Dei gamle fortel – Høyr oldefar fortelje

Hallingdølen 22. desember 2018:

ola terje og olavOPP AV SKUFFEN, UT PÅ NETT: På 1950- og -60-talet gjorde hotelleigar Lars Hallingstad opptak av intervju med eldre hallingar på gamle spoleband. Olav Sataslåtten (t.v.) har det siste året jobba med å indeksere intervjua og leggje dei på nett. Her saman med Ola Terje Oleivsgard ved Ål bygdearkiv

– Det er mange gripande historier i Hallingstad-opptaka, men også artige stubbar om originalar og karakterar i Ål og Hol i fyrste del av 1900-talet. Det seier Olav Sataslåtten. Han har gjort lydbandopptaka til hotelleigar Lars Hallingstad (1902–1983) tilgjengeleg på
nettstaden deigamlefortel.no. Hallingstad gjorde timevis med lydopptak av eldre folk i Hallingdal. I opptaka er det førstehands kjelder som fortel om arbeidsliv, folkeliv, stølsdrift, buføring og bygginga av Bergensbanen.

Lokalhistoriske kjelder
Til dagleg jobbar Sataslåtten som historikar på Riksarkivet i Oslo. På frivillig basis har
han engasjert seg for å gjere lokalhistorisk stoff tilgjengeleg på nett. I 2017 starta han
eit samarbeid med Ål bygdearkiv for å lansere ei nettløysing med gamle lydopptak av
lokale spelmenn, mellom anna bestefaren, storspelemannen Olav Sataslåtten (1891–1971). Han laga også nettstad med ei samling skriftlege kjelder om Hallingdal i eldre tid.
– Det har blitt tatt imot med overveldande stor interesse. Hallingminne har hatt meir
enn 20.000 besøkjande sidan lanseringa for snart to år sidan, seier Sataslåtten. I år har han gjort klar ei julegåve til alle som er interessert i lokalhistorie, lydopptak av
gamle hallingar som fortel.

Tidleg ute med bandopptakar
Ekteparet Lars og Dordei Hallingstad var vertskap på Aal Hotel frå 1934 og fram til dei vart pensjonistar kring 1970. Begge var opptekne av kulturhistorie. Dei bygde ei stor privat samling gamle gjenstandar, som dei seinare gav i gåve til musea i Ål ogHol. Lars Hallingstad vart også ein aktiv samlar av folkeminne.
– På 1950-talet var ein lydbandopptakar ei stor investering. Men som hotelleigar hadde Hallingstad bra med pengar. Så fort det kom bandopptakarar å få kjøpt, skaffa han seg eit apparat, fortel Sataslåtten.

Lokka kafegjestene til å fortelje
I samlinga er det opptak av 55 ulike personar. Her kan du høyre stemma til folk som er fødd heilt tilbake til 1870- og -80-talet. Opptaka er ei kjelde til kunnskap om folke- og samfunnsliv i Øvre Hallingdal, men også dokumentasjon på korleis eldre folk prata for 60–70 år sidan. Du kan til dømes høyre ålingen Eirik Trulsson Rimehaug (1870–1954) fortelje om originalen Botolvs-Per.

– Opptaka er heilt unike i norsk samanheng. Det fanst ikkje kulturinstitusjonar som
samla folkeminne, slik Hallingstad gjorde, seier Sataslåtten. Som hotellvertar hadde Lars
og Dordei Hallingstad mykje besøk i kafeen på Sundre. Ofte inviterte dei gjester med opp på kaffi i privatbustaden i andre høgd. Då måtte gjestene gjerne kvittere med å fortelje
ein stubb framfor bandopptakaren. Hallingstad tok også bandspelaren med på omkring
til eldre folk i Ål og Hol og fekk dei til å fortelje om hendingar dei sjølve hadde opplevd, eller om slikt foreldre og besteforeldre hadde fortald.

Tidkrevjande etterforsking
På 1950-talet var det rullar med magnetband som var opptaksmediet. Slike magnetband er skjøre og kan lett gå i stykke. For å sikre at Hallingstad-banda ikkje skulle gå tapt for etterslekta, vart det sett i gang arbeid med å digitalisere lydopptaka. Den jobben vart
sluttført for fleire år sidan.
– Det me har gjort no, er å leggje til rette for at folk kan sitje heime i si eiga stove og
høyre oldefar prate. Eg tippar dette blir ein populær aktivitet i romjula, seier Ola Terje Oleivsgard på Ål bygdearkiv. – Det er Sataslåtten som har gjort heile jobben med å indeksere lydopptaka. Mi rolle er mest å vere eit applauderande publikum, seier Oleivsgard.
– Ja, det har vore ein jækla jobb, flirer Sataslåtten. Jobben har gått ut på å identifisere
kven som snakkar og dele opptaka opp i vel 260 lydfiler, med eitt tema for kvar fil. – På nokre av lydbanda kan det vere inntil fem personar som pratar. Og det er ikkje alltid dei blir introdusert før dei tek ordet. Det har vore tidkrevjande etterforsking å finne ut kven som er kven, seier han.
TOR FOLGERØ

Lenke til Dei Gamle Fortel:
http://deigamlefortel.no/

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s