«Litt om arbeidet i ei krambu for ein 60 år sidan» av Håkon Veslestøl -frå heftet ‘Hallingdal Kjøpmannsforening 1893-1943’

Dette heftet på 70 sider, utgitt av Hallingdal Kjøpmannsforening i 1943, er en del av Ål bygdearkiv sin samling. Jeg har digitalisert og OCR-behandlet det, og vil gjengi artikler fra denne sjeldne utgivelsen i ukene som kommer. 

Olav Sataslåtten, juni 2018

«Etter uppmoding skal eg prøve å fortelja litt um koss det var å vera krambukar for 60 år sidan. – Eg stod i butikken hjå Engh. Sorteberg i 15 år i det heile, det vii segja eg var heime i slattonni. Eg hadde altso ein god læremeister. Han var ein framsynt, ihuga, vilje­ sterk og snøggtenkt mann. Alt det han sette seg for, det skull fram, anten det so var i heradstyre eller på andre umkverve. Godeint og hjelpsam var han som få, då allvisst mot småfolk. Det var ingen for simpel for han.

Det å stå i ei krambu var på ein måte ei skule, men det var ei skule der ein kunde få lære både godt og vondt. Der fekk ein høyre diskutert jordbruk, skogsbruk, handel og poletikk o. s, v., stutt sagt alt, både innan- og utanlandske spursmål. Men, ein fekk ogso høyre ymist som ikkje var so heilt ufarlegt for ein ungdom. Det var mange morosame, men ogso mange slitsame dagar i alle desse åri. For å gje eit bilete av dette, so skal eg fortelja um ein enkelt dag, en tingdag for 60 år sidan.

Det fyrste var å nøre i omnen, sope golvet og ordne litt i butikken fyrr det kom folk. Klokka 7 opna me, og på mindre enn ein halv time var da hue mett med folk. Det var for det meste nordbygdingar, for dei som bar lengste vegen kjem jamt fyrst. Det var da å taka imot kjøpelistu, parafinkannu, tasku og skreppu og lavast til å ha alt ferdugt til om kvelden, for dei skull på tinget. Men so hadde sume med ein smørbutt, ein an’ hadde nokre rypu og ein hare, den trea ein kalve­skrott og noko prim og ost. Dette skull dei byte burt i varu, og so var det da til å ordne med alt dette.

Det kom folk fra alle kantar, so snart var heile gardsromet fullt av hestar og køyredoningar. Det såg ut som dei var samstelte om å koma alle den dagen. Eit par torpingar kom med kvar sitt kornlass som dei skulde byte burt. So var det å vega og bera dette upp på loftet. Ein mann legg på disken ein halv gris, den laut vegast og ordnast av.

Rokkedreiaren fra Hol leverar oss eit lass med rokkar, gamle Endrestølen bar med 100 ljaar han vil få bytt i korn. So har me Nesbakaren med storekista si, fullpakka er ho med omnsbrød, jolekakor og snippkakor. Ei kjering legg fram ein pose med ull som ho skal byte i kaffi og tobakk. Ja, jamvel han Endre Granlien innfinn seg den dagen med tjyrukvartelet sitt og vil få bytt det burt.

Ein torpeskyss stanar upp ute, og inn kjem stabban ein handelsreisande i svær tullup, og reisestøvlar som rekk han upp i skrevet. Han syner fram eit stråalande andlet og presangterar seg for styraren, til oss har han ein nikk. Dei går da inn på kontoret og skal sjå på provone, og kanskje gjera ein handel.

Utpå dagen har me Gulsvikkøyrarane, ein trefire karar med lass. Tilsprangs ut og ta imot dei. Dette var ikkje noko lett arbeid, t. d. å bera inn ein 10 saltsekker på 110 kilo, mjølsekker og store kassor, jarnbuntar osb.

So var butikken mett når ein kom inn att, og alle skubba på at dei matte få handle. Skuffane i disken tek etterkvart til å tømast, so ein lyt hente inn ein kaffisekk, ei kasse kandis, ei matte tobakk, mjøl og smatt sukker m. m. m.

Det var soleis å gå i eit sprang heile dagen. Eg hadde ikkje smakt anten vått eller turt frå eg åt disken og til etter me hadde tent lampa. Men då lurde eg meg ut bakvegen og inn og glekste i meg ein matbete. (Og det var nok ikkje berre den dagen eg laut gjera det slik.)

Det var kje like trivelegt å handla ved alle. At sume skull eg godt pakka i taska det dei skulde ha, utan at dei hadde sagt noko. Eg kjende alle ut og inn, ja eg torer segja at eg kjende kvar vaksen karsperson i heile Ål og Torpo, og ein stor del i Hol.

Det var verst å handle ved slike som ikkje leit korkje på seg sjølv ell andre. Desse var jamt verst til å prute, og dei ga seg ikkje fyrr dei hadde fått litt tåslag, og såg seg mun i det um det so berre var nokre øre på ein stor handel. Slikt seinka arbeidet mykje, men ein krambukar lyt vera like bli um so termometeret er uppe i 90 grader. Men attende til tingdagen. – Nokre gjentor kom inn og fram til disken. Um det skull vera ein liten handel idag? Ånei, dei meinte kje det, men det skull vera moro å få sjå på eitkvart. Det var da å finne fram alt dei peika på : Blomute bolu, tørkle, sirs, shirting, verken, flanelgarn, sylkjebolu, sylkje- og sylkjebastplagg osb. osb. Um eg skull pakke inn eit slikt? Ånei, nei det fekk no vel vera, både var dei for dyre og so var det ikkje plent rette slaget heller, det skull vore eit slikt som ho Kari hadde kjøpt hjå Nilsen. Dei laut sjå seg um lite, kanskje kom dei att sea.

I mørkningi tok folk til å skipa seg på heimveg. Og so var det å leggja fram det dei hadde handla, og få uppgjer, eller skrive det.
Det såg ut som det skull verta eit upplen, men snart er butikken full att. No er det dei som bur mere ved, og som plar samle seg i butikken om kvelden. Litt skal det vel handlast, men dei fleste sviv innum for å få kvelden til å gå med svall um bygdenytt, høyre historiu og få ein tobakmåle i pipa. Det er kje so lett å få folk ut or butikken når praten går på det beste, for å beda dei gå var uråd den tidi. Men klokka 10- ½ 11 var då bue tom denne dagen eg har fortalt um. So var det å stengja, og so strende ut meste søyla av golvet. Det var ikkje å beda vaskekjeringi koma, dette laut me gjera sjølve. Det hadde vore ein slitsam dag, so det var ikkje fritt anna det verkte i foto. Men so hadde me umlag 800 kronor i skuffen, og attåt all byte- og borghandel.

I butikken vert det ofto både fått og gjeve mange rakande svar, eg skal herme eit par slike som eg i farten hugsar :
Ei gong kom ein mann inn på bue og spurde um han kunde få ,,setja inn hesten her?» – Nei, vart det svara, men nedpå stallen kan du få setja han.
Ein annan gong stod det fire av dei største skjemtegaukane framma disken. Det hadde gjenge ein del fantord både fram og attende over disken, og so segjer han Embrik : ,,Desse fire karadn framma disken våre passe te laftsteina unde eit fjøs.» ,,Jaha», sa han Syver, ,,å so står dæ två kara inna disken som våre passe, om dei vilde seta eit lite hus attåt».

Ja, her har eg då prøvt å fortelja litt um den uppgava eg vart beden å skrive um, men eg lyt beda lesarane orsaka at det ikkje vart so godt som det skulde vore.

Tveito i ÅI, mai 1943.
H. Veslestøl».

Reklamer

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s