Gudrid Breie frå Ål, Sven Moren og Halldis Moren Vesaas

av Olav Sataslåtten

Nedlastbar og utskriftsvennlig artikkel: Gudrid Breie frå Ål, Sven Moren og Halldis Moren Vesaas

gudrid breie

Gudrid Breie

I litteraturen om Ål er ikke mye kjent om Gudrid Breie (21.3.1880–23.8.1963), moren til Halldis Moren Vesaas. Hun ble gift 2.1.1907 med Sven Moren. Foreldrene hennes var Tolleiv Larsson Skottebøl Breie 1841—1914 og Kristi Eiriksdtr. Evjen Breie 1847—1937. Besteforeldrene var Lars Tolleivsson Noss Skottebøl, Ågot Tolleivsdtr. Opsata, Eirik Hallgrimsson Noss Evjen og Barbro Arnfinnsdtr. Evjen. I Ål bygdesoge heter det at «Tolleiv tok del i ymse bygdestyring. Han var m.a. mykje på takst og på utskiftingar, og han sat i forlikskommisjonen (-rådet). Sjå Ål II s. 238, 319 og 322. Tolleiv tok imot salstømmer, han hadde sagbruk og handla med trelast. Han hadde godt handelag og likte å lagge.Som forteljar hadde Tolleiv store evner. Mehlum skreiv: “Han refererer ikke, men går lys levende gjennom fortellingen.” Gudrid var eldre søster av mesterdanseren og senere ordfører i Ål, Arnfinn Breie 1883—1960.

Gudrid Breie var varakvinne i Hallingdal fylkeslag fra 1903 og fremover. Dette går frem av «Lov for Hallingdal fylkeslag» av det året. Dagbladet skriver i juni 1899: «Ungdomsstevne holdtes Søndag og Måndag i denne Uge i Aal i Hallingdal – for første Gang. Mens første Dag var æslet Lagenes Udsendinge til Forhandling om indre Anliggender, var den anden bestemt med fri Adgang for enhver og til Afholdelse af Foredrag m. v. Til slutningen var, nåar hensees til delange Afstande og den travle Tid, meget god, idet der til Foredragsmødet samledes en 3—-400 Mennesker, deri blandt ogsaa Mænd paa 80 Aar, der fremdeles var unge i Sind og Interesser.

Over den storslagne og fagre Dal bølgede Flag i Mængdevis, især rene, Naturen var i Flor, de fleste Kvinder mødte i sine farverige og vakre National dragter, Ungdommen struttede af Sundhed og Styrke, og Solen sendte nu og da sit rige Lys over det hele. Der var Feststemning i Naturen, og der blev end høiere Feststemning i Ungdommens Sind. Aals Ungdomslags nye Fane, forarbeidet og foræret det af en af Bygdens unge Kvinder Gudrid Breie, vandt alles Ros: Paa en rødkantet hvidDug var indsyet det norske Vaaben,derover i himmelblaat: „ Vaarvon» og under „Gud signe Noregs Land !» Til den grønne, aabne Plads borte i et Skogholt, hvor vajende Flag viste Mødestedet, opmareheredes med denne Fane i Spidsen, mens en Mester blæste paa Lur, saa det hørtes vidt om.

Provst Christie, en meget afholdt Præst, indledede med Bøn og en hjertelig religiøs Tale. Stortingsmand Berg holdt Foredrag om Afholdssagen som Ungdomssag,. idet Brugen af destærke Drikke udsatte Ungdommen for store Farer og gjorde en hel del tilVrag og var for enhver en Hindring for med hele Legémets og Aandens Styrke at kunne bygge op lyse øg lykkelige Hjem og et stærkt og lykkelig Fædreland —og allermest trængtes den hele Kraft og den klareste Tanke, om og nåar Fædrel&ndet kaldte enhver til Værn om Frihedens dyre Goder. —

Kirkesanger Reinthon talte om Fædrelandskjærlighed, og ved Eksempler hentede fra Norge og Montenegro, der viste, hvilke Undere i Kraft og Offer villighed Fædrelandskjærligheden kanudrette, lagde han de Unge Sagen varmt paa Sinde.Derefter opførtes Skuespillet „Ei Hugvending» — og det mærkværdig godt, saa det tog Forsamlingen helt hen. Bagefter talte Kirkesanger Næsse om Skogsagen, der havde sine alvorlige Krav til hver enkelt, og endelig holdt Lærer Bekkestad Foredrag om Maalsagen. Som flere Lande havde havt sin Maalkamp og havde vundet mere eller mindre frem — hvad han nær mere paaviste — havde vi nu vor, og saa sandt vi vilde holde os som et selvstændigt Folk, maatte vi gjenreisevort gamle Maal, cg saaledes, at det blev det hele Folks Sprog.— Stevnet maa betegnes som meget vellykket, og det vil utvilsomt; bære Frugter».

I 1905 var Gudrid Breie skolekjøkkenlærerinne ved Voss folehøgskule, iflg annonse i Bergens Tidende fra august det året: «Voss folkohøgskule er open fraa 8de oktober til paaske. Vanleg høggskule, minste alder 17 aar. Utvida høgskule, minste alder 18 nar. Lærarar umfram underskrivne: B. Th. Anker, Olav Holdhus, jordbruks-kandidat S. Haaland, Gudrid Breie, ei skulekjøkenlærarinna, ein timelærar». I følge boka «Skularne i Voss prestegjeld : fraa dei eldste tider til 1914», var hun kun ved Voss i perioden 1905-1906.

Gudrid Breie traff Sven Moren første gang på Noregs Ungdomslags årsstemne på Lillehammer 2-3. juli 1905. Opplysningene i Paul Breiehagens bok «Det tilla og det læt» om at opptakten til ekteskapet mellom Sven Moren og Gudrid i forbindelse med dans i Kaja og Hans Bruuns hus på Sundre i 1907 er altså ikke riktige. Forfatteren Halldis Moren Vessas, Gudrids datter, skriver i boka «Sven Moren og heimen hans: «Den unge hallinggjenta Gudrid Breie hadde vori i Kristiania ei tid og lært saum og veving. Ho var lærarinne, og no hadde ho fått tilbod om bli handarbeidslærarinne på Voss folkehøgskule, hos Lars Eskeland, derfor tok ho denne ekstra-utdaninga. Ho gjekk mykje i Bondeungdomslaget, der Sletten var formann, og no vart ho valt til utsending til stemna på Lillehammer. I grunnen hadde ho ikkje lyst til reise dit, men Sletten meinte på at ho måtte. «Du må reise,» sa han, «kanskje livslagnaden din blir avgjort der.» — No ja, han visste om Voss-planane hennar, og no skulle Eskeland koma til Lillehammer, så det var helst det han tenkte på. Det vart så ho reiste. Litt spent på å få sjå og høyre Sven Moren var ho nok. Han var eit kjent namn for bygdeungdomen. Ho hadde lesi bøkene hans, og i vinter hadde ho høyrt mykje om han av veninna si Klara Semb. Ho hadde verkeleg lyst til å bli kjend med han!

Før stemna var det årsmøte i banksalen på Lillehammer. Der kom Sven Moren til å sitte bak to bunadkledde gjenter. Den eine av dei kjende han godt, det var Klara Semb. Den andre hadde hallingbunad, og sat med det brune håret laust nedover ryggen — det var langt så ho kunne sitte på det. Han var spent på fasaden. Snart fekk han sjå den og. Klara Semb gjorde dei kjent med kvarandre. Han var visst ferdig med ein gang. Her var alt han sverma for, samla i eitt menneske, ei ung kvinne. Han passa på å få vera mykje saman med henne under stemna. To som gjerne vil vera for seg sjølve, kan få gøyme seg godt bort i eit slikt mylder av folk. Han fekk henne jamvel med seg til skogs, han skulle syne henne Mesnaelva, men fann ikkje fram. Stemnedagane giekk berre altfor fort.

klara semb og gudrid breie
Klara Semb til venstre og Gudrid Breie

Gudrid var 25 år gamal den gangen, 9 år yngre enn han. Ho var frå Breie i Al i Hallingdal, den nestyngste i ein stor syskenflokk. 0m foreldra sine fortel ho: «Far var mykje med i bygdestyret og hadde mange tillitsverv. Han hadde berre gått 3 veker på skule i heile sitt liv, men han var flink i rekning og skreiv utruleg bra. Han hadde stor lesehug og fylgde godt med. Garden dreiv han godt, braut opp jord og stelte på husa så Breie vart av dei største og finaste gardane i bygda. Mor var strevsam og flink, var sjølv med overalt både ute og inne. Ho var spræk, kvik og lettliva.»

Dette er ikkje så reint ulikt det Sven var vaksen opp med. At utspringet for han og henne var såpass likt, skulle vera ein god garanti for samlivet. Visst spør ikkje forelska ungdom etter garantiar, men seinare kan dei alltid koma vel med. Alle Breie-ungdomane hadde vori litt ute på skular, men Gudrid fekk ei utdaning. Ho hadde alt vori Iærarinne i nokre år da ho kom til å reise til Lillehammer og gå seg vill i Mesnaskogen. Gå seg vill er elles ikkje rette ordet om henne. Den unge diktaren har nok gjort sterkt inntrykk på henne, og breva hans, som kjem så tett på kvarandre, får henne til å gå «som i ei onnor verd». Men midt i det altsaman går ho og er i tvil, sterkt og lenge, — ein tvil som nok elles botnar mykje i at ho nyst før har kjent seg dregen mot ein annan mann. Så er ho 6g ein meir nøktern natur enn den nye vennen sin, ho er ikkje fri for å samle på garantiar: «Han var ein mann med eit landskjent namn, han var ein staut og vakker mann som eg likte med ein gang. Både av bøkene hans og av det eg hadde høyrt om han og av breva hans tyktest eg forstå at han var eit uvanleg godt menneske.» Han vil ikkje at ho skal reise til Voss — «reiser du dit, finn eg deg aldri att!» klagar han. Ho fer dit likevel, men blir berre ein vinter. 0m våren møtest dei på Sørlandet, heime hos Hans Seland. Då blir dei trulova. Gudrid seier opp posten på Voss, og om hausten reiser ho opp til Karen og Ivar Mortenson og skal Iære husstell, — som ho no elles ikkje er så reint ukunnig i frå før».

Halldis Moren Vesaas skriver videre: «Til jul kjem ho til Trysil, for første gang, og for godt. På stasjonen i Elverum står brurgomen og ventar på henne, med den spræke unge hoppa Haugtussa for lettskyssen. Andreas er og med, han har Brunen, og langslede til å køyre utstyrskista og anna som brura har med seg. Så ber det austetter. «Køyreturen gjennom den rimkvite skogen var eventyrleg» — — og så var det no berre 7—8 mil — På Mora brann det lys i alle rom, og huset var pynta til jul og til bryllup. Dei to som gjekk der og venta, var nok spent på kva slags menneske sonen skulle koma heim med, han var truande tillitt av kvart. Ho mor var litt «ill-svien», for folk hadde sagt til henne at det kom aldri til å gå vel med desse to, dei var for mykje kunstnarar til det. No var det ingen grunn til å mistenkje brura for å vera kunstnar, folk tenkte vel berre at noko såpass rart måtte det vera med gjenta hans Sven.

Første juledag var alle frå Mora i kyrkja. Det var visst ikkje presten tryslingane stirde mest på den dagen. Det hadde vel aldri hendt før i bygda at ein gardgut henta brura si så langvegs frå. Da Mor-folket kom ut att etter messa, hadde folk stelt seg opp på båe Sider av porten og ville sjå på kjering-emnet. Da var det bra å veta at ein tolte å bli sett på. Bryllupet stod 2. januar 1907. Det var ein kald dag. Hendene til presten var blå av kulde da han stod framfor brureparet. «Jeg fører eder til et godt land», las han. Elles tykte brura det var litt vanskeleg å følgje med i preika, for brurgomen stod og rykte og vreid pa seg under heile høgtida. Etterpå fekk ho visst grunnen: han innbilte seg at krageknappen bak i nakken hadde dregi seg opp og synte ovanfor kjolekragen. — Det var eit stort bryllup, innpå 200 menneske var bedne. Alt var giort for at laget skulle bli festleg. Utpå kvelden kom det fram nokre tryktebryllupsviser, på trysilmål, som vart sungne. Visene var betre enn slike viser plar vera, og det var ikkje å undrast på: dei var «ihopsett tå’n P. S. stod det, og alle visste at’n Per Strandvold var «dolle dikter’n». Men denne gangen hadde’n Per lånt namnet sitt til ein svindel: han hadde skrivi berre ei av visene. Brurgomen sjølv var meister for dei andre.

«Vi har aldri fått vori for oss sjølve, vi!» — det er ein saknad som mange nygifte på gardane får kjenne. Dei må ta til med samlivet sitt midt i familiekrinsen. Det er rimeleg at dette fell vanskelegst for den som kjem framand inn i heimen, det er mest alltid den kvinnelege parten. Og enda om det er så mykje klokskap og takt både hos dei unge og dei eldre at det ikkje blir gnissing av samværet, er det vel inga tid i livet da andre menneske kjennest så uvedkomande som når ein skal til å vekse seg saman med den eine ein har valt. Såleis var det 6g for desse to, og mest for den unge kona. Men det var ei god hjelp at ho sjølv var oppvaksen på ein gard, ho visste hva den nye heimen venta av henne. Her vart det kanskje venta uvanleg mykje. Mannen trong ein kamerat og rådgjevar i det serlege arbeidet som var hans, og fordi han ikkje var nokon riktig bonde, stod det mykje til henne korleis det skulle gå med garden. Verforeldra var svært på vakt første gangen ho sette seg til rokken eller Steig opp i vadmålsveven. Så mykje blidare vart dei da dei såg at ho kunne. 0m sommaren, da slåtten tok til, fekk ho staseleg rive av verfaren, ei som han hadde laga sjølv, og hatt på utstilling og fått premi for. Da ho gjekk ut med riva og skulle raka, såg ho at han var spent. Men han vart snart svært blid. «Du har nok prøvt detta før, du,» sa han.

0m våren var dei nygifte ein tur til Hallingdal, Sven tala på ei stemne der. Det var første gangen han kom i barndomsheimen til kona si, og første gangen han råka far hennar og dei fleste av syskena. Han fann seg svært godt til rette mellom dei. Han var imponert over alt det folk her hadde fått ut av den steinete jorda si, og over den fine sikre framferda deira. Og så var det så mykje norsk her i bygda, så mykje som nasjonalromantikaren i han riktig kunne frygde seg ved. Bygdebunaden, som enno var i fullt bruk, det vakre talemålce, hallingdansen, — han tykte det var umåteleg fint alt saman, og var kry fordi han hadde vorti så nær knytt til det. Ord frå hallingmålet tok til å smyge seg inn i hans eige språk, somme vart derlenge. Venskapet med den talrike Breie-slekta var til stor glede for han all hans dag. Heimkoma frå denne ferda gjorde sterkt inntrykk på den unge kona: «Da vi kom attende til Trysil, var det mest som å koma til eit nytt land for meg. Det var vinter da vi reiste, full sommar da vi kom att. På turen frå Nybergsund den lyse sommarkvelden såg eg først kor vakker bygda var. Eg minnest så vel synet frå Strandvoldbrua som vi køyrde over. Og eg tykte eg var komen til eit godt land.»

Hulda Garborg var nok ein del samans med Gudrid Breie. I si «Dagbok 1903-1914» skriv ho «Dottera som var lærarinne pa Voss folkeshøgskule, var Gudrid Breie, seinare g. m. Sven Moren, frå henne har eg fått desse opplysningane: fingreløysor = halvvantar, skuve = dusk av ullgarn i fleire fargar til hovudpryd, rull eit slag skjerm (valk) som den kvite hetta vart dregen over, lekkje = noko som høyrde med til bringesylvet, danse pa hætta = dans etter at brura hadde fått på seg hetta (kjerringmerke), stabbedansen — karane sat på ein lang krakk (stabben) og fekk ei kvinne kvar i fanget; så «gav karen i fela» (ofra til spelemannen), og så dansa dei. Alle måtte på stabben. Dylle = ettermat, kokt av nysilt mjølk med ris i, til det vart eit slags ost, vart servert i fine trespann, som vart kalla dyller. Dylle er kanskje eig. namnet på spannet».

Gudrid Breie var ellers i Kringkastingen i 1933 og 1957, hvor hun snakket om husflidstradisjonene i Trysil.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s