Av Olav Sataslåtten

Torleiv Gurigardeie Karlsen var født 16.11. 1890 og han gikk bort i 1965.

Gurigardeie, eller Bakrang i Leveld der Torleiv kom frå.

Han kom frå det vesle bruket som ligg mellom Nordbygdvegen og Gunnarhaugen neda Gurigard i Leveld i Ål. Han vart gift i 1923 med Alvilde Gundersson frå Hisøy.

Torleiv, nok mens han ennå bodde i Ål

Tolleiv var snikkar, treskjerar, spelemann og felemakar. Han flutte til USA i 1926, men kom attende i 1937, og var busett på Hisøya ved Arendal etter dette.

Torleiv med kona Alvilde

Foreldra hans var Gunvor Gurigardeie Medgarden Myro 1871- og Karl Enoksen Elviken.

Feler laga av Torleiv Karlsen

Nils Gjeldokk skriv i Hallingdølen i 1983 at Syver Einarsen hadde ei fele som Torleiv Karlsen hadde laga. «Han budde ei tid i Leveld og var slik ein usedvanleg nevenyttig kar». Sjå eigen artikkel om Einarsen på hallingspel.no.

Torleiv Karlsen

Me veit ikkje kor felene etter Torleiv Torleiv Gurigardeie Karlsen er i dag, eller om dei i det heile tatt er bevart. Torleiv spelte berre til husbruk.