«Der livet har skreve ein tekst i andletet kvar dag» -intervju med 85-årige Eivind Hollebakken frå Ål i 1949

Nedlastbart og utskriftsvennlig dokument: Der livet har skreve ein tekst i andletet kvar dag

«Nei han lurde meg. Han gjekk bort og fylte år før eg visste om det. Vel, kvifor skal ein plent vera bunden til denne dagen om ein finn for godt å skrive litt om ein eller annan? Det-var søndag 19. juni i år han Even O. Hollebakken i Ål sette punktum etter den femogåttiande fødselsdagen sin. Eg hugsar, det er nå nokre år sea, eg sat å gnog på fela hans Knut, sonen. Det var nett da han hadde kjøpt igjen den gamle Steinkjødndalsfela som faren hadde hatt. Dette, er så makelaust til feler det. Djup, linn klang og lett å spela på. Og så sat vi der og skulle prøve få liv i fela. Det vart vel ikke så mykje av. Så kom han
Even fram. Han hadde siti uti kammerset og lytt etter. Han tok fela og drog opp og trass i sine mange år så fekk han liv i fela, ja. Det var reine strøk og godt drag i spelet.

Hollebakken med familie i yngre år. Bjørndalsamlingen Universitetet i Bergen

Han fortalde om første gongen han høyrde felelåt. Det var i eit gjestebod det, og der var han Asle Øyno med fela. Han vart som bergtatt av’ det han høyrde. Og da han gjekk heim sa’n, «då tok gråten me’-». Og sea hadde fela maktstole han. Og lenge var det ikkje før han fekk seg ei til å klunke på. Og han, vart ein god spelemann. Dei kan fortelja det, dei som ‘vel hugse til det. Han fekk liv i danselyden. Det var den tida da gjesteboda varde i ein åtte dagar, og fela ljoma’ i eitt. Dei var vel ofte fleire, det er greitt, men å sitte slik i ein rus natta til endes, da måtte musikken få makta heilt’:. Det var brennvin og øl så sterkt som kru og dans ned spenn i taket så det skok i stugun.

Men det vart ikkje berre å spela for Even. Heime hadde han kone og ni born. Og på vesle plassen vart dei ikkje så mvkje å leva av. Han måtte tena til brødet med sitt arbeid. Han hadde gått i skreddarlære hos Per Perstølen. far til Ola Perstølen. Og så for han rundt og sydde broka og jakker til folk. Dei reiste rundt da, lik som skomakarane og var på gården så lenge dei hadde arbeid. Og løna? Ja, for ein klednad, det er vest, brok og jakke det, var det 4 kroner. Jaha, det går vel an å rekne ut dagsløna etter det? Det har nok hardt. Fatigdomen sto berr og stinn i bygda. Ein kunne røme til Amerika. Det var mange som gjorde det. Ut i uvissa det og, men det var ein sjangse likevel.

No her ein dagen møtte eg Hollebakken nordmed Strandafjorde. Lett på fote enda, men dårleg i synet. Det er noko fillegreie som har sett seg til der. Han fekk ta ein operasjon, men det er klent likevel. Men han høyrer godt, og han er frisk og kveik. Tenke seg til: 85 år, og så går han til Sundre og heim. Ja det er vel rundt halvannan mil det til samen. — «E ha våre ain tur hjå’n Barbo, syste min», sa han. «Dæ æ tærigt å ta se ain tur att.» Men elles er han rett ofte til Sundre. Ei eller to gonger i veka. Han har godt minne han Even. Og det er mang ein stubb i frå sitt lange Hiv han kan fortelja. Og da glir ofte ein lys smil over andletet med dei djupe draga. Eller ein skugge —. Det er eit av dei mange andlet livet har skrive ei tekst i kvar dag. Ei tekst vi unge av i dag kunne ha godt av å høyre. PB»
Frå avisa Fremtiden 1949. Tekst av Paul Breiehagen

Om Eivind Hollebakken veit me følgjande: Eivind Olsson Hollebakken 19.06. 1864—1956. Foreldre: Ola Olsson Leksvolplass Hollebakken og Birgit Eivindsdtr. Sundbrei.Gm Kristi Aslesdtr. Haugerud Hollebakken 28.02. 1859—1936. Eivind gjekk i skreddarlære hjå Per Perstølen. Han var snikkar og skreddar i 1900. Eivind og Kristi overtok eller bygsla Hollebakken kring 1900. Bestefaren Eivind Sundbrei var kjend som ein dugande kvedar. Også Eivind var musikalsk. Som smågut fekk Eivind høyre Asle Øyno spela fele. “Det va so fint at eg gret!” sa Eivind. Denne opplevinga gjorde at Eivind bestemte seg for å lære å spele fele. Han vart ein svært god spelemann, og han vart mykje brukt. Når Eivind sette seg i benken og strauk opp fela, var det straks full stim på dansegolvet. Eivind var gløgg og svara godt for seg. Ein gong då Eivind på sine gamle dagar rusla etter vegen med felekassa under armen, då møtte han ein alvorsmann i bygda. Han sa: “Du må slutte med slikt, du som e så gamal! Då svara han Eivind: “Nai, men e kan då alder tru di lell! Dei sea e bi helde bære og bære!”. Eivind fekk ein spaserstokk i bursdagsgåve frå “bygden».

Torleiv Perstølen skriver at Eivind Olsen Hollebakken vart fødd 19 juni 1864 på småbruket Hollebakken i Breiegrendi i Ål. Han var den nesteldste av 5 syskin. Far hans, Ola, var frå Leksvollplassen i Ål, og mor hans, Bergit, var frå Øvre-Sundbrei i Breiegrendi. Morfar hans, han Eivind Øvre- Sundbrei, var skulemeister ei tid og visekvedar.

Om den tidligste perioden i Hollebakkens liv skiver Perstølen at «Han vesle Eivind var ein uppvakt gut frammum dei fleste. Greitalande. Med han gjekk i skulen var det ein gong læraren spurde borni koss dei trur det er då det ber ut um jordkrinsilen. «Å då er det tome himmelrommet, då», sa’n Eivind. «Det lyest? Han Eivind er her att i dag», sa læraren».

Spelhugen og feleyren vakna tidleg hjå han. Som med så mange andre spelemenn på den tida lagahan seg fele sjølv. Den fyrste var av ein fjølastubbe med taglstrengjer eller haratråd. Det er kjent at når han var rettigt liten fikk han vera med i eit samvære på Øvre-Sundbrei. Der spela han Asle Øyno. Det var fyrste gongen han høyrde honom. Han vart so teken av spelet at han gret. Stundom då han sprang upp i kambane og det råkte han slo inn på berget var det som det song og oma inne i berget. «Då veit eg so ved meg sjølv at derinne må det vera ei fele».

Hollebakken fikk då han var i 17-18 års-alderen ei nokonlunde skikkeleg fele. Det var ein snidkaren Ola Iversen i Granshagen i Ål, som arbeidde felor. Han skulle spela litt og. Det var Iversenfelor Hollebakken brukte i fyrsten då han dreiv som spelemann. Dei kosta frå 15 til 30 krunor. Det var pengar det og den tidi, – vissa for han Eivind. Perstølen skriv at det nok var meir enn ein gong han kom att frå eit samvære med krasa fele.

Kring 1890 slo ungdomen i grendi seg saman og tinga fele åt han hjå Knut Ellefsen Steintjønndalen frå Telemark. Ho kosta 90 kronur. Den hadde perlemor på butt og kantar og elles so blank at det glitra. Den fela krasa’n aldri. Men då han tok til bli gamal og dreiv minder som spelemann let han ein av sønene sine få fela i pant for noko pengar. Guten selde fela seinare til Steingrim Haukjem frå Numedal. Men han gamle Eivind syrgde og lengta etter fela si. Han var då å segja utan fele i fleire år.

Ein son hans som var heime og fer med å spela hadde nok ei fele, men det var som so like med ho, totte gammalen. Ein gong han skulde spela i eit gjestebod fekk han låne fela mi. Den likte han so framifrå godt. «Det er fele, det» sa’n. Han vilde fått kjøpt ho.

I følge Perstølen skreiv sønen til Haukjem um han kunna få kjøpe att fela. Han svara at det er beste fela han har, men då det er han gamle Eivind som ynskjer å få att fela si so lyt han vel la ho gå, lell. «Men ho vert dyr, eg har kosta ho 1000 krunor”, skreiv han. Då sa’n det han gamle Eivind: «Ja, hadde eg so sant ei kyr som eg kunna selja for 1000 kr, so selde eg ho, og kjøpte att fela». Det var ein 82 år gamal spelemann som sa dette. Sonen kjøpte fela so no hev då gammelen fenge sett att gamlekjærasten sin, iminsto.

Hollebakken hev i følge Perstølen vore ein egte bygdespelemann, viljug og seig, ein etter ungdomens eigen hug. Ein kunna ikkje nemne namnet hans, eller koma han i hug, utan i samhøve med spel og dans, skriv han. Anten det var gjestebod eller ein skarve dans burt i ei stugu var han Eivind velkomen. Då han kom til setes burt i benken og strauk upp med ein springar var det straks full stim på golvet. Då blinkte det i sylvknapp. Det ringla i syljor. Det brasgla i band og krotasaum. Det skrall i jarnskodd hæl, snart i golvet, snart i bjelkane. Det raudna i kinn, det gløste i augo. Det var styrkeprøvar og hardugjint? dragsmål. Det var ovmykje gaman av full som av fastande. Og fela hans Eivind ho hulla og kvo.

Han hulda so fint slåttane. Han hakke dei ikkje upp. Han hadde so god takt og var lett og god å danse etter. Hallingen (lausen) let vill og eggjande frå fela hans. Og dersom det bryggja upp til uvenskap fram på golvet då råkte det han Eivind steig upp i benken der han sat og spela «Fanitullen». So berre det ljoma liksom han vilde segja: det er rett, gutar det er rett driv berre på, de. Og det vart gjerne slagsmål då, skriver Perstølen. Og Hollebakken var ikkje den som heldt seg undan i slike høve. Det vart fortalt um sume spelemenn at dei kunna avstyre med fela. Med Hollebakken trur Perstølen heller det var hin vegen. Ein gong hadde ungdomen fenge lov å danse i ei stugu som stod øyde. Det var um vinteren, og det var sume som meinte det vart kaldt. «Å har du Hollebakken sitjande i ei krå med fela so vermer nok han dei», var det ein som sa.

«Eg let i eit lag på Breie ein gong» fortalde Eivind. «So var det ut på morgon andre dagen, folk tok til tjugge på seg og vilde gå. Då reis eg upp og spela reiselåtten, -og eg totte det var i ein song kring meg». Slikt er sikkert av dei store stunder i ein spelemanns liv. Ein gong kom han Eivind ruslande med fela, han skulde åt eit samvære å spela. So møtte han presten på vegen. Presten kjende han Eivind og gav seg i prat. «DU må slutte med dette nu, Eivind, du begynder å bli for gammel til å drive som spillemann», sa preseten. «Nei, det kan eg då alder skjøne. Dei segjer eg blir betre og betre» sa’n Eivind.

I følge Perstølen var det helst Asle Øyno og Myreguten Hollebakken høyrde mest og lærde av i sin ungdom. Men han var aldro hjå nokon i lære. Asle Øyno kyter han særleg av. Han spilte fint, segjir’n.

Han vart tidleg gjestebodssppelemann. Perstølen skriv at det var for det meste han som hadde spelingi her i Øvre Hallingdal, Ål og Hol. Berre sume av dei gildaste henta Bratteste’n (Tor Grimsgard) frå Nes. «Eg kjem i hug fyrste gongen eg høyrde Bratteste’n», fortalde han Eivind. «Det var då ho Ågot Breie gifte seg. Bratteste’n var komen og me sat der og svalla. Eg stunda no etter å få høyre fela hans, veit du. So sa eg det «No lid det snart til at folki kjem att frå kyrkja, no lyt eg få hente fela di». «Ja, det var so», sa’n. Då var eg ikkje sein eg heller til å koma meg sør på kvisten etter fela. Han satte seg fram i peiskråi til stille. Um litt strauk han upp med ein slått. Då tukte eg: Ah var det ikkje metar. Men so tok han til å stille att. Og då han då strauk upp att vart det noko anna. Eg har høyrt sagt etter Bratteste’n at han heldt Hollebakken for å vera beste spelemannen i øvre Hallingdal.

Hollebakken hadde iflg Perstølen ikkje tal på gjestebodi han hev spela i. Men 100 er no kje for høgt teke, segjer’n. Og alle andre lag og smådansar han hev spela i går nok upp i fleire hundrad. I hans tid var det slutt med å spela til og frå kyrkja i gjestebodi. Men spelemannen hadde gjerne ein velkomst-slått, og ein reiselått då laget slutta. Nokre av dei gildaste låttane kallar dei gjestebodslåttar. Slike som «Asle Myro», «Sundbreien», «Kjødnbalen eller Sullaren», «Storelåtten», «Skinntrøya», Kristi Vangji», «Kongsbergen eller «Tråvaren», «Morbror», «Asle-Knut», «Gro Gudmundsrud» o fl. Til stabbedansen og hettedansen laut det vera ein av disse låttane. «Til brudedansen valde eg gjerne «Stundo er min kjerring so god», segjer’n Eivind, iflg Perstølen. Gjestebodi vara gjerne ein åtte dagar med små kvileykter. Då var det gjerne sume som gret då dei skulde skiljast. Det var ikkje rart um det var låttar og vek alle ljod dei høyrde etter slik turing.Spelepengane kunde verta so ein 100 kr. I eit gjestebod. Men det råkte han hadde betre etter måten i ein minder dans. Dei kalla det «å gje i fela».

Perstølen hugsar ein gong dei var nokre ungdomar i båt ut på Strandafjorden ein sundags ettermiddag. Då høyrde dei brått feleljom. Det var han Eivind som sat ute på tunet heime hjå seg og spela tonen til «Gud signe Norigs land»: Det lydde so vent over bygdi i sundagsstilla. Ein gong hadde nokre gjentor fått han Eivind og fela med seg i ein båt. Dei kom roande her rett nede. Han Eivind sat iflg Perstølen i bakskuten og spela. Det var «Kongsberg’n» han spela då. Ho lyer so fint fela frå vatnet.

Felespelet i Hallingdal er reindyrka dansemusikk. Det finst ikkje lyarslåttar og stykke. Gamle Myreguten spelte eit par marsar med uppstilt ters. «Detta var noko me sato hulla på med dei skjenkte», sa’n. Det hev soleis ikkje vore bruk for so mange slag stillingariflg Perstølen. Han nevner stillingane som hev vore mest i bruk, og som Hollebakken ogso brukte er desse fem:
1 Vanleg hardangerfelestille
2 Nedstilt bas, ein tone
3. Nedstilt bas og kvint, ein tone
4. Uppstilt ters, 1 tone
5 Trollstilt

Perstølen nemna nokre av dei slåttane som går på disse stillingane:
Stilling 1. Sundbreien, Storelåtten o. fl.
« 2: Rotneimsmordaren, Silde-Per o. fl.
3 Asle Myro, Skåren o. fl.
4. Fanitullen (på gamalt) o fl.
5 Nissen på kaparkjelen o. fl.

Av dei leikaste lauslåttane var:
Lakkebukken, Pål Skrium, Rotneims Knut (på gamalt), Fanitullen. Jau, dei spela Fanitullen her i Hallingdal og i gamal tid, men ikkje i den forma han vert spela no. Det var danselått.

Perstølen skrev at i øvre bygderne i Ål, og so i Hol var nok Hollebakken vissaste spelemannen. I Torpo og Satakrinsen og i Nordbygderne hadde kanskje Dekken sitt umråde. Elles i Nordbygderne (Leveld og Vass) var Hollebakken ofte og spela. Det var elles litt tevling millom disse tvo. Det var eit gjestebod på Slåtto ved Geilo. Dei hadde tinga Dekken til å spela. Men då gjestebodskvelden kom var det ikkje komen nokon spelemann. So sende dei bod etter Hollebakken. Han var på Strand nett då og skreddera. Dei kom der midt på natti. Hollebakken ferda seg til, og vart med, endå det var 3 mil å reise. Men straks Hollebakken hadde byrja spela, og dansen var kome i gang, då var Dekken der og. Han gjorde krav på å vera den tinga spelemannen. Hollebakken likte ikkji detta. Eit stridigt huglag hadde dei båe, og det haldt på verta ugreie med karane. Men det vart då so at Hollebakken pakka ned fela si og reiste. Men mange tokte ille um dette. Og so fikk dei til ei avrøysting millom gjestebodslyden kven dei vilde ha til spelemann. I den tevlinga sigra Hollebakken. So var dei etter han til stasjonen og fikk han med attende til gjestebodsgarden. Og han vart då den tinga spelemannen.

På kappleik var Hollebakken iflg Perstølen med ei einaste gong. Det var ved Hallingdals fylkeslags stemne på Nes våren 1904.det møtte berre 3 spelemenn. Det var Bratteste’n og ein annan Nesning, Syver Velta, trur eg han heitte, og so Hollebakken. Der fekk Hollebakken tridje premie, 3 krunor. Men premien kom aldri i henderne på han, hev eg høyrt sagt. Han var ikkje til stade då premiane vart utessla?. Han leid urett, då, Hollebakken. Det var fyrr Bergensbana var komi, dette, og folk frå øvre dalen laut ta hesteskyss til stemna. Hollebakken og fela hans hadde skrangla og skakjist på ei lastevogn dei 4-5 milene utover dalen. Han hadde ikkje hevt høve til å stelle fela fyre kappleiken. Då han tok upp fela inne på rommet der spelemennen samlast fyre spelingi var alle strengjene gjenge ned etter all risting og skaking. Fela og spelemannen var reint i ulag. Eg totte synd i Hollebakken då. Bratteste’n satt no der bratt og trygg som ein hovding, og Vetla’n ovmoda seg synbert. Eg skal ikkje døme um spelet ved dette eine høve. Men som spelemann skulde Hollebakken stode kloss upp med Bratteste’n. No vart rekkefølgja Bratteste’n, Vetla og Hollebakken.

Hollebakken hev ikkje lært spel av fossegrimen og dei underjordiske, endefram. Men han fortel han hev høyrt mykji musikk i fossedur og skogsus og fjell-ljom. Særleg då han kom frå eit lag der han hadde spela. Då vart det til låttar og vek alle dei ljod han høyrde, skriv Perstølen.

Hollebakken var gift med Kristi Haugerud frå Breigrendi. Dei fekk ein stor barnflokk, og deislit i små kår all si tid. Det var 3 av sønerne som spela fele, men ingen dreiv det til å bli retteleg spelemann.

Han hadde iflg Perstølen øydelagt eine auga sitt då han var smågut, sidan var han einøygd. For mange år sidan vart han stær-blind på det augua han hadde att. Men etter ein operasjon fekk han synet att sopass at han ser å gå so nokorlunde kvar han vil åleine. Ein ser han ofte etter vegen til og frå Sundre. Det er ein 7 km å gå eine vegen. Han har stav o handi, men det er sjeldan ein ser han stydjer deg på han. Han går mest likar med staven i handi. Og so hev han slikt eit sermerkt gongelag. Eg hugsar han var so lett kjenneleg fyrr, då han kom ruslande ut på Strandavegen um vinteren med feleskrinet i handi til eller frå ei dansemoro. No hev han byrja på 83e året, so det er nok slutt med spelingi. Men enno likar han å ta fela i einsame stunder og leva upp att gamle spelemannsminne», skrev Perstølen.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s