Då Sundre sentrum vart lagt i oske

Paul Breiehagen fortel i boka ‘Hallingdal brannkasse 100 år : 1889-1989’ litt om
då Sundre sentrum vart lagt i oske. Han skriv «Den største brannen gjennom tidene her i dalen var brannen på Sundre 11. mars i 1931. Seks store bygningar, praktisk tala heile sentrum då, vart lagt i oske på nokre timar. Det største kulturelle tapet var den gamle tingstugu, «Bygget af Torkiell Villand i Guds navn, 1764». Brannen braut ut i kontoret til Ål kraftverk, i tilbygget til Tingstugu, mellom klokka 12 og 13. Kasseraren i kraftverke, Andres Sundre, var ein snøggtur «nedatt» heime hå seg. Då dei kom til brann det herre lite i ei trapp, fortel Barbro Sundre. Men dei hadde absolutt ingenting å hjelpe seg med og snart etter stod den ærverdige bygningen i lys loge. «Vårt største kulturminne gjekk tapt» skreiv museumsmannen Ola Perstølen.

brann sundre

Tingstugu låg i vinkel til Berrums Hotel (omlag der Tingstugu er i dag), med berre eit par meter imellom. Og brannen slo snart over dit. Det var heller ikkje noko organisert brannvern. og lensmannsbetjent Bård Stenersen leia forsøket på slokking. For å prøve stoppe brannen vart ‘Fingstugu’ sprengt med dynamitt. Men dette gjorde berre vondt verre, brennande bordbitar for omkring og forretningshygget til 0. S. Hajem, som låg herre nokre meter lenger vest, var snart overtent. Her held det på å gå med ett menneskeliv: Ola S. Hajern tok seg inn i det brennande huset for å redda pengekassa. Det kom folk til og redda han ut, men han fekk store brannskader.

brann sundre 6brann sundre 2brann sundre 3brann sundre 4brann sundre 5

Tvert over stasjonsvegen låg Skriens hotell. Det utvikla seg ein sterk vind og snart var ogso dette huset i flammer. Men like over den smale geila låg to gamle timbrabygningar, Pleymshagen og Urholthuset, bygt på 1800- talet, begge med forretningar. Det var de‘kje lenge før ogso desse stod i lys loge. Dermed brann det i seks bygg samstundes! Røyken låg tung og tjukk etter dalen og himlen syntes raud lang leid, og folk var oppskremde og redde.

Aal Sparebank var lenge sterkt truga, men folk kasta snø på veggene og huset vart redda. Også huset til Per Varberg var ei stund i fare. Med det brann som verst kom det kastevindar som hivde varme og gneistregn til alle kantar. Ei tid var ein og i agg for kyrkja. Og Skrien hadde ein nedgraven bensintank som ein lenge var redd skulle eksplodere. Det kom etter kvart myke folk til, også med hest frå ute i bygdene. Men dei kunne berre stå og sjå på det fælslege inferno som utvikla seg, eller kaste snø på. Ein del innbu vart redda men mest vart det øydelagt i den panikken som oppstod. Vatnet rann som i vårflaumen mellom husa av smelta snø. Men det hjelpte lite. Folk spurde snart om husa var assurert. Det var ikkje vanleg det, endå. I følge Buskerud Blad var den samla skaden nær ein halv million kroner. Dette høyrest lite ut no, og det var vel lågt og».

Thor Warberg skriv: «Frå skysstasjon til hotell:
«Dorette Berrum f. Landvik (1876–1958) var utlært ved hotell i Oslo. I 1903 overtok ho stellet ved skyss-stasjonen/gjestgjevargarden på Sundre. I 1913 overtok ho eigedomen Sundre hotell, bnr. 114 og 115, bygde ut og dreiv Sundre Hotell, også kalla Berrums Hotel ei tid. (Sjå meir under familien Berrum.)

Etter storbrannen på Sundre i 1931 kjøpte kommunen tomta etter dette hotellet, og bygde ny tingstugu der. Sundre Hotell vart flytt vestover til ny tomt rett ovafor kyrkja. Aal Hotell vart starta av Tolleiv og Anne Skrien. Tolleiv Skrien (1843–1912) slo seg opp på fehandel. Sonen Ola Skrien og kona Guri overtok, og bygde nytt hotell etter brannen. Frå 1935 vart Ål Hotell drive av Lars og Dordei Hallingstad».

Fra Aftenposten 24. juli 1931

Research: Olav Sataslåtten d.y. Avisartiklene er fra dagspressen mars 1931.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s