Kittil Langbakke

Dans og dansarplassar.
Det var slik i gammal tid som det er nå at ungdommen
råkast for å danse. Spellemennar var det nok av, og hugen til
å danse var stor nok. Men det gikk for sei på ein annan måte
den tida. Døm dansa da anten under opin himmel eller i stugune på
gardane og husmannsplassane.
«Det var anslens borti morone da je var ung. Je trur vi
hadde det likeså morosamt da som nå. Vi stulla ihop, omein
annan, både guttar og gjentur, mennar og kjæringar, fattige
gjentur og rike guttar, rike gjentur og fattige guttar, vi stulla
ihop, omeinannan, som du ser kalvane».

Sommarstida var det lettast å møtast. Da dansa døm ute.
Det var mange dansarplassar. Det er merkur etter døm
enda. Men det er ingen ta dom som er i bruk nå.
Ved sankthansleite, når sommarvarmen var kømmin i været,
tok dansane til. Sankthans var det messe på Grenskaugen vert
år. Kvelden etter messa var det dans på Sølvtjennmoen. Han
ligg mellom Vatnås og Vasslia. Det kom folk frå alle kantar
til sankthansmessa. Dei fleste reiste vel dit for dansen si skyld.
Døm var ikkje inne i kjyrka eingong. Lørdagskvelden tok det
til å komma følk frå Lyngdal og tor bygda, frå Hisåsskaugen
og frå gardane på Grenskaugen. Døm råkast ved Vatnås, og
tok så smått til å smaka på flaskune. Det vart enda dansa om
lørdagsnatta. Men det var ikkje mykje. Til messetid dagen
etter kom dei fleste. Men da slang det følk bortetter husimellom
i Vatnås og prata og drakk. Det hendte jamvel at spellemannen
fant fram fela og var til og strauk litt. Ja ein gong hadde
døm spella og dansa så i Kjørke-Vatnås, at følk hadde hørt
felelåta og trampinga radt inn i kjørka under messa.

Det var bare rideveigar fram til Vatnås i denna tida. Men
folk kom fram. Det vart mykje fremmen. Det kunde vera mangt
slag følk. Ein visste aldri hå ein kunde komma ut for på Sølv-
tjennmodansen. Difor hadde karane tor bygda ei eiga slag
mundering når døm skulde opp på Skaugen til den moroa.
Gamlen på Kvisle hadde ho. Det var knebrok tå skinn, kvit
stutt-trøye med sølvknapp. Så var det skyggeluve med stiv,
tjukk skjøld. Uksepeisen var det einaste våpnet døm hadde.
Men han kunde vera farleg nok. Det var for å ta av for slaga
tå uksepeisane døm hadde så stive skjøldar pâ luvune. Karane
rei i sal til kjørka.

På Sølvtjennmoen vart det ei drikking uten like om kvelden
etter messa. Det var fleire som vart sli’i helselause der. Det
var ikkje noko rart, for var det noko karane hadde å gera
opp, vart det gjemt til dem råkast der. Det var difor ikkje rart
om det vart ufred. Gamle Kvislingen kunde enda ferteija om
håss dem hadde bruka uksepeisen på einannan på Sølvtjenn
moen. Men ingen for vel verre ille enn han Sjur.
Nokoti karar bortpå Lyngdalskaugen hadde fått ein pigg
til’n Sjur. Så hadde dom lova far sin at dem skulde banke’n
Sjur slik på Sølvtjenndansen, at han skulde ha minning tå det
all si tid. Dem la sei om’n på Sølvtjennmoen og reidde’n så
til, at det stod om livet med’n. Han fekk minning tå det alle
sine dagar, han bar nåsån på den eine sida etterpå. Dem kunde
vel blitt i beit for det, men så hadde’n Sjur og brørane hans
drivi med noko brennevinshandel, difor terde dem ikkje gjera
noko ved det.

Han var ei skjettesløyse, far til dessa guttane. Han kytte
tå dem for det dem hadde helsesli’i’n Sjur. Og han sa det
til dem:«Nå har di banka’n Sjur, men kunde di nå fått unge på
denna fine dotter hans au, så skulde det bli ti daler å få for
den som gjorde det».Karane klarte det au. Den eine tå guttane fekk dei ti da-
lane. Etterpå var det nokon som spurte om han hadde fått
dei pengane tå far sin.»Jau, e gjorde då det, men e tapa på det likevel».
Han hadde verti ti’i til barnefar.

Det vart slutt med sankthansdansen på Sølvtjennmoen da
ho Vise-Kari frå Flå tok til å tala til folk om hå fælt det var
med denna dansen. Det er nå over 70 år sia. På sainma tida,
sist i 1850-åra, vart det slutt med den andre
sankthansdansen, den dem hadde på fjellet mellom Eggedal
og Hallingdal, Raumyrdansen. Det var på sjølve slettfjellet
den dansen stod, på noko fine berg ved Raumyrane. Han var
enda kalla Fjelidansen. Jamt vart’n kalla hestedansen, for dem
hadde med sei hestar dit og skulde bytte. Det vart som ein
slags marken attåt med’ det var dansemoro.

​​
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Raumyr er ved markering nr 2 på kartet.

Det gikk vilt for sei på Raumyrdansen. Karane kom ri-
dande så søla skvatt. Døm rei ned alle som ikkje kom sei unda.
Døm skulde vise fram hestane sine på det viset. Fulle var mest
alle, somme så døm ikkje nøyt sei. Det var kjankling og slags
mål bortmed alle stader, for det var følk frå fleire bygdar,
eggedøling, sigdøling, fløværing, kryllingar og numedølingar.
Drakk gjorde døm så det ligna ikkje nok0. Der var møtt opp
brennevinskræmarar med kaggar som døm hadde kløvja opp.
Kaggane hadde døm liggande bortmed kanten av dansarplas-
sen. Somme tørde ikkje våge sei så like innåt, men hadde kag-
gane liggande i vierkjerr litt unda, ikkje meir enn halv hundre
alen bortmed. Spellemannen satt på eein stein, og følka dansa
frampå berget. Det vart dansa til lys dag.

Men det vart brått slutt på sankthansdansane på fjellet.
Det gikk så gæli et år. Sia bau døm aldri til å dra oppå der
meir.
«Je var med på den siste dansen på fjellet. Je var ni år da.
Det var i 1859. I denna tida var je på Haugen. Det reiste
mange følk forbi som skulde til fjells på dansen. Det var så
godt og varmt solskinnsvær, det hadde ikkje vøri så varmt
nokon dag før om sommaren. Han far og Gulrud’n (Ole Om-
nan), og han Gunnar Moen skulde på fjellet med nokon hestar.
Så fekk je løv til å vera med. Je var barbeint som je bruka å
vera, men flaug med gjorde je.
Følk kom det frå alle kantar. Det vart ei heil lang rekke
da vi kom oppå fjellet. Det var følk føre oss da vi korn til
Raumyrane. Det var frå Eggedal og Sigdal, Krødsherad, Nå
og frå dei andre hailingdalsbygdane. Det slang jamvel følk
frå Numedal. Brennevin kjøpte døm som det skulde vera vatn.
Ein mann stod og seile ut tå kaggen. Dem kom med koppane
sine, og han målte i. Det var tre kaggar der denna gongen,
ver på 60 liter. Men det var ikkje langt på kveld, før kaggane
var tomme. Og da var mest alle karane fulle. Døm rei og
viste fram gampane sine og kytte.
Det var ein hailing døm kalla Gunnar Vik frå Flå. Han
var ein stor og sprek kar å sjå til. Han hadde ti’i ei kiomp
helle vi kalla. Det var ein jarnspenning med et tungt trelødd
i. Spenningen kunde ein spenne på hestebeinet. Kiompen satt
slik at han vilde slå til det andre frambeinet på hesten, om han
la til å flyge. I Sigdal vart ei slik helle kalia låshelie. Han
Gunnar hadde ei slik ei i handa. Han kytte og sa han vilde
sless. Men nå var det inga sløsskjempur i frå Eggedal der. Ikkje
var dom så fulle hell. Ingen baud sei til å ta’n Gunnar.
Da fekk dom hitantil her tak i Gulrud’n. Dem bad han sei’
litt til’n Gunnar. Han trong ikkje vera redd, vart’n Gunnar
vill, skulde han Ola få hjelp. Han Ola steig framom dei andre
litt. Han Gunnar kom med ein gong og spurte om det var noko
han vilde. Så sa han Ole at sløss det vilde han ikkje, men ta
ryggetak, det kunde han.
«For det er nå ikkje skam for mei å ligge under en så stor
og sprek kar som du ser ut til å vera,» sa han Ola. Men det
vilde ikkje han Gunnar. Eggedølingane egga med’n Ola at han
skulde sei’ meir. Så sa han det:
«Å, det er vel helst fordi du ikkje tør!»
Men da gjorde han Gunnar som han ikkje hørte det. Han
bare kytte og lova juling til den som våga sei innåt’n. Det vart
inkje ta med’n Ola og han.

Det låg følk som hadde somna bortmed både her og der.
Utpå kvelden seint tok det til å skye på, og det tok til å
blåse så kaldt. Vi som hadde greie på oss, la til og gikk ned
til setrane. Det såg ut til å bli uvær. Det var ikkje så lenge
før det tok til å komma det eine snøelet etter det andre. Da
gav døm sei på heimveig alle. Kryllingane gikk veigen fram
over slettfjellet over Høgevarde. Det var svær veig der, for
dreftine kom nordantil der om høsten. Ved denna veigen ligg
det ein stor stein. Han er som et lite hus. Dei kryllingane som
gikk der, visste at spellemannen, han Kittil Langebakke, var
føre. Da døm kom til denna store steinen i uværet, hørte døm
det leika på den andre sida, på nordsida. Dom skunda sei og
flaug rundt for å sjå etter’n Kittil. Men der var det ikkje folk
å sjå. Dem måtte gå vidare. Noko hadde det tydd detta dem
hørte, det var som et slags varsel, for han Kittil kom ikkje ned
tå fjellet i live. Han hadde verti liggande til han hadde somna,
han sov sei inn i døden. To andre kryllingar vart på fjellet
samma gongen. Det var ein tå brennevinskræmarane som hadde
gått utover et fløg, han hadde broti beinet og blitt liggande.
Detta vart den siste fjelidansen.

Det vart mura opp ei steinrøys der dessa karane hadde mista
livet. Det var mura inn ei brennevinsfiaske i ver røys. Det
skulde vera som et minne om det som hadde gått for sei der.
Helga etter korn Jørgen Moe og skulde preke i Eggedal.
Je var bare ei lita smågjente den gongen. Men je kann ennå
sjå for mei hå morsk han var. Han hadde kømmi beint over
fjellet. Så hadde han vøri oppom der ein ta karana, han Kittil
Langebakke, låg. Den dagen heidt Moe ei preke i Eggedals
kjørka som vart hugsa etterpå. Je var for lita til å skjønne
alt han sa, men jeg hugsar han slo i prekestolen med’ han
tala, og sa:
«Han ligger inne på ville heien!»
Da han sa det, såg han så morsk ut. Je var riktig redd der
je satt jamsides ho mor. Han skulde ha sagt det samma gongen
at slike ugudelege handlingar straffa sei. Det såg døm denna
gongen. Detta måtte vera siste dansen dem hadde på fjellet,
sa han. Og det vart det.»

Etter at følk var kemmi på setrane om sommaren, var det
to andre dansar i Eggedal. Det var Krompelidansen og Reinsjø-
dansen.
Krompeli ligg mellom Tova og Sandvass-setra. Der er ein
fin, rund sandhaug dem dansa pâ. Speliemannsteinen ligg bort-
med ein bjerkehaug. Det var ikkje så mange langfarande felk
der, det var mest seterfelka frå setrane der ikring; eggedøling
og sigdøling. Det var dans der mest ver lørdagskveld heile
sommaren.

Reinsjødansen var meir for langfarande felk. Dem kom frå
Numedal og Hallingdal og Eggedal. På dei slette flaberga
nordmed Reinsjøen var det dem dansa. Men det vart ikkje
til vert år dem fekk ha den dansen, for det kom jamt slikt uvær
den tida. Da vart det ikkje noko ta. Det kan vera hardt vær innover der.
På veigen ved Tova, snart nordom Drotningguto, er Tun-
stein. Det var ei kjæring som skulde gå på setra. Men så kom
ho ut i slikt hardt vær. Det hagla så ho ikkje kunde komma
fram. Det er likesom ein skut innunder ein stein der. Ho tok
innmed den. Der vart ho sittande til ho fraus i hel. Ho hadde
med sei ei katte. Denna satt oppå aksla hennas Tun. Katta
var like god, men ho Tun var død da følk fant ho. Etter detta
vart steinen kalla Turistein.

Små danseslettur fanns der både her og der i bygdane. Der
kom ungdommen ihop og dansa sommarkveldane. Ein kan sjå
merkur etter ringen mange stader enda. Dessa danseslettune
ligg jamt noko høgt, opp ifrå gardane og elva.
Følk kom rekande etter gongestigane fram til plassen. Døm
kom i flokkar, kvinnfølka for sei, i side stakkar og lågsko med
skaut på hugu. Karane kom med hatten i nevan, døm hadde
knebrok og lågsko, sølvknappa vest og stutt-trøye. I vestelomma
hadde døm den vesle flate lommeflaske med rosur på. Spelle-
mannen kom med fela i skrinet, ho var vel inntulla i ullskaut.
Det vart jamt langt på kveld før fela tok til å låte. Det
kunde bli langt fram mot midnatta. Men da hadde karane fått
så pass i hugu, at døm var leduge og mjuke. Og da vart det
dans.

Det var springaren som var det gjævaste. Døm snudde
over hugu og tro i bakken så det gauv. Døm dansa og springar
med to i følgje. Det gikk så fint. Gutten hadde to gjentur.
Han dansa litt med ver. Han sieppte den eine og tok den
andre, så siengte han hennar i frå sei og tok den fyste att.
Best det var, kom det ein halÍingstubb. Det var somme som
var så leduge og mjuke til å danse hallingen. Han var mykje
¡ bruk i gammal tid. Karane hivde sei og kruka bortetter i
ringen, den eine etter den andre. Dem spente hallingkast etter
luva eller hatten som spellemannen høldt ytst på felebågån.
Ein kar som vilde gå for å vera noko til hallingdansar, måtte
spenne så høgt han rakk. Men det var ikkje mange som kunde
det. Dei fleste spente så passeleg målet sitt. Enda småguttane
øvde sei trutt. Når døm var i skaugen og gætte, var det moroa
døm hadde å spenne etter grankvîst og konglar, når døm satt
så passeleg høgt.

Seksrilen var bruka mykje etter han kom til bygda. Etter
den var det ein stutt springar.Vals, polskdans og masurka vart og bruka.
(Spellemannen Eivind Nubberud skreiv i 1820-åra opp fleire valsar, polsk
dansar og masurka han bruka å spella til dans.) Det var til
ære for ein mann om han kunde danse hallingen og snu sprin-
garen godt. Karane kappast om å vera den beste. Dei som
var dugelege til det, ropa dei andre unda.
I ein dans på Skaugen dansa han gamle Sjur Fjeslia. Han
dugde ikkje til det. Ein numedøling, som var så breikjaka, dansa
like etter’n.
«Ut tå gelvet med dessin tykkmjølksleggjin dine», ropa han
til’n Sjur. «Du med då, kjakablakkjen!» svara’n Sjur. Dem dansa
vidare begge to.Det var det at han Sjur var så sprek, elles hadde
nok nume-
dølingen ti’i og kasta’n unda.

Gjentune øvde sei i å danse frå dem var små. Ei gjente
måtte kunna danse når ho vart vaksin, elles vart ho sittande
og sjå på med’ dei andre hadde moro. Det var springaren dem
øvde mest. Hevde det så dam vart med i ei dansemoro, dansa
døm ihop. Det kunde nå hende at ein vaksin kar tok med sei
ei smågjente. Det hugsa døm han lenge etter.

Når gjenta og gutten hadde sti’i for presten om høsten,
skulde dem ikkje vera med på noko slags moro før i jula. Dem
skulde heide sei stille heime. Det var skikken, og det er skikk
i mange heimar enda. Men i jula skulde dem få vera med.
Da var det gromt for del vaksne karane å få tak i dei nyvaksne
gjentune.

«Je hugsar nok hå moro je hadde det i den fyste danseti je
var med etter je var vaksin. Slikt krus guttane gjorde tå oss
da! Vi skulde vera med ut og smaka på flaskune døm hadde.
Vi kom mest ikkje innatt, før vi skulde vera med andre ut. Og
slik som vi dansa! Det var ikkje å sitta over ein einaste dans.
Je var heiltopp kvitt da je skulde til å gå heimatt. Men så veit
du je hadde hatt moro au!»

Så snart høsten kom med lange mørke kveldar, vart det slutt
med dansane ute. Da måtte døm ty inn i hus. Da laga døm
til kaffilag og bad til sei «bearlagete». Til ver gard var det
visse gardar som skulde bedast. Men bearlaget var større til
kaffilaga enn til brølløpp og likferd. Døm som gjorde kaffi
laget hadde mat og kaffi til alle gjestane to gongar. Dørn tinga
spellemennar, men alle karane som var med i laget, skulde ge
spellemannspeng. Karane måtte og hølde sei brennevin sjølve.
Kaffilaga var heldi på gardane eller borti plassane, der det
var ei stor stugu å danse i. Helst slo dem sei ihop fleire guttar
og gjentur om å gjøra laget. Det vart dansa til lyse mårån.
Det var mykje i bruk at ungdommen på ein gard bad til
sei ungdommen på dci næraste gardane for å ha ei lita danse-
moro. Det vart ikkje så mange som i et kaffilag.

I juleheiga var det store feigjur med julebukk ute og for.
Dem drag fra gard til gard. Når dem kom til ein gard der
stugua var stor, og husbonden var rimeleg, vart det dans.
Spellemann hadde dem med sei, eller dem fekk tak i ein.
I dei låge stugune spente karane etter himlinga. Der det var
svillar under taket eller krone i stugua, spente dem etter dem.
Langbordet var sett ut, stolane og krakkane stod fint etter
veggane. Det var godt rom å snu på.
Ingen som hadde skam i sei gikk ubedt til dans. Kom det
ein eller annan, vart han jaga viss han ikkje var velsett, eller
han vart bedt inn tå del som gjorde laget.

Kast.
Når ein går veigen vestover frå Flågan over høgda til
Numedal, kjem ein forbi to kast, det øvre og det nedre kastet.
Ved det nedre kastet er det gammal danseplass. Der kom det
folk frå Numedal og Sigdal. Det var brennevin og slagsmål
der. Ein gong vart ein numedøling skøri i hel der. Han var
liggande like ved veigen. Når følk kom der forbi sia, tok døm
med sei ein kvist eller ein stein og hivde på der mannen døde.
Snart vart det ein heil liten haug med stein og kvist der. Denna
haugen kan ein sjå den dag i dag, enda det er ingen som ofrar
til kastet der lenger. Han ligg på slette berget like ved der
danseplassen var. Tå slike kast er det mange.

Ved Martemyr i Nubrudsmarka er det et. Der skulde ein
mann som kom tå Hiåsskaugen søtti død da dom fant’n. Etterpå
vart det kast der. Ved Ramstadseterveigen er det kast.

Spellemennar.
Skulle det bli noko liv i dansen, måtte det spellemann til,
og det ein flink ein. Det var spellemann mest på ver gard. Fele
hadde døm, og litt kunde døm spella, men flinke spellemennar
var det ikkje mange tå.

Det er før nemnt at døm lærte tå nykken ved fossane. Men
døm lærte ikkje bare ta han, døm lærte ta einannan, og så
dikta døm låttar sjølve.

Trond Kringstad var ein god spellemann. Han satt nedmed
elva og fekk låttar ta nykken. Men dei fleste låttane han spella,
hadde han etter’n Knut Hesslia frå Krødsherad. Han var mykje
på Kringstad hoss’n Trond. Ein kveld kom’n Knut til Kringstad.
Det var seint så døm hadde alt lagt sei der. Han Knut vart kjent på målet,
og da kom’n Trond opp, flaska kom fram, og så fela. Døm vart
sittande og spella heile natta. Med’ dom satt der og spella
og prata, hørte døm han Trond sa det:
«Denna vendinga skal du ta oppatt! Han Knut spella det
oppatt til han Trond kunde det. Hesslien vart pà Kringstad
fleire dagar når han var hitover. Han var ein flink spelle-
mann. Han laga låttar sjel.
Ein gong rei han på ei halt merr over Rundskaugen, han
rei presteveigen ned til Eggedalskjørka. På den turen dikta
han «Den halte merra*. Denna låtten vart spella mykje etterpå.
Trond Kringstad hadde godt mål i fela si. Men det var
ikkje støtt han var i lag til å spella. Det kunde komma visse
Ion over’n. Da spella han slik at følk bare vart sittande og
lye. Døm kom sei ikkje til å danse eller snakke. Det var helst
når han hadde spella ei tid utover natt.

Ein gong lærte’n ein lått oppi Olhøvd. Han dreiv med noko
kjøring i ha sønnom der, Så vart han sittande og gvile p
vedalåna. Da fekk’n høre det spela så inni Olhøvd. Han vart
sittande og lye, for låtten var fin.
Han hadde låtten i sei til han kom heim. Då sette han
bare inn hesten og drog beint inn og tok fela. Han vilde spella
denna nye låtten. Han strauk og strauk, men så var han ikkje kar om å få tak i’n.
Han kjente han hadde’n i sei, men han
fekk’n ikkje fram. Han måtte legge frå sei fela. Han drog til
stallen og sela ta hesten, han stella til kveids og la sei.
Midt på natta vakna han. Da hugsa han heile låtten. Han
stod opp med det samma, fant fram fela og spella. Låtten
kom tå sei sjøl. Sia spella han den låtten jamt.

Han Trond spella i et brølløpp på Nord-Sund. Det var da
han Engebret og ho Mari gifta sei.
Nå var ho Marlifrå Skinnes i Krødsherad, og hadde fått
med sei to spellemennar frå bygda der. Ein tå døm skulde
yen f rå Golberg, ein toleg god spellemann, blir det sagt. Han
Trond Kringstad var og tinga til å spella i brølløppet. Dem
spella ihop frå kvelden. Da stilte’n Trond bare så passeleg
høgt. Men så da det lei på natt, og han fekk litt i toppen,
stilte han opp. Dessa to kryllingane som leika i lag med’n,
vart reint i beita, for strengane døms flaug.
Da fyst la han Trond til å spella for alvor.

Tenestgutten på Sund hadde fått i hugu, han var så gapute
til å sei’. Han fata med sei ei gjente og la frampå, dermed ropa
han det:
«Nå kan kryllingane komma med dessa svære spellemennane
sine! Men han Trond fér ikkje med noko veggelusspell!*
Slik som han Trond leika den natta, hadde dem aldri hørt’n
før.

Fela hans var så hard å spella på. Han måtte spella på
ho ei heil natt før ho vart god. Ho er nå på Nubberud. Han
Ola Nubberud kjøpte fela etter’n Trond. Døm hadde leika
mykje i lag, det var’n Trond som lærte’n Ola å leike. Han Ola
kunde sitta og spella heile natta og ikkje ta oppatt ein einaste
lått. Det var låttane etter’n Trond Kringstad og ‘n Knut Hesslia
ban spella.

Det var spellemann på Nubberud før hans Ola tid. Det
var’n Eivind Nubberud. Han var enda tingmann i 1821. Han
har skrivi opp läftar som han har spella. Han kunde da meir
enn dei andre, for det var ikkje slik at døm kunde notar del
gamle spellemennane.

Dauve-Hans, eller .Gamle Dauver’n døm kalla’n, gikk
gardimellom og botte fiskegarn. Han skulde verl så god til å
leike med’ han var ung. Da leika han så at stabben ved peisen
dansa, sa dem. Han lo når han såg ei fele. Han var så glad
når han fekk spella litt. Han døde som ein eldgammal mann
i 1870-åra.

Mogutten var ein god spellemanu i Eggedal. Han gjorde
felur og selte. Det var ikkje mange som dreiv med det her i
bygdane. Han gamle Jens Varsia gjorde nokon. Dem er å
finne i nedre Sigdal. Elles kjøpte dem felune sine frå andre
bygdar. Fela hans Trond Kringstad er gjort av ein Bratterud
i Numedal i 1815. Det var Mogutten som var felemaker i
Eggedal. Han gjorde og låttar sjel. Det er ein lått etter han
som er kalla «Mogutten’.. Den skal han ha laga. Mogutten
budde i Spellemannsmoen under Pletan. Han reiste til Amerika
sia.

Endre Tovsrud var kjøkemester og spellemann. Han skulde
ha spella i fleire hundre lag. Men når han og han Trond
Kringstad leika i lag, kunde dem ikkje høre fela hans Endre.
Det var mange andre spellemennar både i Eggedal og Sig-
dal, dem spella til dans i laga, men dem blir ìkkje nemnte som
storspellemennar. Det var hardingfela dem bruka. Det var einaste instru-
mentet dem brydde sei om.

I 1850-åra kom ho Kan Heie, ho Vise-Kan døm kalla, til
bygda. i-lo tala for følk, det var synd å spella på fele, det var
synd å danse. Da var det mange som slo i fillur fela si, eller
dem brente ho opp. Han Nils Helgesett hugsa så godt etter ho
Vise-Kan. Han hadde brent opp fela si. Det gikk ikkje så mange åra før
dem tok til å skaffa sei felur att. Men det hadde vøri et opphøld. I den tida vart det
glemt mange gamle låttar.

Frå gamle dagar : Folkeminne frå Sigdal og Eggedal av Andreas Mørch.
Publisert i Oslo, 1932. Transkribert av Olav Sataslåtten

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s