Etableringa av Hol postaabneri i 1871 og Torpe postaabneri i 1883.

 

postkjøring hol-golBilde: Peter Holshaga i den tid han køyrde posten Hol—Gol. Foto E. T. Braaten. Ein ser den kjende postskreppa bakpå, posthornet har han ved sida.

Hol postaabneri og Torpe postaabneri

«S. Reinton fortel: Fyrste gongen eg hadde med post og posthus å gjera var eingong eg som smågut skulde hente eit pengebrev for far og samstundes sende mange brev for han. Eg fekk Gamleborken og køyrde nedover, for eg måtte like til Gudmundsrud, der posthuset var den gongen. Anders Bjella var postopnar. Då eg kom dit var ogso lensmann Pleym og Nils Knutson Gudmundsrud der. Pleym gjekk i ein sid frakk og røykte på ei lang pipe. Nils Gudmundsrud hjelpte meg å skrive etter «Almuevennen», for eg skulde tinge den og. Då eg køyrde uppover att fekk Torstein Kitilson Kaupang aka med meg, han var postkar for gamle-lensmannen og gjekk til Ål etter posten til han eingong i vika. Han tok då og med den posten som var til andre, men det var ikkje mykje nokre eksemplar av «Almuevennen» og eitt og anna brevet. Han bar det altsaman i ei liten taske som han hadde i eit band kring halsen, soleis at ho hekk på bringa. — I 9—10-årsalderen måtte eg hente avisene far heldt saman med morbror Ola Sjugurdson øvre Reinton, hjå Tor Villand på nedre Nestegard i Holet. — Då eg var lærar i Ustedalen og Skuredalen i 1872—73 var det ingen postgang der. Me skipa då eit postlag. Etter tur henta me posten i Holet kvar helg. Når ustedelene gjekk, måtte skuredølene hente posten i Ustedalen. Me hadde skrivne lover og sette upp rute for lenger tid framover.

Petter Sjugurdson Sundre-Holshaga (f. 1841), som var postkøyrar i mange år frå 1870-åra, fortel: Det var lenge posten for øvre Hallingdal måtte hentast i Gol. So vart det eit slag posthus i Ål, men pengebreva måtte ein framleis hente i Gol. Ein av dei fyrste postopnarane i Ål var han Andres Nigarde på Sundre, so Tolleiv Stave, og so gamlelensmannen Pleym. I Hol var det ikkje noko postkontor, men lensmannen hadde ein mann til å gå med posten sin. — Sersjant Olsen var ein av dei fyrste postkarane millom Ål og Gol. Det var gåande post då. Men han gjekk lite sjølv, han hadde ein liten gamal krok som heitte Intelhusen til å gå for seg. Intelhusen var ein raring. Lensmann Pleym og eg møtte honom eingong under Eilevmoen, me var på veg til Gol med nokre pengebrev. Intelhusen gjekk og drog den vesle postskreppa si på ein kjelke og var dugeleg forseinka. Men er du ikkje komen lenger, då? sa lensmannen. Nei, eg hadde eit ærend upp i Uppheimsgardadn, måta, sa Intelhusen. — Lensmannen i Hol hadde lenge Kjose-Hermun til å gå for seg. Han gjekk ein gong i vika — til Ål. — Den fyrste tilsette postberaren her var nok Eirik Gjorde. Han gjekk til Gol og bar både for Ål og Hol. Klokkar Håvalsen var postopnar i Gol den tid. Han hadde moro av å skræme
Eirik med kor tung skreppa vilde bli. Eirik låg i taket og kvilde og Håvalsen sorterte breva nede: Ål, Hol, Ål, Hol, sa han, uppatt og uppatt. Dâ tok Eirik til å bli uroleg uppe i taket, han ottast ei tung bør, og Håvalsen gotta seg. — Sia hadde Torstein Markehaugi postberinga ei tid. Men han var leid til å drikke, ein susing. Ein gong kom han til Sundre utan skreppe, ho låg att under Gudmundsrud. Ein annan gong gjekk han frå posten midt på Strandaisen. Etter honom tok Ivar Hogstad i Gol beringa, men han var og postopnar og leigde Sjugurd Sindrol til å bera millom Ål og Hol og husmannen sin til å gå millom Gol og Ål. Men lensmann Falk og fleire i Ål likte ikkje dette og fekk Petter Sundre til å søkje beringa. Han gjekk litt lågare i betaling enn Hogstaden, kr. 2,40 pr. tur, og fekk det. Dette var i 70-åra. Men posten skulde gå ut frå Hol, so kjøpte Petter garden Holshagen i 1885 og sette seg ned der; han måtte då ha hest til postføringa. I 10 år køyrde han til Gol, fyrst 2 gonger, sia 3 gonger i vika. Den tid han køyrde til Ål var det 3 gonger i vika heile tida. — Petter var ein som gjekk upp i yrket sitt med ålvor. (Eg veit ikkje koss du er vøren, sa lensmann Steensen til han ein gong. «Når du kjem med skreppa ser du ut som du skulde vera sinna. Og derimyljo er du so koseleg som noko menneske kann vera!’» Petter hefte seg ikkje burt med prat, når han var i sitt embete! — Og so hadde han hundretals ærend å gjera for folk. Det gjorde han gratis. «Detta har du ikkje lov til», sa doktor Bruun, då han kom. «Slik gjorde Rømcke, Schnit- ler og Moen det i deira tid, og eg tok ikkje ein øyre for det. Vil du melde meg, so gjerne for meg» sa Petter. Han sa ikkje meir Bruun heller då. I all den tid han køyrde posten gløymde han berre ein gong eit ærend: Det var å kjøpe ein tobakksrull til Eirik Venedokken».
Frå Folk og fortid i Hol. 2 : Frå 1815 til vår tid av Lars Reinton.

Postvæsenet
Den Kongelige Norske Regjerings uuderdanigste Indstilling af 15de Mai 1871, som ved Kongelig Resolution af 27ee Mai 1871 naadigst er bifaldt, for Marine- og Post-Departementet, Statsråd Broch, har underdanigst foredraget Følgende:
Efterat Hols Sogn i Hallingdals Fogderi
ifølge Kongelig Resolution as Iste Maris 1870 var overgaaet til at danne et eget Prestegjæld, har Departementet efter derom indkommet Andragende fra den udnævnte Sogneprerst til Hol, hvilket Andrangende var ledsaget med Anbefaling af Amtmanden i Buskeruds Amt i Forventning af naadigst Approbation fra Iste April d. A. oprettet et Postaabneri i Hols Præstegjeld og sat dette Postaabneri i Forbindelse med den dobbelt ugentlige
Bipost mellem Gols og Aals Postaabnerier i
samme Fogderi.

Hols Prestegjeld havde ved sidste Folketæl-
ling 2218 Indvaenere og er Afstanden fra det Sted, hvortil Hols Postaabneri er henlagt, til nærmeste Postanstalt, Aals Postaabneri omtrent 1 1/2 Mil.

Udgifterne ved disse Foranstaltninger bestaar i Løn til en Postaabner, der foreløbig er bestemt til 12 Spd. aarlig, og Udgiften ved Udvidelsen til Hol af Biposten mellem Gols og Aals Postaabnerier, hvilken Udgift andrager til 22 Spd. 64 sch aarlig, hvorfra imidlertid maa trækkes den
Godtgjørelse, der har været tilstaaet Lensmanden i Hol for en Expresse til Befordring af hans Bestillingsbreve mellem hans Bopel og Aals Postaabneri, denne Godtgjørelse, der efter Meddelelse af Amtmanden i Buskeruds Amt i 1869 ud-
gjorde 20 Spd., vil nemlig efter den omhandlede Udvidelse af Biposten blive indsparet. I Henhold til der af Statsradets
Øvrige Medlemmer i det Væsentlige tiltrædes, indstilles underdanigst:
At det naadigst maa behage Deres Maje-
stet at bifalde:
1. At der fra 1ste April 1871 er oprettet et
Postaabneri i Hols Præstegjeld, Hallingdals
Fogderi, Buskeruds Amt, med en Løn for
Postaabneren af 12 Spd. aarlig;
2. At den dobbelt ugentlige Bipost mellem
Gols og Aals Postaabnerier i samme Fog-
deri fra samme Tid er udstrakt til Hols
Postaabneri.

Om Oprettelse af et Postaabneri i Torpe
Annex til Aals Præstegjeld, Hallingdals Fogderi, Buskeruds Amt 1883
Torpe Annex havde ved sidste Folketælling
816 Indvaanere. I Torpe Annex underholdes et Postudtagersted, der ligger i Postruten mellem Hol og Gol, men hermed finde imidlertid de Korresponderende
sig ikke tilfredsstillede, navnlig paa Grund af, at de ikke dersteds kunne erholde udleveret rekommanderede eller med Værdi angivne Postsager og heller ikke kunne faa Kvittering for Indleveringen af saadanne Postsager, men maa henvende sig  til de nærmest liggende Aals eller Gols Postaabnerier, hvortil der er ca. 11 og 17 Kilometers Vei. Postvæsenet overtager nemlig intet Ansvar for Postsager under deres Henliggen paa Postudtagersteder eller for Distribution m. v. ved samme.
Korrespondansen til og fra et Postaabneri i
Torpe Annex maa antages at ville kunne bærenden med dets Underholdelse forbundne Udgift,nidet det er oplyst, at der alene i første Kvartal d. A. har passeret gjennem Torpe Postudtagersted ca. 630 almindelige Breve, 57 Banko- og
rekommanderede Breve, indeholdende i kontantenPenge omtr. Kr. 2 880,00. Der skal ogsaa paanStedet være omtr. 40 Avisabonnenter. Udgiften ved Postaabneriets Underholdelse vil, ligesom Postudtagerstedet, vil komme
til at blive beliggende i Postruten mellem Hol og Gol, kun beståa i Postaabnerløn, der anta- ges at kunne bestemmes til Kr. 48 aarligt. Fra Aals Postaabneri afsendtes der i Tidsrummet 1877—81 efter de statististe Opgaver ca. 6 000 Breve aarlig.

Tekstene om Hol og Torpo er hentet fra stortingsproposisjoner «Ang. Oprettelfe of endel Postaabnerier og Biposter». Transkripsjoner av Olav Sataslåtten.

torpo post

 

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s