Forfattaren Tor Jonssons stormfulle tid i Hallingdal

av Olav Sataslåtten

Ved årsskiftet 1945/46 fekk Hallingdølen nye eigarar. Dei nye eigarane, åtte i talet, kalla seg Lutlaget Hallingdølen. Dei var alle venstrefolk frå Ål og Hol: Asbjørn Tufto, Sigurd S. Reinton, Olav Vindegg, Olav Isungset, Sigurd Holdhus, Ola Perstølen, Arnfinn Breie og Lars Tormodsgard. Tormodsgard hadde først fått tilbodet om å kjøpe avisa åleine, men han ville ha fleire med. Han tok på seg å leie avisa mellombels til dei fekk tilsett redaktør. Det melde seg seks søkarar til den utlyste redaktørstillinga. Mellom dei valde styret Tor Jonsson frå Otta.

Eigaren av Hallingdølen, Jon Fatnes, fann å vilja selja bladet i 1945. Lars Tormodsgard var ein av dei som gjekk inn og kjøpte avisa, og han vart mellombels redaktør, ved sida av at han var skulestyrar. Det var neppe tilfeldig at styret for Hallingdølen valde Tor Jonsson som ny redaktør. Lars var nok orientert om mannen frå hans arbeid i Dølabladet, eit nynorsk blad som låg nær opp til den frilynde ungdomsrørsla, og Lars var heilt sikkert kjend med diktbøkene til Tor, bøker som alt hadde vekt litterær åtgaum.

Hallingdølen hadde på den tida eit rom i Tingstugu (som seinare vart ekspedisjon for administrasjonen i kommunen). Der var redaksjonen med Jonsson og Briehagen, men mykje óg ein ekspedisjon. Dei måtte adressere avisene for hand til dei fekk namna inn på plater til ein adressemaskin som dei klakka og slo med. Dei hadde med to-tre «skribentar» for å greie avisadresseringa på rimeleg tid. Den seinare redaktøren Lars Strand, vart med i denne skrivargjengen.

tor jonsson 2
Bladstyrar Tor Jonsson saman med Lars Strand og Birgit Slåtto, før jul i 1946. Då hadde Jonsson allereie søkt om seks månaders permisjon frå nyttår.

Tor Jonsson var fødd 14. mai 1916 i Lom, døydde i sjølvmord i Oslo 14. januar 1951. Lyrikar, journalist, redaktør og samfunnsdebattant. Debuterte med forteljinga «Eit illmenne» i Arbeidermagasinet hausten 1932. Gav ut si fyrstediktsamling «Mogningi mørkret» i 1943. Redaktør i Hallingdølen frå mai til desember 1946. Dikta og livet hans er fulle av kontrastar, og han innførte omgrepet «bygdedyret». Språkleg blir Tor Jonsson sett på som ein av dei fremste blant nynorskforfattarane. Tor Jonsson var ein begava og produktiv skribent, ein framifrå stilist og ein lyrikar som skapte oppsiktsvekkjande dikt i til dels ny språkform. Overfor nokre få personar var han ein lojal og trufast – men krevjande – ven. Han var avhengig av at kjemien stemte. Dersom den gjorde det, kunne han vere vittig og glad, eit festmenneske som hadde fint barnetekke og som var flink med å gi gåver og oppmerksomheit til sine vener. Det er dei mørke sidene som er lettast å få auge på ved Jonsson. Dei siste åra vart vanskelege med stort alkohol- og pilleforbruk. Samstundes kjende han på den stadig tyngre børa av eit livslangt nederlag overfor kvinner. Til slutt førte dette Tor Jonsson til det han såg som einaste utveg – sjølvmordet.

I Hallingdølen 21. februar 1946 kunne ein lese:
«Ny redaktør tilsett. 
På luteigarmøte i L/L Hallingdølen for litt sidan vart Tor Jonsson frå Gudbrandsdalen tilsett sona redaktør i Hallingdølen. Han har no meldt frå at han tek over stillinga så snart han slepp laus frå den stillinga han no har. Tor Jonsson er fødd i Lom i Gudbrandsdalen i 1916. Han har gjennom åra skrive mykje i ymse blad, både lokalblad, hovudstadsblad og vikeblad. På Noregs Boklag har han gjeve ut ei diktsamling, «Mogning i mørkret», og har no ei ny diktsamling under trykking. Sidan sumaren 1945 var han knytta til «Dølenes Blad», Otta, Gudbrandsdalen, dei to siste månadene av året som redaktør. Då den førre redaktøren tok over att etter nyår i år og bladet gjekk over på nye hender, vart han redaksjonssekretær og har vore det sidan. Jonsson har dei beste skotsmål som bladmann. Vi har og den siste tida hatt høve til å lesa ymist av han både i «Dølabladet» og andre blad og dette lovar godt. Då han attåt er døl og såleis skulle ha god kjennskap til tilhøva i ein fjelldal, er vi visse om at hallingdølene vil verta godt nøgde med den nye redaktøren av Hallingdølen. Vi vonar at lesarane om ikkje så lenge skal koma i kontakt med han gjennom bladet».

Tor Jonsson skreiv seg ut av alle redaksjonar og valde journalistyrket fordi det ikkje gjekk an å leva av å vera lyrikar, sa Håvard Teigen i Tor Jonson-laget under eit seminar om forfatteren og journalisten på Ål i 2016. Ingar Sletten Kolloen har skildra Jonssons tid i Hallingdal grundig i sin biografi «Berre kjærleik og død: ein biografi om Tor Jonsson» som kom i 1999. I tillegg ga journalisten og forfattaren fra Ål, Paul Breiehagen, eit godt bilete av Jonssons tid i dalen i fleire artiklar i Hallingdølen.

jonsson hol museum
Tor Jonsson på Hol museum

Kolloen skriv: «Tor Jonsson vart møtt på Ål stasjon 6- mai 1946 av Lars Tormodsgard og Paul Breihagen. Båe merka seg at Tor Jonsson ikkje kom dei skikkeleg i møte med handa si. Han svara med eit heller slapt handtrykk, der knapt halve handa var med, samtidig som han vrei seg sidelengs og trekte seg litt attende med overkroppen og enda lenger bakover med hovudet. Dei fekk ei kjensle av at denne første helsinga fekk karakter av ei slag gransking. Dei tre karane småprata, ikkje heilt uanstrengt, mens dei giekk oppover vegen frå stasjonen. Undervegs peikte Tormodsgard på det brune kommunehuset, Tingstugu, og forklara at der heldt avisa Hallingdølen til i eit rom rett innanfor døra. Breiehagen peika på eit stort, gult treetasjars murhus på andre sida av vegen og fortalde at der var det god og rimeleg middagsmat å få.  Tor Jonsson smatta liksom på namnet, Evjens Minde, og dei kunne sjå korleis han vrei munnen i ein skeiv geip. Dei tre karane gjekk raskt dei knappe to kilometrane opp til heimen til Tormodsgard.

Margit Tormodsgard trakterte kaffe. Dei i rommet fekk eit førsteinntrykk av gudbrandsdølen som noko keitete og sjenert, han signaliserte ikkje på nokon som helst måte at han treivst. Nokre veker etterpå skjedde det noko i same stova ved same bordet og truleg med same duken som vertinna bagatelliserte, men som fekk nykomaren til å raudne av skam. Han kom til å brenne eit lite hål i duken, da han var litt uforsiktig med ein sigarett. Dermed vart ikkje husmora trøysteobjektet, men den djupt ulykkelege og skamfulle hybelbuaren. Han heldt seg unna stova ei god stund etter dette uhellet, og dei måtte insistere på å få han til bords att. Da var han tydeleg overnervøs for å søle oske og kaffi. Det var sein kveld da Tor Jonsson endeleg kunne ha att døra på hybelen sin den første dagen i Ål. Han hadde fått eit sørvendt skråtak-rom i andre etasje over stova hos ekteparetTormodsgard, på om lag to og ein halv gonger tre og ein halv meter. Umåla panelvegger — og tak», ifølge Kolloen.

Det varer ikkje lenge før Tor Jonsson set barometeret på storm i Hallingdal. Ein knapp månad etter at han har tatt over redaktørjobben bruker han storslegga. Her står kristenfolket samla under Banneret til indremisjonen. Då Kristelig Folkeparti blir reorganisert våren 1946, og Lavik og Hallesby blir stjerner på den politiske himmelen, kan ikkje Tor Jonsson dy seg. Han skriv «Skyer på Guds himmel», rett nok som petit og under merket «Kjatrik».  Men då proteststormen bryt laus er det ingen tvil om kven forfattaren er.  «Skyer på Guds himmel» er eit fyrverkeri av respektløyse og livsglede, med undertitelen «Heimferd frå fjellet hausten 1945». Forfattaren attgir  tankane sine der han sit på lastebilen nedover frå Høydalsfossen og legg sommaren bak seg. Her er sterke minninger frå første-sides-artikkelen i Dølenes Blad 31.8.45, og titelordene derfrå: «O eviga ungdom, mitt hjärta är ditt» avsluttar denne. Men utfalla mot Kristelig Folkeparti er av nyare dato: «Herregud på nytt! Skal vi få eit parti som vil omskapte mennesket innanfrå? Korleis skal det då gå med alle dei som ikkje har fått så djupt syn på livet at dei ser Satan jonsoknatta?» Han terga på seg hallingane, men eigarane av Hallingdølen slo ring om Kjatrik. For Kjatrik var sjølvaste redaktøren.

Tor Jonsson stod fram for lesarane som ein sinna mann, ein som sparka etter alle, ifølge Kolloen. Han skreiv ei nidvise om fulle elgjegerar, og han latterleggjorde kommunestyret i Ål. Han kunne ikkje fordra Vangsgutane og tolte ikkje bunadskledde damer som song i kor. Reportasjen frå det store songarstemnet på Ål, var berre eit kort rim om to songkor som stod på torget i regnet og song litt for kvarandre. Han forakta bønder og prestar, men verst var det kristelege lekfolket. Jon Tveitehaug, som var både bonde og lekpredikant, oppsøkte redaktøren på kontoret for å tale han til rette. Besøket vart kortvarig, for først kom hatten ut døra, og deretter predikanten. Det verste var likevel at redaktøren øydela «avisa vår». Hallingane hadde begynt å sjå på Hallingdølen som deira eiga avis. Jon Fatnes hadde vore med og bygd opp under den haldninga.

Men så kom denne gudbrandsdølen og øydela avisa før han hadde vore her ein månad. Stormen rundt redaktøren vart så sterk at halvparten av abonnentane bles ut av kartoteket. Paul Breiehagen, som var ung medarbeidar i avisa på den tida, har sagt at han forstod at stormen måtte komme, men la til at denne vesle åndskrigen sommaren 1946 likevel kan ha gjort hallingane ein tanke meir tolerante.

jonsson 2Hyttebesøk hjå Svein Flatåker på Geilo. Frå venstre Else Flatåker, Johs. Brye, Tor Jonsson, Svein Flatåker og Tore Wigand. (Foto: Brye).

I Hallingdølen torsdag 20. juni 1946 er reaksjonane på Jonssons innlegg samla i én bolk med tittelen «Kristendom og pressefridom»

Ei kvinne skrev:
«Skyer —
At det går an å servere noe så simpelt og dumt i en offentlig avis som «Skyer på Guds himmel» av «Kjatrik» i nr. 22! Dessverre er ikke jeg den rette til å imøtegå hans uttalelser, men jeg synes heller ikke slikt bør gå upåtalt hen. Det ser ut som skriveren fremdeles tror at han er i paradisets hage. Han må ha liten rede på den verden han lever i. Alt det vonde menneskene har gjort hinanden de siste år f. eks. — det er han nok i sitt glade, overfladiske vanvidd i uvitenhet om. Det må være deilig å gå så blåøyet gjennom livet, men hvordan det blir etterpå — det vil tiden og evigheten vise ham — om han ikke kommer på andre tanker. Det er ikke jeg som er abonnent på «Hallingdølen» i dette hus —ellers skulle det blitt sendt oppsigelse på bladet omgående. Til sist vil jeg henstille til herr «Kjatrik» som er så modig en kar, å oppgi sitt rette navn».

Formann i Torpo sokneråd, Malvin Kvinge,  skrev: «Hr. redaktør. Det var en stor skuffelse å se den stilling og standpunkt bladet og redaktøren tar med hensyn til å ta inn artikler som «Skyer under Guds himmel». Så kan fritenkere og gudsfornektere skrive så frekt og blasfemisk de vil, «Hallingdølen» tar imot det. Det er greidt at bladet hevder politisk og religiøs frihet. Alle demokratisk innstilte mennesker setter pris på frihet, men sann frihet og frihet med ansvarsfølelse både overfor Gud og mennesker. Så har vi altså ingen garanti for at «Hallingdølen» i fremtiden tar inn Gudsbespottelige artikler. Torpo 17/6 1946. Malvin Kvinge».

Lærar og i perioder klokkar i Hol, Pål Flåten, skrev:  «Skyer — — på Hallingdølens himmel. Forfattaren av det merkelege produktet «Skyer på Guds himmel» i nr. 22 av Hallingdølen har på ein måte vore heldig med fyrste ordet i titelen på våsestykket sitt. Og avdi det ser ut til at bladstyraren godkjenner innhaldet, så er ordet skyer dessverre reint symbolsk. Det er kome uversskyer på himmelen åt Hallingdølen no. Innhald og journalistikk i Hallingdølen har hittil moralsk og kristeleg lege på eit høgt plan. Derfor har me og vorte glade i lokalbladet vårt og tingartalet har stadig auka. Og derfor kjennest det reint sårt for mange at noko slikt som «Skyer —» skulle koma no. Det kjennest mest som ein uventa får høyra noko vondt og nedsetjande om ein god ven. Og skulle det koma meir slikt, so er eg redd for at retteleg mange kjem til å skilja lag med denne venen vår Hallingdølen. Og det ville vera syrgjeleg! Innhaldet i stykket er så umoge, våsut og vyrdlaust at det er reint utruleg at noko slikt kan koma på trykk idag. Kva skal ein vel seia til ein slik setning som at «Den evige allmektige er i knipe». Å nei, «den evige, allmektige» som har all makt i himmel og på jord han er ikkje i knipe, men dei som er ansvarlege for slike ord, dei fører kanskje bladet inn i ei knipe. Det er ille at noko slikt som dette stykket «skal skrivast i ei tid då det meir enn noko anna gjeld at moralen og vyrdnaden for verkelege verdiar vert atterreist. Og det er dobbelt ille at bladstyraren i stykket sitt om dette i nr. 23 så å seia godkjenner innhaldet. Det er vel så at Hallingdølen politisk og religiøst er nøytral, men eg kan ikkje skjøna at det nemnde stykket er religiøst nøytralt, og eg kan heller ikkje skjøna at det kan vera religiøst nøytralt å gjeva spalterom til «antikristelege» innlegg. (Det er bladstyraren som nyttar ordet antikristelege.) Eg skjønar heller ikkje at det kan vera einsretting av bladet om ein nektar spalterom til innlegg som på ein så grov og taktlaus måte hæder og vanvyrdar kristendom og moral. Så tilslutt ein takk til Olav Randen for det rolege og saklege innlegget om dette. Pål Flåten».

Tor Jonsson svara: «At bladstyraren redaksjonelt har godkjent innhaldet av artikkelen «Skyer —» er ikkje sant, og treng ikkje noko svar. Men hr. Flåten har rett når han skriv at artikkelen «Skyer —» ikkje var religiøst nøytral. Ei «søndagsbetraktning» er heller ikkje nøytral. Og det er ikkje naudsynleg at innsende stykke er nøytrale, bladet kan likevel halda seg nøytralt når det gjev spalterom for alle, anten dei er ortodokse kristne, liberale kristne eller ateistar. Men det ser ikkje ut til at hr. Flåten har skjøna kva  nøytralitet er. Med dette blir diskusjonen stogga. Red»

jonsson og lars brye.JPG
Jonsson og Johs Brye

Både misjonsfolk og bønder fekk nok og sa opp bladet. Og prestane reagerte på sin måte, dei slutta å sende preikelister.

Alt i juli 1946 kom Tor Jonsson med ønskje om permisjon, og i oktober søkte han permisjon i eit halvt år frå 1. januar 1947. Han kom ikkje att. Eigarane, som hadde forsvara redaktørens fridom, pusta likevel letta ut. Ny redaktør vart Torgeir Lid frå Flatdal i Telemark.

Paul Breiehagen, som vart ven med Tor Jonsson, skriv: «Det vart ikkje så lenge Tor Jonsson fekk vera i Hallingdal. Men han fekk da tid til å nuppe noen kvar av oss i det åndelege kinnskjegg så det både irriterte og sveid. Det var delte meiningar om hans meiningar, det er så, men han var slik laga at han måtte vera i opposisjon til nesten alt vedtatt, all gammalvisdom, all sjøltilfreds og åndeleg latskap, all urettferd og ulikskap. Han hadde sitt våpen, ordet, det skrivne. Det var eit rakande kvast middel, så virkningsfullt at det pitra og reiv oss til det inste i vår lunkne sjel. Han kledde sine meiningar i ei orddrakt som glitra av geni og kunstnargjevnad.

Lagnaden ville det slik at vi kom til å kampere samen ei tid i Hallingdølen. Utanom det vesle av ånd vi fekk høve til å dyrke i arbeidstida, stod vi i med ekspedering av bladet så vi svartna av trykksverte og bladstøvet gauv om oss. I denne tida kom vi kvarandre ein del inn på livet. Vi rota i samen det meste av døgnet, etter arbeidstid på hybelen der vi fekk ein langradd eller diskuterte så øyrene flagra. Han hadde sin kvasse replikk og store kunnskapar og eg var dum og stri, og dermed had Det var neppe den ting vi ikkje saumfor, det var jordbrukspolitikk og riksteater, Gud og styggemannen, det var kvinnesak og Franco-regime, gammal bondekultur og sosialiseringspolitikk, kort sagt heile leksa».

tor jonsson hol kirke johs brye
Tor Jonsson ved Hol kyrkje Foto: Johs Brye

Breiehagen fortel at Jonsson «kunne han kanskje virke tilknept og mørk, nesten bisk, men han var det slett ikkje. Han hadde eit strålande humør, så rart det høyrest ut for, i alle høvede vi det gåande, let han som han var i godlag. Det hagla med underfundige vitsar og gudbrandsdalsk humor og påhitt i alle leider. Han var eit oppkome slik, og hadde sin måte å sea alt på som sette ein ekstra spiss på replikken. Og han var hjelpsam til siste toøring. Hadde den eine pengar hadde vi det begge. Men så var ikkje kravet til denne verdens komfort noe stort heller.

På hybelen hadde han ei seng, og framanfor ei kasse med bøker i, som samstundes tente som nattbord. Han kom opp i ein kraftig strid grunna noe han skreiv ein gong, som vi alle ennå så vel hugsar. Den tida var han nok nedfor, han verka meir stridbar heile mannen, enn før, han pansra seg inn i seg sjøl og ville vera meir aleine. Og etter denne bardagen innstilte han seg på så snart som mogleg reise frå dalen igjen. Eg hugsar ein dag i denne tida, vi dreiv med ekspedering. Da kom det ein mann inn, og han ville tala Jonsson tilrette. Kva det var som egentleg skjedde i den tronge kåken som var arbeidsplassen dengongen, står ikkje så klart for meg. Men i alle høve eksploderte Jonsson etter eit kort replikkskifte, og det såg ut som tyngdelova ein augneblink vart oppheva, for gjesten letta liksom frå golvet og sveiv ut døra med hatten i handa. Og borte var han. Det vart stille i romet, og vi såg på Jonsson.

Han var sint, augene skaut lyn, faktisk. Vi tok til igjen og det knitra i papir av hender i nervøst fumling. Eg prøvde meg med ein plyst, men det enda i eit falsk pip. Det vart ikkje stort tid for han til å dikte. Men han rakk likevel å laga noen vakre og heilstøypte dikt og artiklar i høve ikkje på hybelen. Han laga diktet faktisk ferdig slik, og skreiv det loddrett ned etterpå. Han tok det igjen, fin denne tid. Det vart helst om kveldane, han låg rett ut på senga med sigaretten i den eine handa og den andre under nakken, og han tottest vera borte frå denne verd, i alle pussa det gong etter gong, vogord og ordvalørar, laga nye ordsamenstillingar og skapte nye ord for å finne uttrykk for sitt fint utgreina tankeliv.

jonsson og flatåker foto johs bry
Jonsson og Flatåker. Foto: Johs Brye

Breiehagen fortset: «Det vart til at eg kverna meg til Oslo. Frå denne tid tok brevskrivinga til, og eg fekk ein del brev som er kosteleg lesning, som vekkjer minne på minne frå denne tid. Ein vår drog vi til fjells, på stølen i Fetjastølsdalen. Det var fint skaraføre om morgonen, vidda låg der glitrekvit og heldt på sitt. I desse vekene opplevde vi fjellvåren i all sin ofse, elva som vart heilt galen av alt snøvatnet, storfugllivet dei lyse netter, alt som vakna, sprengde på, utfalda seg i eit kokande liv».

jonsson evjens mindeTor Jonsson rauk ut med Indremisjonen og Kristleg Folkeparti i si tid i Ål, men var heile tida stamgjest på Indremisjonsheimen Evjens Minne. Her fotografert i stova på «Engleheimen» som han døypte staden, saman med f.v. Gudrun Krokeide, Margit Opheim (seinare g. Haug), Kristi Rust, styrarinna på Evjens  Minne. Sissel Nyhus og Johannes Brye.

Paul Briehagen fortel vidare at Jonsson i denne tid laga noen fine dikt, «og mellom dei det mektige «Fjellbygdvåren», ein prolog, opphavleg, som han seinare arbeidde om til fleire dikt. Han sat gjerne framfor peisen utetter kvelden, eller han rusla rundt på barflekkane i soldagen. Eg hugsar ein dag han arbeidde med eit problem. Han la seg bak ein stein, i lygna der, og eg såg berre i eine foten som vippa opp og ned. Da han endeleg kom nedatt til bua, flidde han meg eit dikt og sa: Les! «

jonsson 3
I Ål fekk Tor Jonsson gode vener. Her saman med Elsa Wigand, Svein Flatåker og sonen Tore, ho vart gift med Svein Flatåker, som var ein del i lag med bladstyrar Jonsson. Sitande ved sida tå Jonsson fotograf Johs. Brye, som fotograferte ein del for Hallingdølen.

Det var magert i kosten, som rimeleg var, fortel Breiehagen. «To fatige tilsamen blir ikkje rikare. Men vi hadde havregryn og noe hermetikk. Vi brukte mildt vårregn som saus i tilveret, og lette morgonskyer som dessert. Og Birgit stelte for oss og kokte suppe på småspiker eller kva det var, maten rakk i alle fall til. Ein dag drog han. Eg fylgde han opp på høgste fjellet. Han måtte til byen, han skulle selja noen av åndsprodukta sine, og han skulle innom Teaterkafeen og sjå koss åndssnobbane hadde det, som han sa. Ein dag kom eit brev: Han hadde fått stort stipend, og så lydde det at .. . kjøp 1000 mål svaberg og snaufjell og eit gammalt hus, og så byggjer vi oss ei hytte! Å nei, noe hyttebygg vart det ikkje. Fjorten dagar før han drog frå denne verd for godt, prata eg med han i Oslo. At det var noe som plaga han er sikkert, han hadde fare ille og såg mørkt på livet. Men at han på denne tid vandra på den ytste egg og førebudde seg til det siste steg, kunne ingen tenke seg. Men han tok steget. Ved senga hans låg att ein papirlapp med eit dikt på, vel hans siste, og ikkje offentleggjort. Det er som eit rop i ytterste naud. Det var så mange som ville hjelpe han, men ingen slapp til, hans vare, noe skygge og såre sinn tillet det ikkje. Han knepte seg straks att dersom talen kom inn på han sjøl».

jonsson lid
Tor  Jonsson og Mari Lid fotograferte framfor huset til Lars Tormodsgard i  mai 1947.

Tor Jonssons innlegg «Skyer på Guds himmel (Heimferd frå fjellet hausten 1945)»
Fjellet sa farvel med frost. Røyken frå Høyfossen låg stinn i dalbotnen og på Bøverkinnhalsen skein nysnøen daudingkvit. Men Blåhøa hadde ikkje bleikna av etter haustekstasen ennå, der loga fjellfl oraen opp i morgonsola som ein revolusjonær protest mot vintergufsen frå fjellet. Budeiene var heimfarne. Det klokk inga bjølle i berga her meir, det bar imot mørketid. Eg sat bak på lastebilen, og gløymde at eg fraus. Eg sat og sanka inn minne om ein sumar i fjellet, – dei kom imot meg frå alt eg høyrde, såg og kjende. Eg høyrde den einslege søgen frå Høyfossen, den same søgen som fyllte sumarnatta. Eg såg dei svarte skyene som skygde for sola så Blåhøa miste den siste dåmen av heit sumarbrund. Og eg kjende minnegufsen frå den kvitrima Dansarsletta. Inga budeie, inga tona av Kalle Scheven og Kostervalsen. Berre kulde, kulde – – Eg protesterar! Ikkje mot kulden og vinteren, men mot min eigen lagnad som fører meg ned i bygda att, ned i det store bedehuset til meire kulde, hjartekulde. Eg kjem frå fjellet der livet er nake og reint utan grått pietiststøv. Men det er livsfarleg å hoppe av ein bil i fart. – Å herregud! Eg må spytte ut det altarens sakrament eg fekk frå budeiemunn og skjemme ut livet med ord. Den evige allmektige er i knipe. St. Peter og Luther greidde ikkje å hjelpa han. Oxfordianarane fekk ikkje kamelen gjennom nålauga. Jaja, Stortinget skal vera vårt nødanker i farestunda. Gje dei berre kunne stille stormen så ingen fekk hug til å danse å sjå på fi lmar. Då skulle kvar bli tru i det små og eta, drikke og avle born i tukt og rikdom og fatigdom. Men det tragiske er at ynskjedraumen gror i skuggen av røyndomen. Arvesynda og kunnskapstreet er eldre enn teologien. Eg freistar med eit tankeeksperiment: Tenk om vi greidde å seia frå oss Djevelen, verda og vårt eige kjøt og la fruktene på kunnskapstreet henge til det vart haust! Indremisjonen ville visseleg sanke dei saman og konservere dei etter god, gamal oppskrift. Vi kunne vera heilt trygge, alt var daud dåsemat. Men naturen har så mange vonde innfall: Tenk om Satan og vitaminane var levande i ein boks! Tenk om vi fekk sjå eit strålande unggjenteandlet i «Kristen Ungdom»! Eit andlet som ikkje var bortgøymt bak ei maske ennå. Stutt sagt: eit menneskeandlet. Då skulle Satan læ og peike lang nase til Indremisjonen og Kristeleg Folkeparti. Men sjølvsagt var det ikkje naudsynleg å sleppe den gamle Adam på frifot. Vi kunne stenge han inn til privatbruk og føre eit kristeleg liv og ein kristeleg politikk. Huff ja, det kjem mange triste tankar når ein skal attende til kulturen og åndslivet og må til å førebu seg på å blende sume av sansane. Det er ikkje dei lokale småprofetane eg tenkjer på, dei som på død og liv vil frelse livsglad ungdom frå fi lm og dans og deira eiga uskyld. Nei, litt pietisme høyrer liksom til i ei trong fjellbygd, – liksom ugraset i åkeren og skuggane ein solblank dag. Eg tenkjer på Lavik, han som trur Satan vil okkupere Noreg og at synda høyrer livet til. Herregud på nytt! Skal vi få eit parti som vil omskape mennesket innanfrå? Korleis skal det då gå med alle dei som ikkje har fått så djupt syn på livet at dei ser Satan jonsoknatta? Eg tenkjer på han Ola oppi bakken her. Han dreiv og synda og fridde på budeia på Nordigard ein vinter og sumar til ende medan han grov opp fem mål jord. Då hausten kom, var både åkeren og gjenta mogen, og fakultetpresten måtte signe synda. Nå går han Ola der på ein velstelt heim og legg ny jord under plogen. Sundagskvelden tek han ned fela av veggen og spelar og kjerringa og ungane dansar. Men tenk om han Ola blei omskapt innanfrå så han kjende syndebøra! – Godnatt jord! Då måtte han frelse andre og landet fekk greie seg med dei gamle provinsane. – Og han Vetl-Ola fekk pent halde seg heime laurdagskvelden, han fekk ikkje lov å synde seg vaksen. – Takk, Lavik og Hallesby! Takk for triste tankar ein seinhaustmorgon! Takk for skyer på Guds klåre himmel! Eg har kjent frosten, frosten som frøyser floraen i unge sjeler til daudgras. De har lært meg at vi har ikkje eit land å stri for, men og eit liv. Eg skal forresten helse Dykk frå ei sumarnatt på ein setervoll inne i fjellet: Blåhøa står i rimme. Søgen frå Høyfossen er eitt med æva. Over fjellgarden i aust fl yt det eld av ein ny dag, ein ny arbeidsdag. Det er dans på Dansarsletta. Budeiene er komne frå seterstulane. Dei har gjort si gjerning veka til ende, – med arbeidshender har dei fyllt eit tomrom i det store kosmos. Dei tømer staupet lagnaden gav dei. I natt drikk dei nektar or staupet. – O eviga ungdom, mitt hjarta er ditt. – KJATRIK HALLINGDØLEN 6. JUNI 1946

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s