Randsfjordbanen og Krøderbanens betydning for Hallingdal

Av Olav Sataslåtten
Bilete viser Vikersund stasjon i 1868. Foto: Jernbanemuseet. Fotograf: Carl Abraham Pihl

I denne artikkelen skal eg beskriva jernbaneforholda for dei som reiste til og frå Hallingdal i perioden 1866 til 1907. Ein festar seg ofte ved opninga av Bergensbanen som det meste vesentlege tiltaket som endra alt i Hallingdal, men då underkjenner ein den betydninga Randsfjordbanen og Krøderbanen hadde for kommunikasjon til og frå dalen.

Knut M. Lappegard skriv at «det hadde vorte veg uppover Hallingdal – ein slags kjerreveg – i 1826, so no gjekk det an å køyre lass etter dalen både veit og sumar. Det var lange turar. Frå Ål brukte lassekøyrarane oftast 8 dagar på ein tur til Gulsvik og uppatt, til Krøderen 9 eller 10 dagar. Det var ofte at folk som skulle ut og reise nytta høvet og fekk sitja på med ein lassekøyrar. Serleg om hausten, når mange ungdomar skulle nedover og ta seg tenest, passa dei på og fekk vera med lassekøyrarar. Og om våren var det ofte gutar som skulde i militærtenest som nytta denne skyssen. Det hendet det sat fleire ungdomar og dingla uppå same lasset. Køyrekarane tok litt betaling for skyssen av slike, og fekk dermed litt attåtfortenest».

randsfjordbanen 1866-68
Randfjordbanen 1866-68

Den 31. oktober 1866 vart første del av strekninga på Randsfjordbanen opna. Han knytte Vikersund og Drammen saman. Turen frå Vikersund til Drammen med tog tok i 1866 to timar. Toget hadde avgang frå Vikersund 06.30 om morgonen og 12.30 på formiddagen. Det gjekk frå Drammen til Vikersund kl 09.00 om morgonen og kl 16.00 på ettermiddagen. Det er heilt innlysande at ein to-timers togtur framfor åtte-ni timar til fots representerte ei klar betring for hallingene.

Det fanst allereie i 1867 ein kongeleg resolusjon om undersøking av jernbaneanlegg frå eit punkt på Randfjordbanen til Krøderen. Kommunebestyrelsene i Hallingdals fogderi hadde gjennom Amtmannen i Buskerud tilrådd desse undersøkingane, og kjensgjerningen den gongen var at ein sidebane til Krøderen måtte sjåast i samanheng med Hallingdals økonomiske vilkår og moglegheit for dalens utvikling. Fogden i Hallingdal framheva at dalen spesielt i mindre gode år treng tilførsel frå byane, og då spesielt Drammen. Fogden så òg at eit jernbanesamband frå Krøderen til Drammen ville verka gunstig på fedriften i dalen.

krøderen stasjon
Krøderen stasjon

Om Krøderbanen vart bygd, var fogden av den oppfatninga at bøndene frå Hallingdal ville frakta varer ned til Krøderen og la mellommenn enten frakta vidare eller kjøpa varene deira mot at dei til gjengjeld skaffa varer frå byane som bøndene eller handelskarane ønskte. Ein meinte òg at transporten av trelast kunne innebera ei vesentleg inntektskjelde for ein sidebane til Krøderen. Eit betydeleg kvantum gjekk ned gjennom Hallingdalsvassdraget. Denne skurlasta meinte dei med fordel kunne skjerast ved Krøderen, for deretter i foredla stand bli bringa på Krøderbanen til Drammen.

Fogden i Hallingdal meinte at Randfjordbanen berre burde sjåast som eit ufullstendig anlegg, så lenge den stansa to mil frå Krøderen, kor ein fant den kortaste veglinja til Bergen. Det var endå ein kjensgjerning at bøndene i Hallingdal ikkje nytta Randfjordbanen for transport av varer til og frå Drammen. Hadde ein først komme heilt ned til Vikersund, så ein vel ikkje nytten av å skulla lasta og lossa på jernbana for dei fire milene som gjensto til Drammen. Annleis var det vel for enkeltpersonar -dei nytta nok toget. Om Gulsvik derimot vart det naturlege knutepunktet for handelen, ville dette føra til ein vesentleg lettelse og betring for folket i Hallingdal. Dette kunne skje ved bygginga av Krøderbanen frå Krøderen til Vikersund, slik at ein fekk jernbanestrekning heile vegen frå Krøderen til Drammen.

Ein må samtidig hugsa på at dampbåttrafikken på Krøderen starta opp allereie i 1861, noko som forbetra ferdselen betydeleg ved at ein kunne unngå den nær sagt umoglege Ringnesåsen. Å gå frå Gulsvik til Krøderen innebar i seg sjølv ei strekning på minst ni timar. Knut M Lappegard skriv at «verst av alt var dersom dei måtte køyre landevegen til Krøderen. Då måtte dei over den illgjetne Ringnesåsen. Der var det noko tverrbratte bakkar. Dei prøvde som ofast å vera fleire i fylgje, so dei kunne hjelpast åt. Vart det for bratt for hesten tok fleire karar tak i same lasset og hjelpte hesten med å dra. Gjekk ikkje det, so måtte dei køyre «beita» eller køyre «tvibeite» som dei kalla. Dei spente to hestar for same lasset, og fekk upp lass etter lass på den måten. Var det støytt snøføre gjekk det oftast bra, var det holkeføre hende det at taket glapp undan hesteføtene og det bar attover att med både hest og lass».

Håkon Adelsten ved Olberg
Dampbåten Haakon Adelsten ved Olberg

Passasjertrafikken på denne båten var ikkje ubetydeleg. I følgje eit overslag gjort for Stortinget i 1867 utgjorde den 2,238 personar for Hallingdal og Krødsherad på sommarstid. Amtmannen i Busekerud var same år tilbøyelig til å anslå mengde reisende på Randfjordbanen til og frå Hallingdal til 10,000 personar.

Drammen-Randfjordjernbanens Kontor annonserte den 26. november 1872 at Drammen Randsfjord Jernbanens Sidelinie frå Vikersund til Krøderen blir opna 28. same månad for befordring av passasjerar og gods. Toget til sidelinja blir sett i umiddelbart samband med hovudlinjas to opp- og to nedgående passasjertog, og hadde avgang frå Krøderen kl. 7.15 om morgonen og 15.35 om ettermiddagen. Frå Vikersund gjekk toget 11.20 om morgonen og og 19.40 om kvelden.

Det er viktig at ein ikkje ser Krøderbanen berre som ein kuriositet -ei lita jernbanestrekning som dekte distansen Krøderen-Vikersund. Faktum er at den danna ei samanhengande jernbanestrekning for hallingdølane frå Krøderen til Drammen, med alt dette representerte av lettelse og betring for Hallingdal.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s