Rikard Berges møte med Nils Løingslåttun (1827-1912) og Olav Sletto i Hol 1907-1908u

«Nils Løingslåttun (1827-1912) var ein forteljekunstnar av høg rang» skriv Lars Reinton. «Det var stor kunst når han sa fram sine beste soger, «Det er slikt du må sjå og høyre; det kann ikkje attergjevast med pennen,» seier Rikard Berge um han då han fortalde sogene um Villandane. Nils bar til å fortelja berre han kom innum døra på vitjing. — Eg kom til han ein gong som smågut, Nils låg i senga. «Ko aite du då?» sa Nils, med det kraftige klingande mælet sitt. — «Lars.» «Lars? Det er ingen i Reinto- ætt’n som aite Lars. Keim aite du ette, du då?» «Ette’o Lars Skottebøl,» sa eg. «A, jaso!» sa han og ljosna i målet. «Aite du ette’o Lars Skottebøl. Ja, eg kjende godt han eg. — Hu før mann! — Det var ein svær mann. Stor og sterk og før, og so rik. Han hadde to gardar med, han, ei tid, både Skottebøl og Nos. Ja, eg kjende godt han. Eg hadde munderingi mi hjå hono, eg!» Og so bar det til å fortelja. — Seinare gjekk eg til han for å få han til å fortelja meir um ætta mi og det gamle Hol. Det var fyrste byrjinga til Holssoga! Eg var 14 år, då. Det ora fortid av orda hans».

Rikard Berge (7. november 1881–26. september 1969) var ein norsk kulturhistorikar, folkekulturgranskar, folkeminnesamlar og konservator frå Telemark. I vaksen alder for han i heile Telemark og andre stader på jakt etter stoff. Med tida fekk han truleg samla meir norsk folkeminnestoff enn nokon annan før eller etter han. Rikard Berge var noggrann med å oppgje kjelder og å gje dei att mest mogeleg rett. Han hadde alltid med gode merknader som kunne vera stutte avhandlingar. Han sette ein vitskapleg standard for norsk folkeminnegransking.Han var truleg den fyrste her i landet som og lydfeste folkemusikk, dvs. song og slåttespel, på fonograf. Rikard Berge var oppteken av tradisjonsmiljøet, og la vekt på dette når han var på tradisjonssanking. Han kom ikkje som mange andre, «utanfrå» til kjeldene, og hadde difor lett for å koma i dialog med dei.

Berge var god skribent. Han skreiv biografiane til spelemennene Myllarguten og Håvard Gibøen. Bygdebøkene hans frå Vinje og Rauland er framifrå i sin sjanger. Arbeidet om «Norsk bondesylv» er høgt verdsett. Han skreiv og nyskapande om norsk eventyrstil, og i boka Norsk sogukunst skildrer han altså ei samlarferd til Hol, der han som skildra i det følgjande utdraget frå boka traff Nils Løingslåttun og diktaren Olav Sletto, sistnemnde kalla «Diktaren Ola» i artikkelen. På slutten av sin artikkel skriv Berge at han vitja Løingslåttun ein 4-5 år før han gjekk burt. Det må med are ord ha vore rundt 1907. Olav Sletto, fødd i 1886, var då i byrgjinga tå 20-åra. Sletto debuterte i 1908. Teikninga tå Nils er ved Johanna Bugge Berge.

«Nils Lyingslåtten
Du må yvi Holsfjorden i Hol for å koma til Lyingslåtten. De Det er ein litin part på vestsida; han ligg so gøymd i skogen og når du kjem til tuns, tykkjest de vera lettvinnleg og snjålsleg i alle måtar der. Her er so koseleg du innbillar deg gjerne å kunne bu her haukeleg nok; men for den som slit på ein slik avsides stad vetter og sumar kjem vel poesien meir burt. Men dei såg då ut til vera glade og nøgde, desse folki, og gjestmilde som hallingen jamt er.
Framandkaren laut sitja på stolen!
Der var ikkje andre inne i den vesle nette daglegstogo enn ei gomol kone som stulla og stelte frammed omnen, og so ein håg, framslut mann, som nok var egtemaken. Dette var Nils sjølv, skyna eg. Han var av rette slage. såg de ut til. Augo var småe, men myrke og livande, og når han rødde eller
fortalde noko, so stirde dei langt, langt burti ei onnor verd. Der såg han de han fortaldé.
Kvar den karen var ifrå? — Å var eg telamarkning.. Ja. då hadde eg fari lang veg
Men kva eg far etter? Handla eg på bufe’?
Nei, ikkje plent de heller. — De rann for meg at de var best eg gav meg ut for handelskar likevel; for handel de skyna folk, og den som var handelskar vart agta og gjorde seg lett kjend. Uvisst koss denne gamle mannen var, var han skjerr av seg, so flaug han som fuglen or hendane mine.
Jau, eg får handla so smått ja. Eg får samla gamalt.
Jaso, handla eg på gamalt. Ja, der var so utplukka der i dalen, so de var lite sanke. Men fyrr timen var gjengin stod eg i handel um gamle ølskålir, og Nils trudde for ålvor eg var ein rekande handelskar. No var de på tidi å snu røda.
«Kven hev måla denne skåli, Nils?’ sa eg.
«De ska e’ si de’, d’e han goffa, de..
Etter hond fekk eg då ut at Nils var av gode gårdmannsfolk, komne frå Rygg i Kvislen. Godfar hans het Kjetil Rygg og var ein mæt rosemålar for si tid, og fargane hans stod like friske på skåline um dei var sine 150 år gamle. Eg undrast på grunnen til de. «Ja, va’ farge som sto nue lag,’ sa Nils. «Nå koke dai ølju ti ‘o brenne’ grisebusti; men då te ‘o uppkokt, då. — Han ska koke ølju inn ti høllmings, då fysst vert ølju regtig go, sa han, og bisna på kvar rosekrullen i skåli. Eg fekk sogur um koss Kjetil Rygg heldst med Sander Slettemoe, «den evige skøyeren», som Nils kalla honom, um at han skyna fuglemål og trudde på fyrivarsl. No tek jarne til glødast, tenkte eg, no kann eg snart smide.
E tru me fugladn varsla vondt å godt,’ sa Nils. Skjori, til all visse, når den syner seg, då er de fyri skade på eitkvart. E’ såg ai gong mange skjorir ta på ei anno. Då tenkte e’: jamenn te die vel me’ dai sko åyleggie no, tenkte e’. Å jamenn kjekk die so ; e’ tapa månge hundra trast ette».
«Ja, fuglemål trur eg au på, sa eg. Heime i Telemarki var de ein dei kalla per Skoland, han skyna fuglemål. Men han var no spåmann au, Per, han kunde blodstemmen.. Kjetil, broder, kunne blo-demmen, sa Nils. «Dai stungo drykkjeskjole på ain hest på Vindegg, å hesten va’ ve’ å blø se’ i hæl. Då gjore dai tenisguten i vegen ti Kjetil, broder.
— Å e’ skull’ bea de’ kåmma dær upp. Hesten hass Ola, han blør se’ i hæl. Du lyt kåmma, sa guten.
— E’ kann kje mæ noko slikt. Du får gå heimatt,» sa Kjetil. Men ikkje fyrr kom han heim, so hadde blode stadna. «Berre dei hadde svartebok å gange etter, var de ikkje sak lære bønine og bruke deim, trudde eg.
«Når dai lærde de, så va’ da’ kje nok å lære dæ tå munne.’ sa Nils, med tyngd; han reika med hendane i brokluma att og fram på golve, og stansa når han sa noko vigtigt. Dai måtte skrive dæ- Elles galdt da kje. Dai kunne skrive dæ åt o» Nils såg ut på gråvérsskyi som dreiv av vest; han fylgde kvar floken med ålvorslege augnekast.
Eg drista meg til å spyrja:
‘Du kann kje nokor slik bøn, du då. Nils?
Han glytte med dei gløgge augo brennsnart på meg, men stirde so på skygangen att.
«E’ bruka alder slikt,’ sa han. So brådsnudde han: Men han hadde høyrt dei gjorde åt for tussen, sa han:
«.Jesus møtte tussen på ai bru! Du ska gå ut ti den djevel du
er kommen udav, sa Jesus. —
Men då vart «tussen. Burte, då» sa Nils. De var den bøni han hadde høyrt, let han til, kvårki neire
eller færre.
I Saudherad var de ein som bruka mykje slike. Han spådde folk. og las sine bønir or svarteboki, hev eg høyrt.. Nils gjorde eit slag att på golve og vart standande med hendane i lumune framfor meg. So fortalde han at han mykje hadde drivi skomakararbeid, og einstad burti Kvislen han sat arbeidde sko. So
kom de inn ei vis fente:
«Dær sit skomakare, sa ‘o; så får e’ spå.,
«Jaså, sei e’ sa Nils, «kann du spå, du?
Ja, ho kunde spå.
Det va’ bra, de. Ko spå du i?
E spår ikaffegrut,’ sa fenta. Og so spådde ho, og fortalde både de som hadde hendt og de som skulde hende. Og de var sant. Men Nils visste med seg at mangt av de ho fortalde kunde ingin kjenne til.
sS spådde ho ho Astrid Trogatun med.
«Du vert buand’ millom tvo æna, due sa ho. Astrid vart ill, men de gjekk no so likevel. —
«Jabbe kjem ‘an Møkjal,segier kjeringi. Han Møkjal var ein lettvorin, raudskjeggjut stabbe, og då me vart sessa jamsides ved kaffe og rjomebrød, visa de seg vera ein likso kringmælt mann som han Nils; men han var yngre, og difor mykje kjappare på kjeften, og røda sveiv mest um den nye tidi. Han hadde fari fvrste gongen på den nye banen, fortalde han.
«E’ tenkje me få ei øno ti her i dale mæ no.
Nils humstra — :
«Når hjuli går åver høgste fjell, så har kje ver’en langt att å stå, sa ‘o Sibilla.
Møkjal log og knaska på rjomebrøde; de var vel noko uvisst med dei Sybilla-spådomane, meinte han.
Han tikii den høgste herren, so me veta kje dæ, sa Nils ålvorsam, og atter fylgde augo hans drøymande skygangen.
«Du e telamarkning, du kar?’ segjer Møkjal, vend til meg.
Som han hadde fengi forvita seg um årsvokster og telemarkskyr, vende han seg brådt til huses folk, spurde um de no kunde vera avgjort med kreturhandelen dei hadde stadi i. Møkjal og Nils var grannar, og no skulde han Møkjal til heidar med buskapen og vilde difor gjerne hava ho ‘Kveikreid» med.
Då retta den lange mannen seg rak. De namne vilde dei ikkje øyde seg med, let han; ei kyr med de namne laut gange i beite.
De va’ besyndele, sa Nils, atter drøymande fram for seg «han far vilde ha Kvaikrai-nabne på kjydne sine, han mæ. Ja-  habbe vill’ ‘an dæ,’ la han til.
‘D’e gamalt tant å tøv.’ sa Møkjal, og vende seg til kona og dotteri for å akkordere. Eg heldt meg til han Nils og fekk snart ut koss de hadde seg med Kveikreid-namne.

På Rygg var dei so til vens med haugefolki, fortalde han, so dei fekk ei ven kyr til Iåns av deim; ho lydde namne Kveikreid, og ho var so god ho mølka mett ryngja til kvart måle. So sa ho de med, haugekona, då Rygg-kona fekk kyri: Når dæ fell åv eingor i mi ætt, då må me hava att kjyri. Men ti den ti moga de’ hava sa ho. Og dei hadde ho i mange år; men ein morgon var ho som sokki i jordi; båsen var tom, og sidan hev ingin sétt Kveikreid. Berre namne heldt dei livande på garden, og den kyri som bar de, bar au trivnaden i fjose.

«Men du hev aldri vorti for haugety? spurde eg.
Å jau, var de likt seg. Haugetye var laga som andre folk. Han gjætte ein gong, og såg då ein haugegut med mor si. «Dai voro klædde akkurat som folke hær. E’ tenkte dæ va’ ‘o mor, e», sa Nils, og difor kost han spyrja mor si då han kom heim:
«Ko va’ dæ du giore nor-i hovda’e, du å ‘n Ola?
‘Me hava alder våre dær, me,’ sa ho. Då fekk han vissmun for de var haugety han hadde sett.
Møkjal vart meir og meir kringmælt, kvendfolki allfort meir uppsette på å selja og gamle Nils meir i ulag til tidi. For ein samlar var ikkje her meir å giera i dag, men eg bad um lov til koma att, og stod no halvveges til mitt sanne ærend. Den gamle mannen totte nok mun i røde med ein som elska de gamle, elles hadde eg vel ikkje fengi lov. Og då han Iaut vita um eg var gift og tilmed fekk høyre kona var med upp-i dalen., so skulde eg taka henne med, so han fekk sjå henne.

Som kona mi og eg andre dagen skulde Iåne oss pråm av landhandlaren, kjem de ein ung gut og spør um han måtte slå lag. Ein ljosleitt og blåøygd og finfarande kar, som for oss ikkje hadde annan umun enn han kom plent då han ikkje skulde koma, og tenkte i ei gate me helst ikkje gjekk med våre tankar. Han skulde ro. Nei takk, eg ror sjølv. Han sa kven han var, og me kann kalle honom Ola og segia at han skulde eller hadde vori på folkehøgskule.

Eg var litterat, hadde han høyrt. Å so smått. Han hadde au skrivi eit par bøkar, men ikkje fengi deim på prent endå.
Lyriske dikt då?
Nei, eit skodespel og ei forteljing. Elles so galdt det mest å studere dei store mynsteri. Han las mykje Goethe og Bjørnson. Goethe hadde eg mest ikkje lesi, sa eg. Eit jåm av den finaste smil strauk seg yvi andlite hans; eit halvhådlegt aksledrag, som han hadde høyrt gali, og so heldt han fram, at for ein diktar galdt de au å lesa dei store bokdomarar. Han for sin part las Brandes. Hadde eg lesi «Hovedstrømninger»?
Ikkje hadde eg og ikkje kom eg vel heller til å giera de, let eg. Men de var de beste Brandes hadde skrivi.
Eg gjev ein god dag i heile Brandes. For meg åtte han kvårki livssyn eller positive idear. Han hev kanskje gjort væl med rive ned gamle fordomar, men so bygde han inginting nytt.
Atter dette fine iåme av ein smil, som totte vondt um andre.
— Soleis gjekk røda yvi Holsfjorden den morgonen, og eg var alt anna enn i godmøle. Denne dagen vart nok heilt spilt. Men de gjekk betre enn ventande. Han Ola stod seg nok godt med dei gamle, og då både kona mi og eg troppa upp i hallingklæde, laut gamlen stelle oss jamsides og rettig augnemæle.
De va’ rægtig egtesvepen au på dekkon tvau,sa han. Og so laut kvendi setja kaffekjélen på; no vilde me hava de koseleg.
Du lyt kvea åt fremmankaren, Nils, segjer Ola brådt og utan fyrisveipur.
Eg skvatt, no øydela han alt for oss likevel.
Nils log med augo og skaut skyggjehetta attpå nakken, so de gråvippa i som visst fyrr hadde vori raudblont — sprengde håreduskar nedmed øvro.
«Å nei, du. Han Ola, broder, han va’ kar ti kvea. Han konne å slikt mål! Ja, va’ makalaust menneskje, det sa Nils. Atter let han tanken drøyme. Men han Ola, broder, drog til Amerika, han, so dei visune var nok ikkje atttakande.
Var de av far dekons bror din hadde lært, kost Ola diktar spyria.
«Han far, han lagga å smidde, han,’ sa Nils, Vilde ikkje høyre meir på de øyra. Han var hesteskoar for heile bygdi; men de vart ikkje stor fortenest med di. Av sume fekk han no Iåne hesten då, og andre tok med sin brennevinspott og skjenkte, so var de der-i kvitta.
Eg skyna at kveding ikkje var hovudfage hans Nils, og som vanleg med kunnige sogumennar, vilde han ikkie hava meir rødur der han ikkje var heime. Eg sveivde difor svalle burtpå Villands-ætti, og då kann de hende de vart betre ljod i bjølla. Han fortalde heile ættesogo frå og fram-ikjenom tidi, og de med eit liv og ei ordhegd so eg aldri hev høyrt norskt mål betre handsama. De var slike sogumennar dei hadde nytta Sander Røo og Tor Villand, de var tydelegt nok; men Nils stod nok ikkje attum. Eg freista so godt eg kunde å få på papire desse sogune, og hev sidan nytta deim på prent.’ Nils fortalde de gamalt kjende med nye drag og friskt dæme;
Han hadde aldri lesi noko um Villandane, de var greidt å høyre. Av de nye han fortalde kann eg aldri gløyme den glødde kunsti hans då han sa sogo um Astrid Djuvsjord. De er slikt du må sjå og høyre; de kann ikkje attergjevast med pennen.
Dette var nok andre bollar enn Brandes, tenkte eg med meg sjølv og skotta burtpå diktaren. Men han var au tekin. Han strekte seg so lang han var etter hågsætbenken, stirande snart ut på de skiftande spele av sol og skuggar, av skyhausar og blåglettur, snart på den håge, frambøygde forteliaren i den karmosinraude vadmålsbusserullen, som vart Iyft upp og ned med hendane i broklumune alt etter bylkjegangen i sogune.
«Dæ kann hende at de vera nå.. Nils skygde med hondi mot dagen, og som han fann eit kjærkomi påskot til å koma frå oss, svinta han på dyrr og treiv riva si. Snart såg me honom i fullt arbeid med å kå i høye utpå bøen.

De er her diktaren skal lære norsk stil,’ meinte eg, snudde meg til Ola.
Han smilte atter sin Brandes-smil, men kunde ikkje neikte for anna dei gamle ordla seg kringt. Men til hægre ting var de no likeve ubrukelegt; både stil og mål laut adlast av dei store diktarane.
«Ein slik adelsmann er gamle Nils, let eg um, sparka til veslekrakk so han trilla. Og får på dyrr, vilde hjelpe med vende høye.
Kvendi og Nils dreiv på som hardast.
«Du Nils, segjer Ola diktar, som me hadde vendt høye og sett oss utpå bakken med utsyn til Holstfojrden, «eg arbeider på ei bok um koss ei innestengd bygd bergtek folk og gjer deim tussute, um dei ikkie kjem ut i verdi. Trur du ikkje i Ryggjatrolle var slike heimetussar, Nils?
— Nils svara ikkie.
«Du kjenner til Ryggjatrolle du som er frå Rygg lell?’ sa Ola.
«Skriv du om slikt nue? Nils såg forstird på honom. «Du hev lært tå Mehlumen kansi?
Men me fekk honom då likevel til å fortelja urn då ho Kari, kona hans Kjetil Rygg, Iåg på seng og trolle kom, vilde leggje seg i sengi med henne. Ho vart so forfylgd at dei gjorde bod etter han Jon Bakkegard. Han skaut yvi de, tyrase, og då vart de burte dengongen.
De synte seg for han Kjetil med. Han hadde vori til Sundre på tinge, og bar på sin sabel. I dai daga’ gjore dai de slikt, at når dai kåmo på tingji så skulle kor mann vise sine våben,» fortalde
Nils. «Dai kalla de vøkneting.’
Ja, so var de måneljost som han får på heimvegen um kvelden, og då vart han vare ein skugge fara fyri seg nedan stogo. Kjetil drog sabelen sin, sprang elter skuggen og hogg i kvite måneljose. Men de var slik magt i skuggen at han var kar til å riste verjo i hondi hans. Då vart han redd og gav seg.

Ein annan gong høyrde dei hunden stridde og søykja so på eitkvart ut-i garden. Då dei kom ut, var de eit ukjent kvende. Dei vilde steinjaga henne, henta kubbar or skjole, vilde «teki» henne med kubbekast. Men ho berre lyne på foten for kvar kubben som kom, og kasti giorde henne ikkje noko. Dermed måtte dei gjeva seg og pakke seg innatt.
Diktaren spurde han Nils kva han trudde slikt kunde vera.
Det e vel engor som gjeng att ette se’,» sa Nils. «Du hev høyrt um han Tørens-Sjugur?
— Han Tørens-Sjugurd var utangjersbarn og het etter mor si. Han budde på Trøo i Kvislen. Sjugurd var tå dei som var nøggjeleg kjær i brennevin. Mokjal Midhus hadde ofte brennevin, og han og Jon Bakkegard sat uppi lofte tura, so gav Sjugurd Midhusen nokre tå sine ting, um han fekk lov til sitja svarme med deim; og de fekk han då. Men Sjugurd var leidkjena, og Midhusen svarpa til honom,
— eit vondt slag. Sjugurd tok ikkje att, men sveiv ut. I ei geil millom lofte og stolphuse fann dei honom daud. De var Gunnvald Dal som gådde til. Han kom um morgonen, skulde brent ei kolmile åt honom Sjugurd. Men hin kom ikkje, og gjekk han so stad å høyrde etter honom. No ligg vegen um Midhus,
og då han kom der, råka han til å stire ned millom burom; der Iåg denna daude skrotten. So laut han no rope på folk og dei fekk honom inn, måta. Då hadde han synemerke etter eit slag og hadde bløtt so fælt. Same kvelden sveipte dei honom. Han blødde so de rann i kista og ned i golve der han stod.
«Å ja, Gudd bevares, no må me halde detta stilt, hellå bi gali mæ Mehuse, sa dei, kjeringane som hadde sveipt honom. Nils var berre umagen då, og som alle slike, giekk han etter dei vaksne og lydde på alt dei sagde. Detta var innved onnebil um sumaren. Nokre år etter — heldt Nils ved — kom Trogatun-mennane, Ådne og Jon, gangande um Midhus. Då stod de ein mann upp-med stogu- hella og dei totte so skilleg de var Ola, gamlingen på garden. So segjer han de, han Ådne:
«Nai, te du ute so saint, du mæ, Ola?.
De svara ikkje; men som dei kom nærare til, såg dei de var han Torens-Sjugurd. ‘Ja, Gudd bevare uss alle samne, sa Ådne, krossande for seg. Då for skrymte ut yvi vegen, og burte var de. Men Sjugurd synte seg ei vende til for Jon Trogatun, han. Jon og Ola. bror hans, kom ovan Hamarsbøen, og då dei rokk ned til Midhus, so stod han Torens-Siugurd attved stogumuren. De var um notti.
dei vilde etter gjentune. Men då vart dei so rædde dei tok laupe so de sputra, og de vart ikkje meir tå bélingi den kvelden. —

Hev du aldri vori ute for noko slikt, du då Nils’!’ spurde eg.
Å jau menn, fortalde Nils. Han slo ein sumar på Vindegg i Kvislen. og Iåg endå ihop med Møkjal i lone. Ein kveld la Nils seg tidleg, Mokjal var ikkje heime. Han var dugeleg trøytt og sovna svint, men som han skulde bera i, tok de eit drjugt tak i munnen hans, og han vart fullvak med eitt. Då var de so urolegt ned-under. der Iåg kårkona på likstrå, duna og susa i novine og best de var slo de tri svarpar i eit fil ute i rede, og dei var herleg harde. Hurdi stod uppe, so dei var lett høyrande. Men stutt etter kom han Mokjal, og då vart de brådstilt. «Han va’ no ain havgierug knikt, den Mokjalen, la Nils til.
«Det var ungkar og mururidin, Nils, inkje anna,’ logOla diktar.
Du e som ongkar, gapen,’ hogg Nils i. Muro e ein kar, det.
Han hadde vori til seters på slått, fortalde han, «der va’ e’ ute for ‘o der, om nåtti. De va’ tråll ti tyras, dæ. Dæ va’ som ein kar som vilde kvæve mæ.
Eg hev au allstødt trutt de var kvendfolk,. sa eg.
Han freista å spenne burt-på kona si, heldt Nils fram, so ho kunde hjelpe; men orka ikkje leda ein lem. Ha’ ‘o svalla ve me,kona, ha’ e rådd mæ att,’ sa Nils. Kanskje du var med i jolereidi’ skøytte Ola i.
Nils glytte på oss.
«Dai raiste forbi hær, dai, før i vær’n. Dæ va’ store færidn nue folk å hesta’, dæ, tå alle slagjo, å slike bjellu’ i sæladn at da klinga så teskjele.. Nei, de var nok noko radt anna. ‘Me ljote inn få uss kaffi,’ sa han, reiste seg upp med riveskafte til stydjestav; skafte skalv i hendane hans. «E’ lite giidd,» sa han.

På ettermiddagen Iaut kona mi få teikne honom slik som han jamnast stod, langlydande etter sogusvall han hadde høyrt for tvo mannsaldrar sidan. På lag so rann dagane for oss på Lyingslåtten. Og dei var ikkje so fåe, so Nils trøytna nok både av meg og notisboki mi. Eventyre og visa var ikkje for honom, men segni og kjempesogo. Desse gav han spellivande, og tanken hans sveiv drøymande tilbakar til folk og farne tidir. Med sitt gode minne, sin lyriske hug og si klåre, rike målføring høyrde han til dei beste sogusegjarar Hallingdal hev havt på 1800-tale, de tvilast ikkje. Han var fødd 1827. Som so mange sogukunstmennar hev han au lagt seg til kvile for godt. Han døydde 4-5 år etter eg vitja honom.

Rikard Berge».

Frå Norsk sogukunst : sogusegjarar og sogur av Rikard Berge Berge, Rikard, Aschehoug, 1924. Transkribering og opphavsrett til denne ved Olav Sataslåtten.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s