«Intervju med E. B. Eidsgaard Æresmedlem frå 1940» – Hallingdal kjøpmannsforening 1893-1943

Dette heftet på 70 sider, utgitt av Hallingdal Kjøpmannsforening i 1943, er en del av Ål bygdearkiv sin samling. Jeg har digitalisert og OCR-behandlet det, og vil gjengi artikler fra denne sjeldne utgivelsen i ukene som kommer. 

Olav Sataslåtten, juni 2018

«Kor «Eisska’n» bur? Du går upp Valdetsvegen te du kjem mest
uppat vegnaskele, der går dæ ein veg søåver igjønom skogen.
Jau, der skimtar eg villaen oppi solhallet – snart dukkar det fram
ein koseleg hage framanfor huset, og små, nette timbrahus attanfor.
Skinande kvit og grøn bjørkeskog står like innpå og rammar det heile inn.
Ja, dæ æ trivele her, smiler Eidsgaard. Å so stille å role – endå
om dæ ikkji æ lengre ifrå trafikkji.
Det er vel noko mindre folkerekst her, ja, enn du har vore van med?
Jau, dæ æ nøk stor førskjel, soleise. Men e har då enkort å nuvle mæ
her mæ. E har 60 mål skog innåt huso, å den skaffa me so mykjy
arbei e vil ha. Å endå har e lite å henji fingadn i – men dæ få me
sjå på sea.
Det er alt nokre år sia du let frå deg hotellet og forretninga?
Dæ va i 1938. Å då va dæ 47 år sea e byjynte me butikkji. – Åja,
dæ va no kji so rare greiudn dei fysste åre. Dæ va i 1891, e skuli
vera møllar hjå o far – han hadde ei mølle neve føssen. Men so reiste
den i flåume våren 92. Stugu åt møllaro sto att, å der va dæ e tok
te mæ lite handel. E skura å vaska å stelte ho te dæ likas e kunna.
Te disk sette e isa men nøkle kassu. So hadde e 300 kron u, å dei kjøfte
e då varu før, å fekk att nye varu ettekort e selde ut. – E hadde
lært jera sko, å dæ detiv e mæ attåt – å utåver kveldadn, å selde
dei i butikkji. E jikk uppatt om kveldadn, men øfto detiv e mæ skoarbei
å anna te dæ vart so seint at e la me nepå ,,disken» eit lite bel, helde.
Hugsar du omtrent kor stor omsetning du hadde første året?
Ånei – men dæ va nøkle hundet kronu, ein 5-6 ell 7 hundet, kansji.
Men åre ette kjøfte e ei stugu å ein låve, ja, dæ va nøk eit løft mæ.
Stugu sette e upp te butikk, å bygde attåt noko tå låva å dæ æ no
storstugu på hotelle. – Åja, dæ va annsame daga – e veit e helt ofto
å te klukka va hådde to å tre om nøtte, å so låg e jedne i flisehauji
te om morgon. Men dæ åre kom omsetninji upp i 2000 kronu.

Og 46 år etter da du slutta hadde gjerne omsetninga vakse enda litt?
Jau,ho hadde da det, småler Eidsgaard, då va det emmele akkoratt 240.000.
– Ja, det va mest rart det jikk som de jorde, e hadde injin utdannels, måta, berre folkeskula, å snautt nok den. For e mått’ ofto sløyfe skula a hjølpe te i butikkji hass far. Men det va no det at det vaks smått i send, då, so e fekk som lære me te lite ettekort. – E veit det va mange som spådde me ille då e tok te tufte at hotelle. Der sto ein gamall kvednastall, elles va det berre berg
å stein å ur der hotelle no står. E forstår me kji på de, sa’n onkel ve’n far, at du
vil la gutn din grava se ne i dessa steinurn. Men e må fortelja de om da e flutte butikken i 1925. E vilde byggjy ny butikk, men so mått’ e dra’ fram den gamle. Me slo waier
rundt butikken å festa’n i ei furu å ei bør me hadde minna n’i fjelle.
So hissa me butikken med donkraft å drogo’n fram på sleipa. Men det morosame va at me drivo å handla med butikken drog se framåver –
åtte meter.
Eg visste nok du hadde handla deg fram», Eidsgaard, og drivi forretninga framover med – men det var ukjent at det hadde gått for seg i metervis. – Men no må eg få deg til a fortelja litt om da de stif tå Hallingdals Landhandlerforening.
Å, dæ e nøk ikkji so mykjy e hugsa te di – e va so ung den gonji
at e hadde kji vet te intressere me noko viare for di endå.
Men du var med på første møtet?
Jau, e va då det – på Rølsus voro me den fysste gonji – a det motte mange, e meina me voro ein 12- 15 stykkjy, ifra øvst te nest i dale.
Kven var det som styrde det første møtet?
Det va no visst Svartebergen, dæ, å han va den fysste utsendingen te landsmøte – e hugsa no gott te di, det va visst i Bergen? Men det va nok Nilsen som vart fysste formann.
Det var vel mykje som skulde omsvallast då, ved starten, lover og slikt?
Ja, det re rett det. Det va noko diskusjon om dei, endå. Men dei vorto nok einstemmig vetikjin teslutte. – Å so kom det på tale a kjøpe båt, men det va no vel sea. – Å den strie dæ vart med di lat me ikkji vilde kjøpe varu tå dei grosseraro som selde te ikkjimedlemmi i foreningen, det va no framme på mangfeldige måtu. – Men beste å støsste lyfte me jorde den tie va då me fungo Petter Haug uppåver
te å frakte varu ifra Krøre te Gølsvik, «Krøderen» va for dyr å uregel­
messig – me visste kji når me fungo varudn. – Aja, det vore nok mykjy å fortelja om den foreninji ha gjort når e berre hugst alt.
Eg tykkjer det var mykje godt så, eg, Eidsgaard, på ,,ståande fot». Men det er sikkert at de i desse 50 arå har fått gjennomført mykje til bate for både kjøpmann og kjøpar. – – Men det var no vel kje alltid berre høgtidelege forretningssaker de hadde for dykk då de møttest? Ånei, du veit me festa lite – å ikkji berre lite helde, stundo. Ja, e ha vore på mange festi i kjøpmannsforeningen, men den e hugsa best må no vel vera ei gong me voro i Ål. Det va som rettigt jestebo, dæ
– Åja, me hadde dæ moro øfto i dei dago.
Det lid alt på dagen og eg lyt vidare.
– Her ser du ko e ha drivi med ivår, seier Eigsgaard og peikar på ein stappfull skåle med ein diger vedhaug framanfor. – Å her – dette ha vore ein heststall, e sette’n uppatt sjøl å mosa’n gott – dette huse vilde e kji jedne vera forutta.
Me stig inn – ein heil verkstad med ambod av alle slag både til snikkering og maling. Ti-tolv sleiver ligg og ventar på siste pussen, ein heil haug med smårivor er nett ferdige fra målaren si hand, eit par gamle tunnor har fått nytt skap og har vorte til solide embarar.
Inne durar symaskinen til fru Eidsgaard, og borte på verkstaden går høvel og malarkost.
Arbeidsdagen er nok kje slutt om dei har dægi seg attende fra sitt
gamle yrke».

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s