Gründeren Lars Embriksson Springgard Engebretsen 1838—1895 frå Ål.

av Olav Sataslåtten d.y.

I ungdomen var Lars liten og tuslen, og ingen rekna med at det skulle bli noko av han. Men han reiste ut og kom i smedlære i byen. Ingen høyrde noko frå han før han vart kjend som “Engebretsen på Kampen”. Lars starta L. Engebretsens Mekaniske Verksted i Oslo i 1865. Der laga han ymse maskiner, m.a. maskinhamrar etter modell av ein maskin som Ola A. Strand hadde kjøpt i Amerika. Han utvikla òg eigne oppfinningar.’

springgard
Lars Embriksson Springgard. Foto Ål bygdearkiv, samlinga etter Oppsato og Tormodsgard.

I 1869 utvida han verkstaden. Då kjøpte han 2500 kv. alen à 24 skilling av Brinkens g. nr. 54 og 56. Sum 520 rd. I 1870 utvida han med pakkhus og ny maskinhall. I 1890 var der 54
tilsette, derav fire på kontoret. Lars fekk mange medaljar for oppfinningane sine både i Europa og i Amerika. Han tok imot fleire læregutar frå heimbygda. Tolleiv A. Strand t.d. var på verkstaden i tre år. Engebretsen var litt av ein sinnatagg og ein hard “arbeidsherre” som ikkje var god å gjera til lags. Men om Tolleiv sa han: “Tollef var den beste læregutt jeg ennu har hatt.”

Det var lang arbeidstid i dei dagar. Læreguten måtte opp klokka fire om morgonen for å fyre opp under dampkjelen, og det vart ofte seint om kveldane også. I matvegen var det ikkje meir enn høgst nødvendig. Av vareutvalet frå verkstaden kan nemnast: sagutstyr, sirkelsag, boremaskin, lokomobil (8 HK), treskjeverk, dampkjelar, reimskiver, kyrkjeklokker, tannhjul, vognbussingar, vifter, sylinderomnar og luftventilar.

Engebretsen støpejernovn
Engebretsen støpejernovn

Lars sleit med helsa og vart ingen gamal mann. Enkja overtok firmaet, men måtte leige folk til forretningsdrifta. Fyrst på 1900-talet var verkstaden konkurs. Og han som overtok det heile, var den same overrettssakføraren som hadde vore leiar den siste tida! Verkstaden gjekk vidare under namnet Kampen Mekaniske, og gjekk inn i Akers Mek. Verkstad i 1956. Delar av bedriftsarkivet kom til Norsk Teknisk Museum. Han var gift med Liv Larsdtr. Rudningen. Trintrud 1830— . Ingen barn.

I Verdens Gang for 3.12.1887 presenteres Engebretsen: «Forsynet med Svendebrev og Afgangsvidnesbyrd fra Tegneskolen, samt en opsparet Kapital af 21 Spd. kom Engebretsen i 1860 til Kristiania. Han arbeidet en tid dels på Akers dels på Myrens mekaniske Værksted, men begyndte i 1862 for egen Regning i et lidet Værksted oppe paa Sørliløkken. Begyndelsen var saa beskjeden som vel mulig. Værkstedet var ikke mer enn 4 Alen 6 Tommer i firkant. Det gikk godt, snart kundehan tage en arbeider i sin Tjeneste.»

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s