Stupulen ved Ål stavkyrkje

Av Olav Sataslåtten

Stupulen ved gamle Ål stavkyrkje vart fyrste gong nevnt i det skinnberevet frå 1508 som er bevart i Diplomatarium Norvegicum b 2, nr 1029: «Allom them ghodom mannom som thetta breff se edher høra konnokth ghørom wi Halward Ellingh son Olaff A[s]lason Thorger Gest son Berger Helge son Thord Sindre son Thomas Gwdlek son Siwrd Halkel son sworna lagrettis men i Aalz kirke sogen i Hallingga dal med thetta wart oppna breff wi warom widh sthapvlen i Aal a rettha thingsthaad Perpethwe et Felicitatis wirginis anno domini mdviii».

Litt slurvete oversatt til halling lyder teksten tilnærma slik: «Halvard Ellingson. Olaf Asleson, Thorger Gestson, Berger Helgeson, Thord Sindreson, Thomas Gudlekson, svorne lagrettemenn i Aals kirkesogn kunngjer at dei var ved stupulen i Aal på rette tingstaden på jomfru Perpetuas og Felieitas» dag a. d. MDVIII 7. mars 1508».

På dei gamle målarstykka av Ål stavkyrkje, måla av Flintoe kring ser ein denne stupulen. Då han kom til Ål, laga han disse penneteikningane. Me ser og Kastebua. Ho stod då i kva som vart nedre kanten av leikeplassen til Nedre Ål skule. Vegen me ser er Stupulbakken, som han lenge vart kalla, det er omlag der vegen no går ned til skulesenteret. Namnet fekk bakken etter stupulen. Det var slik ei tid at fattige fekk gravklang i frå vesleklokka, medan dei som hadde råd til det vart førde til grava med slag frå storeklokka.

stupulen

Det heiter i Bygdesoga: Den gamle stupulen som stod norda kyrkjegarden vart flutt til gravplassen i Leveld, då denne vart rudd 1833. — Stupulen med dei to klokkene var eldgamal, like frå mellomalderen. Klokkestupul hadde to mindre klokker som vart nytta til gravferd, og klokkene i tårnet ved messe, i allehøve i seinare tid. Den største klokka sprakk i 1698, den andre kom til Leveld då stupulen vart riven. Noko av stupulen er no del av ei hytte.

I copibogen for Agerhuus Stiftsdirektion finst eit skriv, dagsett 24. november 1818 fraa
Tollef Helling og Ole Olsen Gjeldager «paa vegne av Aals hovedsogns almue om tilladelse til at nedtage 2de almuen tilhørende kirkeklokker der hænge i en nedraadnet kuppel ved siden af hovedkirken, og ved offentlig auktion at sælge disse og anvende den indbringende kjøbesum til skolekassens bedste.” I skrivelse av 10. februar 1819 til prost Kierulf bed daa stiftsdirektionen provsten „behageligen indhente vedkommende sogneprests erklæring, samt ligeledes gjennem ham erfare, hvorvidt Aals hovedkirkes eiere gjøre nogen fordring paa denne kuppel med ihængende klokker, hvorfor tillige ønskedes oplyst i hvilken hensigt oftemeldte kuppel med ihængende klokker er opreist og om samme paa nye standsat vilde have den engang tilsigtede nytte.” I skriv av 18.
mars 1819 fraa prost Kierulf til stiftsdirektionen upplyser han at sogneprest Leigh „udtaler at ommeldte kirkeklokker er hovedsognets almuen tilhørende, og at der saaledes ei synes at være noget imod deres salg, men da de haver været brugt ved begravelser m. m. saa formener presten at der vil fremkomme mange besværinger og klager hvad det ansøgte angaar.” I skriv av 8. mai 1819 til prost Kierulf bed stiftsdirektionen prosten «tilkjendegive Aals hovedsogna almue gjennem sognepresten at da disse klokker i sin tid ere opførte i den hensigt at benytte samme ved begravelser for derved at spare den udgift som i følge loven vilde foranlediges ved at bruge kirkens egne klokker, hvilken omstendighed endnu gjør disse udenomklokker lige nyttige for almuen, saa kan stiftsdirektionen ei indvilge det ansøgte, medmindre almuen kan formaae nuværende kirkeeier til at give den skriftlige erklæring (som maatte tinglæses) hvori dem forskriver sig og etterfølgende eiere af kirken den dem i loven gjemlede ret til betaling for kirkeklokkens brug ved begravelser.”

Den minste klukke skulde vera fri for gravferd, men vilde dei bruke baae, skulde det betalas til kyrkjekassa 1 mark og 16 skilling (kr. 133). Dei fattige laut nøgje seg med ei klukke, medan dei som hadde råd til det fekk klangen av baae over seg.

Stupulen vart etter sigende flytta til Leveld i 1833, sto innenfor kirkemurene der til 1882 då kyrkja der vart ferdig til å tas i bruk. Stupulen vart då flyttet på den andre sida av vegen og vart brukt til dels til vedskjul, hestestall og raskehus. Det er noko usikkert om heile stupulen vart flutt, han skulle vore nokså ille faren på den tid. I eit brev frå 1818 er han omtala som «en nedraadnet uppel». Det er mest truleg at noko av timmeret vart nytta att til ein mindre stupul i Leveld. Anders Mehlum skriv slik om Leveld kyrkje i 1904: «Gravsted havde man i Levvel, Iænge før Kirken blev bygd. Kirkeklokke havde man ogsaa, og den stod i en stupul, lik et lidet Brøndhus». Då så kyrkja vart bygt i 1880 vart stupulen riven, og det heiter at timmeret vart nytta att i stallen som vart oppsett på ovasida av vegen. I Bygdesoga står det: «Tømmer frå denne stupulen finst no i veggene på stallen ved Leveldkyrkja, seiest det».

Kjelder:
Kyrkjene i Ål prestegjeld : Ål, Torpo, Leveld, Sokneråda i Ål, 1980
Stavkyrkjene i Ål og Torpo : tida og miljøet av Paul Breiehagen Ål kunstforening : Ål museumslag, 1981
Hallingdølen 8. mars 1960 og 31. mai 1986.
Ål bygdebok
Diplomatarium Norvegicum

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s