«Gulbrand Skjellerud ( 1818-190 l) var frå Nes i Hallingdal og flytta til Vestre Borge i 1860. Han vart buande der i 19 år. Som den storspelemannen han var, påverka han i desse åra spelet i Øvre Numedal både med omsyn til take og slåttar. Skjellerud’n skal ha hatt eie reine, kraftig og saftig spel. Fela helde han mot bringa som skikken var. Framleis er Skjellerud-springarar vanleg bruka av spelemenn i dalen. Dei er friske og lette og har mykje av hallingpreget i seg. At speler hans var godt lika og reke etter, hadde kanhende noko med at det var friskare enn det ein var van med og difor verka som noko nytt.

Ola Goesen Prestegarden frå Uvdal høyrde Skjellerud’n ein gong på ein 17. maifest på Uvdalsøyane. Han fortalde om dette ti l Tov Flatin: <<Då var der møtt fram so usturteleg mykje folk, jamvel lesarar, for dei ville høyre med han leika. Han spela so høgt at dei vel kunde danse etter det oppi tunet på Prestegarden».

Ein gong han hadde spela på Kongsbergmarken, kom Myllaren heim til Telemark og fortalde: «Nei, eg høyrde ein spelemann på Kongsbergmarknaden. Dei kalle han Skjelderuden, det var gut som kunde spela. Der var som det vare liv i heile huset, når han strauk på strengjerne». Ved sida av å vera høgt verdsett som spelemann, har Gulbrand Skjellerud eit fine ettermæle som ein vennesæl mann og flink i alt han førertok seg».

Fra Bygdehistorie for Nore og Uvdal. B. 2 : Frå 1800 til 1940 , Solhjell, Kåre Olav , Nore og Uvdal kommune, 1995