Den tragiske jernbaneulykka som kravde 25 menneskeliv ved Breifoss i Hol natt til 28. februar 1944

en

Den 28. februar 1944 klokka 02.50 hende  ein tå dei meist alvorlege togulykkene i Noreg nokonsinne. Eit persontog og eit godstog kolliderte med fatale konsekvensar ved Vestreim aust for Breifossbrua i Hol. Kåre Olav Solhjell skriv følgjande om denne ulykka: «Godstoget frå Bergen hadde 15 vogner. Dei to fremste godsvognene var lasta med sildedunkar. Deretter følgde ti rankvogner fylte med solaroije, som er lett dieseloije. Etter to opne godsvogner følgde konduktørvogna eller bremsevogna til slutt i toget.

29

Lokomotivet var ein stor «Narvikmaskin» som var overført frå Ofotbanen. Toget skifta mannskap på Voss. Olav Fossgård tok over som lokførar og Olav Vestheim som fyrbøtar. Konduktør Kåre Kartevold var togførar, eller ansvarleg offiser for transporten. På Voss hadde mannskapet og ein vognvisitør kontrollert bremsene, som verka slik dei skulle. Åtte av vognene var utstyrt med trykkluftbremser som kunne settast på frå lokomotivet. Kartevold rekna ut at desse maskinbremsene hadde 38 prosent av effekten i reserve.

2

Dei andre vognene hadde handbremser som kunne settast på for ei vogn om gongen. Toget stoppa på Mjølfjell for å gi plass til eit tog frå Ål. Då brukte lokføraren berre bremsene på lokomotivet. Toget stoppa også på Myrdal og Haugastøl. Då verka alle trykkluftbremsene slik dei skulle. Mellom Haugastøl og Ustaoset var ikkje bremsene i bruk. Aust for Ustaoset begynte nedstigninga til Ustedalen med ein fart på berre 20 kilometer i timen.

30

Etter som farten auka, sette lokføraren på trykkluftbremsene, utan at dei syntest å verke. Han tenkte at bremseklossane var isa, og at bremsene ville verke betre når dei vart varme. Men farten auka på. I konduktørvogna såg Kartevold på trykkmålaren at lokføraren bremsa alt han kunne, utan at det svntest å verke. Då høyrde han to støytar i fløyta, som var varsel til konduktøren om å sette på dei manuelle bremsene i konduktørvogna. Kartevold bremsa og merka at det kom ein viss strekk i toget utan at farten minka. Kartevold tok seg da ut av konduktørvogna og fekk sett på bremsene på den eine av tankvognene medan toget susa nedover Ustedalen.

3

I ein sving såg lokføraren Olav Fossgård at det lyste frå hjula på den bakre vogna og på eit par andre vogner. Men det lyste ikkje frå hjula på vognene med trykkluftbremser, slik det skulle ha gjort om bremsene var på. Fossgård forstod at noko gale heldt på å skje. Han visste at toget skulle krysse med vestgåande nattog på Geilo. Nokre hundre meter før stasjonen hoppa Fossgård av toget på høgre side. Litt etter hoppa fyrbøtaren av på venstre. Konduktøren følgde med vidare medan han klatra frå vogn til vogn for å sette handbremsene på. Det gjorde liten verknad. Bremseklossane brann opp på den eine vogna før bremsene på neste vogn vart sette på. Toget passerte Geilo stasjon i ein fart på 70 kilometer i timen. Konduktøren følgde med vidare nedover moane.

4

Oljetoget skulle krysse med vestgåande nattog på Geilo stasjon klokka 02.56. Sporvekselen var gjort klar, og toget rasa inn på sidesporet der det skulle stå og vente. Med så høg fart kunne toget lett ha velta i ein slik situasjon. Men lokomotivet heldt stø kurs, rasa ut att på hovdudsporet og heldt fram mot aust. Telegrafìst Rolf Dahl Miehelsen var på vakt på Geilo stasjon. Han såg toget fare forbi og forstod at ei ulykke ville skje.

32

Fem minuttar etter kom Fossgård og Vestheim springande etter toget. Dahl-Miehelsen ringte først til Ål stasjon og fekk stadfesta at vestgåande nattog var i rute. Deretter ringde han til legane på Al og på Nesbyen og til sjåførar i Hol. Han ringte også til banevaktar Ole Fluto som budde i vaktarbustaden ved Breifoss. Fluto sprang ut for å stanse toget som kom frå aust, men godstoget frå vest kom først. Fluto meinte toget hadde ein fart på 100 kilometer i timen. Hjula var glødande på den eine tankvogna og på dei tre siste vognene i toget. Like etter small dei to toga i hop. Konduktøren vart kasta av, men kom uskadd frå det i den djupe snøen.

5

Nattoget mot vest fekk ikkje noko forvarsel om det som heldt på å skje. I 1944 køyrde alle toga mørklagde. I lyskastarane var det berre ein opning så stor som ein femøring. Lokførar Olaf Ellingsen frå Bergen, som køyrde nattoget, fekk ikkje eingong vite kva han trefte då toga tørna saman.

33

Lokomotiva vart kasta to meter frå kvarandre av rekylen. Det store godslokomotivet vart kasta av skinnene, men vart ståande. Sju av tankvognene vart kasta av sporet og låg på begge sider av skinnegangen. Nokre av vognene hadde sprukke, og oljen kom i brann. Kartevold vart råka av ein brennande stråle og vart forbrent i ansiktet og på ryggen.

6

Nattoget mot vest hadde 7 vogner. Postvogna var første vogn etter lokomotivet. Denne vogna vart skuva over den første av tre personvogner som følgde etter. Postvogna og den første personvogna kom i brann. Lokføraren i nattoget omkom med det same, men fyrbøtaren berga livet. Ansiktet hans vart skada, men likevel greidde han å gå ned til Hol stasjon på sine eigne føter medan han dekte såret med hendene. Lensmann Halvor Fagerli vart varsla klokka 7 om morgonen.

34

Han kom opp til ulukkesstaden i vestre kanten av jordet på Vestreim klokka 8 i rutebilen til Hol bilselskap. Det brann framleis i fleire av vognene. Dei overlevande hadde samla seg hjå Torger Årset på Vestreim. Mellom dei overlevande var også Birger Brattåker frå Geilo. Til Vestreim var det også bore tre døde og ferm skadde. Talet på skadde var nok langt større enn desse fem som lensmann Fagerli kunne fortelje om. 

8

Ulykka ved Breifoss kosta i følgje denne kjelda 21 menneske livet. Alle var norske. Lensmannen understrekar at ingen fleire enn desse miste livet. NSB opplyste likevel i eit brev til Nasjonalhjelpen 1949 namna på i alt 25 dødsoffer etter Breifossulykka. Mangelen på samsvar skuldast truleg at fleire av dei skadde var frakta til Ål før lensmannen kom til staden. På Ål var det oppretta eit lasarett i stasjonsbygningen. Det er sannsynleg at eit par tyskarar oppheldt seg i postvogna. Dei var i tilfelle mellom dei omkomne.

9

Distriktslege Thor Hval i Hol og August Pahle i Ål korn begge til staden. Det gjorde også Ragnhild Grahl Madsen ved Geilomo barnesykehus. Også oversøster Helene Gjesdal ved barnesjukehuset og andre sjukepleiarar var tilkalla. Jan A. Pahle, den unge sonen til distriktslege Pahle, var også med. Ut på dagen kom eit sanitetstog med mannskap frå Drammen.

20

Breifossulykka hende i ei tid då det ikkje fanst nokon katastrofeberedskap i Hallingdal. Likevel tok det kort tid før helsepersonell kom til staden. Når ein tek omsyn til den vanskelege situasjonen, kunne knapt meir gjerast enn det som vart gjort for å redde liv. 75 mann deltok i arbeidet for å rydde linja ved Breifoss og sette banen i stand for trafIkk. Mellom arbeidarane var både tyske og norske fagfolk, og det var russiske fangar. Arbeidet tok 67 timar. Dei øydelagde vognene vart trekte ned til Ål stasjon.

22

Generaldirektøren i NSB skreiv dagen etter ulykka eit brev til Statspolitier der han bad om at det måtte bli sett i gang rettslige undersøkinger. Jernbanen sine eigne sakkyndige kunne ikkje sikkert fastslå årsaka til ulykka, skreiv han.

35

Slik forholda ligger an, og på grunn av ulykkens omfang, fann han det difor best å overlate saka til politiet. Etter kvart teikna det seg eit nokså klart bilde av kva som hadde hendt. Det var svært kaldt heile 28 kuldegrader, den natta ulykka skjedde, slik at smørjemidla var stive.

23

På Vestlandet var det derimot mildare, slik at bremsesylindrane kan ha rima på innsida når toget kom austom fjella. Togsettet var dessutan sett saman av tysk og norsk materiell, og ettersynet av materiellet hadde vore forsømt over lang tid. I desse tilhøva ligg truleg hovudårsaka til ulykka. Fossgård og Vestheim fekk mistanken retta mot seg av di dei hoppa av toget i Ustedalen. Difor vart dei begge arresterte og sat i fengsel i Bergen til i mai. Då vart dei overførte til Grini. I november slapp dei båe ut. Då slo politiet seg til ro med at ulykka hadde tekniske årsaker.

24

Kartevold, som følgde toget heilt til samanstøyten, fekk ei påskjønning. Etter krigen fekk han dessutan medalje for heltemodig innsats. Ulykka skaka også opp folk som budde i grannelaget. Ola N. Rygg budde halvannan kilometer unna ulukkesstaden. Han og brørne hans vart vekte av foreldra som sa dei trudde det hadde hendt ei ulykke ved jarnbanen. Gutane kledde på seg og sprang vestover. Det var eit uverkeleg syn som møtte dei. Begge lokomotiva stod i loge, og i nattoget brann alle vognene med unntak av den siste.

26

Oljen frå tankvognene rann ned i ein bekk som gjekk under jernbanelinja og ned i elva. Nedetter bekken og vidare nedover i ei råk i elva stod eldlogen høgt til vers i ei lengd på 300—400 meter. Landskapet var opplyst mest som det skulle vere dagen. Røyken la seg som eit illeluktande teppe nedetter dalen. Eit par av grannane gjekk borttil og spurde om dei skulle hjelpe, men vart bryskt vist attende av tyske vakter».

27

Henta frå «Hol i hundre år : historia om Hol i Hallingdal på 1900-talet. B. 1 : Jernbanen og fjellbygda : 1900-1950» av Kåre Olav Solhjell, Hol kommune, 2000. 

Bileta i denne artikkelen på Hallingminne er skaffa frå private kjelder av Olav Sataslåtten .

28

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s