«Ei god hallingbygd» – artikkel av Johan Austbø frå 1919, med kommentar av Ola Perstølen

Johan Austbø (23. oktober 1879–1945) var ein norsk forfattar fødd i Lavik i Høyanger. Han var også lærar, og arbeidde mellom anna i skuleverket i Leikanger i Sogn frå 1901 til 1906. Johan Austbø skreiv forteljingar, skodespel, dikt, bøker for barn og biografiar. Han bidrog også mykje i Nynorsk Vekeblad. Austbøs sans for poesi og nynorsk ble vekket da han var elev ved folkehøgskolen i Sogndal. Hans lærer Jens Kvåle utga nynorskbladet Ungdom, hvor Austbø fikk publisert sine første dikt. Etter folkehøgskolen ble han utdannet ved lærerseminaret i Elverum, hvor han tok lærereksamen i 1901. Han ble straks etter ansatt som lærer, og hadde sine første år i Frønningen og Fresvik. I 1906 flyttet han til Lepsøy Os i Hordaland, før han i 1912 etablerte seg i Skotselv i Buskerud. Der var han lærer ved Hære skole og Skotselv skole i flere tiår.

Austbø var en sentral skikkelse i etableringen av Den norske folkeviseringen tidlig i 1920-årene. I boken Folkedansen i 20 år 1903-1923 beskriver han en reise til Færøyene i 1911, der en delegasjon på 70 nordmenn reiste for å hente impulser fra færøysk sagadans. Etter dette dannet han ungdomslag flere steder i landet, for å bidra til folkedansens spredning. Johan Austbø var mangeårig formann i Den Norske Folkeviseringen. Han bisto også Torstein Høverstad i arbeidet for å opprette Lærarhøgskulen på Bondi i Asker. Austbø var en flittig skribent for Nynorsk Vekeblad fra starten i 1934 til sin død. Her skrev han en mengde fagartikler, og publiserte flere av sine egne dikt. Foruten dette la han bak seg et omfattende litterært forfatterskap, som omfattet fortellinger, diktsamlinger, barnebøker og biografier om Svend Foyn og Olav Bjaaland. Ifølge Anna Ellefsen på Kongsberg, en lærerkollega av Johan Austbø, var det han som skrev den kjente folkesangen «Bind deg ein blomekrans».

Følgende artikkel, og Perstølens kommentar, er fra avisen Den syttende mai, april 1919.

Johan_Austbø
Bilde av Austbø -det er naturligvis ikke hentet fra artikkelen.

Ei god hallingbygd.
Eit og anna fraa Aal.
Nar ein har sete i ein jarnvegskupe time etter time og berre høyrt austlandsk bymål eller skarrande bergensmaal surra kring øyro, so er det som ein kvepp, naar ein stig av paa ein stasjon i Hallingdal, og med ein gong er midt inne i klingande hallingmaalet. Det er som vart du førd attende til vaar gamle gjæve soga, og so framt ikkje alt norsk to i deg er utvaska i den flate framnand- og bykulturen, so lyt det ta til aa klinga med inne i deg. Men ikkje alle bygder i Hallingdal er som Aal. Endaa Aal stasjon er ein av dei «store» stasjonane, og ein soleis kunde ottast at her hadde jarnvegskulturen gjort mest skade, so er det likevel so at Aal er ei av dei bygder i dalen som best har greidt aa halda paa det nedervde i maal og sed og bunad. For bygdi er vakna til medvite nasjonalt liv. Naar so dertil den gamle tradisjonen har levt i ubroten samanheng (liksom i dalen elles), so maa her vera gode vokstervoner, og voner um at framandkulturen ikkje fær trengja inn og makk-eta folkelivet, gjev det aldri vil henda.

For den som har set kor folkelivet i byane og utover storbygdene meir og meir armast ut, vert flatt og graatt og utsoge for poesi, er det vel hugsvaling, ein sjelekveik aa komma til ei slik bygd, der poesien endaa blømar, og der livet er trygt og sermerkt, og rikt og fagert i sine mange skifte. Det er ikkje berre maalet her som kann frygda eit norskt hjarta, men ogso alt det vene ein finn i form og i farge, i sed og i sømd. Det er eit gjestebod for auge og hjarta, endaa for den som berre kjem paa innsteg. HaIlingen maatte ha lite skyn paa det som gjev livet innhald og venleik, naar han skulde finna paa aa byta denne sin gamle, sermerkte kultur burt i den graa allemanns-kulturen utanfraa.

Det som mest hjelper til aa vekkja og nøra medvitskjensla for det gamle er dei ymse lagi i bygdi: Aal maallag, ungdomslagi og avhaldslagi. Del gjer alle godt arbeid paa denne som paa andre maatar. Og gode menn har lagt seg ihuga i selen for aa halda bygdekulturen uppe, slike som brørne Perstølen, lærar Bækkestad, lærar Gran og fruva, dokter Bruun og fruva, bonden Arnfinn Breie o fl. — Ola Perstølen er den som mest leider arbeidet baade i maallaget, ungdomslaget og avhaldslaget i Sundre (Aalbyen). Dessutan er han formann i Hallingdal fylkeslag, og er soleis høvding for all hallingungdomen. Han er baade ein varmhuga og dugande kar, like uppglødd for alt godt og fagert som han er braaklaus og stilfarande. Kona hans helper han godt i arbeidet. Han har ogso vore ein tur til Amerika og sanka rike røynslor. I fleire aar har han drive skreddarverkstaden i Aal. No har han kjøpt seg hus midt i tjukkaste stroket og driv der attaat skreddarverkstaden manufakturforretning, og har i det aller siste ogso teke til med bokhandel. Det er nytt paa staden; og det eraa vona ait han med dette vil hjelpa storveges til aa auka godhugen for norske bøker.

Dei har eit gildt ungdomhus, «Solhov, i Aal. Dei er hæve til aa syna fram norske skodespel. Radt nyleg spela dei « Berse paa Strondi», og no ska dei til med «Friarar» av Hoprekstad. -Paa Sundre byyggjer dei meir og meir; det er hotell, og det er buttikar. Og dei byggjar ikkje smaatt heller. Men gale gjer dei med di dei riv dei gamle hallingstogune og fører dei utover til Nesbyen. Dei kunde staa der dei hadde stade tykkjest det meg. Eit bygdemuseum er gildt til aa samla husgogner og ymse slikt gamalt; men stovor burde bli staaande der dei fraa gamalt var sette; daa vart dei eit verkeleg sant kulturbilete. Og eg tykkjer elles ogso, at Aal skulde vore fullt so sjølskrive til aa ha eit museum for Hallingdal som Nes kunde vera det. Der vilde etter mi meining vore traustare gamal grunn aa byggja paa.
Johan Austbø

Ei god hallingbygd.
Hr. Johan Austbø!
Nei jadn smør du feitt aat meg no lel! Du veit det er giævt med so mykje ros, men naar det er so aalkjent at det er andre som hev gjort det ein fær lovnad for, — ja daa vert det liksom so pinesamt. Men du vilde vel straffe meg litt kanskje, for di eg narra deg med klokka mi, so du sprang deg mest forderva for aa naa toget, og so valde du denne maaten. Eg lyt no fortelja deg, — dersom du ikkje veit det fyrr, at formannen i maallaget i Aal er fru Bruun. I fjor var det Arnfinn Breie. Aaret fyrr Asle Perstølen. Dei er med i styret no og. Eg hev aldri vare formann i maallaget, ikkje med i styret eingong, det eg kan hugsa. Fru Bruun er ogso formann i ungdomslaget, og hev so vore dei siste 12 aari. Formannen i avhaldslaget her er O. Ødelien. Der hev eg rett nok vore formann; men laget vart ikkje i den tidi av dei ein set upp som fyredøme for andre. Eg er samd med deg i at det er so forgale kor bygdene skil seg ved arven sin i gamle hus og andre ting. Ikkje so mykje for det som kjem til Hall. Folkemuseum paa Nes. Det er daa i dalen det, og vert vyrdsla og verna. Og Nes hev utan tvil havt meir syn for desse ting enn dei andre bygder; difor sette dei og i veg med museet, og fortener aa ha det. Men det er rikmenner fraa byane som kjø per dei gamle husi, og set dei upp innmed byen, til aa ha noko rart aa visa fram, truleg. Og uppkjøparar dreg avstad med Iausøyre, ingen veit meir kor det vert av det.

Helsing
Ola Perstølen.

Transkripsjon og research: Olav Sataslåtten.

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s