Da dammen i Buvatnet brast i 1917: Bergensbanen hang i lause lufta i ei lengd på 100 meter

Saman med Norsk Hotelcompagnie hadde Øyo og Brusletto bygd kraftverk i Bardøla og ein reguleringsdam i Buvatnet. Den 29. mai 1917 brast dammen, og vassmassane tok med seg både laust og fast langs elva. Fabrikkane vart bygde opp att, etter kortvarig produksjonsstans.

Frå Torleiv Ødegård har Hallingminne vært så heldig å få gjengi følgende skildring, opprinnelig nedskrevet av hans far, Kristian Ødegård, som var vitne til ulykken:

«Buvassflommen – ei augevitneskildring»
av Kristian Ødegård

Buvassdammen var planlagt og berekna av ingeniør Bonde, og han sto for arbeidet til å begynne med. Det skulle gravast ned til fast fjell på båe sider, men dette vart gjort berre på eine sida. På den andre sto støypen inne i ein sandmel og vart på den måten ikkje samenbunden med fjell. Då Bonde fekk sjå det, sa han frå seg ansvaret og tilsynet med bygginga. Rognald Brusletto overtok.

29.mai 1917 kom vårløysinga brått, og med ofse. Buvatnet vart so stort at lukene som var i dammen ikkje tok unna vatn det no vart alt for mykje av. Vatnet tok til å grave i sandmelen ved sida av dammen med den verknad at halve dammen rasa ut og vatnet fløymde nedover. Det måtte gå gale!

Sume seier at lukene ikkje var opna. Atter andre seier at dammen var bygd høgare enn ingeniør Bonde hadde planlagt (Ivar Endrestøl).

Me dreiv med våronna oppe på Åkeren då me høyrde ein fæl brak i Juvene. Og ikkje lenge etter såg me elva koma moldblanda ved Vollane (Vøllo). Først trudde me at det var ei jukleform, is som hadde hopa seg opp, som hadde losna. Men so ser me vatnet kjem fløymande over Skogheim og Endrestøljordet. Jernbanebrua klarte ikkje halde unna alt vatnet, so det demde seg opp der. Heldigvis gjekk fyllinga, på begge sider av jernbanebrua so vatnet kom fram den vegen. Elles hadde det sett ille ut for husa, både i Skogheim og på Endrestølen.

Vegbrua over Bardøla gjekk, sameleis Lauvrudbrua. Me sto og såg på vatnet det vart meir og meir av. Det fløymde utover Bruvollen ved Åkerbrua og. Vassmassane sto høgt over brudekket. So ser me eit svært flak som kjem og set seg fast under brua, men på same tid tek vatnet til å gå på vestsida då fyllinga der gjekk. Etter ei tid blir flaket slege sund og fer sin veg i mindre bitar. Flaket var taket av smia til Lars Endrestøl som kom seglande, heilt. Det såg ut som ein svær båt!

Åkerbrua held, men dei svære jernbjelkane vart skuvde ein halv meter nedover på midtkjeret. Steinane sto på kant, men beit seg fast i berget under slik at bjelkane hang so vidt fast. Men fyllmassane på vestsida vart vaska vekk. For å komme over vart det lagt tømmerstokkar med plank oppå. Slik kom ein seg over. Desse låg i fleire år før det vart mura på nytt og fylt med stein. Mælands-brue, kloppa over til Mæland, gjekk. Sameleis Årsetbrue og alle bruene i Mogardane. I Øy’n der nede, spøkte det stygt for husa, men det var visst berre nokre løer som for.

Ferdig med våronna oppå åkeren, og etter å ha fått mat, tok eg sykkelen og skulle sjå. Det var eit nifst syn. Vatnet gjekk endå fossande, men i rette løpet. Skinnegangen hang i lause lufta, på båe sider av steinbrua over elva. Det var eit godstog ventande vestfra, og heldigvis kom nokon på at det måtte stoppast. Ingebjørg Øen ropte; ”Sjalet mitt”! Og med dette raude sjalet gjekk Sigurd Hagen oppover på skinnegangen og fekk stoppa toget.
Det tok lang tid før skinnegangen var i orden att. Tog frå vest og tog frå aust, stoppa på kvar si side av brotstaden. Det vart bygd ei bru av tre til å køyre og gå på. Folk frå det eine toget måtte over og inn på det andre, før toga køyrde tilbake. Me gutungane måtte opp til desse toga, og hjelpe til med å bera koffertar. For dette fekk me frå 50 øre opp til ei krone. Kjærkomne pengar!

Det var berre so vidt det ikkje gjekk menneskeliv. Lars morbror og Olav morbror arbeidde i smia si nede i Øy’n. Dei skulle inn til mat. Lars hadde gått i førevegen. Då han kom opp på bakken, høyrde han braket og såg vatnet kom. Han sprang attende og fekk varsla broren som hadde vorte att, for å ordne noko. Båe la på sprang og rakk so vidt over brua ut til smia, før ho for sin veg og dei måtte vasse i vatn resten av vegen.

Etter flaumen vart det samla inn ein del pengar i Amerika, men Lars og Olav (morbrørne) fekk ingen ting av desse (bestemor). Her i distriktet vart det og sett i gang innsamling, etter oppmoding i avisene. Ing. Bonde rykte ut med forklaring om årsaka til flaumen. Denne innsamlinga gav ikkje noko resultat.(Lars Øyo). Dei som hadde bygd dammen vart sterkt kritisert. Lars og Olav miste alt dei hadde. Der smia sto, var det berre ein grushaug att. Me gutungane, Syver og eg, rota og leita, men eg kan ikkje hugse at me fann noko!»


brusletto en

Sigbjørn Tormodsgard skrev i serien «Gamle Hallingdal» om denne ulykka: «Men den 29. mai i 1917 var ulvkka ute. Dammen i Buvatnet sprang, og i løpet av fem timar velta to millionar kubikkmeter vatn nedover elva Bardøla. Flaumen tok omlag halvparten av den
beste jorda på Øyo, og heldt pa å ta uthusa også, men 100 mann fra Ingeniørtroppen på Hvalsmoen som var tilkalla, greide å berge husa ved å bygge forskansingar. Kraftstajonen til Knut Øyo skar klar fra dei ustyrlege vassmassane, men 250 meter
turbinrøyr vart rive med.

brusletto 2

Flaumen skylde over steinjernbanebrua og reiv vekk fyllinga på begge sider. Rognald Bruseltto fekk i siste liten stansa toget vestfra. Det fortelst at da han kom tilbake til brua, hekk skinnene i lause lufta i ei lengd på 100 meter. Me kan berre ane dimensjonen av den katastrofen ein snøggtenkt Ronald Brusletto gredde å avverge.

brusletto 3

Men verkstaden til Brusletto fekk ille medfart. GavIveggen vart trykt inn, maskinar vart knuste og skylde vekk. Eit lager av jern og stål for 6000 kroner spurdest ikkje meir.

brusletto 4

Smia til Lars Endrestøl forsvann. På sin veg vidare tok flaumbølgja med seg bruer, kvednahus og skog. Som ved eit under gjekk ikkje menneskeliv tapt, men dei materielle skadene var store, svært store. Dei vart takserte til 350 000 kroner. Og her snakkar me om 1917 —kroner».

brusletto 5

brusletto 23brusletto 22brusletto 20brusletto 9brusletto 8brusletto 7brusletto 6

Research: Olav Sataslåtten d.y. Stor takk til Torleiv Ødegård.

Reklamer

1 kommentar

  1. heisan . I årboka vår Under Hallingskarvet har eg ein lengre artikkel om denne hendinga viss du vil lesa meir.

    KM

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s