
Margit Olsdtr. Ruggeplassen Grøvo (1851-1936), saman med borna
Anne (1891-1969) og Ola (1894-1945). Foto: Ål bygdearkiv.
Av Olav Sataslåtten
Margit Olsdotter Ruggeplassen Grøvo fekk ein uvanleg barndom. Mora døydde då Margit var berre to år gammal, og i fleire år levde ho saman med far sin under enkle og skiftande forhold. Som åtteåring kryssa ho Hardangervidda på ski. Året etter måtte ho greia seg sjølv som gjetarjente. Historia om Margit er ei forteljing om fattigdom og utferd, men også om styrke, arbeidsevne og eit langt liv i fjellbygdene.
Bilete: Margit Olsdotter Ruggeplassen Grøvo (1851–1936) saman med borna Anne (1891–1969) og Ola (1894–1945). Foto: Ål bygdearkiv.
Historia far min fortalde
Då eg var liten, fortalde far min ei historie om ei lita jente som budde i Ridalen saman med far sin. Sidan vi budde på Torpo, i nærleiken av Ridalen, festa historia seg i minnet mitt. Ridalen var på 1960- og 1970-talet meir øyde og noko meir mystisk enn kva dalen er i dag.
Det skulle gå mange år før eg fann skriftlege kjelder som stadfesta hovuddraga i historia far min hadde fortalt. I eldre nummer av Hallingdølen fann eg artiklar av Lars Opsata og Oddvar Stølen. Begge hadde skrive om Margit og den uvanlege barndommen hennar.
Lars Opsata fortalde historia under tittelen «Liti om då dei reiste til Harang». Teksten blir her sitert med løyve frå Olav Oppsato. Oddvar Stølen skreiv i 1958 om det seinare livet til Margit. Opplysningar om familien hennar finst dessutan i Ål bygdebok.
Takk til leiaren ved Ål bygdearkiv for å ha funne fram fotografiet av Margit saman med borna Anne og Ola.
Trangt om utkomaPå midten av 1800-talet var jordbruket den dominerande levevegen i øvre Hallingdal. Folketalet var høgt i høve til ressursane, og mange måtte forlata bygda for å finna arbeid og utkome andre stader. Spor etter husmannsplassar, rydningar og små jordlappar i utmarka vitnar framleis om kor hardt presset på jorda kunne vera.
Lars Opsata skildrar situasjonen slik:
«For so ein hundre år sidan og vel så det budde det omlag like mykje folk i øvre Hallingdal som det gjer no. Jordbruket var den gongen omtrent einaste levevegen i bygdene. Og det er då lett å skyna at det vart trongt om utkoma. Om det vitnar gamle tufter og attlagde jordlappar burti utmarka.»
Det var fleire vegar ut av fattigdomen. Somme slo seg på handel, særleg handel med husdyr. Andre tok kramskreppa på ryggen og gjekk frå bygd til bygd. Hallingar kunne ferdast heilt til marknaden på Levanger. Andre drog ut som sesongarbeidarar og tok det arbeidet dei kunne få.
Ein av dei som måtte søkja utkome utanfor heimbygda, var Ola Olsen. Han vart kalla «Ruggen». Faren hans hadde hatt det same tilnamnet fordi han rugga når han gjekk. Opsata understrekar at det ikkje låg noko nedsetjande i namnet. Tilnamn var nødvendige i ei tid då svært mange hadde dei same fornamna.
«Far hans og kalla dei Ruggen, han rugga so når han gjekk. ‘Her kjem eg ruggan’, sa han. Elles var det so mange som heitte Ola den gongen at dei ofte fekk eit tilnamn til åtskil frå andre Ola’ar. Noko nedsetande låg det ikkje i namnet, og me lar Ola Olsen heite Ruggen heretter.»
Margit miste mora som toåring
Ola Olsen var gift med Anne frå Sortehaugen. Dei fekk dottera Margit i 1851. Då Margit berre var to år gammal, døydde mora. Ola stod att åleine med det vesle barnet.
Han tok Margit med seg og drog til Brånes ved Drammen. Der fekk han arbeid hos ein ølbryggjar som heitte Styrmo. Ola arbeidde med å køyra ut øl, og far og dotter vart verande i området i fleire år.
Då dei kom tilbake til Hallingdal, var Margit åtte år gammal. Ola hadde berre åtte skilling i lomma. Det var alt han åtte.
På Veståsen, nær fjellbandet, låg Bjørkholt, ein liten heimstøl som høyrde til Jegermoen. Dit drog Ola og Margit. Der budde dei gjennom vinteren.
Vinteren på Bjørkholt
Bjørkholt låg slik til at ski var den einaste praktiske måten å ta seg fram på om vinteren. Ola laga ski både til seg sjølv og dottera. Han dreiv mellom anna med tjørebrenning, eit tungt arbeid som kravde tilgang til tyrirøter og mykje ved.
Livet på Bjørkholt må ha vore enkelt. Margit fortalde seinare om kosten:
«Me åt prim og kvikaku og drakk svart kaffi.»
Ein gong vart Margit send ned til bygda etter mjølk. Det vart både seint og mørkt før ho skulle gå tilbake. Folka i bygda ville at ho skulle bli verande til neste morgon, men Margit nekta. Ho ville tilbake til faren på Bjørkholt. Ola hadde lova å koma henne i møte.
Denne episoden seier mykje om forholdet mellom far og dotter. Dei hadde truleg ikkje mange andre enn kvarandre å stola på.
Ferda mot Hardanger
Mot slutten av vinteren bestemte Ola seg for å reisa til Hardanger, eller «Harang», som det vart kalla. Der skulle det vera lettare å få arbeid. Dei drog frå Bjørkholt ein dag mot slutten av mars og låg over på Roen før sjølve fjellferda tok til.
Ein 18 år gammal gut slo følgje med dei. Han skulle også til Hardanger for å søkja arbeid.
Tidleg om morgonen spente dei skiene på seg. Ola hadde ei skreppe på ryggen. I tillegg hadde han laga ein liten kjelke som han drog etter seg i eit band over aksla. Tanken var at Margit kunne sitja på kjelken dersom ho vart for sliten.
Margit gjekk likevel det meste av vegen sjølv.
Første etappe gjekk til Nygard ved Haugastøl, der det den gongen budde folk også om vinteren. Nygard var ein vanleg overnattingsstad for dei som skulle over fjellet.
Då dei kom fram om kvelden, var det kaldt og stjerneklart. Vesle Margit såg opp på himmelen og sa:
«I morgon fær me fint fjellver.»
Åtte år og på ski over Hardangervidda
Dagen etter kryssa dei Hardangervidda frå Nygard til Maurset. Vêret vart slik Margit hadde spådd. Dei fekk ein fin dag over fjellet.
Ute på vidda stansa dei ved ein stad der Ola kunne finna vatn under isen. Han hadde med seg øks og hogg hol. Der åt dei smørkling og drakk vatn før dei heldt fram.
Då dei kom til Maurset om kvelden, ville folket knapt tru at ei åtte år gammal jente hadde gått over vidda på ski. Det hadde vore lite bruk for kjelken. Den 18 år gamle guten som følgde med, var derimot så utsliten at han heldt på å gi opp.
Opsata skriv:
«Då dei kom til Maurset om kvelden, vilde folket der ikkje tru at vesle Margit hadde gått over vidda. Men ho var mest like sprek ho, og det hadde ikkje vore stort bruk for kjelken på turen. Men 18-åringen som var med han var so trøytt at han heldt på å gje opp.»
Ferda var likevel ikkje over. Frå Maurset måtte dei ta seg ned Måbødalen. Vegen gjennom dei bratte galdene var krevjande og farefull. Nokre stader måtte dei bruka stigar, andre stader måtte dei klatra gjennom skorter i fjellet. Stigane skal ha vore laga med orestrengar.
Ola batt eit tau rundt Margit. Ho klatra føre, medan han gjekk bak og heldt i tauet.
Isen stengde fjordenDå dei kom ned til Eidfjord, møtte dei eit nytt problem. Isen på fjorden stengde båtferdsla, og dei skulle vidare til ei bygd lenger ute. Dei kunne ikkje bli verande i Eidfjord.
Far og dotter måtte på nytt ta seg opp i fjellet. Dei prøvde å finna ein veg der dei kunne koma ned til fjorden på utsida av isen.
Opsata visste ikkje kva bygd dei til slutt kom til, men Ola fekk arbeid med jordbruk. Folket på staden tok seg godt av Margit. Ho fortalde seinare:
«Då hadde eg det godt då, då fekk eg vera inne då.»
Denne enkle setninga fortel mykje. For eit barn som hadde levd gjennom vinteren på Bjørkholt og deretter kryssa Hardangervidda, var det å få vera inne og bli teken hand om noko ho hugsa resten av livet.
Gjetarjente som niåring
Då sommaren nærma seg, drog Ola og Margit tilbake til Hallingdal. Margit var då ni år gammal.
Ola sette dottera i teneste som gjetarjente i Øvre Medgard i Liagardane. Frå dette tidspunktet måtte ho i stor grad syta for seg sjølv. Barndommen hennar var i praksis over.
Oddvar Stølen skildra overgangen slik i 1958:
«Da Margit kom heim fra Hardanger, ble hun gjeterjente i Øvre Medgard i Liagardane. Og nå begynte et nytt liv for henne: Hun hadde ikke lenger den store trygge neven til Ruggen å holde i. Hun skulle klare seg selv nå. Og det gjorde hun også heretter. Den sommeren fylte hun 9 år.»
Også Opsata skriv at Margit frå denne tida måtte klara seg sjølv:
«Og då Margit var 9 år, sette Ruggen ho gjætsla i øvre Medgarde i Liogardo. Frå den tid sytte ho for seg sjøl.»
Det er vanskeleg å førestilla seg ansvaret som vart lagt på eit ni år gammalt barn. Margit skulle vakta dyra, finna fram i terrenget og utføra dei oppgåvene som høyrde til livet på garden. Ho hadde likevel allereie fått ei opplæring i å greia seg under krevjande forhold.
Ola Ruggen
Ola heldt fram med eit omflakkande og enkelt liv. Opsata hugsa han som ein mann som budde i ei lita stove vest i skogen. Han hadde nokre geiter og dreiv mykje med tjørebrenning om somrane.
Då tok han geitene med seg og drog til Ridalen. Der hadde han ein stad han kalla Nyork. Han hadde også liknande opphaldsstader andre stader i skogen, truleg der det var lettast å finna tyristubbar til tjørebrenninga.
«Eg kan sovidt hugse Ruggen. Han budde då i ei lita stove vesti skogen. Han hadde nokre geiter. Om sumrane dreiv han mykje med tjørebrenning. Då tok han geitene med seg og drog til Riddalen. Der hadde han ein stad han kalla Nyork, og var der. Elles hadde han liknande stader på andre kantar i skogen. Det var vel der han fann mest tyristubbar han heldt til.»
Det er truleg minna om desse opphalda som har halde historia om vesle Margit og far hennar i Ridalen levande i den lokale forteljartradisjonen.
Bilete: Ridalen ved Okslenuten.
Margit på Grøvo
Margit voks opp og vart seinare gift med skomakaren Sindre Knutsson Dekko Grøvo. Dei gifta seg i 1874. Sindre var fødd 23. april 1834 og døydde i 1923. Foreldra hans var Knut Sindresson Juven Dekko og Kari Olsdotter Kvelprud-eige.
Sindre hadde tidlegare vore gift med Ambjørg Olsdotter Perplassen Grøvo, fødd 27. mai 1827. Han kjøpte småbruket Grøvo av Ola Arnesson Sataøyen.
Oddvar Stølen omtalar Sindre som ein munter kar. Han skildrar korleis Sindre fridde til Margit:
«Margit vokste opp og de røde rosene i kinna ble enda større. En skomaker som hette Sindre Dekko fridde til henne og fikk ja. Vi finner Margit igjen som småbrukerkone på Grøvo — et lite bruk som ligger enslig til i Vestlia i Ål, eit godt stykke fra bygda.»
På Grøvo levde Margit resten av livet. Ho gjekk på dei same stiane som faren hadde bore henne langs då ho var lita.
Eit liv med arbeid og styrke
Margit og Sindre fekk åtte barn. Berre tre av dei nådde vaksen alder. Familien vart hardt råka av barnedød, slik mange familiar vart på 1800-talet.
Stølen fortel at fleire vart sjuke under ein difteriepidemi. Margit var på stølen med dyra og hadde barna med seg. Då dei fekk besøk frå bygda, vart barna smitta. To jenter, fire og seks år gamle, døydde.
«Det var sikkert nok av tunge dager for Margit, men hun hadde vel ikke ledige stunder til å tenke på det, til å drømme om noe bedre. Det gjaldt å nytte ut de enkle mulighetene omkring seg, og det hadde hun lært av far sin.»
Margit brukte dei ressursane som fanst rundt Grøvo. Om hausten plukka ho bær som ho selde. I skogen fanst det rikeleg med skogsbær, og inne på åsen kjende ho til moltemyrer som få andre visste om.
Ho tok også arbeid på gardane, særleg under skuronna. Når det vart knapt med fôr på ettervinteren, måtte ho bera fôrsekkene på ryggen gjennom skogen til Grøvo.
«Hun var mye rundt på gardene og arbeidde, særlig i skuronna. Det kunne også hende at det ble lite med for til krøttera på ettervinteren, og Margit bar nok mange forsekker på ryggen vestover skogen.»
Arbeidsevna og sjølvberginga ho hadde lært av faren, følgde henne gjennom heile livet.
Borna til Margit og Sindre
Opplysningane i Ål bygdebok viser kor hardt barnedøden råka familien:
- Knut Sindresson Grøvo, fødd 5. oktober 1875, død 1909. Han vart gift med Mathilde Albertsen frå Redalen, fødd i 1882. Dei fekk dottera Marta, fødd i 1906, som vart gift med Anton Dyrhovd. Marta og Anton fekk åtte barn.
- Ola Sindresson Grøvo, fødd 30. oktober 1879, død 1880.
- Anne Sindresdotter Grøvo, fødd 28. april 1881, død 1885.
- Kari Sindresdotter Grøvo, fødd 23. mars 1885, død same året.
- Olaf Sindresson Grøvo, fødd 21. juli 1886, død 1894.
- Anne Sindresdotter Grøvo, fødd 22. juni 1889, død 1890.
- Anne Sindresdotter Grøvo Dahl, fødd 23. mai 1891, død 1969. Ho fekk sonen Martinius i 1916 med Jørgen Martiniussen frå Odda. Anne vart seinare gift med Svein Sveinsson Nedremyrslåtta frå Hol. Dei skreiv seg Dahl.
- Ola Sindresson Grøvo, fødd 10. januar 1894, død 1945. Han vart gift i 1933 med Rangdi Larsdotter Luten.
Fotografiet frå Ål bygdearkiv viser Margit saman med dei to yngste barna, Anne og Ola. Biletet gir andlet til ei historie som elles er overlevert gjennom munnlege forteljingar, avisartiklar og bygdebøker.
Dei friske rosene i kinna
Oddvar Stølen fortel at Margit skal ha hatt friske roser i kinna heilt til ho døydde. Ho vart gravlagd på Ål kyrkjegard.
«Det forteldes om Margit at hun hadde friske roser i kinna helt til hun døde, 86 år gammel. Hun ble stedt til hvile på Ål kirkegård en sommerdag for vel tjue år siden.»
Margit døydde i 1936. Dersom fødselsåret 1851 er rett, vart ho om lag 85 år, avhengig av fødsels- og dødsdatoen. Opplysninga hos Stølen om at ho vart 86 år, kan byggja på datidas aldersrekning eller ei anna opplysning om fødselsåret.
Ho hadde då levd eit langt liv, frå dei enkle vintermånadene på Bjørkholt og den farefulle skiferda over Hardangervidda til livet som småbrukarkone på Grøvo.
Ei historie frå ei anna tid
Historia om Margit er dramatisk. Ho fortel om eit samfunn der barn tidleg måtte ta del i arbeidet, og der dødsfall, fattigdom og mangel på jord kunne tvinga familiar til å søkja arbeid langt heimanfrå.
Likevel er det noko særmerkt ved den vesle jenta som åtte år gammal spente på seg ski, kryssa Hardangervidda og klatra ned Måbøgaldene med eit tau rundt kroppen. Ho overgjekk i styrke den 18 år gamle guten som følgde med over fjellet. Året etter gjekk ho inn i teneste og måtte i stor grad greia seg sjølv.
Lars Opsata og Oddvar Stølen tok vare på kvar sin del av denne historia. Opsata skildrar reisa og livet med Ola Ruggen, medan Stølen fører forteljinga vidare til Grøvo og det vaksne livet hennar. Saman gir tekstane eit bilete av ei kvinne som hadde lært å møta motgang allereie som barn.
For meg byrja historia med det far min fortalde. Ridalen var nær, men samstundes fjern og gåtefull. Då eg mange år seinare fann tekstane til Opsata og Stølen, fekk den munnlege forteljinga namn, stad og historisk samanheng.
Vesle Margit var ikkje lenger berre ei jente frå ei historie. Ho var Margit Olsdotter Ruggeplassen Grøvo, fødd i 1851, dotter til Ola Ruggen, gjetarjente frå ho var ni år og seinare småbrukarkone på Grøvo. Ho vart mor til åtte barn og levde heilt til 1936.
Historia hennar høyrer heime blant minna me bør teke vare på.
Kjelder
- Lars Opsata: «Liti om då dei reiste til Harang», publisert i Hallingdølen.
- Oddvar Stølen: artikkel om Margit og Ola Ruggen, publisert i 1958.
- Ål bygdebok, opplysningar om familien på Grøvo.
- Ål bygdearkiv, fotografi av Margit Olsdotter Ruggeplassen Grøvo saman med borna Anne og Ola.
- Munnleg forteljing etter far til Olav Sataslåtten d.y, Oddmund Sataslåtten

Legg igjen en kommentar