Gjestebodskikkar i Hemsedal på 1800-talet av Hans Flaten.

«Gjestebod var det i eldre tid einast til bryllaup og likferd.
I endå eldre tid var det elles vanleg med eit lite festarøl ved
truloving. Ved dette høve gav brudgommen brura si ein festarring
— ein brei sylvring med småringar i. Slike ringar er det teke
vare på, så dei er å sjå framleis, men festarøl-turing minnest
ingen til lenger. Det var ikkje skikk å be mange folk saman.
Når grannar og skyldfolk såg til kvarandre, gjekk dette nokså
einfelt for seg, — ein eller to kom på vitjing. No i det aller siste
hender det av og til at ein bed folk saman i dottevis til trakte-
ment, serleg i julehelga og til påske. Elles er det i somme grender
skikk å be saman til små gilde den dagen dei har hatt eit barn
til dåpen. Og jamt er det også konfirmasjonsgilde. Det ser ut til
å bli meir med gjestebod i bygda her og meir storbygd-skikk.
Det var noko sermerkt med dei gamle omgangs- og gjestebod-
skikkane her. Like sermerkt kan hende, er det viset to unge
vart kjende med kvarandre på, og veksla tankar og kjensler for
kvarandre: Nattefriing. Når folk i byane eller flatbygdene
høyrde om dette, tenkte dei som så at dette var noko usømeleg.
Denne dom var urett. Fjellbygdfolket var ikkje så lurvut, sede-
leg sett, som dei vart dømde til.
Når guten meiner gjenta har fortalt foreldra om giftarmålet
dei har avtala, tek han ein tur ein laurdagskveld og «ropa på»
hjå dei. No må «slaget stå». Svarar ikkje faren og blir det ikkje
late opp for friaren, tyder dette at foreldra til gjenta er imot
giftarmålet. Dersom saka ikkje ligg friaren meir på hjarta enn
t. d. eit forretningsspørsmål, furtar han og går att med eit spark
på døra, og kjem ikkje der på garden meir i slikt ærend. Men
likar han gjenta, prøver han seg no med ein fyritalsmann, som
kan gå stad snakke med foreldra hennar så best han kan til
bate for guten, snakke om midel, kor mykje han skal gi for
garden o.s.b. Dersom faren likar at friaren kjem, svarar han
høvisk og lét opp for han.

I Julehelga eller ei helg trast etter jul kjem gjenta og foreldra
hennar køyrande til heimen til guten. — Gjenta skal no «skøa
se fyri». Og her blir då giftinga sikkert avtala, når laget (bryl-
laupet) skal haldast, kor mykje dei skal lata til åt bryllaupet
frå kor kant, kor stort bryllaup dei skal ha o.s.b. Heretter går
guten til gjenta si for alle manns augo. Av ein gamal mann har
eg høyrt, at når det vart halde rettig store lag, kalla dei dette
bryllaup. Han visste det stod eit slikt bryllaup då Tore Larsson
Grøteteig og Sigrid Olsd. Toregard gifte seg, det var bede allfares
frå Grøndalen til søre Eikre. Det gamalnorske namn var brud-
laup. Det kom seg truleg av at folk laup (skaut) saman til
brudegildet. Det var jamt så, at bryllaupet vart halde på ein
sundag. Vigsla gjekk føre seg etter messa. Vart bryllaupet sett
laurdag, vart det bede til det torsdag, så folk fekk litt tid på
seg til å laga til sending. Det var gjerne ein mann i kvar grend
som hadde dette serlege yrke å vera bedarmann. Det skulle til
ein heil stab med «embetsmenn»: Bedarmann, kjømeister, spele-
mann, kjellarmann, ein to-tre skjenkesveinar, som fyrste bryl-
laupsdagen også var brudesveinar, to brude-koner, eit par reie-
kjerringar. Sia var det ein og annan som gjekk desse til hande.
Det å vera bedarmann, var noko gjævt, og det var gjerne noko
høgtideleg med han. Han hadde laga seg ei lenger lekse som han
ramsa opp på kvar gard. Når bedarmannen hadde gått runden,
var hans misjon retteleg ute, men han kunne gjerne få verv eller
ombod i bryllaupet som kjellarmann eller skjenkar. No til dags
blir helst unge menn nytta som bedarmenn. Dei gardane som
høyrde med til eit bedarlag kallast for ei grend. Lio, Grøndalen,
Torsetsida, Lykkja, Ålrust, Eikre var kvar for seg så grei ei grend.
Skikk og bruk hadde og delt bygda elles i visse grender. I seinare
tid, med dei mindre gjestebod er grendene vortne mykje mindre.
Dagen før bryllaupet skulle setjast, var det heimkomvetle — då
flutte gjenta heim til guten sin. Guten fekk med seg ein to-tre
av grannane med hest og greier for lassekøyring — dei skulle
hente gjenta og heimanfylgjet — heimaføl. Kor stort heimaføl
gjenta hadde, sto på midelen til foreldra. Var gjenta velstilt,
hadde ho med: Rosamåla pløggekiste, bølu, rokk, vevstol, eit par
stolar, mjølkeringe, ei tylvt mjølkebaler, bakstetøler, sengeklær,
gangklær og ymse anna innbu. Det var om å gjera at tinga var
måla i friske farger så det «skein tå løsso». Fyrst køyrde guten
og gjenta. Lassa med buhavendet kom etter. Dersom det var
lang veg for heimkomvetla — ei mil eller over det, fylgde alle
gjestene frå gjenta si grend med. Heile toget kallast for heima-
fylgje. Stundom vart det løyst skot for ferda. Dette var til ære
for brudeparet og vart kalla for æres-skot. Klokka 8 om morgonen
den dagen bryllaupet skulle haldast, tok gjestene til å koma.
Kona på garden og ei av reiedeiene møtte ut på hella og tok imot
gjestene og sendinga. Sendinga var mat: Lefseklining, rummebrød
lagt i rosamåla sendingskorger, slike som det framleis finst minst
ei av på kvar gard. Før brukte dei tægjikorger. Det var mange lag
med lefse og eller rummebrød i ei slik korg. I dei største korger
var det 20 av kvart slag, i dei mindre 18 eller 16.

I likferd etter mannen eller kona på garden var det slik ein
pussig skikk at lefsene skulle vera i oddetal, anten 15, 17 eller
19. Dette hadde nok ei symbolsk tyding: at det her i huset ikkje
levde parfolk lenger. Det var ein viss orden også på korleis
sendinga skulle vera. — På botnen i korga la ein fyrst to rømme-
brødlefser, som ein slags kross over eit par lefseklinger, så to
rømmebrødlefser, så to lefseklininger og slik heile vegen oppover.
Ovanpå maten kvelvde ein gjerne, som gåve, ein porselengjen-
stand — ein tallerk, fat eller kopp. Over alt dette batt ein eit
stort handkle, som i eine enden hadde ein heimeverka knipling
eller fletting. Mange hadde med dylle som sending. Eit rose-
måla staup var laga serleg til dette bruk, og det var fylt med
risengrynsgraut. Staupet kallast for dylle og maten dyllemat.
Ein kokte mjølk så lenge at ho fekk primsmak, så hadde ein
gryn i og kokte. I gamal tid nytta dei bygg-gryn. Då kremmarane
tok heim risengryn, vart det risengryndylle. Ovanpå grynmaten
strøydde ei malen kanel.

Så vart det skikk å ha med som gåve — ein embar, fint svidd
eller masmåla. Endeleg vart det så, at embaren vart nytta som
sendingskorg. Sendinga var lagt i denne, og brudeparet fekk
både maten og embaren. Sendingane hadde som alt anna her i
verda skugge av omskiftinga. Plent same skikken vart vel knapt
fylgt meir enn ein 5 års tid. Eg skriv nærast om sendingsskik-
kane i 60-åra. I fyrstninga av 90-åra var det heilt slutt med sen-
dingane. No vart det skikk å gi brudeparet gåver av gagnsting,
som sengetepper, borddukar, klokker, kanner o. m. a.
Då sendingane var levert, vart gjesten beden inn i stugu. Her
stod ein skjenkjarsvein og skjenkte han ein dram, og kjellar-
mannen fylgde «fot hæle mæ» med si ølskål. Så kom ei av reie-
deiene med ei korg rømmebrød og gav kvar vaksen person ei
lefse, barn fekk ei halv lefse. Så kom ei annan reiedeie med ei
korg kakebryner — utan smør på — og gav kvar gjest to slike
kakebryner. Gjestene sat med denne maten på fanget, somme åt
opp alt, somme la burt litt, la det på skåpet. Kakene var turre.
Det var ikkje stort rugmjøl i dei.
Dette måltid kallast «biteti». Karfolka tok luva av seg med dei
las for maten. Bordbøn kan me ikkje kalla det, for gjestene
sat under biteti på stolar og krakkar her og der i huset. Når dei
hadde lese for maten, sette dei på seg att luva medan dei åt.
Når dei las for maten strauk dei atter luva av seg. Etter maten
var det øl og dram. Då kaffen kom i bruk, vart gjestene sett til
bords også ved biteti.

Den fyrste tid dei eldste folk no kan minnast var biteti dei
einaste måltid før dei var til kyrkja. I seinare tid vart det eit
måltid til. Det var i bruk nokon lange bord, kallast gjestebods-
bord, som nådde frå høgsetet til senga. Desse bord gjekk mykje
på lån, for det var berre få som hadde slike. På Hustad har dei
framleis eit slikt bord. Framme på golvet var det sett mindre bord
attåt kvarandre frå døra til peisbenken. Borda var duka. Dei
brukte så lange dukar at dei nådde over heile langbordet. Dukane
var av så godt vyrke at dei heldt seg i ein 50 års tid. Ved måltid
før dei for til kyrkja vart gjestene benkja omkring borda. Dette
måltidet kom på fyrst i 60-åra. Borda var dekt med haugar av
lefseklining og rømmebrød av brudehusets eigne forråd. Det var
nemleg ikkje god skikk å opne sendingskorgene før folk reiste til
kyrkja. Elles vart dyllene sette på bordet. Det tok seg fint ut
når det stod ei rad med rosemåla dyller bortetter bordet. Og dylle-
maten var ein gjæv rett. Karfolka strauk luva av seg under
andakt før og etter måltidet, men sette ho på seg at medan dei
åt. Så seint som i 1883 såg eg to gamle menn bruka denne skik-
ken. Det høyrde med til kjømeisterembetet å by gjestene tilbords.
Men det var skikken at folk skulle «lata seg bea». Han bad dei
mange gonger, og dei sat like roleg. Så tok han ein og annan
karmann i trøyekragen og drog han tilbords. Ingen ville setja
seg i høgsetet. Det vart då kjømeisteren si sak å få folk sessa
i høgsetet — den mest vyrde plassen han hadde å by. Han drassa
hit av dei gildaste menn etter trøyekragen. Var det nokon han
trudde sette pris på ein slik omframt gjæv plass, tok han desse
fyrst. Fremst på bordkrakken, rekna frå høgsetet og nedetter,
vart så dei dinest gildaste menn sessa. Fremst i langbenken,
ovanfor bordet, vart dei gildaste konene sessa. Ved nedste enden
av bordet, tett attmed senga, sat folk av middelsstanden frå dei
to grender. Ved bordet borte på golvet — veslebordet, sessast
smælingsfolket. På langbordet var også dei gildaste rettane, fyrst
og fremst av husets eige forråd, dinest av dei gildaste sendingane.
Det var det vanlege, at sendingane fekk rang etter folket som
hadde spandert dei. Det kunne nok hende at sendinga ikkje heldt
mål, og då laut ho bli plassert lenger nede på bordet — det var
reiedeiene som dømde og avgjorde dette. Dei var høgsterett i alle
spørsmål som galdt gjestebodsbordet.

I ei likferd i 60-åra vart sendinga til ei plasskone lagt på vesle-
bordet, etter god gamal skikk. Men då lefsekliningen kom under
handsaming av gjestene, kom ein under med at han var sukker-
strøydd — noko heilt ukjent i dei dagar. Gjestene skrepte av
klingen, og så kom reiedeia, tok klingen frå veslebordet og la på
langbordet. (Eg står inne for at dette er sant). No er tilhøve blitt
annleis. No kan ein bonde og ein plassemann sitja med olbogane
innåt einannan på bordskrakken. Smælingsnamnet er burte,
ein held einannan for folk. Det kan nok hende at somme gamle,
som har vore vane med å bli drassa etter trøyekragen fremst på
bordskrakken ikkje likar dette, men utviklinga har jamna ut.

— Då gjestene var sessa til bords, song kjømeistern eit bord-
vers, helst: «Vi se nu her sat om på bord de fulde fad og skåle».
Og heldt så ein liten tale, som gjekk ut på at gjestene skulle
gjera seg til godes av rettane. Under måltidet bad kjømeisteren
gjestene ta til seg av rettane. Kjellarmannen let ølskåla gå frå
eine gjesten til hin. Når skåla tok til å tømast fylte han attpå
frå ei endå større skål — kallast for trøys. Eit par brennevin-
skjenkarar hadde også stendig arbeid under måltidet. Når mål-
tidet var enda, heldt kjømeisteren atter ein liten tale, og song
eit vers, gjerne «Vort måltid vi beslutte nu». Folket går frå borda
og det blir eit forferdeleg bulder: Takk for maten! Og så kjem
høgtidsstunda i heile bryllaupet — så i heimen: — Kjømeisteren
går stiv og strunk på stabbursloftet, der brud og brudgom held til,
i lag med spelemannen som stiller fela si. Kjømeisteren rettleider
brudeparet korleis dei skal fara åt under vigsla. No går dei inn
i stugu til lagslyden — spelemannen føre og spelar dei finaste
slåttar han kan trylle fram av fela, så fylgjer kjømeisteren, så
brudgom og brur. Innkomne i stugu stiller spelemannen seg bort
på golvet, kjømeisteren og brudeparet stiller seg opp ved skåpet.
Spelemannen sluttar. Det er stille som i ei kyrkje. Alle ser bort
til brur og brudgom, som står der i den finaste bunad. For paret
sjøl er denne dagen livets største høgtidsstund. Til denne dagen
gjekk deira fagraste draumar og tankar i ungdomslivet frå den
tid det vakna ein vaksen tanke i deira hjarto. Med tanke på
denne dagen steig songen klangfullt frå ungdoms «bryst. Her
såg ein lykka, hugnaden, livets fylde. Det tyktest for dei som
ein fjelltopp med morgonsol over seg. Vegen på hi sida såg dei
ikkje, men kom ein fyrst opp på toppen her, fekk vegen gå
som han kunne, det fekk stå til som det ville. Og no var dei der,
nettopp no. Eit snøgt no, og sia var dette berre eit kjært minne.
Denne stunda, då brudparet står her med ein høgtidstemt
gjesteskare ikring seg, medan hardingfela sender sine herlege
tonar ut i romet — dette er for meg som livets venaste målar-
stykke. — Og visseleg for desse menneske sjølve, så sant dei kom
gjennom ungdomstida med eit uskadd hjarta. Men —
«fikk dit hjerte sår
i din ungdoms vår,
aldrig blev dets toner fulde».

Straks spelemannen sluttar, song kjømeisteren eit salmevers og
heldt ei tale. Då kjømeisteren var ferdig stemte spelemannen
atter i med fela og gjekk ut; etter han kom kjømeisteren, brud-
gom, brur, etter dei gjestene. Så bar det til å greie med hestane.
Medan det var rideveg hadde brur og brudgom kvar sin hest.
På dei andre hestane var det jamt to. Kona sat i ein konesal
(tverrsal) fremst på hesten. Mannen sat bakanfor. Spelemannen
reid på fyrste hest, kjømeisteren på den andre, så kom brude-
paret. På kjerre eller slede sått spelemannen og kjømeister i lag.
Ute på tunet vart det skjenkt ein dram — reisedrammen. Gjes-
tene ordna seg i rad og rekkje om lag i same orden som dei
hadde til bords. Til fleire hestar det var i ferda, dess gildare
var det. Var det retteleg svære «bløytu» til lag, var det meir enn
20 hestar — eg veit det var 31 hestar i ei ferd.
Då brudeferda kom til Kyrkjebøn vart det ofte dans her ei
stund. Ein gamal mann har fortalt at han var til kyrkja ein
sundag, våren 1849. Då vart det vigd 3 par etter messa. Alle 3
brudeferdene kom medan presten var på prekestolen. Det var
såleis god tid til leik og moro. 1I alle 3 brudeferder var felespele-
menn. Folk frå eine ferda dansa sunna Kyrkebøn — stugune,
— her spela Jørgen Berge. Den andre ferda nord for stugune med
Nils — sonen hans Jørgen — til spelemann. Den trea ferda dansa
ved kornmagasinhuset, som stod nokre steg nord for den nedre,
gamle kyrkjeporten. Var brudeferda stille av seg kunne dei alle
høyra den sterke røysta til presten Kjelstrup frå prekestolen.
Presten på si side kunne høyre ståk og musikk og støy av lags-
lyden. Men det var tydeleg nok at ingen av partane let seg for-
styrre. I ferda ved magasinhuset blanda seg kyrkjefolk som ville
glane.

Golingen Sevat Bleiktveit hadde litt uteståande med hemsedølen
I. G., som var kyrkjegjenger denne dagen. Fyrst munnhogdest
dei ei stund, så stakk Sevat til I. G. med ein kniv. Men til all
lykke tok ei brennevinsflaske I. hadde i lomma av for hogget.
Kniven kom elles med slik kraft at flaska gjekk sund og inn-
haldet fløymde ned med full musikk. Det var eit ganske luddint
(fyldig) liv ved kyrkja denne dag, — fyrst kyrkjelyden og så dei
3 lagslydar.

Såsnart messa var slutt gjekk brudgomane med kvar sin kjø-
meister inn i sakrestiet for å akkordere med presten om beta-
linga for vigsla. — Mesteparten av kyrkjefolket vart sitjande i
kyrkja og glana — dei måtte elles dra seg attende til dei atterste
stolane — dei fyrste stolane hadde bryllaupsfolket betre rett til.
Det paret som skulle stå fremst, kom fyrst inn i kyrkja med
heile laglyden sin. Brudeparet sette seg i fremste stolen på kvinn-
folksia til venstre for midtgangen, brudgomen fyrst, brura ved
sida hans, så brudkonene. Det var to koner som skulle greie med
brura sine kler. Heretter — på denne og dei næraste benkene
dei andre koner i laget, og så gjentene. På karmanssida sat fyrst
mennene, så gutane. Bak fyrste brudeferda sat dei andre, i same
orden. Dei som var rikaste og betalte presten mest, stod fremst
ved vigsla. Det er døme på at det var brudgomar som bau pres-
ten omframt betaling for å få stå fremst. Mange pruta med
presten om betalinga. Ein enkemann frå Grøndalen spurde
om han ikkje kunne få gjort det billegare, no han kom andre
venda. Gottwaldt svara: «Nei, men kommer du igjen tredje
gang, skal du få det gratis». Like etter vigsla var det ofring, —
fyrst gjekk kjømeisteren og alle mennene, så kom brudgom og brur,
så alle konene, så gutane, og endeleg gjentene. Det var litt hovud-
brot å få alt dette til å gå rette løypa.

Komen ut or kyrkja var det å snugge seg på heimvegen snøg-
gast råd var og køyre alt det reimar og tøy kunne halde. Ein
stad var det stans og det vart skjenkt brennevin. Ute på tunet
i bryllaupsgarden stod ein eldre mann, som ikkje hadde vore
med til kyrkja og skjenkte gjestene velkomstdram. Ein annan
skjenkjarsvein gjekk med ølskåla. Med spelemannen i teten gjekk
kjømeister og brudgom og brur fyrst inn i stugu. Brudekonene
tok med brura i kammerset, tok av henne brurekrona og sette
på hetta, som då var brukeleg hovudplagg for koner. Då hetta
var avleggs og «luve o plagg» var kome i staden, bar brura desse
hovudplagga heile bryllupsdagen, også ved kyrkja.

Så vart bryllaupslyden benka til bords. Bruresveinane sette seg
— ein på kvar side av brura — i høgsetet, kjømeisteren sette seg
fremst på bordskrakken, brudgomen attmed han. No byrja det
såkalla brurekjøp. Kjømeisteren skulle kjøpe brura av brure-
sveinane, for brudgomen, ei vending som gav høve til mykje
akkordering og mykje moro, ein hadde nettopp valt dei til brure-
sveinar som hadde beste kjeften på skaftet. Til vanleg var brure-
sveinane og skjenkesveinane same karane. Fyrst då kjømeisteren
hadde vorte samd med bruresveinane om kjøpet av brura fekk
brudgomen setja seg opp i høgsetet. Brura sat på venstre sida
hans no også, og kjømeisteren sat fremst på bordskrakken. Men
innan han sette seg, fekk han det same mas som før med å få
gjestene til bords. Kjømeisteren tala så nokon ord der ved bordet,
og song eit bordvers. Lefseklining og rømmebrød, lutefisk og
poteter, og så dylle til ettermat, var non eller hovudmåltidet.
Skjenkjar og kjellarmann dreiv trottugt på med å forsyne lag
lyden med brennevin og øl.

Så snart kjømeisteren hadde sagt amen etter å ha lese for
maten til nons, kom lyden seg litt meir enn vanleg fort frå
bordet, for no bar det på låven til å danse. Brur og brudgom
skulle gjera fyrste dansen — hettedansen, — det var då fyrste
gongen ho hadde hetta på — kona sitt symbol. Det var ikkje
berre dansarane som hadde sitt tilhald på låven no, mange var
der for å sjå på moroa. Tilmed reiekjerringane laut for eit bel la
grytene sine koke som best dei kunne. Berre ein og annan
«læsar’n» sat inne i stugun eller gjekk og dreiv ute på jordet, —
på låven ville han inkje, for her var «verden».

Seinkveldes var folk samla til kveldsverd. Brur og brudgom var
ikkje med no, og kjømeisteren held ingen tale. Kveldsverda var
mat som var att frå non, og som ny rett dravle eller også varm
ølost. Etter kveldsverd ståka dei på med dansemoro ut over natta
til folk vart både trøytte og leide av leiken. Øl og brennevin vart
stendig bore ned på låven og bydd fram til laglyden, og dette
gjorde nok sin verknad, — ikkje sjeldan bar det til med slagsmål.
Når det vart mørkt kom det jamt gutar frå andre grender og
ville glane eller «glanke» — glankara. Svært ofte utarta det til
slagsmål mellom laglyden og slike glankarar.

Neste dag samlast laglyden atter i laggarden. Etter biteti bar
det på låven til å danse. Høgstdagsbel var ein flokk om gongen
bort i eldhuset for å «stinge ni». Eldhuset var kjøkken no, på eisa
stod ein stor magjerdskjel — kjøt til nons. Reiekjerringane hadde
teke plass i eldhuset med kvar si korg med lefsebrød, — i seinare
tid med lefsekling. Dei stakk ein slik lefsebete ned i magjerdkje-
len, sleikte han av og åt. Kjømeisteren ordna folk ned i eldhuset,
og det var eit yrande liv her ein par timars tid. Etter dette måltidet
tok dei til med stabbedansen. Det vart sett ein diger stabbe på
låvegolvet, tett attmed spelemannen. Ein eller to av dei mest
«før se» av gutane i laget tok seg av å ordne par til stabbedansen.
Fyrst vart brudgomen sett på stabben og brura i fanget hans.
Attmed stabben sått ein mann med ei skål, — her la stabbeparet
pengar til spelemannen. Så skulle kvar ein som sat på stabben
ha ein dram — stabbedrammen, og så skulle dei danse ein dans.
No vart ein annen mann sett på stabben og i fanget hans ei
framand kone; etter dei gifte folk, var det gutar og gjenter som
vart sette på stabben. Her i bygda var det vanleg med to dagars
bryllaup til i 1850, då vart det halde eit bryllaup som vara i
samfulle 3 døger, og sia ville dei gildaste fylgja denne skikken.
Dette vara til 1869, då same ekteparet gifta bort eldste dotter si,
då heldt dei lag for henne i 4 dagar. Det hende også at det var lag
på 6 dagar — heimkomvetla medrekna. I 1892 reiste eit brudepar
til Drammen og gifta seg. Sia har fleire gjort det på same vis,
og dei som giftar seg her heime held ikkje så store lag lenger,
sjeldan meir enn ein dag.

Av spelemenn, her frå bygda, som også spela i lag, vil eg
nemne: 1. Peder Halbjørhus frå Kvamme, Borgund, gift med
enkje Sebjørg Halbjørhus. Han spela også på Drammensmarkna-
den. Han var fyrst driftekar. Han spela slik, seies det, at drifte-
feet fylgde etter han. Når det var borte krøter, sat han berre og
spela på fela: «Dæ vert vel ei rå», sa han og krøtera kom att av
seg sjølv.
2. Ola Olson Jordheim — dei kalla han også Bakken, død 1872.
Han spela i mange lag og var ein spræk, sterk kar.
3. Ola Ottarson Trøym spela i mange lag og mange dansar. Den
tida var det mykje dans her i bygda. Ola var syskinbarn til
Rotneims-Knut.
4. Pål Hulebak var i langsamleg tid spelemann i leik og lag her.
Han som spelemann og Groset’n som kjømeister, har saktens
gått føre mangt eit brudepar her. Og dei heldt trufast venskap.
Av utanbygds spelemenn, som spela oftare i Hemsedal, skal eg
nemne Knut Ton frå Nes — Toingen — den beste spelemannen
folk her veit å fortelja om. Han spela fyrste gong i Hemsedal
i laget til Ivar og Kari Myte 24. april 1844. Då folk om kvelden
hadde takka for seg og ville gå, vart dei ståande og lye på fela
til Toingen, takke for seg på nytt lag, men vart framleis ståande
å lye, slikt spel hadde ingen høyrt. Siste gongen Toingen spela
her i Hemsedal var på Hønne i 1869. Av andre spelemenn vil eg
nemne: Jørgen Berge og sønene hans — Trond og Nils frå Ulnes
i Valdres, Gudbrandsguttorm, Tor Viken, Tor Grimsgard, frå
Nes, Herbrand Fossebakken, Per Heslafoss frå Gol og Jens Ring-
stad frå Valdres.

Likferd vart til vanleg halde 2 dager. Før gjestene kom, vart
kista boren inn i stugu og sett på ein krakk ved løkhylla, med eit
åklede over. På kista vart det sett eit brennande lys og attmed
vart lagt ei salmebok og ei saks i krossform. Når gjestene kom
gjekk dei bort til kista og stod der og las Fader vår sakte for
seg sjøl, karane tok av seg luva. Medan gjestene heldt andakt
ved kista, tok også dei andre karane som var inne luva av seg.
Det hadde noko gripande ved seg dette, at liket stod inne i
stugun då gjestene samlast. I 90-åra vart skikken endra, slik at
liket vart teke inn i stugu berre medan det vart sunge ein salme
og kistelåket teke av så gjestene fekk sjå den døde. Kransar var
ikkje i bruk. Fyrste gong eg veit om kransar her, var på kista
til medhjelpar Narve Jordheim 1895. No er det vanleg med kransar
i gravferdene her. Det minka jamt med bruk av brennevin i
gravferder, og heile vetla fekk meir preg av stille alvor. No
varar likferder aldri meir enn ein dag, og det blir aldri nytta
brennevin i likferder her.
To ektepar i bygda har fylgst åt grava: Øyvind Mikkelson og
Sigrid olsd. Grøndalen, den 19. februar 1848, også verson deira:
Jørgen Venåsbakko vart gravlagt same dag. Det andre ekteparet
var Ola Sjugurdson og Marit Oddsd. Grøto, 10. febr. 1863. Det
er nokså rart, men eg kjenner ikkje til at ektefolk har uttala
ynske om å få gravene sine side om side. Eg kjenner til at to
par er gravlagde slik, men det er slektningane deira som har
ynskt det slik. Det er undarleg, at dei som fylgdest åt i livet
ikkje har ynskje om å sova i lag i dødens lange søvn. Det er så
mørkt i graven, men det går som eit lysstreif over den når ein
veit at kjærleiken slår fylgje også dit».

Frå «Hemsedal 1814-1914» av Hans Flaten. Transkripsjon av Olav Sataslåtten.

hans flaten

Hans Flaten var fødd 29. juni 1858. Han tok eksamen ved Voss
lærarskule 1878. Same året tilsett som lærar i Ålrust og Lykkja
krinsar. Han vart gift 1887 med Birgit Bastø. Dei hadde 8 barn. 1888
kjøpte han garden Eikre. Svein Langehaug skriv om Flaten:
«Flaten ruva ikkje så høgt å sjå til, men vaks for kvar samtale
ein hadde med han. Han var liketil, lun, godsleg og kjensle-
varm, og kunne også jamna på med ein morosam stubb, kanskje
også for å lokke fram ting og hendingar av interesse.
Han var ein stor idealist og radikalt innstilt overfor dei mange
sosiale spørsmål og saker som var oppe. Dette kom då stundom
i strid med det tilvante konservative synet som rådde i bygda
på denne tid. Det váre sinn, støytte på mange skjer som sette djupe merke
i den fine sjel.
Skulearbeidet tok han samvetsfullt og alvorleg. Han likte
arbeidet og vart ein avhalden lærar. Men det store ansvaret
og dei mange tilhøva elles tok på det kjenslerike og ømme hjarta.
Han kjende seg ikkje nervesterk og slutta som lærar i 1902. Etter
denne tid dreiv han som bonde og sogeskrivar.
Han var glad i bygda og glad i folket og dette gav gløden til
skrivinga. Han hadde ein verdfull forteljingsgivnad, både til å
skrive og svalle. Ein må leita lenge for å finne nokon som
meistrar heimemålet med den klang og rytme og så formfullt
og fint som han gjorde. Hadde tida vore inne til det, så hadde
han sikkert skrive bøkene sine på det målet som ligg nærast
talemålet i bygda.
Før Flaten døydde, 28. mai 1930, fekk han fleire gonger oppleva
at bygdefolket stod samla i djup takksemnd til han. Ikkje minst
dei som var flytta ut or bygda, og kanskje då især dei som
hadde fare over til Amerika og som han stadig stod i kontakt
med. Og etter kvart som tida går blir den umistelege arv som
denne gjæve son av bygda har gjeve folket sitt, kjærare og
kjærare».

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s