Prestbrue i Ål

av Olav Sataslåtten

Kor lenge det har vori bru over elva ved Sundre veit ingen i dag, men den fantes i alle fall i 1692, for det året vart Torstein Torsteinsson Noss Torkjellsgard 1650c—1720s «bøtelagd for hårdrag på Halvor Normann, og for å ha sprunge etter han med kniv “i vred hu” frå Sutøye og over Prestbrue ein sundag etter messa. Halvor på si side hadde kasta stein. Torstein vart tiltala for hårdrag, knivdrag og heilagbrot, — men bøtelagd 6 lodd sylv berre for hårdrag ettersom opptrinnet fann stad ein sundagskveld».

1

Prestbrua vart teki av elva i 1860. Om denne hendinga har Syver Kristianson Sandehuset fortalt. Han var smågut den gongen og budde i ei lita stove på Bruteigen på heimsida av elva og litt vest for brua. Det var den 16. juni det hende. Våren var svært sein dette året, og no hadde det regna i fleire dagar. Nedover dalsidene kom bekkene som små elvar, og i dalbotnen gjekk storelva innover alle strender. Utpå ettermiddagen nådde vatnet oppunder nedste stokkane av sjølve brua. Syver stod i døra på Bruteigen og såg det som no hende. Først sopte elva med seg næraste delen av brua, den var lægst, og eit bel peikte den høgste delen ut i lause lufta. Då også denne valt over ende, riste stova på Bruteigen. Prestegardskrøtere var på sørsida av elva då brua for, og fram til buføringa litt etter jonsok måtte budeia i Prestgarden roast over elva morgon og kveld når ho skulle mjølke. Det kom ny bru, og det var nok den som vart ståande heilt til 1913 (sjølvsagt vølt mange gonger). Den gamle vegen irå Urholtgeila og ned til Prestbrua gjekk gjennom tunet i Grethegarden, svinga deretter meir vestover forbi Ankersmyrane, seinare Myrbø og fram til bruenden.

2

I Øyno brukte dei mykje båt, sidan det ikkje var køyreveg på vestsida den tid. Ved austre enden av Strandafiorden i Ål var det mykje verksemd knytt til vatn sist på 1800-talet. Her hadde Eirik Hallgrimson Noss sagbruk i Strandaoset, drive med vasskraft frå Kvinda. Her var kvern på Kvednahus-øyne og ikkje minst småbruket Øyno på vestsida. Der var det båtbyggjarverkstad.  Øynobrune vart bygd i 1953.

3

Då Bergensbanen vart opna hausten 1909, var gamlebrua såvidt brukande, og så snart utskiftinga på Sundre var ferdig, vart det bygt ny veg frå Urholtgeila og ned til brua, og i 1913 kom stasjonsbrua, den første jarnbrua på Sundre. I førebuinga av sekstiåra kom det atter ny bru ved jernbanestasjonen denne gong bygt i betong. Den rekk både over elva og den nye riksvegen ved sida av denne. Namnet Prestbrua kom seg av at Prestgarden var ein av eigarane.

4

Like ved elva låg Brubakken, tidlegare Bromyrene kalla. Dette var eit småbruk som var frådelt Prestgarden, også i 1889, til Hans Kristian Sandehuset. Det var han og kona, Karina, som bygde husa her. Men då jernbanen kom måtte dei også avstå ein del av bruket. Seinare vart det selt tomter i frå, mellom anna til meieriet, slik at no er det berre at tomta huset står på. I dette området er det no tett med hus vestover, og rett overfor ligg Hallingdal Meieri. Bak stugu på Brubakken ligg den gamle trebrua. Denne hadde bøndene og grunneigarane bygt saman med Prestgarden, fortel Barbro Sundre. Dei som ikkje hadde eigarrett i brua måtte betala nokre øre for å bruke ho.

5

Sandehuset eller Sandeplassen var husmannsplass under Prestgarden. Sandehuset låg rett nedunder Kitilplassen. Jorda i Sandehuset strekte seg opphavleg frå Prestbrue langsmed Storelve på vestsida sørover til Trolløyen. Fyrste kjende bygsling er frå 1811, men det kan ha budd folk i Sandehuset tidlegare. I 1889 vart Sandehuset frådelt Prestgarden som sjølveigarbruk. I 1906 var Bergensbanen under arbeid. Då vart om lag 20 mål av innmarka i Sandehuset teken til stasjonstomt. Tunet måtte flyttast litt opp i halla i sør. I 1920 kjøpte jernbanen endå eit jordstykke. Den gamle stugu hadde eit fint interiør som skal ha vore snikkert av Eilev Moen. Stugu og loftet vart selde kring 1990. Frå Sandehuset vart det frådelt tomter frå 1908 og utover til 1989. I 1889 kjøpte Hans Sandehuset eit jordstykke av Prestgarden på sørsida av elva. Det gjekk frå Sandehusgutu og vestover. Eigedomen fekk namnet Brumyrane, men vart oftast kalla “Brobakken”. Stugu stod opphavleg heilt inntil enden av Prestbrue. Då stasjonen vart bygd, måtte stugu flyttast vestover. Etter kvart vart eigedomen oppdelt og seld som tomter, mellom anna det jordstykket som Hallingdal Meieri kjøpte i 1925. Det vart til Østlandsmeieriet avd. Hallingdal og så nedlagt i 2000.

6

I 1913 kom stasjonsbrua, den første jarnbrua på Sundre. Den gamle vegen frå Urholtgeila og ned til Prestbrua gjekk gjennom tunet i Grethegarden, svinga deretter meir vestover forbi Ankersmyrane, seinare Myrbø og fram til bruenden.

7

8

9
Bilete tatt av fotograf Narve Skarpsmoen i 1896.

10

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s