«Ho jaga brennevinskontrolløren med ei møkjareku sørover haugane» – Frå fyll og drap til ein ny kultur i Hallingdal

Av Olav Sataslåtten

AIkoholmisbruken var stor i Øvre Hallingdal i det 18. århundret. Brennevin og øl flaut rikeleg anten det var i gjestebod eller gravøl. Slagsmål og uhygge fylgde gjerne med. Uvenskap som til vanleg var skjult. kom gjerne til overflata i alkoholrusen. I fylla kunne heile gardar bli spelt burt. At mannen banka opp kjering og born når spriten hadde viska burt alle hemningar opplevdes meir enn ein gong.  For mange var alkoholen ein måte å døyve personlege suter, fatigdom,  arbeidsløyse og mismot med. Om dette ikkje var ålment, var det til tider eit problem. Samfunnet var ikkje tent med tilhøva, og tidleg skipa ein fråhaldslag.

Dei stod burtmed vegane og drakk
Kvar fekk dei drikkevarene frå? Ølet bryggja dei heime, skriv Lars Reinton, og fyre forbodslova av 1845 brende dei ogso meste brennevinet sjølve, men ein del kjøpte dei utanfrå. Det heitte ved visitasen 1835 at «meget brendevin opkjøbes fra byene, udsælges, og giver anledning til drukkenskab». Då forbodet 1845 kom vart det dei fyrste ti-åra etterpå ei fæl ulovleg heimebrenning, og mykje ulovleg brennevinssal. I plassereppane laga det seg sume stader heile brenneri-reir, soleis uppe i Urundlien, og fleire andre stader. Det var freistande for fattigfolk, som heldt på svelte hel, å tene seg nokre skjelingar på den måten. Nokre gjenter  kom for retten fleire gonger for slik trafikk.

Det vart sett til serskilde brennevinskontrollørar, som skulde fara ikring og leite upp heimebrennarar, konfiskere apparata, og melde syndarane. Dei var ikkje serleg  velsedde der dei kom.  Kari Leino uppe ved Strandavatnet jaga kontrolløren med ei møkjareku sørover haugane. — Ei kjering i Hagalisletto i Hovet stelte seg til å leta indigoblått då ho venta kontrolløren; det skulde kokast i urin, so det laga ei ankræneleg lukt. Med det same kontrolløren kom inn, reiv ho loket av og sa: «Å hjølpe meg då, som står med slikt, når her kjem folk!» Kontrolløren herde det ikkje inne so lenge at han kom åt kleva, der viktigare saker stod.

Frå 1830-åra fekk folk og brennevin frå landhandlarane på Nes; Thams, Rømcke, Meidell o. fl., dei hadde og brennevinsprivilegier. I. P. Thams byrja handelen i 1829, Rømcke i 1835. Det hende at folk vart liggjande på Nes i dagevis og drakk, — til både gard og grunn gjekk med. Ein av landhandlarane hadde skore holer fremst i disken, der slo kråmbusveinane brennevinet nedi, og so stod bøndene frammafor som naut og drakk. Folk heldt det for farleg å reise framum Nes den tid, for skuld drikk og slagsmål. Frå landhandlarane på Nes fekk og folk tilsendt brennevin. Ei rettssak frå 1856 viser at ein mann i Hol fekk ein annan til å kjøpe  med seg frå Nes ei heil tunne brennevin til slåtten 1855. Me har mange kjøpelister til Nes-kjøpmennene frå desse åra. Det vissaste på dei er: «Brændevin på en liden kagge.»

Endå verre vart det då dei fekk landhandlarar ogso i Hol og Ål. Dei hadde lov til å selja vin. Hallgrim Olson Skjerveim i Ål var den fyrste, byrja i februar 1864; han fekk alt i november same året ein vinskatt på 33 Spd. «på grund af hans hittil brugte store handel med denne artikkel.» Han handla og med bayersk øl. Formannskapet la stor skatt på han for å få slutt på vinhandelen hans, som «avstedkommer så mange yterligheder», og det lukkast ogso i 1868.  I Hol byrja Tolleiv Sveinson Helling landhandel med vinhandel fyrstundes i 1860- åra, — han drakk sjølv og. Andres Hermoson Løyte byrja litt etter. Verst var det på Sundre hjå Chr. Urholt, som byrja 1866. Mange ålingar og holingar låg på Sundre og drakk seg til raka fant. Urholt hadde ikkje skjenkerett. Dei måtte gå ut og drikke. Han hadde liggjande ei heil rad med vinkaggar inna disken, so det var berre å tappe i flasker og glas som kjøparane kom med. «Kråmbua hans var i nødre rummet i den bygningen der Sundre hotell stod. Lærar Reinton fortalde at «det var ikkje lenge millom kvar gong kråmbukarane var burte og tappa. Kjøparane tok det med seg ut og stod burtmed vegane og drakk. Slagsmål og lurveleven vart det både tidt og trått».

Alle tenkjande folk tykte det var ille med denne øydeleggjande vinhandelen. Formannskapet la i 1869 ein vinskatt på 50 Spd. på Urholt men det hjelpte ikkje. Då skipa formannen i bondevenforeninga, Ola Hamarsbøen, den 2. juni 1870, vinfråhaldslaget. «Da det er en sørgelig bekjendt virkelighed at herr landhandler Urholt, trods formandskabets hæderlige beslutning, atter har begyndt med den skadelige og for folket i almindelighed i moralsk og Øconomisk henseende ruinerende vinhandel», vart det turvande å gå til skiping av eit  fråhaldslag, heitte det i innbydinga til å skipa laget. «Det er efter bedste evne at søge at hemme denne bedrift og dens skadelige følger at jeg herved tillader mig at opfordre til at indtræde i en forening hvis medlemmer forpligte sig til, ikke at kjøbe, lade kjøbe, drikke, skjænke, eller lade udskjænke vin eller af vin tilberedte  drikkes skreiv Hamarsbøen. Same dagen teikna det seg 29 medlemer i Ål, og  i tida 2. til 6. juni 1870 37 i Hol.  Dette gjorde nok inntrykk på Urholt; men det som fekk han til å gjera alvor av å slutte, var nok den ulukkelege hendinga med Torjus Helling. Torjus var ein  av dei beste menn i Ål, men øydela seg heilt med drikk; til slutt vart han drepen  i fylla ved hausttinget på Sundre oktober 1871. Ein frå Nestegad i Hol vart klaga  for å ha slege han i hel. Nokolunde på same tid vart det slutt med brennevinshandelen på Nes. Rømcke slutta landhandleriet i 1873. Ein son hans, som studerte teologi og seinare vart prest, fekk han til å slutte med brennevinshandelen, heiter det.

Embetsmennene var ogso i 1870- og 80-åra lite fornøgde med edrugskapen i dalen. Dokteren i Hallingdal melde i 1874 at det framleis ofte var slagsmål og knivstikkhendingar, men dei kom ikkje so ofte for retten, fordi folk bøtte frå seg slikt  underhand, sa han. I 1881 skreiv futen Thoresen i 5-årsmelding til amtmannen at edrugskapen hadde gått tilbake. «Årsagene til dette forhold er her som overalt de samme: rigelig arbeidsfortjeneste, let adgang til å få brændevin kjøpt og liden civilisation.» Han heldt fram til slutt: «Den vesentligste hindring for en virkelig forbedring i befolkningens kår er i midlertid brendevinsdrikken, der som ovenanført, i de siste tider har været i stadigt tiltagende. Når man ser hen til den ødeleggelse av helbred, det tab af formue, de ulykker i familiene og den moralske for-dervelse i det hele som brendevinsdrikken forårsager hos en befolkning der for-øvrigt har alle betingelser for en heldig udvikling såvel i intellektuel som økonomisk retning, er den kontante udgift som indkjøbet av spirituose drikke medføre næsten  en bagatel, omendskjøndt denne udgift i 1873, 1874 og 1875 ikke har været under 10000 spd. årlig for heile Hallingdal.

Det var ikkje so rart um sume tykte det måtte gjerast noko serleg for å få slutt på dette. Måtehaldslag hadde dei prøvt før, — det førde ikkje fram. I 1859 skipa Asbjørn Kloster i Stavanger det fyrste laget av Det norske totalavholdsselskap (D .N. T )og i 1860 byrja han å gje ut «Menneskevennen». Han meinte at berre totalfråhald kunde hjelpe. Hans synsmåtar slo med ein gong ned i holingen Knut Henrikson  Gjivsjordo. Han skjøna kor mykje drikkinga øydela av fysisk kraft, friskt sjeleliv og sundt vakkert folkeliv, og meinte at vegen ut av uføret var totalfråhald. Alt 1860  tinga han «Menneskevennen» og same året skipa han det fyrste totalfråhaldslaget  i Hol. Ein dag i den drikkerida som brukte å koma fyre slåtten, samla han gode menn til møte i Gjivsjordo; i samråd med han gjorde Helge Hallsteinsgard det same i Ustedalen. På den måten kom dette laget i stand. Dei hadde årlege møte, og «Menneskevennen» vart send på umgang millom medlemene. Mange av dei beste mennene i bygda vart med i laget.

Fråhaldsarbeid og ungdomsarbeid
Folk flest få eller ingen høgare interesser som kunde samle dei. Det kom fyrst med ungdomsrørsla og med det lagslivet som ho førde med seg i siste  halvparten av det 19. hundreåret. Men voksteren fram til dette nye ungdomslivet gjekk stegvis for seg. På ein måte byrja det vel med fråhaldsarbeidet, som tok til i 1860-åra, hen i dette var det i den fyrste tida mest eldre med. Sjølve ungdomsrørsla byrja med songen. Dei tok til med korsong og skipa songlag. Dermed var det skapt  eit lag um ei ideell interesse. Det fyrste songlaget i dalen skipa seminarist  H. L Strand i Ål 1870 eller 1871. Dette songlaget hadde i 1874 ein fest på Strand, der skodespelet «Ei hugvending» vart framsynt, noko heilt nytt den gongen, — eit  fyrebod um det som skulde koma. S. Reinton spelte Margit, E. Bækkestad Arnfinn, Per Perstølen Jon, o. s. b. Olaf Skattebøl, som då var student, instruerte. — På eit  heradsstyremøte i Hol den 24. september 1877 gjorde Eirik Sand, Ola Nerol, Johannes Skjerdalen (Trøgaton), Sander Røo og Asle Myro framlegg um «istandbringelse av sangkor i kirken ved gudstjenesten». Heradsstyret påla klokkar Arnesen  å sjå få til eit slikt songkor i samarbeid med dei andre lærarane i prestegjeldet. Det  vart litt seinare songkor både i Holet, ved Arnesen, og i Moen, ved S. Reinton.  Lærarane fekk påbod um å ta med skuleborna til kyrkja til støtte for songen. Dennesongen var nok ei uppleving for eldre folk.

Det neste var at S. Reinton og Erling Bækkestad i 1870—71 tok til med nokre samkomer i Breie- og Strandafierdingen som dei kalla «Folkestuguo. Nokre ungdomar møttest på gardane og samtala um ymse spørsmål og las upp av eit blad som Fredrik Wexelsen gav ut. Ein av dei mest interesserte i Ål, Svein Strand, var i Amerika ei stutt tid. Då han kom att, hadde han med seg ideen til noko dei kalla «debattskule». Dei tok upp eitt eller anna emne til debatt, og valde åtakarar, forsvararar og to-tre domarar, som skulde avgjera kven som vann. — I eit gjestebod i Solheim fekk S. Reinton ungdomen med seg til å leike ute i garden i staden for å danse inne på låven. Guttorm Solheimslien var spelemann, — han vart misnøgd med at Reinton drog folket frå han.

ål tingstue 4
Utsendingsmøtet då Hallingdals fylkeslag vart skipa våren 1902. Me ser m.a. Hallvard Berg, Reinton og Bekkestad i rekke ved venstre påle bakre rad. Ola Perstølen er nr 2 f.v. i fremste rad. Meisterdansar og komande ordfører Arnfinn Breie nr 8 f.v. fremste rad. Foto: Ål bygdearkiv

I Hallingdal som alle andre stader, kom ungdomsrørsla fyrst og fremst som ei frukt av ein meir eller mindre medviten trong til å Iyfte ungdomen upp og fram. Det var frå fyrste stund ein reaksjon mot den vankunne og råskap som so ofte før sette sitt stempel på livet hjå ynge og hjå eldre. Det var eit utslag av ein vaknande trong i det breide lag av folket til å koma saman um noko betre og edlare. Ved sidan av dette for i nokon mun å få stetta ein trong til litt større upplysning og åndeleg utvikling.  Den religiøse rørsla som ovra seg her i Hallingdal i 50-åri, hadde dovna av, og korkje kyrkja eller lekmannsrørsla makta i nokon større mun å draga ungdomen til seg, so vart det å kaste seg inn i det gjengse ungdomslivet, og det var ikkje alltid av skuldlausaste slaget. Her må me og i denne samanheng hugse på, at den tid det her er tale um, var det her i dalen ingen skule for bondeungdomen utanum ålmugeskulen, som den tid var tarveleg nok.

Av dei einskilde lagssogone vil ein sjå at dei fyrste ungdomslag i Hallingdal vart skipa kring 1890. Nordbygdene i Ål og sidan hine grendene i Ål var av dei fyrste. Likeins var Gol tidleg ute (1892). Lenger nede i dalen kom dei litt seinare. I Hol vart dei fleste ungdomslag skipa i 1895.

I Hallingdal gjorde laga det kunststykket å trekke hardingfela inn i det organiserte arbeidet, og den var dermed eit fast innslag i tilstelningar. Dermed fikk ein musikken, dansen og moro inn i kontrollerte formar, der fyll og spetakkel ikkje hadde nokon plass. Og laga var aktive, dei samla ungdommen. I Ål vart m.a. Kaja og Hans Bruun og Ola Perstølen ein stor kraft i dette arbeidet, i Hol m.a. Svein Nestegard. Nestegard var meisterdansar og avholdsmann.

Dei tre høvdingane Erling Bekkestad, Hallvard Berg og Sigurd Reinton

bekkestad berg reinton.JPG
Erling Bekkestad, Hallvard Berg og Sigurd Reinton

Erling Tolleivsson Bekkestad 1850—1945 var frå Ål. Foreldra hans var Tolleiv Erlingsson nordre Bekkestad og Ragnhild Andersdtr. Gudmundsrud, datter av ordførar Nils Gudmundsrud. Han skreiv seg E.T. Bekkestad. Erling hadde gode evner. Med påskuv og hjelp frå kapellan Irgens kom Erling på lærarskule. Men så fall far hans brått bort. Erling fekk likevel halde fram med lesinga, så det vart lærareksamen på Voss våren 1896. 19 år gamal var han lærar. Men han skreiv i eit brev: “Eg stod som ein smed med for liten hamar.” Han ville gjerne hatt meir utdanning. Erling var lærar i Gol i fire år, seinare i Ål. Han “skula” i 48 år, derav 44 år i Breiekrinsen.

bekkestad
Erling Bekkestad. Foto: Ål bygdearkiv

Erling var lærar, bonde og ordførar i Ål frå 1902 til 1910.  Han var den drivande krafta i målrørsla i Ål. Vidare la han ned mykje arbeid for ungdomslag og fråhaldsrørsle, historielag osv. Han samla mykje stoff til bygdesoga. E.T. Bekkestad vart såleis noko av ein bygdehøvding. Han fekk skipa ungdomslag i Ål før den frilyndte rørsla kom for alvor. Han var aktiv i den politiske striden i 1880-åra, og skipa det upolitiske “Ål Grundlovsforening”, som gjekk over til “Ål Venstre” i 1892. I lang tid var han førar for Venstre. I 1915 fekk Erling borgardådsmedaljen i sylv for arbeidet sitt som skulemann og politikar. Frå DNT fekk han Klostermedaljen for innsatsen i fråhaldslaget. I testamentet skriv Erling m.a. føresegner for gravferda si. “Nokon takketaler ynskjer eg ikkje skal haldast, korkje i heimen, i kyrkja eller ved grava. … Eg har fått meir ros og vellæte i mitt liv enn eg har fortent, so det for vera nok med det.”

reinton
Sigurd Reinton. Foto: Hol bygdearkiv

Sigurd Reinton, f. 1855 i Hol, d. 1932. Fyre konfirmasjonen las han ei stund med klokkar Arnesen. Kom so inn til Oslo for å ta studenteksamen; men kultur- og målskiftet han då måtte inn i, baud honom so imot, at han gav upp å gå den vegen. Han reiste heimatt og vart lærar i Skurdalen 17 år gamal. I 1874 tok han eksamen ved  Voss lærarskule, vart so lærar i Uppheimsgar-dane og Hemsedal, Torpo og frå 1884 til 1919 lærar og klokkar i Hol. Var fleire gonger på lærarkurs og studieferder og på stipendiereiser i Noreg og Sverike. Ingenting kom til å setja so djupe merke hjå han som to upphald (lærarkurs) på Vonheim, møtet med Chr. Bruun, Matias Skard, Bjørnson og dei andre kjende menn som samla seg der den tid. Han vart grundtvigianar og folkehøgskulemann. I alt sitt arbeid for skule og upplysning seinare fylgde han konsekvent den lina han fekk dregen upp for seg i ungdomen: Målet for uppsedinga må fyrst og fremst vera å vekkje liv, interessa for det gode, og å skapa karakterar. Han skipa songlag, ungdomslag, fråhaldslag og lærarlag, skyttarlag og sogelag, og la ned eit stort arbeid i desse organisasjonane. Tallause er dei talar og foredrag han heldt i alle desse laga. Han var med og skipa Hallingdal arbeidsskule i 1904.

ha berg
HA Berg. Foto: Ål bygdearkiv

Halvor Arneson Berg var lærar og klokkar i Gol, fødd i Gol i 1854. Han gjekk ut frå lærarskulen på Hamar i 1875. Han tok og eit kurs på Vonheim folkehøgskule. Han var fyrst lærar ved Toten amtskule og so i Kragerø ei stutt tid. Hausten 1878 vart han klokkar i Gol og lærar ved Golreppen skule. Året etterpå fekk han lærarpost i Oslo, men skulestyret i Gol bad han «indtrængende» om at han måtte verta verande i Gol. Saman med Bekkestad og Reinton skipa han musikklaget Hallingluren. Laget skulle arbeide med å halde oppe og vekkja påny interessa for den gamle folkemusikken med lur, prillarhorn og langeleik. Laget skipa i 1880-åra til store stemne om somrane på åsane mellom Gol og Valdres, og her var det tevlingar i lur- og prillarhornlåt og kappleik i langeleikspel. På desse stemna heldt Berg foredrag om gamal god bygdekultur og korleis denne skulle vernast og haldast oppe i bygdene. Han la ned eit stort arbeid for songen, skipa songlag og dreiv songøvingar med kor i Golreppen.

Han var den fyrste i Gol som tok til med skiftebruk av åker og eng og som tok til å bruke kunstgjødsel og kraftfôr i jordbruksdrifta. Han styrde med sokneselskapet som skulle fremja nye tiltak i jord- og husdyrbruket. Han fekk i gong dei fyrste husflitskurs i bygda. Han var med i kommunestyret i fleire periodar, og i skulestyret var han medlem i heile si lærartid, vald som representant for lærarane i to periodar 1891—93 og 1897—1900 var han stortingsmann, vald av Venstre i Buskerud. I Stortinget var han med i valnemnda og i jernbanenemnda. Han arbeide då hardt for at Bergensbanen skulle bli bygd gjennom Hallingdal. Fylgjer ein arbeidet hans på Stortinget, vil ein koma etter at det er mykje han å takke at banen kom til å gå gjennom Hallingdal. Berg døydde våren 1905. Reinton seier «det var stor sorg mellom ungdomen i Hallingdal då det spurdest at Berg var død, og saknaden var tung. Det er ikkje for stort sagt at av menn er Berg den største kraft som Gol har fostra».

Kjelder: 
Reinton: Folk og fortid i Hol 2
Kristen Svarteberg: Ål bygdesoge
Hallvard Svello:  100 år i strid og vokster
Ungdomsrørsla i Hallingdal : Hallingdal fylkeslag 1927-1977 : 75-års festskrift
Einar Tufte: Samhald ungdomslag : ung i 100 år, 1894-1994 : lagets historie gjennom 100 år.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s