Fotograf og meisterdansar Sigvat Tveito frå Ål

Av Olav Sataslåtten d.y.

Fotograf og meisterdansar Sigvat Håkonsson Tveito vart fødd 15. februar 1889 i Ål, og han døydde i 1953. Han vart gift i 1922 med Margit Moe. Sigvat var bror til den mangeårige redaktøren for Spelemannsbladet, Torleiv Håkonsson Tveito (1901—1966) og langeleikspelaren Margit Håkonsdtr. Tveito Gunhildgard (1908—2003).

Sigvat og Margit gifte seg i 1922 i Kristiania. Båe var fotografar. Sigvat var medlem av teatergruppa til Hulda Garborg og for land og strand i unge år. Etter kvart vart denne teatergruppa til Det Norske Teaterert. Sigvat fekk seg fotoutdanning, fyrst hjå Kvislen i Sigdal, så 4-årig fotolære i Bergen, sidan hjå hoff-fotograf Andersson i Kr.ania. Deretter arbeidde han i krambu nokre år, var m.a. styrar på Samhald ei tid.

sigvat tveito og felespelar
Sigvat Tveito bak til venstre. De to andre er ukjende. Ål bygdearkiv.

I 1921 opna Sigvat foto-atelier på Sundre. To år etter bygde dei seg eige hus med atelier i Stasjonsbakken. Sigvat hadde eit skarpt auga for motiv. Etter at han gjekk bort, dreiv Margit og dottera Torgunn fotoatelieet i mange år. (Oppl. H. Ulshagen.) Sigvat var aktiv i ungdomslag, amatørteatermiljøet og korsang. Han var skrivefør og ein flink dansar.

Sigvat Tveito 1910
Tveito dansar ved eit stemne i Bergen i 1910.

«Høgskole-folkemøtet på Geilo oktober 1920. Det var eit fagert syn aa sjaa denne festkledde lyden i blinkande sylvprydde nasjonalbunader vyrdeleg trø nasjonaldansen. Og grumguten fraa Bondeungdomslagets ferd til Stockholm, Sigvat Tveito, synte oss i statelege rørslor ein formfullendt halling til tonane aat den kjende fela hans Sevat Sataøyn».

«I VESTERVIKING
forteljing av Johan Austbø
Forfattaren har vore so gild å gje løyve til å prenta av ein bolk i denne forteljinga som kjem ut i bokform med det fyrste. I denne fortel han frå ei ferd han har vore med på til Færøyarne. Likeeins tek vi inn nokre prøver på bileta. Denne ferda til Færøyane vart skipa av Vestmannalaget i Bergen sumaren 1911 og umlag 79 deltakarar var med. Når boka kjem, vil ein få ei framifrå skildring av den store festferda i ypparleg forteljeform.

Det er i Klubbhusinum. Den store salen er rudd etter festmiddagen som Havnar ungmannafelag hadde stelt til her etter stemna under Vardi, og etter hallingane*) hadde dansa springar og halling på likvolllnum i Gundadali. Gjæv middag! Færøyske fiskebollar, uksesteik, skjerpekjøt og rømastampir **). Gilde talar ved bordet ***) hadde me fått.

*) Sigvat Tveito,  Olav Torshaug,  Asle Perstølen, fru Brun, Anna Hove (no Brusletto), Astrid Sandaker (no Viken), Anna Torshaug o. fl.
**) Rjomekolla.
***) Av .J. Paturson, Eskeland, Math. Jochumsen og HovdenFærøyene 1911 (2)».

tveito forretning

Stasjonsvegen. På venstre side ser me at Olsen reklamerar med kafe og værelser, i neste hud finn me Gullsmed S. L. Bæren, og i huset nedom er det fotograf Tveito og butikken til Knut Bråten. Opplysninger: Jens Romslo.

I følgje et referat i avisen Den 17de mai skrev den danske Nationaltidende i 1921 følgende om Sigvat Tveitos dans på Færøyene: «Og de hadde bragt en ægte Hallingdanser med, Sigvat Tveito fra hallingdalen, der slog Vejrmøller midt i Dansen med en sød, ung Jente, og som sprang, saa der var en Fest».

svein nestegard sigvat tveito
Meisterdansarane Svein Nestegard frå Hol og Sigvat Tveito.

Den svenske journalisten Thyra Freding skildrer i en avisartikkel i 1922 Sigvat Tveito under det nordiske folkedansstevnet i Oslo den sommeren: «Og sigvat Tveito og de andre prektiga hallingdansarna føljas med spenning, beundran og stolthet då de överlägset utföra sin hembygdsdans. Og så statlig hon er, hallingdalsfrun. Hon som håller käppen och hatten der uppe på stolen».

tveito kristiania

Tveito er nr 2 f.h. bakre rad på dette bildet tatt fra Det nordiske folkedansstevnet i Oslo 1922. Bildet er tatt av Sevat Sataøen. Ål bygdearkiv.

tveito 20Den norske ringen som møtte på 1.  norderlendsske bygdeumngdomsstemna i Stockholm 1. rekkje frå venstre: Astrid Følling. Mattis Glærum, Kitty Guddal, Rasmus Hvidsten, Ingeborg Bøhn, P. A. Skancke, Sigvat Tveito, Kristi Øynebråten  (Johnsen), Harald Indergaard, Linken Øvreeide, Klaus Vabø. 2. rekkje frå venstre: Solveig Breien (Svinndal), Aasmund Svinndal, Gudny Glomnes, Ottar Gran, Kalla Kolstad (Gulla), Mikal Gulla, Henrik Gjellesvik, Inga Glomnes (Sjaastad), Olav Strand.

sigvat tveito

Tveito var formann i Ungdomslaget Framtidi fra 1921. (Margit Leksvold). I 1924 heldt han eit lite skeid i lausdans. Tanken var å få uppatt interessen for folkedansen, som då heldt på å døy ut i dalen.

torleiv-tveito-1945.jpg
Tveito intervjuet i Hallingdølen før kappleiken på Ål i november 1945.

Tveito vant første premie i lausdans i ei tevling arrangert av Vestmannalaget i Bergen i 1909.

sigvat tevito underberg breie nossFrå venstre Tveito, Knut Underberg, Arnfinn Breie og Torleiv Noss. Ål bygdearkiv.

Fotosamlinga til Tveito tilhører Hol kommune og er bevart i Hol bygdearkiv (glassplater), og vil bli digitalisert av Ål bygdearkiv etter avtale, troleg i år.

tveito ål mannskor
Tveito ledet i mange år Ål mannskor, her i hallingkledu. Ål bygdearkiv.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s