Arne Garborgs dagbok-nedtegnelse hos Kaja og Hans Bruun på Sundre 1911

 

garborg

«1911.
2. 1. 11.

Drakk inn det nye Aare i Hallingdal denne
Gongen. I Aal, hjaa Dr. Bruun. Der heldt eg Jol med, og hadde ei hyggeleg
Jol. Det er gilde Folk, Bruuns. Frua klok, fin,
grei, og tekkjeleg i alt sitt Lag, endaa ho hev
Utearbeid nok (hev i 5 Aar von Formann i
Ungdomslage) og arbeidt det godt upp), og
Doktaren ein Austlending av desse som hugtek oss der vestantil: roleg, trygg, glad, endefram, likar Skjemt og Moro, og Strid med; kann bli sinna men aldri sur; er Selskapsmann og Skyttar og Sportsmann, — og hev, med alt dette, aandelege Hugmaal; ja hev kunna naa fram til aa bli
norsk, og det heilt ut: er ein av dei faa norske
Embættsmennane som er Maalmennar; det
var lengi fyrr eg rett kunde tru paa det. Og
han er av desse sjølvtrygge Austlendingane som tek det rolegt og aldri braakar; ein høyrde aldri noko større um Arbeide hans. Men arbeidt hev han, og det betre enn Fleirtale av oss som blæs paa Lur; det er Mennar av det Slage som skal faa Tanken inn i Live. Ikkje minst trengst hans Arbeidsmaate paa Austlande.

Hjaa honom var eg og hadde det huglegt og
godt; og fleire Gongir fekk eg fylgje Doktaren paa hans Ferdir rundt i Bygdi (Folk er sjuke i Joletidi med). Ein Kveld heidt eg ,,Fyrilesnad” ¡ eit Ungdomslag (i Grannebygdi); ein Dag tok me med Bana upp til der me hev fengi eit stort, gildt, godt Hotel midt upp-aa nakne Høgfjelle;
no i Joletidi var det fullt av Gjestir (Byfolk).
Men dei siste Par Dagane sat eg inne og stellte med Fyriarbeid til Tolstoi-Stykke, liksom Hulda sat paa Hotelle den meste Tidi og arbeidde med sitt (,‚Under Bodhitræet”, ei asiatisk Skildring — god); og igaar bar det ned-yvi att».

Fra «Dagbok 1905-1923». Transkripsjon ved O. Sataslåtten

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s