Kva dei selde i dei gamle krambuene

av Olav Sataslåtten

Håkon Ulshagen fortel i ein artikkel i Hallingdølen om korleis innreiinga var i dei gamle krambuene. Den var omlag den same i alle buene. Ein disk delte stugu på langs, og i eine enden av disken var det ein lem til å slå opp, slik at det var gjennomgang. På veggen bak disken var det hyller, og innsida av disken hadde ei mengd små og større skuffar. Dette var det faste innbuet.

Krambuene var heller små, og all plass måtte difor nyttast godt. Oppe under taket — kramburome-t var overhimla —hekk alle slag blekkjerald, sinkibytter, parafinlamper, fjøslykter og mangt anna. Framfor disken var så å seia all ve-ggpla-sis teki i bruk,på spikrar og krokar hekk timrelekkjer, kyrband, hestehelder, bjeller, sagblad, bogtre til hesteselar og anna. Langs veggene her var også golvet lagerplass. Ved eine stuttveggen stod den store kassa med grovt salt, den hadde flatt iok og tente som sitjeplass. Her stod også kasser med spikar, hesteskor, bryne og ljår, tome smørbuttar og reipkveilar, sume tider også ei sildetunne. I hyllene bak disken låg rullar av ymse slag ty, lereft, verken, strie, øtrammei og osteplagglereft, sume tider også ein rull vadmål. Her var det også plass for tallerkar, kaffikoppar og spilfeumar. På golvet under hyllene var plassen for haugar av lær, soleier, smørjuler og plater.

Her stod elles margartotunna med trespaden og smultbutten. Sirupstunne hadde også romet sitt her.Skuffane på innsida av disken var innhaldsrike. Her fanst mjøl, sukker, ubren-t kaffi, gryn, stongsåpe, Trådsneller, plugg, nudd, hæl jarn og mange, mange andre ting. I ein skuff for seg var det tobakk. Her låg også kniven som vart brukt når einkvan skulle ha mindre enn ein kvartrull. På kanten av skuffen var det mål flor oppdelinga. Også vimdaugsopnimga var nytta ut, på hyler her låg ymse småting.

Ferdigpakka varer fanst ikkje i desse krambuene. Plast hadde ingen drøymt om endå, og det var også lite av papirposar og vanleg innpakkingspapir. Folk som heldt aviser, tok vare på desse og leverte dei hjå kremaren, dei fekk gjerne eitt eller anna lite i byte. Hadde så einkvan fått flesk innpakka i ei gamal avis, hende det at litt av kvart stod å lesa på flenkestykfcet når papiret var teki av. Trykksverta hadde smitta.

Det var ofte ei merkeleg lukt i dei gamle krambuene, ei blanding av matlukt, lukt av lær, svettelukt ofte blanda med lukt av våte vadmålsklede. Fast stengetid eksisterte ikkje, buene var opne så lenge det fanst folk der, gjerne til klokka åtte, og ofte seinare, sjødv om handelen var slutt lenge før. Krambuene var samlingsstad i lange vinterkveldar. Karane sat på saltkassa, på smørbuttar, ja, på så mangt. Dei togg skrå eller røykte, og golvet var til å sputta på. I snøver var det ofte store vassdember framfor disken. Vart einkvan lens for tobakk, var vegen stutt bort til han bak disken.

Desse gamle krambuene var nyhendesentralar og samtaleplassar, og her vart mang ei god skrøne til. Men sume tider sat vel også ein og annan der med ein agg for kva kontraboka hans hadde å fortelja . Borghandelen var farleg for sume. — Når så alle hadde gått heim utpå kvelden, gjekk kremaren i gang med siste arbeidet sittfor dagen, å få ut verste sølet på golvet. Så vart krambua låst.

Ingebregt Sevre på Nes gjekk i 1957 gjenom det gamle kjøpmannsregnskapet for butikken på Nes frå den perioden den vart dreven av Meidell og deretter Thorberg på Nes, med andre ord frå om lag og framover. Christian N. Urholdt byrja som betent til Lars Meidell, men nokre år seinare starta han eigen butikk på Sundre, og me ser at han eingong har lånt 1 kr. tobak ved Lars Aslesen Stave. Litt seinare ser vi at Olaug Gulbrandsdatter Sævre ved Drengen Ole har kiøpt 1 p. Caffe for 1 mark og 4 shilling og 1/2 p. Candis til 11 shilling. Den 5. mars 1868 har Levord Gislerud ved broder Truls kjønt 1/2 Rull Tobak for 10 shilling, og Bagar Olsen har returnert ein tomsekk som er godskrive rekneskapane hans. — Contorist H. Segl derimot har kjøpt Minerkrudt og lunte for 9 shilling— Den 26. juni har Doctor Borge — som synest å ha vore assisieret med ein Dr. Schmidt, kjøpt varer for over 15 Specidaler. — Harald A. Langager og Bjørn Levorsen Garnås synest å ha vore gode kundar hos kjøpmannen på Bruvolden, så det har nok vore velstand på eigedommane deira å dømma.

Det som ikkje minst dominerer desse gamle kjøpmannsrekneskapane er brennevinsalet, og øvrigheten — mellom dei ikkje minst prestane — var gode kundar. Sokneprest Heyerdahl i Ål har ved brev den 31. aug. 1875 kjøpt 33/4 Pot Brendevin og 3U Aqavit, men sjølve julebrennevinet fekk han nok i novbr. månad, for då kjøpte han for over 7 Specidaler på ein gong — Sogneprest Tønnesen derimot var nok meir beskjeden. Han har eingong kjøpt 1 Pot Spiritus til 3 marker 4 shilling, og ein annan gong Sherry for 1 daler og 10 sh. — Men absolutt beste brennevinkunden var endå ein Christen Olsen Høva, for han har gjennom ei heil årrekke vore stadig kjøpar, og flaug på Bruvolden nærast til annankvar dag. Mang ein gong vart han nok av kremmaren hive på dør, men berre tok til det og sa: «Du kan nøk kasta me ut du Meidell, men e kjem ratt ått e», og det gjorde han tilgangs. —

Gamle Garvar Lobbensten, som seinare selde staden sin til Bager Olsen , nøgde seg med 1U Pot aquevitt, og kjøpte lerret, tråd og knappar for over 2 marker, og 1 Sigar til 2 shilling. Noko så luksuriøst som sigarar var det sjeldan nokon kjøpte.  Brennevinhandelen omfatta jo heile Hallingdal, og mange gode kundar var det ikkje minst i dei øvre bygdene. Den tredje desember i ’74 kjøpte Paul Sletto, Hol, Brendevin for over 22 Specidaler på ein gong, men samtidig leverte han 2 Ryper for 1 mark og 4 shilling. Og Ole Knudsen Villand sest ein dag året etter å ha kjøpt heile 40 Potter Brendevin, så kanskje det skulle stellast til storbryllup på Villand. — Student Schefte som visstnok var hos skreddar Sjursen, kjøpte 50 sp. garn og Otto Rømche ved søn Oluf krediteredes for rest på kork med 3 shilling. Politibetjent Solbring ved kone, 1 sekk rugmjøl, Lensmand Thams 1 fl. Lampeolje, medan Frøken Woxen hos Sagfører Poppe, kjøpte seg eit par handsker til 2 m. og 4 sh. og Doctor Vaumund brendevin for 79,23. — Av andre kontohavere finn vi «Byggefortagende på Stenmoen, ved Halvor Rask, som har kjøpt Minerkrudt for 30 øre, og i 1873 den 24/11. — «Veianlegget Gulsvig—Næs» ved Captein Wollebæk, som har fått ein æske vogngris til 18 shilling. Og endeleg «Byggeforetagendet i Prestegaarden» ved Ole Hjertepladsen, spiger, hengsel, laas og vridere for kr. 12,50.

— Den 10/11—77 viser kontoboken at Fuldmægtig Tobisen har kjøpt Cigarer for 80 øre, medan Sorenskriver Meidell ved Fingar Brattestads kone har fått 1 graa traadsnelde til 15 øre, og Thomas Øye har laant 6 fl. øl. Då dennes forgjengar på det gamle Devegge, Postaabner O. Tandberg var død byrjar Enken Bolette å figurera i Lars Meidells rekneskapar. Dei dreiv gjestgiveri og med korte mellom har ho bl. a. fått 100 fl. øl.

— Noko som det ikkje synest å vera selt nemneverdig av er te, men likevel finn vi at Sagfører Daa og Fut Thorsen i mai 1880 har kiøpt denne sjeldne vara for høvesvis 15 og 30 øre. — Sagfører Skattebøl ved Maler Domholdt kiøpte malarvarer for 69.67 og Edv. Rømche ved Skomager Ole Husemoen lærvarer til 5.26, medan Fanejunker O. Ruud ved Ragndi. har laant embalage.

Bildet viser butikken Eirik Svenkerud starta på Nes i 1896 samans med Chr. P. Thorberg på hjørnet ved Nes bru. Frå v. Ole Holm Johannesgard, Gudbrand Høva, Barbo Rust, f. Svenkerud, ukjend, Eirik Svenkerud og Arne Holm. Eigar: Hallingdal museum.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s