner Reinton at det ikkje er urimeleg å spørja om namnet kan ha vore knytt til skottar:

«Det er ikke urimelig at navnet betyr ‘stedet der det bor skotter’, akkurat som vi i Bergen hadde Skottebyen.»

Det finst ikkje dokumentasjon som avgjer spørsmålet. Skottebøl kan godt vera eit gammalt namn samansett med mannsnamnet Skopti. Men drøftinga minner om at Sander neppe var den einaste skotten som nådde Hallingdal.

Skottar reiste ofte og busette seg i grupper eller nettverk. Handverkarar og handelsmenn kunne følgja dei same rutene frå Bergen og innover fjordane, før dei kryssa fjellet til dei austnorske dalføra.

Skreddaren og rutastakken

Reinton løftar fram ein interessant, men usikker kulturhistorisk tanke. Skotske innvandrarar var ofte skreddarar og vevarar, og skipa frå vest førte ull og tekstilar til Noreg. Samtidig har den gamle rutastakken i Hallingdal eit mønster som kan minna om skotsk tartan.

Reinton skriv:

«Det er da kanskje ingen tilfeldighet at det er en slående likhet mellom rutastakken (hverdagsbunaden) i Hallingdal og skotske tartaner, slik vi også kan se likheter mellom tartaner og rutaliv og stakk i Romsdal og Gudbrandsdalen.»

Det finst ikkje kjelder som viser at Sander innførte rutemønster eller skotske draktskikkar i Hallingdal. Rutemønster kan oppstå og spreia seg på mange måtar. Likskapen er difor ikkje noko prov på skotsk påverknad.

Men tanken illustrerer kvifor historia om Sander framleis fascinerer. Han var handverkar og kom frå ein kultur der veving, ullstoff og rutemønster stod sterkt. Det er naturleg å spørja om han og andre skotske handverkarar kan ha sett spor etter seg som ikkje lenger kan dokumenterast.

Andre skotske tradisjonar i Hallingdal

Sander er den best dokumenterte skotten i den gamle lokalhistoria frå Hallingdal, men han er ikkje den einaste i segnene. Ei anna forteljing handlar om grev Clemet og grevinne Belju, som skal ha flykta frå Skottland og slått seg ned på Devegge i Nes.

Denne historia har langt svakare dokumentarisk grunnlag enn historia om Sander. Ho har trekk frå romantiske flyktningsegner og er mellom anna knytt til MacLeod-ætta og Dunvegan Castle på Skye.

Likevel fanst det ei Clemet-ætt i Hallingdal. Denne ætta vart også knytt til Sanderson-ætta gjennom giftarmål. Lars Reinton skreiv:

«Clemet-ætta i Hol blanda seg snart med Sanderson-ætta, idet sonedotter til Johannes Clemtson på Larsgard vart gift med soneson til skottlendingen Sander Sanderson, Guttorm Sanderson Røo, som med henne fekk Larsgard.»

Her må ein skilja mellom det som kan dokumenterast i slekta, og den romantiske forteljinga om flukta frå Skottland.

Dokument, tradisjon og ettertid

Historia om Sander Sanderson består av fleire lag. Dei viktigaste samtidige kjeldene er vitnemåla frå Gol i 1601 og Ål i 1609, fullmakta frå sorenskrivar Reinholt Piperinck i 1612 og skotsmålet frå 1633.

Desse dokumenta fortel at Sander:

  • var fødd i Skottland
  • budde i Gol i åtte år
  • var gift med Ragnhild Asgautsdotter
  • arbeidde som skreddar
  • var dugande til å skriva
  • hadde tillit i lokalsamfunnet
  • fekk fullmakt til å utføra delar av sorenskrivaren sine oppgåver
  • budde på Røo i 1612
  • var gammal og fattig i 1633

Dei seinare kjeldene legg til fleire opplysningar. Wiel omtala han som den fyrste sorenskrivaren i Hallingdal. Daae skreiv ned segner om klesdrakta, stridshammaren og etterkomarane. Slektskrønikene knytte utvandringa hans til religionsforfølgingar i Skottland.

Noko av dette kan vera rett, men ikkje alt kan dokumenterast.

Per Olav Reinton har gjort eit viktig arbeid ved å setja Sander inn i historia om skotsk innvandring, handel og handverk. Samtidig åtvarar han mot enkle konklusjonar. Det finst ikkje grunnlag for å seia sikkert kvar i Skottland Sander kom frå, kvifor han reiste eller kva veg han tok til Hallingdal.

Skreddaren som vart rettens mann

Sander Sanderson kom til Hallingdal som ein framand, men vart etter kvart ein person bygdefolket stolte på. Han sydde klede, skreiv brev og dokument og hjelpte bøndene i møte med rettssystemet.

I 1612 fekk han ei fullmakt som gav han høve til å sitja i retten i sorenskrivaren sin stad. Det gjorde han ikkje nødvendigvis til formelt utnemnd sorenskrivar. Men i den praktiske kvardagen kunne skiljet ha vore mindre tydeleg. For hallingane som møtte på tinget, kan Sander ha framstått som rettens fremste mann.

Han levde i ei overgangstid. Sorenskrivarordninga var ny, og skrivaren skulle i utgangspunktet hjelpa bøndene med å formulera og skriva dommane deira. Over tid vart sorenskrivaren ein embetsdommar. Sander stod midt i denne utviklinga.

Det er difor forståeleg at ettertida kalla han sorenskrivar, sjølv om dokumenta peikar mot ei rolle som skrivar, fullmektig og mellombels dommar i sorenskrivaren sitt fråvær.

Ein skotte som vart halling

Det mest sikre vi veit, er også det mest interessante. Ein mann som var fødd i Skottland, kom til Hallingdal i siste delen av 1500-talet. Han slo seg fyrst ned i Gol, flytta til Ål og seinare til Røo i Hol. Han gifta seg med Ragnhild Asgautsdotter og vart stamfar til ei stor slekt.

Han var ikkje ein skotsk adelsmann eller ein romantisk helt frå Maria Stuart si samtid. Kjeldene viser ein handverkar som livnærte seg med hendene og med skrivekunnskapane sine. Han vart respektert av bygdefolket, men enda livet i tronge kår.

Kanskje flykta han frå religiøs uro. Kanskje kom han til Bergen som skreddar eller kremmar og følgde dei gamle handelsvegane over fjellet. Kanskje kjende han andre skottar som alt hadde slått seg ned i Noreg.

Vi får truleg aldri eit sikkert svar.

Men dei bevarte dokumenta gjer Sander Sanderson til noko meir enn ein segnfigur. Dei viser ein skotsk innvandrar som fann seg ein plass i lokalsamfunnet og vart ein av dei fyrste kjende profesjonelle skrivarane i Hallingdal. Gjennom etterkomarane, dokumenta og forteljingane lever minnet om Sander skreddar framleis.

Kjelder

  • Bugge, Alexander: Tingsteder, gilder og andre gamle mittpunkter i de norske bygder. 1918.
  • Daae, Ludvig: Norske Bygdesagn. 1870.
  • Reinton, Lars og Sigurd S. Reinton: Folk og fortid i Hol. I: Frå eldste tida til 1815. Oslo, 1954.
  • Reinton, Per Olav: «Sander skredder og andre skotter». Under Hallingskarvet, band 8, 2012.
  • S. Reinton: Reinton-ætti og Skottebøl-ætti. Handskrive slektskrønike, 1923.
  • Sandsmark, Jon: «Holingen Sander Sandersen». Hallingdølen, 9. januar 1999.
  • Wiel, Ivar: Skildring av Ringerike og Hallingdal frå 1743, seinare publisert i Topographisk Journal for Norge.
  • Vitnemål frå Gol, 8. august 1601, tidlegare bevart på Røo.
  • Vitnemål frå Ål, 16. juni 1609, tidlegare bevart på Røo.
  • Fullmakt frå sorenskrivar Reinholt Piperinck til Sander Sanderson, 25. august 1612, tidlegare bevart på Røo.
  • Vitnemål om Sander Sanderson, 1633.

Bilete og gjenstandar

  • Dokument skrive av Sander Sanderson i 1612, bevart på Nordre Villand. Foto: Lars Reinton.
  • Stridshammaren som etter tradisjonen skal ha tilhøyrt Sander Sanderson. Foto: Lars Reinton.
  • Riss av signetringen etter Sander Sanderson, attgjeven i Folk og fortid i Hol.
  • Skottebøl i Ål mot slutten av 1800-talet. Foto utlånt av Ål bygdearkiv.

Redaksjonell merknad: Direkte sitat frå eldre dokument og trykte kjelder er attgjevne i den opphavlege språkforma. I den refererande teksten er namneforma Sander Sanderson brukt, medan kjeldene også nyttar formene Sander Sandersen, Saunder Saundersen og Sander Sanderssön.

 

3 responses to “Kven var skotten Sander Sanderson, skrivaren i Ål?”

  1. Knut Medhus avatar
    Knut Medhus

    Hei – sender over litt nyare stoff omkring den mystiske Sander skotte – Per Olav Reinton er forfattar og det har stått i Under Hallingskarvet

    Helsing

    Knut Medhus

    Liker

  2. […] er en artikkel om han på nettstedet Hallingminne og en på Wikipedia i tillegg til det som står om han i Folk og Fortid i […]

    Liker

  3. Antoinette avatar

    Very interesting to read in Wikipedia that Sander Sanderson is an ancestor of Sander Sanderson Røo. https://www.wikiwand.com/nn/Sander_Sanderson

    Liker

Legg igjen en kommentar