Skodespelaren Kristian Hefte (1905-1977) frå Ål

av Olav Sataslåtten

Å bli skodespelar var ikkje noko soleklart yrkesval for unge menn fødd i Øvre Hallingdal på byrjinga av 1900-talet. Vi skal derfor dvela litt ved ålingen Kristian Andersson Hefte (1905-1977). Foreldra hans var Anders Andersson Hefte og Margit Olsdtr. Strand Hefte. Besteforeldre: Anders Ivarsson Gjeldokk Hefte og Kristi Knutsdtr. Haugen, Ola Larsson Larsstugu Strand og Ragnhild Olsdtr. Reinton. Han vart gift med Aagot Larsen 1920–1987.

hefte Det lykkelige valg
Kristian Hefte i stykket Det lykkelige valg

Mor til Kristian var den kjende langeleikspelaren Margit Olsdtr. Strand Hefte (1866–1944), og dette kan nok forklara den kunstneriske åra. Faren hass Kristian, Anders, gjekk underoffiserskulen i Oslo, var sersjant og frå 1887 handelsfullmektig/styrar i Aal Spareforening på Sundre. Anders Hefte overtok forretningsdrifta etter E.T. Sorteberg. I 1900 budde dei på ”Krambodens Kontor”, og Margit var telefonistinne. Anders heldt fram som militær ved sida av krambua. Margit styrte krambua medan Anders var ute på lange øvingar.

kuespillere ved Trøndelag teater høsten 1952 hefte nr 4 fv bak
Skuespillere ved Trøndelag teater hausten 1952: Kristian Hefte nr 4 frå venstre i bakre rekke.

Kristian Hefte var skodespelar ved Teateret til Falkberget, og debuterte i 1929 som Fredrik i Bør Børsson. Hefte var den eine av to skodepelare frå Hallingdal i den tida. Den fyrste me kjennar til er den prisbelønte Kolbjørn Engebretsen Buøen (1895-1975) frå Flå som debuterte ved Den Nationale Scene allereie i 1920, og som hadde ein aktiv karriere der og ved Nationaltheatret i perioden 1938–65. Den store skuspillerinna Eva Sletto (1912-2006) var dottar av forfattaren Olav Sletto frå Hol. Ho var frå debuten i 1935 knytet til Det Norske Teatret og var i ein periode éin av dei leiande filmskodespelarane i landet, men ho var altså ikkje født og oppvaksen i Hallingdal.

hefte medmenneske.JPG
Hefte ytterst til høgre foran i stykket Medmenneske

Kristian Hefte var ved Bjørneviks Teater i Oslo til 1941, då han vart tilsett ved Trøndelag Teater. Der var han ei berande kraft i over 30 år. Hefte var ein av støttespelarane ved Trøndelag Teater. Han kom i gymasieåret med i studentkomediar og amatørrevyar, og seinare var det ingen tvil: Det var skodespelar han ville bli. Debuten fann stad på Falkberget Teater då han var 24 år gammal, og etter tilsettingar ved høvesvis Søilen og Carl Johan Teatret i Oslo flytta han til Trondheim for godt.

hefte den politiske.JPG
Hefte i Den politiske kandestøber

I sitt lange skuespillerliv spelte han eit mylder av roller, Celius i «Det lykkelege valet», av Ibsenskikkelser dr. Relling, redaktør Hovstad, snikkar Engstrand m.fl., diverse Holbergroller har han òg spelt og berande rollar i Shakespeares dramatikk har han framført på overbevisande måte.

Skuespillere ved Trøndelag Teater 1950 hefte med sigarett.JPG
Skuespillere ved Trøndelag Teater 1950. Kristian Hefte med sigarett i munnstykke

Kristian Hefte gjorde seg og glansfullt gjeldande i operettefaget, som Zeta i «Enka», Frosch i «Flaggermusen», Doolittle i «My fair lady» og saman med lystspel og barnestykke vart mengda roller godt over dei 300. Hans ønskemål var eit nytt Trøndelag Teater ved sida av det gamle.

hefte.JPG

Hefte hadde og ein karriere innan film, og spelte lensmannsbetjent O.G. Hansen i Bør Børson Jr som hadde premiere i 1938 og lensmannsbetjent i Dei Vergeløse som hadde premiere i 1939. Han hadde ein av hovudrollane i filmen Skjærgårdsflirt som hadde premiere i 1932, Bastard i 1940, Den forsvundne pølsemakar i 1941 og Trysil-Knut i 1942.

Kjelder:
Ole Øisang: Trøndelag teater gjennom 25 år, 1962
Thoralf Berg: Teppet opp for- Trøndelag teater 50 år, 1987
A. Heltberg: Norsk film gjennom 35 år, Centralforlaget, 1943

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s