Stølsstemna på attenhundretalet

Samla og transkribert av Olav Sataslåtten d.y.

Kvannestølslettun
Svale Solheim beskriver samtlege av de kjente stølsstemnene i fjellområda mellom Hallingdal og Valdres. Han har funne dokumentasjon rundt 12 av disse, og skriver: «Den rikaste tradisjonen om dei større stølsstemnene har ein frå Valdres. Ei systematisk innsamling i 1930-åra gav som resultat fråsegner om heile 12 slike samkomer og om stadene der dei vart haldne». Solheim understrekar regulariteten av disse stemna, og påpeker og at dei vart haldne ved faste tidspunkt: «Det er tydeleg at desse høgtidene har vore ein fast institusjon i desse bygdene. Om dei alle er det oppgjevi at dei gjekk føre seg ved larsoktid, i august, d.v.s. medan stølsslåtten varde eller like etter. Frå aust-åsen i Valdres er nemnt to stemner. Om den eine fortel ein heimelsmann: På Kvannestøle i Aurdal i Nord-Aurdal var det ein fin fet på Kvannestølslettun. Der vart det i eldgamal tid halde ei stor stemne i stølstidi. Dit kom det då ridande etnedøler, skrautvølingar, slidringar og aurdøler. Der dansa dei og drakk, sa bestefar. Det var i dei unge da- gane hans det var leik og ståk der. Dei kløvja opp på feten store kløvjar med brennevin, som dei sette til livs, Men ein sumar kom det ein stor flaum og braut den fine feten opp, og så vart det slutt med denne dansen».

Helleset
Stølstemna var ein salig blanding tå kappriding, dans, slagsmål og handel. Om stemnet på Helleset skriv Solheim: «Samlingsstaden for den andre var stølsgrenda på Helleset. Om samkoma på Helleset heiter det at der »skulle det i eldgamal tid ha vore mest som ein marknad med dans, drikk, dragsmål, slagsmål, kappriding og handel. Over Hellesetfetane gjekk den gamle driftevegen åt dølene. Eit barndomsminne gjev eit tydeleg og levande bilete av kva som røynleg kunne gå føre seg på Helleset: »Ein sumar kring 1800-talet var det dans på Hellesetfeto. Vesle Ola Skrindsrud, far hans bestefar, var også der; han hadde lurt seg av garde uløyves frå Sus-stølen, han; ville sjå på dansen han med, kor liten han var. Då han kom ned på feten der dansen var, såg han Kristensson på Røgne spora hesten sin mot eit lite naust nede ved tjørna; K. var då full og galen, han ville truge hesten sin te hoppe over nauste-taket, men det lykkast kje for han.
Det urde av folk over feten, og dei dansa og drakk, slost og kappreid. Og slik hadde det von årleg års frå gamalt. I mørkninga om kvelden skulle vesle-guten balle seg oppover Helleset-skorvene aust på stølen att. Men bortmed ei stor briskekjørr støkte han opp Kristensson; der låg han med ei gjente. No vart Kristensson vill og galen, drog tolekniven og flaug etter guten bort over haugane. Og lenge såg det spøkjeleg ut for vesle Ola, men enden vart at han fekk løynt seg bort for ukjura, elles trudde han forvisst at ho hadde komi te drepi han; seinare vart det ymta om at det var kje kjerringa si eiga karen hadde legi med. Til den årlege stemna på Hellesetfeto var det vanleg at folk møtte fram frå Øystre Slidre, Nord-Aurdal, Etnedal og Gausdals-bygdene, men etter 1800-talet vart det visst slutt. Om slåstinga på Hellesetfetane heiter det etter eit anna augnevitne: «Bestemor til Knut Kjørli frå Skrautvål (Knut levde 1871—1948) var som ung gjente med på dans på Hellesetfeto. Om ein av dansane sa ho: «Den gonge jaga karmennatn ein døl pâ flyt’n (fløt’n». Av ovleg stor interesse er fylgjande fråsegn: «Når dansen på feto var slutt, fylgde Valdrisane dølene opp på Helleset-skørvitn og kappletta med stein. Det gjorde dei kvar sumar før dei skildest. Og steinane ligg der enno, fortel Ola Goflebakke (87 år i l952). Dei fleste stemnene vart haldne i veståsen, i grensestroka mot Sogn og Hallingdal. Frå Halling-grensa gjev Valdres-tradisjonen i følgje Solheim opplysningar om ti stemner. Han deler dei inn i tre hovudgrupper:

Lykkjedansen
Lykkjedansen forgikk på Halling- grensa mellom Nord-Aurdal og Vestre Slidre. Om den opplys Solheim: «Lykkjedansen vart halden andre sundag i august på Kjøle, ein fjellrygg mellom Storevatne og halling-grendi Lykkja. I seinare tid stod elles dansen på ein dansarfet midt i Lykkje-grendi. Kvinnor og karar kom ridande til stemna i fullt helgedagsskrud. Når hestane var avsala og slepte, bar det til å helse på kjende og vener og tala med dei om nytt og gamalt. Snart sette spelmannen seg på Spelmannssteinen, og fela tok til å ljome. Så tok dansen til. Alkohol verker å ha vore ein sentral faktor i kva som altfor ofte utarta seg til båe slagsmål og drap: «Og brennevinsflaska gjekk snart frå munn til munn. Det gamle vikingeblodet tok til å koke. Gamal agg livna opp att. Hemngiren kunne bli vill. Då losna ofte tolknivane i slira. Eller dei kasta seg på hestane sine og greip låsheldone og brukte dei til handyvle, medan dei reid mot kvarandre i dragande tan. Ofte flaut då blodet i straums». Ei låshelde er eit skremmande reiskap vart det nytta som vapen, smidd av jern, som vart brukt til å helde hestane i ro.
Det skal i følgje Solheim ha vore serleg folk frå Vestre Slidre og Ulnes-sokna i Nord-Aurdal som sette stemne med hallingane på Lykkje-dansen. «Og det gjekk sjeldan fredeleg for seg. I samband med dansen og drikkinga vart det nok haldi ulike slag tevlingar, og dette førde jamleg til strid og stundom blodige slagsmål. Og det er just slagsmåla og kjempene tradisjonen har mest å fortelja om. Det var dette som vart haldi for å vera mest sogulegt. Bygdene kappast om kven som hadde dei sterkaste karane. Ein heimelsmann fortel: «På Lykkje-dansen gjekk det ofte heitt til. Ein gong vaidrisane hadde jula hallingane, sende desse bod til Valdres at neste sumar skulle dei valdrisane som ville på Lykkje-dansen, ta med seg likskjorte og lik-ferdsbrennevin. No hadde dei i Ulnes den tid mange jolegode karar, slike som Elling Ulnes, Hølji på Juv’n og ein sersjant eg ikkje hugsar namnet på. Desse karane let seg ikkje skræme av trugsmålet til hallingane, men møtte opp på Lykkje-dansen. Dei hadde med seg ein fempotting brenne- vin og var godt væpna. Straks dei kom, krulla hallingane seg kring dei. Han Hølji og sersjanten vart redde og tok spranget. No var Hølji så uheppen at han snuvla i ei tuve og stupte. Hallingane kasta seg over han og skar han stygt forderva. Han kasta seg på Føt’n og svamde over medan steinregnet suste om han. — Elling Ulnes fekk ei låshelde i hovudet, så han seig ned. Hallingane fata så trøya hans og vrengde ho over hovudet på Elling. Då vakna han Elling atti, fekk spennetak i trøya og kløyvde ho. Så spratt han opp og skalla seg plass bort til ein haug bjørkeved som låg der. Der fata han ei ræle og slo plassen tom. Så rusla han på stølen sin att».
Hitt året møtte òg Elling opp på Lykkje-dansen. Då gekk den sprækaste hallingen bort til Elling og spurde om han torde fylgje han på tomannshand. «Jau, e ha aldre vøre redd nokon» sa Elling. Då karane var komne or augesyn, spurde hallingen om han kunne få dragast med Elling. Karane tok då tak, og Elling la hallingen i bakken, så det song i han. «Reis de no, so ska mø ta eit tak te!» sa Elling. «Nei, når du e slik kar, so får de vara nokk», sa hallingen og baud Elling handi si, og så bad han om at dei måtte vera vener. Så skjenkte dei kvarandre, og båe vart frå den tidi dei beste vener». Gamle Skrindsrud’n i Nordre Etnedal var slidring. Om ein Lykkjedans fortalde han: «Ein sersjant Bø va ei sleto te kar; spræk, fjørin o upplagd te sløst. 0 so va’n so brennande frisk te springe. Ein summar møtte ogso han upp på Lykkjedanse, o de vart so vanle bisme o sløsting me hallingo, o juling fekk dei, dei so ybba se. Men då hyvde hallingadn se på hestadn si, rei ette hono, slo me låsheldo o prøvde o ri hono ne. Då vart de før heitt før hono; då la ‘n på sprang åver ei blaut myr, o soleis kom ‘n undå dei».

Nedfor Lykkja, i enden på Tisleia, er ein liten mo som kallast for Dansarfeten. Her gjekk føre seg den vidgjetne Lykkjedansen. Staden var godt valt. Både var det lagleg med di stølslaga til hemsedølar, valdresar og golingar låg som låg i ein krull ikring. Frå Skogshødn og Lykkje-kjølen har ein utsyn over meir enn 300 stølar på ein gong. På moen her var fast grunn både i skjen- og ruskever, — så godlendt ein dansarfet. I skogen kringom plassen er det tøkle’ å gøyme brennevinsdunken ein har hatt med til kalaset. Hit burt fylgde gjenta for å få ein dram hjå guten ho hadde dansa med. Her burte i skogkrattet låg dei glupaste dansarane og kvilde ut til nye karstykkje. Her var det prata mykje både vist og gale. Her, bak lauvrike greiner har guten kanskje kviskra dei fyrste kjærlege ord til henne som vart brura hans. Her har kjempekarer samrådd seg imellom korleis dei skulle jule opp beste karane frå andre bygder som var komen til stemna. Her har eldre folk som var komne som tilskodarar ligge snakka om kven som var sprekaste dansarane her i dag og for 10—20 år sia.
Frå valdresstølar og golingstølar kjem den eine båten etter den andre med gladværug ungdom på Tisleia. Den brusande livsglede sprengjer kanskje meir enn vanleg på idag, til denne største og morosamaste stemna I heile året, ein høyrer ståk og gledesrop på lang leid. Guten tenkjer å gjera sine friskaste sprett, gjenta tenkjer å gjera sin lettaste snunad på leikarvollen i dansen om kvelden. Så drager de frem med lystelig spil hen over den blinkende flade, og båd efter båd sig slutter dertil med gutter og gjenter så glade. Det blåner fra kløft, det skinner fra brædet dufter fra løvgrønne birketræ. Livslysten står flokken på vangen og hilser med toneklangen. (Etter A. Munch).
På dansarfeten gjekk leiken med liv og lyst. Ei tid var det to dansarringar der. Det var så mykje ungdom frå kvar bygd at alle fekk ikkje rom for springdans på ein gong. Hemsedølene hadde ingen framande svip på kledebunaden, inkje knot i heimemålet, det sermerkte med byggeskikkane var urørt. Her kom valdresgjentene i sine kjoleklede i mange slags farger og lettvint dansa dei, det synte dei hadde trått dansen før. Her kom hemsedalsgjentene og golingsgjentene i sine svarte stakkar, snøkvite skjorteermar, ei 18—20 ringla sylje i bringa, saumaluve i nakken. Gjentene raudleitte og friskdæmde som fjellblomen. Dei ser ut til å vera tunge og seine i snunaden, men når fela skjer I og guten svingar gjenta si i springdansen, trinsar ho lett som kvernkallen. Guten svingar og snur og hoppar heldehopp høgt i véret.
Så kjem ein hallinglått. Guten tek til med langsame sving og sleng. Så ein sleng til, — det ser ut som tiltak til hallingkast. — han evar seg og lét det vera. Så ein sleng til, og endå ein. Og rett som det er ein frisk sleng høgt til vers, tåspissane gjer ein boge høgt over folkemugen. Han kjem lett ned att. Så gjer’ han nokre sving, set så armar og hovud åt marka, sprettar føtene til vérs etter, og ned på den andre sida, så berre hender og føter er i marka, men ikkje ryggen. Brått set han frambulen opp og står på føtene att. Dette er nakkesprett. Så er det kruking. Han lét seg sige ned i knea, ein fot fram, den andre blir att ein augneblink til han fær bytt fot. Ofte slår han hendene i hop med et klask eller smell, under kneet på foten som er sterkt fram. Hallingkast, nakkesprett, kruking var og er dei viktigaste tempu i hallingdans, — lausdans som han kallast her. Innimellom er det sleng og sprett etter eigen komposisjon, slik ein får det på seg i augneblinken. Var stemnestaden godt valt, var tida det ikkje mindre. Dansen vart halden fjorde helga etter jonsok. Veka før, altså fjorde veka, var slåtteveke på stølen. Då var alle folk på stølane, bygdene stod folketomme. Laurdag vaska kona stølsbua så fint som ingen gong elles om sumaren. Bufarsdagen vart nok bua vaska såpass, men då var det onnegjenta som var «att på stølen.

Det gamle sengehøyet som hadde gjort nytte sia i fjor, vart skifta ut med nyslegen høy og ein herleg gjem og ange av høg fjellsblomar fylte heile huset. Denne sundagen var det rummegraut til bisk — slåttegrauten, som han kallast. Dette var høgtids-matmålet til støls. Då grauten stod på bordet, fann husbonden fram ein dram, og tenestguten gjekk også etter ein buttel. Det var som ein slags fest der inne i stØlsbua. Til-med ute på stølsvollen var det feststemning. Vollen var slegen, siste høy lasset køyrt inn i løa laurdagskvelden. Sundags morgonen var kyrne slopne inn på vollen og åt av det som ljåen hadde leivt.

Dette var nytt beite og såleis ein gild dag også for buskapen. På dansarfeten låg fesstemning over livsglad ungdom. Dei gamle som ikkje hadde hug til ståk og moro, sov ein god middag på si mjuke seng og sat sia og las teksta for dagen i Linderot’s huspostil eller i Johan Arnd’s Sande Kristendom). Barna gjekk på randane utanfor vollen og sanka krekling, andre bær var ikkje mogne endå. Elles stod voksterriket i sitt saftigaste flor like frå rein-ranunklen oppe i SkogshØdn og ned til åkrane som bylgja for vinden i Lykkjagrenda. Ikkje eit bleikt lauv, ikkje ein falma blomst er å sjå endå, alt sveller av liv og kraft, lik den ungdom som møter fram til moro på leikarvollen. Fjorde veka etter jonsok er høgsumar, som 40—50-årsalderen i folkelivet er det. Frå denne tida rullar det nedover mot haust. Denne veka seier gauken velfar med fjellstrøka. Det er han som seier som så: Eg har ført sumaren oppå egga, no rullar’n ned over att, no fér eg.
Sundag ved dugurdsbel kom flokk etter flokk til dansarfeten. Det var prat og latt og moro til spelemannen strauk opp ein springar, då trippa par for par fram i ringen. Kjempekarar kom ridande på hestar og svinga med låsheldene. Eit par av dei møttest og gjekk på med låsheldene, slo, ajerte, skreik, kytte og skrytte. Dei som ikkje var i sving med dansen flokkast kringom dei og lo og heldt gapri med slåstkjempene. Fyrst noko ut i moroa tok brennevinet til å gjera verknad. Ein og annan vart liggjande døddrukken burt i skogen, andre gløymde dansemoroa og skulle krangle og egle seg Inn på einkvan for å koma i slagsmål.

Minnet om desse stemnene — Lykkjedansen — fylgde folk gjennom helle livet, for mange var dette noko med det gildaste dei visste, å leva livet opp att i tankane på desse stemnene. Det hende at koner som var gifte til andre bygder, men som hadde vakse opp på stølane her, tok ein tur på den gamle stølen for å vera med på Lykkjedansen atter, her dei trødde springaren som gjenter. Gamle folk har fortalt om ståket og livet på Lykkjedansen. Store-Gunvald Gunvaldgård, t 1841, 76 år gamal, var med på dansarfeten her også etter at han vart stadd mann. Likeeins Gamle-Eikren, Ola Olson, f 1833, 68 år gamal. Han hadde lagt mark på Gunvald som dansar. Han sa ett ord som endå ikkje er gløymt i bygda: Dæ muna so dygtigt nå’ han Gunvald dansa. Ein drukken valdres kvad: Hallingen, hallingen sprette — fôr over åsen mæ æplehiten! Ein drukken halling svara: Valdresen, valdresen — mysukaggjin, går mæ grautegjurd ikring magjin!
På Lykkjedansen 1823 gjek1 det så vilt for seg at det går munnleg fråsegn om det den dag i dag. Laurdag føre dansen kom 30 av dei sprekaste valdres-karane ridande til Lykkja. Dei reid gjennom åker og eng og fòr åt så vilt som dei på nokon måte kunne. — Dette kom seg nok på sett og vis av det kranglet som på denne tida var om Bakila. Folket på gardane her vart redde dei. På ein gard bar dei ut ein holk med mjød til dei, så dei kunne få seg drikke. Til nokre lykkjarar som stod i slåttetelgen ropte ein: Å slå som ein kar, o stå ikkji der o gjer fantekjeringji.

Den eine av slåttekarane var Ola Grohaug, seinare bonde på Jordheim, vidkjend for styrken sin, — han svara valdresen: Å ja, hadde e de på ei beleile stelle, so skulle e syne de fante kjeringnikk! Dagen etter bar det laust med hemsedøler og valdresar. Det var møtt berre få golingar til dansen, så nokon hemsedøler svinta bort på stølane og henta fleire godkarar, mellom desse Endre Svello og Halvor Svang. Dette var av beste karane på Øygardane i Gol. Det var også elt rim om dei:
Han Endre Svello o ‘n Halv’or Svang dæ æ no guta som koma fram.
Valdresar og hallingar slost mot kvarandre. Hallingane jaga ein valdres — Helge Juven ut på Tisleia, her skar ein halling kross i bakenden på han. Helge vadde tillands og opp i elt skogholt sør for Feten. Her stod han og drog blodsievrar opp or kleda sine og kasta. Hallingane jaga no alle valdrisar som var på dansarfeten opp i Reiargard og sette manngard på dei, som var det villdyr. Etter så gjort, kasta dei skavedkubbar på. det så det skrall. Det kom ingen av dei 30 valdrisar uskadde frå leiken, utan ein — sersjant Bø, som var så sprek at han hoppa over manngarden og fekk gøymt seg i ein åker. Ein goling sette etter, men stupte over ende i ei røys og dette gjorde så mykje at sersjanten kom seg undan og til skogs.

På ein lykkjedans kom ein valdres til Lars Grøto og ville slåst. Lars unnbad seg, men valdrisen slo til Lars over armen med eit milebeiksi. Lars gjekk med armen i fatle, fordi han hadde nyss koppa seg. Lars seier då at skal dei plent slåst, får dei gå ein stad folk ikkje ser dei. Dei gjekk til ein låve, kallast Grindeiue. Svein Halbjørhus f 1863, fylgde dei.
Valdrisen kunne ikkje venta til dess dei var komne inn i løa, men gav Lars eit slag. Med det same miste valdrisen eine skoren. Lars fata skoren og la til valdrisen med så han stupte, og Lars måtte stø han då han stod på føtene att, så han kom seg bort frå kampplassen. Men no var Lars så sinna at han reiv sund denne nye skoren og kasta han i andletet på valdrisen.

Ein gong etter dansen var slutt og ein folkehop stod i svall oppe på Storejorde, ville hallingane ta ein valdris — Ola på Kveno. Dei var så visse på å få tak i han at dei laga i stand ein slede — på lag som dei skulle slakte ei kyr. Nokre karar hadde alt fått tak i valdrisen og heldt han. Men nokre uredde karar av sambygdingane hans gjekk på, slo hallingane over nevane så dei måtte sleppe taket, og Ola’n kom seg undan.
I 1823 hadde ein Ulnes frå Valdres brukt seg på nokre hemsedalsgjenter under Lykkjedansen. Då gauv ein halling på han og sa: Du som er karmann får lata gentudn gå i fre’! Hallingen drog trøya framover hovudet på han så han ikkje kunne sjå noko. Under denne bataljen fekk Ulnes’n høve til å tråkke på trøya og fekk rive ho av seg og kom seg undan. Elles hadde han nok fått faderleg juling.

At det var i 1823 stor-slåstinga var på Lykkjedansen, har eg fått veta m. a. av kona Birgit Sveinsdotter Storejorde, gift med Tore Grøto. Ho døydde på Hjallen i Gol 1904, 98 år gamal. Ho var sjøl med på Lykkjedansen den gongen og såg på oppstyret. Då var ho 17 år gamal gjente. Av hemsedøler som møtte fram til Lykkjedansen som godkarar kan ein nemne Ola Grohaug og sonen Nils, og så Endre Einarson Jordheim.

Rotneims-Knut
I fråsognene frå Lykkje-dansen får vi høyra om ein kjempekar som også elles er velkjend i den folkelege tradisjonen: Røtneims-Knut frå Gol. Det er til han det vidgjetne slåttestevet er knytt: Røtneims-Knut, leug og mjuk, det finst ikkje kar som kastar ‘n ut». Denne Knut gjekk frikar på fleire stemner, er det fortalt. Han hadde tilknyting til Valdres, med di kona hans var frå Ranheims-bygda i Nord-Aurdal. Han var ofte på Lykkje-dansen: «Ein gong var det ei kjempe frå Valdres som ville kaste ei helle mot han. Røtneims-Knut gjekk med ei låshelde i handi. Denne kieste han til vaidrisen med og råkte han på augnebruni, så ho seig ut over auga. Han greip over augnebruni og drog ho oppatt. Då vart det så mange vaidrisar om Knut at han spratt ta hesten sin og bort åt eit vedlad og tok til å kaste ved etter vaidrisane. Då kom hallingen Halvor Svang og fekk freda uroi nedatt.

Frå dei store stølsgrendene noko lenger sør, i Tislei-dalføret, finst det fråsegner om fire stemner, for ein del på Halling-sida, for ein del på Valdres-sida. Av tradisjonen går det fram at alle desse stemnene ikkje var like viktige og mangmente, og heller ikkje vart dei alle haldne helt samstundes, endå om dei alle gjekk føre seg under stølsslåtten, d.v.s. frå femte til sjuande sundagen etter jonsok.

Rotneims-Knut var også på Lykkjedansen. Ein lykkjar har fortalt at Knut ein gong kom ridande dit på ein grå hest. Ein hemsedøl, H. R. flidde han lommelerka si. Knut drakk så han tømde flaska, så kasta han hemsedølen som skjenkte han, burt i elt briskekjerr. Jørn Himesbergo frâ Valdres og sonen Nils var av spelemennene her. Jørn var meisterspelemann. Segna går, at han spela slik at elt drabbfuilt brennevinsglas krek frå attarste bordenden og bort til høgsetet, der Jørn sat.Men då gret han og orka kje å spela meir den dagen.

Høyda-dansen.
På stølen Høyde, like ved Halling-grensa, var samlingsstaden for Høyda-dansen. Om denne opplyser i følgje Solheim ein heimelsmann: «Bortved halling-grensa, eit stykke frå Furuhytta i Tisleidale, ligg stølen Høyde. Her vart Høyda- dansen halden. Så vidt eg hugsar, var det 5 sundag etter jonsok. Her ståka dei på same vis som på Vaset. Men her møtte det aldri så mykje folk». Høyda-dansen reknast som ei lita stemne, og det skal inkje ha vore mykje å fortelja om tilstellingane og hendingane der.

Fløta-dansen
Fløta-dansen gjekk føre seg på stølen Fløte i Nord- Aurdal på nordsida av Tisleia. Dansen var på ein stad som enno heiter Dansarfete ved Svenis-fossen, oftast den sjuande sundagen etter jonsok. Solheim skriv: «Ein heimelsmann fortel etter far sin korleis det gjekk til på Fløta-dansen: «Han far tala mykje om Fløta-dansen. Her møtte det fyrst opp ungdom frå dei over 30 oppsitjarar på Fløte. Men det møtte òg fram mange frå dei næraste stølslagi. Ofte var det mange hallingar der òg. Du veit det ligg ei mengd hallingstølar på den andre sida av Tislei-elvi. Ofte vart det fyll og leven. — Ein gong var det ein halling som gjekk på Fløta-danse med naken kniv og spurde om nokon ville bli med han på tomannshand. Då var det ein Lars Hippo som melde seg. Hallingen dro av stad føre, og Lars luffa etter. Med eitt spratt Lars på hallingen og tok av han kniven og kasta han på elvi. Men då fekk hallingen fort føter å gå på».

Kamba-dansen
På Halling-stølen Kamben vart Kamba-dansen halden på same tid som Vaset-dansen stod», er det opplyst i gamle kjelder frå Valdres. «Det var gjerne ein dei valdrisar her òg, serleg frå Nord-Aurdal og Vestre Slidre». Kambadansen skal ifløg Solheim ha vore nemnd i tradisjon frå Hallingdal, i ei opp- skrift frå Hemsedal. Her gjekk det føre seg på same måten som på dei andre dansane. Det er fråsegnene om dansen, drikkinga og slagsmåla som gjer seg mest gjeldande. «På Kamba-dansen var endå til kvinnfolki med og slost», opplyser ein forteljar etter bestefar sin. Villskapen som ovra seg der, skapte i siste halvparten av førre hundreår ein veksande mot- vilje mot stemna. Denne folkemeininga vart i serleg mun forma og nørd av kristelege vekkjingar som gjekk over bygdene. Illustrerande for denne stemninga av motvilje mot Kamba-dansen er fylgjande forteijing: «Det gekk getord av villskapen på Kamba-dansen. Ein Nils Ulnes var svært kristeleg. Han fór mykje over bygdene her og selde bøker. Skal tru om han ikkje var som eit bibelbod. Etter han hermer dei: «E ha be-e so trutt te Gud at ‘n i morgo vil la de regne og tome so svært at ingjin kann koma på denne stygge Kamba-dans’n». — Og rett nok. Dagen etter var det nett slikt ver som han Nils Ulnes hadde bede om. Men i alle desse forteljingane om villskap og drikk er det også gjevi forvitnelege opplysningar om andre sedvanar, som høyrde med til stemna, og som er av serskilt interesse når det gjeld å skjøna kva rolle desse samkomene røynleg spela i eldre tid. Ein forteljar opplyser såleis: «Sume kappreid heile dagen på Kamba-dansen. Her òg selde hallingane mykje ijå, skjøror og lauvknivar. Ein Klantin avberga mykje uro her».

Vasetdansen
Hallingane møtte gjerne mannsterkast opp den 6. sundagen etter jonsok til denne stemna. Den største stemna i Tislei-dalen, på Valdres-sida, var Vasetdansen, som vart halden på stølen Vaset to sundagar etter kvarandre, ser det ut til: På sør-austre sida av elvi Tisleia i vestfjellet i Nord-Aurdal ligg stølen Vaset. Like ved stølen ligg ei fin slette, som no er slegi inn i stølsvollen. Her var det at den namngjetne Vaset-dansen vart halden. Det var serleg hallingane og valdrisane som møtte fram her. Og dansen stod den 6. og 7. sundag etter jonsok. Valdres-tradisjonen vil elles ha det til at denne dansen i endå eldre tid gjekk føre seg på ein annan stad, litt aust for Vaset, på stølen Merkjis- fete: Det er sagt at i stemnetidi vart det helda over 100 hest der. Mer så fann Merkjis-mannen ut at hamnen hans vart skadd, så han laut få slutt på denne ståken på Merkjisfete. Så sa han til stemnefolket ein gong: «Vil dø te næste gong fløta te Vaset me danse dikka, ska e bryggji ei tynne øl åt dikka. Øle ska e laga so stert, at de ska bli fulle alle mann, um de drikk tå di!» Stemnefolket tok han på ordet. Såleis kom stemna til Vaset. Men Vaset hadde truleg før òg vore ein stemneplass». Det står ein serskild glans av Vaset-dansen i Valdres-tradisjonen, kan vi lese av Solheim. «Det ligg føre ei mengd fråsegner, som skildrar folkeliv og hendingar der, slik det gjekk føre seg i siste halvparten av førre hundreåret. Vi får av frå segnene eit sterkt inntrykk av den store rolla denne samkoma spela forfolk flest, folk som år etter år møtte opp her, levinnei. som menn, unge som gamle. Ja, så viktig var denne stemna at ‘når ein gut sette seg sumar- tenest på ein gard, så tok han seg undan rett til å få ridehest til Vaset».

Om folkesamlinga på Vaset og ferdene dit er det opplyst: ‘I tidi i kring den 6. og 7. sundag etter jonsok var mest alle tenestfolk og sjølvefolki på gardane på stølane og slo stølsvollane og dreiv med annan åsslått. Denne tidi var det difor svært folksamt i stølsstroki. Alle som på nokon måte frå kunne koma, laut no til Vaset, serleg ungdom, men òg ei mengd eldre. Denne stemna hadde leika i hugen åt ungdomen eit helt år no. Siste Vaset-dansen hadde dei tala om så ofte. No stunda dei til neste. Det var dei venaste og sprækaste gjentone og gutane som møtte frå Hallingdal og Valdres.» No ville dei få slå ein svall med kvarandre att. Gutane skulle få danse metten sin med dei finaste gjentone og taka eit ryggtak med sprækaste guten, — ja, jule han blå, om han var huga yppe seg».
Det heiter at «Hallinggjentone var mest alle kledde i vene hallingbunader med side, vide og svarte skjørt, utsytt liv og kvite skjorte-ermar. Det lavde av silke, sylv og utsauma rosor. Dei grummaste reid i vene, utkrota kvinnesalar. Det skein og lyste lang leid av dei fagre ridedoningane. Og hallinggutane var ikkje mindre gjæve. Sume hadde stutte knebrøker, andre hadde langbrok, som var vid ned. Gamlekarane hadde køll-huvor og knebrøker med ei sylvknapperad ved kvart kne. Dei fleste hadde òg sylvknappa stutt-trye og sylvspente skor.

Flott er skildringa av hallingene, gjengjeve av Solheim: «Det skulle ha vore eit hugtakande syn â sjå det fargerike fylgjet av ven hallingungdom møtast der oppe på det naturfagre Vaset. Mang ein gamal valdris blir rørd, mest til tåror, når han talar om dette. — Valdrisane møtte òg fram frå alle kantar i beste Valdres-bunaden sin, ridande og gåande. Hestane vart helda — oftast med låsheldor — og slepte på hamnen rundt dansarfeten. Utetter dagen samla det seg ofte i hundretal hestar og endå meir folk». Om sjølve innhaldet i stemna, det eigenlege programmet, gev tradisjonen mange forvitnelege opplysningar. Desse opplysningane lærer oss å kjenna nokre av dei tradisjonelle skikkane som har utgjort den faste kjernen i stemna. Ei gransking av skikkane vil helpa oss til å skjøna meininga og føremålet med slike stemner og dermed opphavet til dei».
Det tradisjonelle elementet som fyrst fell i augo, er dansen, som også har gjevi namn åt dei fleste av dei store stølsstemnene: Vaset-dansen, Lykkje-dansen osb. Om dansen på Vaset fortel ein heimelsmann: .»I den eldste tidi dansa dei på ein fet, som er omlag 30 m rett opp for det selet som no står på Vaset. I seinare tid heldt dei dansen på ein fet ei 50 m rett vest for selet. Dei tok til å danse tidleg på dagen. Det var i alt tre store dansefetar på Vaset. Dei låg alle nære ved kvarandre. Her dreiv dei no og dansa heile dagen. Når nokon slutta, tok andre til att. Slik heldt dei det gåande heile dagen og kvelden og ofte langt ut etter natti med. Når det tok til å mørkne, bar det ofte inn i hus. Det var bygt opp eit dansar- hus nær attmed selet ei tid. Her bråka dei og dansa frametter kvelden og natti. Ein annan opplyser: «Det var vanleg to dansefetar jamsides kvarandre på Vaset. Spelmannen sat på ein stein midt mellom fetane, og båe dansarringane kunne då danse etter ein og same lått, Men dansen som moro var berre den eine sida av saka.

Eit gamalt fråsegn seier: «I fyrstningi av stemna gjekk det oftast fint og pynte- leg for seg. Kvar dansa som best han kunne. Det var ein heider å vera beste dansaren i laget. Mest vart det dansa springdans og halling. Ofte var det då kapping i å gjera dei høgste og mest stempla rundkast. Då galdt det å spenne slik at ein kom ned att likt med båe føtene. Og den guten som spente høgast og finast, kom i høgljod i båe dalane’. Ein hei- melsmann illustrerer dette med eit døme: «Sume synte kor mjuke og fjørne dei var, med å kruke, Eg veit eg såg gamle Gautin kruke på Vaset. Det var kar som naut seg godt. Gautin var då kledd på den gamle halling- måten med kolihuve og knebrok med sylvknapperad ved kne-i og sylv- knappa stutt-trøye». Dansen var som ei framsyning av den beste danse- kunsta som fanst i bygdene, det var ei tevling om kven var den sprækast og beste dansaren. Til dansen høyrde dansemusikken: «Dei glupaste felespelmenn i båe dalane hadde òg møtt fram. Langeleikspelarar kom òg. Halvor Fuglhaug var ein svært dugande langeleikspelar og så Jehans i Hallen, båe frå Valdres. Snart tok spelmennene plass på fetane, og så tok dansen til». Tradisjonen nemner ei rad felespelemenn som gjorde seg kjende utover bygdene m. a. ved at dei spela til dans på Vaset».

Jørn Hilme
Ein heimelsmann, som sjølv er spelemann, gjer greie for dette: «Av kjende felespelmenn, som var årvisse på Vaset i lange tider, kan ein nemne Jørn Hilme og sønene hans, Jørns-Nils og Jørns-Trond. Og så var Bendik i Nø’n der. Eg var spelmann på Vaset ei 3—4 år. Noko tente me. Det vart gjeve litt spele-pengar.

Bendik i Nø’n
— Ein gong Bendik i Nø’n let nokre lauslåttar, sa nokre gamle hallingar: Å nei, å nei, no let de nokk no!. — I oppveksten min var det mest han Bendik i Nø’n som var spelmann på Vaset. Det var god spelmann. Eg har ikkje høyrt nokon som har nått han i å spela høgt, fint og reint.

Lars på Veslestle
Ein annan heimelsmann nemner ein Lars på Veslestle frå Liabygda som ofte spela på Vaset, og fortel dessutan ei typisk spele- mannssoge om meisterspelemannen Jørns-Nils. Han idet der med satans- kunst. Ein gong sat han saman med fleire inne på stølen Vaset. Det var endå eit stort bord inne. Midt i ein lått stana han og la fela på bordet. Men fela let låtten til endes medan ho dansa bortetter bordet så langt det rokk. Då kom ho dansande attende til han Jørns-Nils».

I gamal tradisjon heiter det i følgje Solheim: ‘Når gutane vart leie dansen, fekk dei tak i hestane sine, læste av dei heldone og svinga seg i salen, om dei hadde det. Så bar det til å kapp- ride. Tråvarbanen gjekk frå dansarfeten og bortetter framom der Ørm- hamarbrune no er. Det var ei ære å ha den snøggaste og sprækaste hesten. Det var helst brennevin dei kappreid om. — Av og til kunne det alt no ryke saman i vilt bismi. Då reid dei mot kvarandre og slo vilt med lås- heldone, så blodet rann og bein brast». Dertil kom så serlege folkelege former for idrottstevlingar. Ei frå- segn skildrar korleis dette vanleg gjekk føre seg: ‘Ofte prøvde godkarane kvarandre i å ta tak, ryggjetak og broketak og i fingerkrok-draging. Rundt i ring stod hallingane og valdrisane, gutar og gjentor, og fylgde basketaket med eldhug. Den dalen som hadde frikaren, kom på folke- munnen. Og sprækingen sjølv vart sett på som noko av ein folkehelt. I alle fall hadde han berga æra te Haien sin. Stundom vart det også synt fram karsstykke som låg utanom det vanlege, og som det vart fortalt ser- skilt om i bygdene. Ein heimelsmann fortel om ei slik minneverdig hen- ding: Ein kjempekar dei kalla Knut i Stølsdok’n, synte ein gong hal- lingane kva kar han var. Ein halling sat på ein stor, glup hest og skrøytte. Då greip han Knut tak i nova åt hesten, reiva ho eit kast kring handi si, spente odt tak med føtene og bad hallingen ride. Han slo til hesten med låselda si, men hesten stod som han var spikra fast. Folk lo så det heldt å seig over ende. Både kappridinga og styrkeprøvene vekte storinteresse, og det fylgde stort gjetord og stor ære med å ha den sprækaste hesten eller å vera frikar på stemna.

Det skal på den gamle Vaset-dansen vart haldi tevlingar i folkesong og i kunsten å fortelja gamalt. I samband med stemna hadde det vaksi fram eit marknadsliv på Vaset: I utkanten av stemneplassen gjekk småhandeien livleg. Det vart handla ljå, sigdar, lauvknivar og vanlege knivar. Det var serleg hallingane som hadde ljå og andre bitjarn til å selja. Sume selde vad- mål og anna ty, vottar, sokkar og andre bundne saker. Ein og annan handla eller bytte hestar. Skreppekarar hadde møtt opp med silkeplagg og annan kvinnestas, som dei selde.Omsetnad av bruksting gjennom byte eller handel er sikkert ein ov- leg gamal institusjon i samband med folkelege samkomer i det heile. Men i fråsegnene frå Vaset-dansen kan ein tydeieg skilja ut visse former for handel som skriv seg frå nyare tid, og som kan nokolunde daterast. Den serlege skreppehandeien med stasting o. likn. dukka opp og gjorde seg gjeldande fyrst på 1700-talet og utover og kom i fylgje med dei borgar- lege næringane og samfunnsformene som trengde seg sterkare og ster kare fram på den tida. Og fram mot den tida då den gamle Vaset-n sen lakka mot slutten, kom handei med — og servering av — mat og drikke på stemnestaden, ei form for kaféverksemd som fylgde med fram- voksteren av turist- og hotellnæringa på landsbygda.

Ei form for handelsverksemd må nemnast serskilt. Det var brenne- vinshandeien. Bruk av rusande drikk ved folkelege samkomer veit vi er noko ovleg gamalt. Og at folk handla og bytte til seg rusdrikk, er også gamalt. Men den brennevinshandelen ein møter både på Vaset- dansen og i samband med alle andre slag folkelege høgtider har ein ser- skilt karakter: sal i smått, utskjenking av brennevin som leveveg. Dette er noko som skriv seg frå relativt ny tid på landsbygda, 17- og 1800- talet. Det var rangsida av det nye borgarsamfunnet som kom til ut- trykk m. a. på denne måten. Om brennevinssalet på Vaset er det opp- lyst: «Men etter kvart tok dei sterke saker til å verke. Fleire og fleire av karane fekk ærend bort i haugane. Der vart flaskone tømde. Vart det for lite det dei hadde med, var det jamt møtt fram slike som selde brennevin i pælar og pottar. Borti haugane låg det gjerne nok av gaukar, tøllegauka kalla me dei, for dei heldt gjerne til under ei stor fure. Dei hadde ofte med seg jøretjugepøttinga, som dei selde ut. Det var vanleg ei halv mark pælen. I utnemnet gauk er det gjevi ein råkande, folkeleg karakteristikk av brennevinshandlarane. Det er nedsetjande å jamføra personar med gauken, snyltarfuglen, som let andre arbeida for seg og klekkja ut og føda avkjømet.
Av den nyare tradisjonen kan ein tydeleg lesa seg til korleis den aukande fylla på stemnene verka som ein av dei sterkaste drivkreftene til å oppløysa og undergrava det gamle tradisjonelle innhalde i samkoma — og dermed til å demoralisera dei menneske som samlast her. Samstundes er det tydeleg at folk ikkje lenger hadde nokor klår forestelling om det eigenlege innhaldet i stemna, og då måtte den nedbrytande verknaden av brennevinet gjera seg serleg sterkt gjeldande. Alle skuggesidene ved dei gamle sedvanane kom meir og meir fram i dagen og vart oppfatta som det eigenlege innhaldet i stemna. Heit kapping førde også i gamal tid lett til strid og dragsmål, men etter kvart som brennevinet fekk større og større plass på programmet i nyare tid, fekk slagsmåla ein annan karakter. Dei vart villare og meir lausslepte og utan meining og føremål — som ei blind øydelegging. Dragsmåla hadde mist karakteren av vera tevlingar om kven var sterkast og sprækast, og vart i staden prøver på kven som kunne bruka kniv på den sløgaste måten og stikka kvarandre ned utan at motstandaren såg det og kunne verja seg. I tradisjonen fra nyare tid er det såleis fråsegnene om serleg fæle slagsmål og stygge slag og sår som tek største plassen. Og det enda med at politimakt vart sett inn. Om dette er det opplyst: I den siste tidi Vaset-dansen stod, var det av og til ordensvern på Vaset. Fautane i Valdres nemnde stun- dom ut bygdefolk til ordensvern eller politi, som skulle vera på Vaset- dansen og halde styr på villskapen».

Alt dette synte berre at den gamle stemna hadde overlevd seg sjølv og var mogen til å verta avlagd. Og striden mot Vaset-dansen reiste seg. Det vart i det ytre ein strid mot fylgjene av det nye innhaldet i dansen, og den kom til uttrykk på den måten at det vartskapt ei folkemeining mot heile fjelldansen i bygdene kringom. Det var serleg dei religiøse som førde striden, og prestane gjekk i broden. Nokre av dei tok til å halda messe på Vaset same sundagen som danen skulle vera. Dette førde etter kvart til ein snunad i folks vurdering av fjell- dansen, mange fekk stygg til livet der. Drikkinga og slåstinga vart fram- stelt — og oppfatta — som vondemannens verk. Illustrerande for dette synet er fylgjande fråsegn frå siste tida det vart haldi dans på Vaset: «Stundom tykte dei fleste at villmannslivet tok overhand. Det var Satan sjølv som dreiv spelet sitt på Vaset-sletta. Stundom synte han òg på ymse måtar kven som var herre på Vaset. Ein sundag det var Vaset- dans, stod det ei mengd med fórsåtor på Vaset-sletta. Der visste dei ikkje ordet tå, før såtone fór til vers, så fórspruten fór himmelshøgt. Alle meinte det var Hinmannen som synte seg såleis. Kring 1890 vart det så slutt med den gamle stemna på Vaset.
På fjellet lenger i sør-aust, mellom Gol, Nes, Sør-Aurdal og Hedaleri, vart det i eldre tid haldi nokre større stølssternner. Valdres-tradisjonen nemner fleire stemnestader i dette stroket. Det er m. a. opplyst at det ein gong stod ei dansestemne i Rennsjødalen i Sør-Aurdal. Vi- dare er nemnt ein dans i Muggedalen, i stølsfjellet på grensa til Hedalen. Men tradisjonen har ingen ting å fortelja om korleis det gjekk til på desse stemnene, det vert berre sagt at det er så lenge sidan det vart slutt med samkomene der at ingen veit noko meir om det. Betre opplysningar har vi om eit par andre stemner i same stroket Om den eine heiter det: På Stabbefete ovan Skrikkarvol’n var det dans. Ofte møtte det fram hallingar òg. Her tok presten Sommerfelt til å ha fjellmesse, og då vart det slutt med dansen. Her spelte Arne Spangrud på fløyte, og ungdomen dansa. Dette var i sæterslåtten. I Bjødalen, ein støl i Reinli-sokna, vart det haldi dans i gamal tid.

Bjødals-dansen
Om stemnestaden og sjølve samkoma der fortel tradisjonen: Bjødals-dansen vart halden på Bjødalsfete, nordan Bjødalsvatnet. Denne feten er på ei stor slette. Det var endå til ridebane på henne. Han var ei 400- 500 m lang. Der møttest det både vaidrisar og hallingar. Og livet arta seg stundom som på Raudalsmøto. Men oftast var det med berre folk frå dei næraste stølsstrok. — Det er omlag ein kilometer til Bjødalsfeten frå Bjødale».
Av dette går det fram at stemna på Stabbefete og Bjødals-dansen hadde omlag same karakter som dei andre kjende stølsstemnene, men dei samla ikkje så store folkemengder.

Raudals-dansen
Den eigenlege storstemna i dette stroket var den som går under namnet Raudals-dansen. Den er om- handla i folkeleg tradisjon både frå Valdres og Hallingdal, og frå segnene om stemna i Raudalen har også vorti grunnlag for litterær ut- forming av Mikjel Fønhus i forteljinga «Raudalsdansen. Det som er opplyst om denne stemna, tyder på at stemnestaden har skift noko gjennom åra. Den siste tida då Raudas-stemnene — eller Raudals-møto som dei òg vart kalla i Sør-Aurdal — vart haldne, var møtestaden på Bekkjivølle, næraste sætra på Valdres-sida. Men som namnet på dansen og tradisjonen elles viser, var stemnene i eldre tid — så langt attende som folkeleg fråsegn går — knytt til stølen Rau- dalen. Den ligg på halling-sida, ved grensa mellom Hallingdal og Bagn i Sør-Aurdal. Staden har frå gamalt von eit naturleg sentrum.

Kring Raudalen ligg det ei mengd stølsgrender, Halling-stølar og Valdres- stølar. Like ved Raudals-stølen er det eit terreng som gav høveleg «lo-kale» for slike store samkomer: «Oppå ei høgd, Raudalsknatt’n, rett opp for stølen, er det ei vid hall med Dansartjedne i botnen. På søre sida av Dansartjedne er det vide flator. Her var det store vidder til å kapp- ride på, ridebane. På ein låg haug ned mot tjernet var den eldste dansarfeten. Ei 100 m lenger ned var ei mindre hall, som låg så lognt til for vinden. Her var det ein flat, fin dansarfet i botnen med ein fin stein til å sitja på for spelmannen. Rundt om på tre leier var det bakke- skråningar med sitjeplassar, som gav godt utsyn over dansarplassen. Svært ofte var det her leiken gjekk aller villast. Raudals-dansen vart halden på same tid som Vaset-dansen: 6. og 7. sundagen etter jonsok. Om tidspunktet og elles om det tradisjonelle «programmet heiter det frå Hallingdal: «Denne dansen vart halden den fyrste og gjerne andre sundagen dei var bortpå og slo, for då var det mest ungdom på stølen. Denne sundagen vart også kalla slåttesundagen. I gamal tid kom dei ridande hit. Her hadde dei ridebane, og føre dansen kappreid dei. Her var det både hallingar og valdrisar som møttest, og når dansen tok til, enda det som regel med kraftigslagsmål.
Hallingen var på den eine sida, og valdrisen på den andre. var stod samla. Og sjølv uvener på den eine sida kunne halda saman mot dei på den andre sida. Så når det viste seg at det eine partiet vann, så rydda dei plassen, og alle drog til sin kant. Det vart gjerne slutt ved 2-tidi om natti. Dei tok til ved 2-tidi om dagen». Det var stor stas med ferda til Raudals-dansen. Alle som ville vera noko til folk, sytte då for at dei kom til hest — som til Vaset. Så vik tig var dette at salle som var på sætrane rundt i kring skulle til Raudals møto. Alle hestane på sætrane i kring vart nytta til ridehestar. Både kar og kvinne reid. Sume hadde salar, andre reid utan. Hestane vart helda med låsheldor og slepte til hamnes rundt Raudalssætrane. Av dei er det no ei ni til ti». Dette med ridinga var så vanleg før at œår nogen borte i Valdres festet sig som tjenestegutt, da brukte han gjerne tinge sig fri ridehest til Raudalsdansen. For en vet det var altids gildest å ri.I samband med det tradisjonelle programmet for stemnene er det alt nemnt at det var ridebane på Raudalen. Kvart år var det kappriding der. Denne gjekk vanleg føre seg før dansen tok til. I Fønhus’ skildring av ein Raudals-dans heiter det om dette: Først på dagen hadde de byttet hester, og flogen hadde kappridd. Den raskeste hesten
I år var fra Svenkerud i Hallingdal, og det var en ære for ham som åtte den. Om kappridinga og dei andre tradisjonelle sedvanane på stemna er det opplyst fylgjande i Valdres-tradisjonen: Kappridingi stod ved dei store vollane ved Dansartjedne. Denne gjekk oftast føre seg i all venskap. I dans, kappriding, hestekampar, dragsmål og slagsmål samla valdrisane seg på ei side og hallingane på hi og såg på. — Båe folkeføre møttest fordi dei ville så kvarandre, bli kjende og nye oppatt gamal venskap. Spræke karar ville òg gjerne prøve krefter. Det gamle var å dragast. Og den som vann det fredeiege dragsmålet, vart namn- gjeten i båe bygder. Ho som var fingjenta, vart oppropt i båe dalar. Spelmennene kappast. Og folk hissa hin gastane saman til å slåst, sa far. — Det var såleis noko vist oppsedande ved Raudalsmøto. Og inn i mellom, i kvilone var det hestehandei og hestebyte, småhandei med bitjarn, klokkebyte og knivehandei, slik som dei dreiv det på Vaset. Det som gjekk føre seg på Raudals-dansen hadde i det heile same karakter som sedvanane og hendingane på Vaset-dansen og dei andre større samkomene vi har lært å kjenna. Vi får greie på nokre av dei spelemennene og slåstkjempene som vann gjetord på Raudalsdansen, vi får livlege forteljingar om nokre av dei fælaste slagsmåla der, slikt som folk tala om i lange tider etterpå. Fråsegnene om Raudals-dansen er i sitt innhald stort sett dei same som går om dei andre store dansane.

Forvitneleg er det å sjå korleis alle forteljingane om dragsmål på desse stemnene syner tendensen til å skapa ein røynleg segntype, som er bygd opp kring eit fast motiv. Eit opphavleg røyn- leg hende har vorti til eit motiv: Ei slåstkjempe stemner ein annan til å møta til dragsmål på neste dans, men då bør han ha likskjorte og gravpelsbrennevin med seg. Dette draget har spreidd seg, og ein finn det att i fråsegner både frå Lykkjedansen og Raudals- dansen. I tradisjonen frå Raudals-dansen er motivet knytt til ei for- teljing om kjempa Brettung frå Valdres: Brettung’n hadde ein gong fare ille med mange av hallingane. Dei hadde difor late falle ord om at det på neste Raudals-møte var best at Brettung’n tok med både likskjorte og gravølsbrennevin. — Så var det sumaren etter. Sør-aurdølene møtte no mannsterke opp, og Brettung’n var med. Dei hadt no med seg eit helt anker med brennevin, som dei hadde lagt att i ein haug eit stykke undan. Då sør-aurdølene med Brettung’n i brodden kom på stemneplassen, var hallingane samla i stor flokk. Brettung’n steig då fram og sa: Likskjurte har e på me, o likfers-brennevin vanta de heldan inkji. E de noko dø vil?» Det rauk straks i hop til vilt slagsmål. Sør-aurdølene laut røme undan til dei kom dit dei hadde brennevinet. Men då sette dei seg til motverja, så hallingane snart laut røme attende».
Same motivet går att i ei anna forteljing om Brettung: Rundt 1860 var det eit stort steinkast på Raudale mellom hallingane og valdrisane. Fyrst gjekk hallingane på med steinkast. Så sanka valdrisane seg stein og gjekk på att. Då vart hallingane jaga td merk je (d.v.s. staden halli). Valdrisane som var med i dette blodige slagsmålet, var Kjørum’n, Svein Torsrud, Svein Gubberud, Johan Bøen og Mikkjel Torsrud, alle saman namngjetne godkarar. Det er sagt at denne gongen kasta dei av armen på ein halling, som eg trur dei kalla Sparkopp’n.

— Til neste sumar hadde hallingane svore hemn. Dei hadde sendt bod til Valdres at når vaidrisane kom på Raudal’n, skulle dei ta med seg likferdsskjorte og gravølsbrennevin. Brettung’n frå Reinli var den gongen tenestgut hjå ein smed på Øyhus. Han fekk så smeden til å laga seg ein slagsmålshanske, som var godt skikka både til å slå og skjera med. — Raudals-dagen møtte Brettung’n opp på Raudale mått ålein med fem pottar brennevin. Så sette han seg midt på feten på kaggen. Bortanfor han stod hallingane tett i tett. Då tok Brettung’n såleis til ords: ha sendt bø om at den vallers som kjemher i dag, ska ha me likfersskjurte o gravølsbrennevin. Her e graølsbrennevin (han slo på kaggen!) o rein skjurte har e på me! Så rengd Brettung’n av seg trøya og sette på seg det slagsmålsvåpenet han hadd fått laga seg. 0 derme kann dø koma!i. ropte han, og så hua han nde ut. —- Det var ikkje ein halling som letta opp ei hand. Då Brettung’n sidan trefte att sine, vart det sigersfest. Sidan den dagen galdt Brettung’n som eit stort nummer i dalen. Det kan knappast vera tvil om at det er tale om same hendinga. Men fråsegnene skil seg frå kvarandre på mange måtar, og denne variant-laginga saman med det sams karakteristiske motivet synest visa at fråsegna har vorti til segn. Ein atterklang av dette motivet er det vi møter i diktet Fanitullen av Jørgen Moe, — venteleg bygd på tradisjon frå Hallingdal, dersom det då ikkje omvendt skulle vera eit litterært motiv av Moe som har gått over i nyare folketradisjon.
Fråsegnene om Raudals-dansen liknar mykje på fråsegnene om dei andre store fjelldansane også i det at vi i dei får fylgja med i framvoksteren av den folkemeininga i slutten av førre hundreåret som kravde dansen nedlagd. Og dette vart som elles grunngjevi med den aukande villskapen og brutaliseringa av folkelivet som vart valda serleg av brennevinssalet der. Livet på Raudals-stemna vart stempla som ukristeleg, og prestane tok til å halde gudsteneste på stemnestaden for å gjera ende på den gamle dansen.

Valdres-tradisjonen seier at siste Raudals-dansen vart halden i 1897. Og ei forteljing om siste stemna viser klårt korleis folks meining om dansen hadde skift — og gjev stemninga frå den siste samkoma: «Det siste Raudalsmøtet vart halde på Bekkjivølie i 1897. Der vart òg det siste av dei ville slagsmål på Raudale utstridt. Ein halling stal seg inn på den sprækaste karen i Sør-Aurdal den tid og rak ein kniv i ryggen hans like under okslebladet. Hadde kniven gått nokre millimeter lenger, hadde han råkt hjarta, og det hadde vorte spurt ein mann død.

Valdrisen vart som ventande var rasande og tok til å skalle ned halling etter halling, så dansarplassen fort vart rudd. Det vart huing og beiging og eit lurveleven utan like. På same tid lyna det og regna som himmelen skulle vore open. Det var så nifst at denne stemna sette redsel i alle. Dermed slutta Raudalsmøti».
Skal ein freista få eit heilsleg bilete av dei gamle fjelldansane somden folkelege tradisjonen har fortalt om i det føregåande, så lyt ein ikkje leggja for mykje vekt på alle fråsegnene om dans, strid og slagsmål. Dette høyrde nok heime på stemnene frå gamalt av, men det var ikkje det sentrale i sjølve tilstellingane. Av tradisjonen sjølv går det tydeieg fram at kjernen i stølsstemnene var tevlingsmomentet. Det var storfelte framsyningar av styrke og kraft, åndeieg som fysisk, -i form av tevlingar av dei mest ulike slag: spel, song, forteljing, dans, idrott, dragsmål. Og tevlingane galdt ikkje berre folk. Karakteristisk for desse samkomene var tevlingane mellom hestane i form av kappriding og hestekampar.

Fjelldansane var ein lut av stølslivet, og det er ingen grunn til tru anna enn at dette sambandet med stølsbruket er gamalt og tradisjonelt. Og karakteren av dei konstituerande draga i dansane vitna alt i førehand om at ein her har å gjera med gamle sedvanar. Ein kan difor trygt gå ut frå at slike samkomer frå gamal tid har von meir ut breidde enn den nyare stølstradisjonen direkte gjev opplysningar om, at dei i alle høve må ha von vanlege i alle landsluter der stølsbruket har gamle røter. Med utgangspunkt i dei karakteristiske kjennemerka på stølsstemnene skulle det difor vera mogeleg å finna leivder eller minningar frå andre landsluter etter samkomer av same slag som stølsstemnene, eller samkomer som har hatt nær samanheng med dei. Dette vil seia at vi må ettervisa minningar etter samkomer som har flest mogeleg karakteristiske drag sams med stølsstemnene.

Dødsdansen paa Norefjeld.
Paa Norefjeld (paa den store Raumyrsletta indenfor Høgevarde) mødtes i gamle Dage Kryllinger med Sigdøler og Flaaværinger til Dans og Stevne — som Regel hver Sommer i Juli Maaned. Da tændte de Baal og drak sit hjemmebrændte Brændevin, mens Feler klang og Dansen gik, til det endte med Slagsmaal paa Livet. Mangen gjæv Kar fik Merker af Næver og skarpe Knive, og ofte kunde Legen ende med Død og Drab. Sagnet siger, at Kryllinger og Flaaværinger holdt sammen mod Sigdølerne; men ellers gjaldt det jo at prøve Kræfter, eftersom det faldt, og den sterkeste Karen var som Herre og Mester for alle. Paa en stor Sten, Spillemandsstenen, midt paa Sletten sad Spillemanden med troldstemt Fele. Slaatter klang, og Dans blev trampet, og den indestængte Livslyst gav sig frie Tøiler.

I første Halvdel av Juli 1858 holdtes den sidste Fjelddans paa Norefjeld, og Afslutningen blev et Drama, som indtil i Dag har søgt sin Mage i disse stille, fredeiige Bygder. Paa Raumyrene samledes Folk som almindeiig fra Sigdal, Eggedal, Flaa og Krødsherred. Mange havde Ridehest, men flere gik. Brændevin paa Flasker, men mere paa Kagger. Om denne sidste Fjelddans fortælles: Søndag Formiddag med Sol over Fjeld og Skar; Kittil Langebakke sad paa «Spillemandssteinen” og spillede Halling- og Springar, men Tonerrie var veke, og denaaede ikke langt før Vidden tog dem. Da man havde danset en Tid, og Indholdet av Flasker og Kagger var minket en Dei, steg Modet og Kamplysten, og man begyndte at slaas med tørre Næver. De, som havde Hester, satte sig op og red i fuld Karriere mot hinanden. Paa den Maade sloges disse. En som hed Erik Stoa svang sig paa Hesteryggen og skulde hjem, men en Slaaskjæmpe fra Eggedal, som vi kalder Ole, greb Hesten i Rompa og holdt den. Erik slog paa Hesten med Laashellen, men Ole staholdt den; da snur Erik sig paa Hesteryggen og drar til Ole i Hode med Laashellen, saa han sniper, som var han skudt. Men mens man har sviret og danset, har der i Vest trukket op mørke Skymasser; de kommer nærmere og pludselig sænker de sig ned over Fjeldet, mens Vinden fører tunge Regndraaber med sig. Kvindfolk med Paraplyer slaar Ring om Spillemanden for at beskytte ham og Felen mod Regnen; men det er faafængt. Snart slaar Stormen ned over dem med ubændig Kraft, Paraplyer rives i Filler, som var det Papir, og Kittil Langebakkes Spil ender med et Tonebrud.

Raumyrene indhylles i et haabløst Mørke, Regnet oser ned og Taagen jager med forfærdeiig Fart langs Bakkeskraaningerne; og alle disse stakkars Mennesker, som nys var saa modige og glade, de er nu but ængstelige, sultne og trætte, og jages hver til sin Kant — Viddens Vælde er over dem og driver dem ind i Mørket. Og Natten kom. Der var jo saa mange, mange Timers Vei ned til Bygderne selv i fint Veir, og saa at skulle finde frem gjennem Storm og Mørke! Det blev en Kamp for Livet. Stormen rasede og Sneen drev, og det var at befrygte, at Folk vilde fryse ihjel.
Mandag Morgen var Uveiret over, og da Solen steg, laa tre Mennesker liviøse der inde paa Vidden. Spillemanden Kittel Haraldsen Langebakke samt Ole Sivertsen Nore og Gunder Rødningen var borte. Der blev slaaet Mandgard for at lete, og endeiig blev de to fundne:
Gunder Rødningen i Tempeljuvet (paa Veien til Eggedal), og Ole Nore i Nærheden af den saakaldte Steinmand, (en stor Sten ved Færdselsveien mellem Høgevarde og Augunshaug.) Spillemanden Kittel Langbakke fandtes først om Høsten under Randthorna af en Hesteleter. Denne Tildragelse vakte —som rimeligt var – en uhyggelig Opsigt, og siden da gik Fjelddansen paa Norefjeld af Mode og det saa grundig, at den sikkert aldrig vil komme op igjen. Jørgen Moe holdt efter den her nævnte Tildragelse en af sine store Taler. Da han kom paa Prækestolen hin Søndag, blev han staaende længe uden at mæle et Ord. Saa pegte han du og sagde: «Fjeldet tager”. Og der blev en Prædiken, ingen glemte.

Trulseguten
Ein annen god-kar var Jon Torson Toregard, seinare Veslestøl. Det gjekk det ordet at han var den verkelege faren til Trulseguten i Ål. Dei likna på kvarandre med, vart det sagt. Trulsen hadde sjøl høyrt om dette og ein gong var han på Veslestøl for å sjå Jon.

Å late med kjafte
Siste gongen me veit om at det var Lykkjedans, var 20. juli 1851.Det kom berre få folk og ingen spelemann mellom desse, så det vart noko såleis som ho sa det, gjenta: Me leto mæ kjafteo danse. Lykkjedansen si soga var ute. Den religløse rørsla Kari Heie hadde sett i verk gjorde visseleg sitt til dette. Det var nok mange som heldt seg borte av religiøse grunnar. Brennevinslova av 1845 har truleg også lagt sin skjerv til. Hadde ikkje rusdrikken skjemt slik ut, ville Lykkjestemna ha fortona seg som den reine idyll og romantikk, høgsumarsdag der oppe i høgfjellet. 1883 heidt sokneprest Skattebøl fyrste messa i Lykkja fjorde sundagen etter Jonsok, og seinare har prestane halde messe her kvart år, denne sundagen.

Beinedansen
Beinedansen vart halden på Beinehaugen ved Valdres-stølslaget Langestølen ei helg etter Lykkjedansen. Eg har ikkje høyrt noko anna frå denne dansarstemna enn at ein Engebret Ulsåker gjekk på ein dans der og ville selja eit par skor. Ein godkar frå Valdres spurde om han ville dragast om skoparet. Engebret var like sæl. Dei drogst og Engebret vann. Valdrisen betalte verdet av skoparet, men sinna var han, han sa: «Ka va’ detta te vårkrytir då? Han såg ut som elt krytir om våren o lell kunne han ta me. Ved eit anne høve fekk Engebret innsiege eine auga med ein uksepels. Det andre auga stakk han ut med ein syl. Seinare vart han kalla Blinde-Engebret.

Kambedansen.
Staden for denne var stølslaget Kamben i Gol — vart også kalla Vasetdansen og Raksteindansen.Rodalsdansen var på Heradåsen i Gol. Her møttest ungdom frå Gol, Nes og Valdres, helst frå Reinli. Ein hemsedøl fortalde om ein gong han var her, han høyrde ein nesning be med seg ein flokk ungdomar og sa: «De kun’ bli mæ me’, so ska e tiggji mat åt dikko so dæ susa.
Raumyrdansen var på fjellet vest for Krødsherad. Denne vart så sørgjeleg kjend ved ulukka her 1858. Det sette brått inn med slik ein ofseleg snøstorm, at det var med naud og neppe folk kom seg til bygda att, og tre menneske omkom, blant desse spelemannen Kitil Langebakke. Han var den siste som gjekk frå dansarfeten. Og dermed var det slutt på Raumyrdansen for alltid, som det ser ut for.

Heiedansen
Heiedansen var på ein holme ute i Helinvatnet mellom Hyd-dalen og Valdresstølane. Denne dansestemna vart halden om lag på same tid som Lykkjedansen. Dei årvisse dansestemnene her var det slutt med for ein 40—50 år sia, men det bar vore dans der sia og, så av og til. Her syner endå greit spor etter to dansarringar, ein stor og ein liten. I den store ringen er det store spor. To steinar oppå einannan — spelemannssessen — står her framlels.

Storlidansen
Storlidansen — i Storli-stølslaget, mellom Hyddalen og Helinvatnet vart halden til for om lag 20 år sia. Det er prestegarden og Kvam i Vang som har stølar her. Hyddalsungdom møtte opp her og dansa med valdresungdom 2. Nyttårsmessa. Då Gol og Hemsedal vart skilt ut frå Nes, som serskilt prestegjeld, var det vanleg at det var messe i hovudsoknet juledagane og i Hemsedal nyttårsdagen. Denne dagen var det som verst ståk med brennevinet ved kyrkja. Kvar ein gut og kvar ei gjente hadde si lommelerke med — mann og kone og, som oftast. Elles var det til vanleg få koner til kyrkje vinterstid. Lommeflaska tok ein pel (‘4 pott). Somme av gutane hadde to slike lommelerker med seg. Somme karmenn var ikkje godtsom inne i kyrkja, men derimot alle kvinnfolk. Så snart messa var slutt gjekk ungdom i flokkevis — helst 4—6 stykke i lag inn i uthus, eller bakom uthus her på Kyrkjebøn, drakk brennevin og åt julekake, sukker og brisketreak. Her var mykje prat og akkordering. Det hadde vorte skikk at gutane skulle tigge og be gjentene om desse ting. Og gjentene skulle halde seg kostbare i fyrstninga og låst som dei ikkje hadde med nok0 slag. Gutane måtte då tumle og leite etter brennevinsflaska deira, tok denne og drakk. Då var endeieg tida komen for gjenta å be guten drikke. Ho tok då opp or lomma sukker og kaker. Sukker, det var ein stor klump kvitt-sukker. Kjøpmennene i Drammen visste godt kva slike sukkertoppar skulle nyttast til og dei kalla desse for hemsedalske kyrkjeklumpar. Slike sukkerklumpar hadde gjentene med til kyrkja kvar messe, men julekake berre i julehelga. Andre messer med sers rikeleg traktement med brennevin var skjærtorsdag og messer det var altargang. — Ungdomen sag dei då serskilt på dei såkalla ungdomsmesser — ein laurdag om våren og ein laurdag om hausten. Det var ikkje berre på Kyrkjebøn dei hadde for vis å nyte slikt traktement, men også etter kyrkjevegen, det var visse halde plassar. På Nordbygeungsvegen, der eg var med, var det på Sveholtane ved nedgangen til Holto, ved vegskilet opp til Finset, på høgste Hustadhagen — (å du, kor mykje rart det er prata på kyrkjeveg!) og ved Tuvsbrua. På Sørbygdingsvegen var det slike haldeplassar ved Grøtesteinen og oppe på Markegardsbakken. Etter nyttårsmessa drunta ein lengst på Kyrkjebø’n — fleire timar.
Då det tok til å mørkne, tok brennevinet til å virke. Drukne kjempekarar førde høgrøsta tale, skrytte av styrken sin, bydde styrkeprøve med kven som helst, dragsmål og slåssing. Nordbygd stod mot Sørbygd. Det gjekk gjetord om nyttãrsmessa her, og det møtte ofte opp god-karar frå Gol. På Kyrkjebøn stod sør bygdingar og golingar samstelte, når dei kom til Sørbygden kjempa dei mot kvarandre. Dei stod i to flokkar og brukte kjeft, egla og spotta kvarandre. Eldre folk tesmeir stod eggja godkarar til å gå fram og svara på spotten, og — om mogeleg gi juling. Ein god-kar som var eggja og lokka frampå ein gong, stod trampa i snøen og spurde motparten: «Vilja de ha krøtu? Men då tagde dei. Ofte kom dei saman til dragsmål, og ein og annan gongen til slagsmål. Det hende det var personlege oppgjerd i fylla på kyrkjeveg. Ein gut som var forsmådd av gjenta han hadde fridd til, kunne halde ein liten moralpreike til gjenta: Du Marte, — e kan kje få de’ e, tå di far din veit han Guttorm eig halvtjuende mål fintoppmark meir enn e. Smått stell. Her i Nord-bygden æ dæ jamt noko mål fintoppmark som avgjere dæ, kem ein ska leva mæ i livet. Smått stell.
Siste slagsmålet ved kyrkja var i 1872. Ein nordbygding slo ned ein sørbygding så han rulla, folk bar han inn i eit vedskur. Her såg dei at mannen ikkje hadde sokkar, men berre støvlar på føtene midtvinters. Ein gong — kan hende to — var lensmann Meier ved kyrkja som politi. Men folk rusla på like godt for det. Drakk og skreik beint for augo på honom. Som sagt: Ikring 1872 vart den siste dyst utkjempa ved Hemsedal kyrkje. Det vart meir og meir slutt med brennevinstrafikken og det vart også slutt med den gamle nyttårsmessa.

Materialet er mellom anna henta frå følgjande kjelder:
Hemsedal 1814-1914
Forfatter:
Flaten, Hans

Norsk sætertradisjon
Forfatter:
Solheim, Svale
Oslo : Asehehoug, 1952
Krødsherred : jubilæumsskrift 1914
Forfatter:
Sæter, Ivar
Kristiania, 1914

Reklamer

3 kommentarer

  1. Litt ekstra om Kambedansen etter et lydbåndopptak jeg tok med Kristi Treverket f. Rust i 1965:

    Kambedansen han va ne’ve’ Rudningsvøll’n, han, og der va’ ræ slagsmål og dans te kor sommar. I dei ti’n slåttely’n va burtpå va’ ræ tjukt med følk der. Det va so mykji slagsmål der at det va ei kjering tå Buo: Hona tok hesten og rei heim på Kamben og rei rundt dansarringen og slo med heldun, so at ho jaga heile dansarly’n veit e. Det va ho gamle Rangdi Rust, ha e høyrt.
    Han låg like burta fjøse hass Per Rudningji. Det va ne’på der. Og der kunna du sjå stein’ og føtatn ette spelemanne, med, der ‘an ha Siri trøtt, akkurat so. Men no æ’ræ vel burte viss det ikkji æ rødda.

    Likt av 1 person

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s