Då Leinen spelte på Sletto i Hovet

Johs Brye fortel i eit gamalt nummer av Hallingdølen at Ivar Knutsen var fødd på Sletto i Hovet den 28. mars 1866, den 5. i rekka av 14 syskin. Han hugsar at «Leinen» spelemannen kom til Sletto ein kveld for å få til dans. Faren var ikkje heime, men det vart dans. «Storerulten» og Lars Løyte var der og vart uvener. Lars sette kniven i «kruna» gjorde hallingkast og spende kniven ned.

Ola Lein, eller «Leinen» som han vart kalla i bygda, var spelemann, om ikkje av dei store. Han vart nytta både i bryllaup og lag. Ein sermerkt mann som har fått sitt namn i bygde­ soga.