«Til ungdomslagi i Hol og Aal: Bli med og leit etter fururoti på Hallingskarvet!» Fremtiden 18.09.1932

furu«Mange har sikkert høyrt um fururoti som skal liggja på Hallingskarvet. I «Søgnir frå Hallingdal» er det fortalt um denne, av gamle Sander Røo: «Gamle reinsskyttara, han Ola Røo, Andres Uthuso, Sveidn Nestegard og mange fleire sannørtuge menna, ha fortalt at dei ha set ei fururot på Hallingskarve, i løyte myljo Revufønn og Eimefønn, som er på dei are si’unn åt Skarve. Ho er duveleg stor, som  eit lite hestelassi og ser kvitgrå ut i lete, mest som ein ser gråstein i fønnstø’o. Sume tå desse skyttaro ha endå spikka flisa tå’n,- for å sjå koss ho er inni, og der er berre svarte tjyru- ve’en. Røtadn vise seg tydeleg og liggji langt ut ifrå på dei eine si’unn, men på dei are le’en stå dei inni ei bergglesu, og neme henne er ei liten tjødn.»

Halvor Berg i Hol, stortingsmann har vore, som no er mest 90 år, fortel  at han har tala med sumo av dei gamle som sa dei hadde set roti, soleis reinsskyttarane Lars Gudbrandsgard og Embrikk Sletto. Men alle desse er burte for lenge sidan, og det var ille at ingen kom til å spyrgja dei nærare ut um kor roti låg. Likevel skulde det ikkje vera heilt umogeleg å finne ho att. Og skulde det nokon gong la seg gjera, so laut det bli iår, for ikkje i manns minne har det vore so lite snø i Skarvet som i sumar. Det vilde vera umåteleg interessant um ein verkeleg kunde få stadfest denne segni um regler uv gumal skog uppå Hallingskarvet.Det kunde i minsto vera umaken verdt å leite effer henne. Men det kan lite nytte for ein eller tvo å ta seg til lendefeta dei veldige viddene uppå Skarvet. Ånleis var det um ein kunde slå seg saman mange, so ein kunde laga ein stor manngard og rektig gå burgøng effer henne.

So er den tanken komen upp at kanskje ungdomslagi i Hol og i ÅI kunde ha hug til å vera med på ei slik leiting. Me laut reise upp til stølane Prestholt kvelden fyreåt, og overnatte der. Og so gjekk me uppå Skarvet um morgonen so hadde ein heile dagen. Tidi vilde bli alt for snaud um ein skulde fara upp frå bygdi og nedatt same dagen. I Prestholt kunde ein godt vera ei natt til um det trongst. Eg har tala med alle stølseigarane i Prestholt. Dei gjev oss so gjerne lov til å nytte husi deire til standkvarter. Og der er ikkje lite rom; serleg på Uthusstølen og Rudningstølen er det store hus og mange senger. Og so kunde ein laga flatsenger. Ein laut ta med seg eit ullteppe kvar. Og sjølvsagt niste og drikkekopp. Kaffi laut bli å få på staden. Etter samråd med ymse interesserte gjer eg meg hermed so fri å by inn til ei slik utferd laurdag og sundag som kjem, altso 10. og 11. September. Alle som har hug til å vera med, medlemer av ungdomslagi og andre, unge og eldre, karar og kvende er like velkomne. No er alle ferdig med slått og skurd, so det er ikkje so annsamt lenger. Det vilde vera både greiast og gildast um turen vart skipa som ei sams utferd innan dei yrnse ungdomslagi, so kunde ein reise samla frå kvar grend. Alle møtast so i Prestholt laurdagskvelden. Kva veg dei ymse lag vil fara fer dei avgjera sjølve. For høveringane vil det vel høve best gå fjellet beinast frå Hovet. Holværingane kan å gå fjellet frå Holet, ,eller ein kunde få seg ein lastebil saman med moingane og køyre til Geilo eller Tufto, og so gå derifrå. Det blir same vegen som kvislungane, liungane, ustedølene og skurdølene lyt taka. Ålingane kan taka toget som går frå ved 3-tidi, te Geilo eller Ustaoset. Det vilde vera godt um ein fyreåt kunde få greie pa kor mange umlag som blir ,med. Difør bed eg alle som tenkjer seg iveg gjera so vel å melde frå til formannen i vedkomande ungdomslag innan fredag 9. september. So gjer han atter samla melding til meg. Skulde det bli styggever i Skarvet, må turen sjølvsagt setjast ut. Men vonleg ser vergudane blidt på dette. Altso: vel møtt i Prestholt laurdag
10. september.
Hol,
Sigurd S. Reinton».

Denne avskriften er opphavsrettslig beskyttet, og kan ikke kopieres og publiseres uten samtykke fra Olav Sataslåtten d.y. Bildet er naturligvis ikke fra artikkelen. Originalfoto finnes i Hol bygdearkiv.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s