av Olav Sataslåtten
Osvald-gruppa var ein norsk sabotasjeorganisasjon som saboterte tyske installasjonar, krigsindustri og troppar i Noreg under andre verdskrig. Osvald-gruppa er karakterisert som «Noregs desidert mest aktive og effektive motstandsgruppe». Gruppa var videreføringen av det norske avsnittet av den etterkvart opprulla, europeiske Wollweber-gruppen og vart frå 1941 leidd av kommunisten og sjømannen Asbjørn Sunde. Organisasjonen bygde opp sabotasjegrupper i Oslo, Gjøvik, Narvik, Bergen og Stavanger. Ifølgje Erik Gjems-Onstad gjennomførte gruppa om lag 200 sabotasjeaksjonar i Noreg.

Gruppa var ikkje utan støtte, og særleg etter 1943 fekk ho stadig fleire oppdrag frå regjeringsstøtta organisasjonar. Gruppa utførte mellom anna likvidasjonar for Milorg og «Politigruppa» i Oslo-politiet og hadde eit nært samarbeid med politigruppe 2AP, som gav verdifull informasjon om planane til tyskarane, agentar og så vidare. Aksjonen mot Arbeidskontoret i Oslo 20. april 1943 var til dømes fullt koordinert med Milorg. Målet var å hindra tvangsutskriving av norsk arbeidskraft til krigsteneste. Både Asbjørn Sunde og Johan Peter Bruun deltok, saman med fleire andre, i denne aksjonen.
Osvald-gruppa var ikkje på nokon måte direkte styrt av Milorg, men utførte fleire sabotasjeaksjonar på direkte oppdrag frå den norske regjeringa i London, formidla gjennom Asbjørn Bryhn i Politigruppa. London-regjeringa gav gruppa økonomisk støtte gjennom «vestkantorganisasjonen» 2A i nesten heile den tida gruppa eksisterte.
Frå 1944 opererte Osvald-gruppa i opposisjon til leiinga i Noregs Kommunistiske Parti. Asbjørn Sunde løyste motvillig opp gruppa i 1944.
Etablering i Rukkedalen

På forsommaren 1942 kom det fram eit forslag om å etablera eit senter for opplæring av sabotørar i Rukkedalen. Truleg var det Sunde som hadde ideen om å flytta opplæringa ut av byen, medan Gustavsen Frogner stod for valet av stad. Dei hadde kontaktar i Rukkedalen, der dei hadde leigd jaktterreng.
Det første kurset vart halde av Sunde sjølv og byrja 29. juli. Deltakarane var ein kameratgjeng frå Harestua som Røse hadde fått kontakt med. Gruppa bestod av Josef Monsrud og broren Åge Monsrud, begge frå Harestua, Jul Johansen frå Lunner, Halvor Østbråtan frå Østbråtan ved Katnosa i Nordmarka, Egil Simonsen, stasjonsstyrar på Harestua, og Halvard Gustavsen frå Elverum. Dei skulle utgjera aksjonsgruppa på Hadeland.
Kurset vart halde på sjølve Saupeset. Sunde gjekk gjennom bruken av sprengstoff, utrekning av bjelkeprofilar og sprengstoffmengder, tenningsmekanismar av ulike slag og dessutan våpenbruk.
I september 1942 avtalte Sunde at han skulle stilla med vaktmannskap til sentralforlegninga til kommunistpartiet i Hemsedal mot å få praktisk og økonomisk støtte. Sunde vart den militære leiaren i NKP, og med partiet i ryggen vart organisasjonen meir slagkraftig.
Det vart gjennomført aksjonar i heile området frå Porsgrunn i sør til Dombås i nord, men dei fleste aksjonane fann stad i Oslo-området, svært mange av dei inne i sjølve byen. Det vart òg gjennomført fire aksjonar i Bergen. Av viktige sabotasjeaksjonar må ein særleg trekkja fram sprenginga av det krigsviktige Per Kure-anlegget i Oslo, kontoret til Statspolitiet for Oslo og Aker og Arbeidskontoret i Oslo.
Aksjonen mot hovudkvarteret til Statspolitiet i Henrik Ibsens gate 20. august 1942 og Sundes flukt til Hallingdal
Litt før midnatt 20. august 1942 tok Asbjørn Sunde og sabotørane Sigurd Hansen, Håkon Eriksen, Kristiansen og Johan Peter Bruun drosje til trappa framfor søylene til Deichmanske bibliotek i Oslo. Derfrå gjekk dei ned N. Hammersborggaten og Møllergaten til bakgarden ved Henrik Ibsens gate 7, der Sunde låste opp døra.
Dei lista seg stille gjennom korridoren, forbi Aker-avdelinga til politiet, opp baktrappa til sjette etasje og vidare gjennom korridoren til rom nummer 11, der Thorhus, Dønnum, Tofteberg og Vogt hadde kontorplassane sine. Medan Håkon Eriksen heldt vakt, festa Sunde ei sprengladning på 2,5 kilo til telefonleidningen til Tofteberg. Ladninga skulle gå av når Tofteberg tok av telefonrøyret.
Deretter fylte dei sekkene med dokument og forlét bygningen same vegen som dei hadde kome. Karlsen fekk i oppdrag å ringja. Då Tofteberg tok telefonen, vart sprengladninga utløyst.
Bruun oppheldt seg dei første timane hos syster si på Bjølsen. Deretter reiste han saman med Finn Eriksen til Rudsetra på Harestua, der dei låg i to dagar. Så drog dei vidare til fots gjennom Nordmarka til Rukkedalen. Dette var allereie planlagt.
Berre nokre timar etter at Bruun hadde forlate leilegheita på Bjølsen, kom Gestapo dit. Då hadde dei allereie vore i Trondheimsveien 85 og arrestert kona til Bruun. Sunde søkte hjelp hos Ellingsen og Bryhn. Etterlysningsplakatar der det vart lova ut 100 000 kroner for Sunde og Bruun, vart hengde opp på stolpane i byen.
Sunde ønskte å endra utsjånaden sin. Gjennom Michael Hansson i Milorg-leiinga vart legen Ole Jakob Malm kontakta. Malm var representant for legane i eit motstandsutval som kalla seg Yrkesgruppenes Koordineringskomité (KK), og hadde kontakt med overlege Hans Fredrik Fabritius ved Rikshospitalet. Han hadde tilgang til ein type spesialparafin som var godt eigna til innsprøyting i andletet. Resultatet vart svært godt, og Sunde vart ugjenkjenneleg. Samstundes fjerna Malm ein tatovering med bokstavane «AS» frå venstre handbak til Sunde.
Malm og Hansson ville helst ha Sunde til Sverige, men det ville han ikkje høyra snakk om. Etter at han hadde fått oversikt over resultata av sjølve aksjonen og kva arrestasjonar som var gjorde, kom han seg av garde gjennom Nordmarka mot Hallingdal.
Sunde skreiv seinare i sjølvbiografien sin:
«Ved 9-tiden om kvelden den tredje dagen syklet jeg oppover Sørkedalsveien. Rett før Røa svingte jeg til venstre og kom til krysset ved Vækkerøveien. Jeg tok av til høyre. Snart fikk jeg øye på noen svarte skilt på venstre side av veien. Det ville bli skutt hvis en betrådte området, sto det. Jeg lurte litt på hvilket område jeg kunne betre uten at det ville bli skutt. Jeg tok veien oppover til høyre. En bil kom etter meg. Langsomt kjørte den opp ved siden av meg. Døra ble åpnet på gløtt.
— Wohin?
— Hæ?
— Wohin? Wohin, Mensch?Jeg ristet forvirret på hodet.
— Je kæn itte tysk. Je skjønner itte et ord.
Jeg lot hånden gli ned til pistolen. Det var fire mann i bilen. I lyset fra dashbordet kunne jeg skimte ansiktet til fyren ved siden av sjåføren. Han så ut som en høyerestående tysk offiser. Jeg kunne fikse ham og sjåføren. Etterpå kunne jeg bruke bilen som dekning og prøve å plaffe ned de to andre.
— Ach, du mein Lieber! stønnet offiseren. — Diese Menschen! Wohin, frag’ ich?
— Nei, jeg har itte gjort noe gæli. Je har vøri nere hos’n Petter Kristiansen og hørt etter den vesle hvalpen som har fått hvalpesjuken. Det var itte …
Offiseren bøyde seg ut av bilen. Jeg så tydelig det kvapsete levemannsansiktet hans. Jeg måtte ta meg krampaktig sammen for ikke å blåse det i filler.
— Donnerwetter! Wohin, frag’ ich! skrek han høyt oppe i fistel. — W-o-h-i-n? Hvor du gå hen?
— Je? Å je ska tel Bærums verk.
— Na! blåste han rett i ansiktet på meg. — Warum hast du das nicht gleich gesagt? Verfluchter … Na, fahren wir.
Jeg kjørte tilbake til krysset ved Vækkerøveien. Neste gang kom det kanskje en hel buss full av disse grønnkledde. Fire kunne jeg vel fikse, men tredve var akkurat seksogtjue for mye. Det var bedre å ta en omvei. Utpå natten kom jeg til Guriby og lempet sykkelen inn i krattet ved veikanten. Jeg trasket videre gjennom skogen. Det var en fin natt med vakre, klare stjerner. Her inne i skogen var det ingen grønnkledde dævler. Ikke noen som skjøt på hverandre og brukte grov kjeft. Ikke noen som sprengte hus og bygninger i været heller. Her var bare et lite menneske i en stor, stor skog. I små etapper kom jeg meg videre gjennom Nordmarka til Stubbdal og Ringkollen. Jeg gikk utenom Løvliseter. Det var sikkert mye folk der. Ved Øyangen hvilte jeg godt ut, fisket litt og gjorde meg klar til neste etappe.»
Sunde held fram:
«Den verste stubben var gjennom Hønefoss. Jeg tok sjansen, fikk tak i en drosjebil og kjørte helt til Nesbyen i Hallingdal. Jeg var snauklipt og blå under øynene. Den ene hånden min var bandasjert. Fjerde dagen kom jeg fram. Kameratene mine kjente meg ikke igjen på annet enn stemmen.»
Sunde skriv vidare:
«Vinden freste over vidda. Dag og natt. Det var nesten uråd å sove. Stormen er full av underlige lyder når en ligger slik i en ensom hytte inne på ville vidda. Den er full av skrik og jammer. Av og til hører en stemmer. Det er slik at du reiser deg i køya og tror det er folk utenfor. Men det er ingen. Det er stormen som spøker. Du trekker teppet over hodet og kniper øynene igjen. Men det hjelper ikke. De fordømte stemmene der ute trenger seg gjennom alt.»

Aksjonen mot Furubotn og NKP-hovudkvarteret i Hemsedal
Tyskarane fann dokument som peikte ut Hemsedal som tilhaldsstaden til Furubotn, og dagen etter vart det organisert ein stor ekspedisjon dit. Den 2. november 1942 vart mellom seks og åtte bilar med personell frå Victoria terrasse sende til Hønefoss, der dei møtte ein styrke frå Wehrmacht. Under personleg leiing av Gestapo-sjefen Hellmuth Reinhard og med Sølvberg som vegvisar kom dei dagen etter inn i Hemsedal nordfrå og fann fram til Krosstølen.
Det var Sølvberg som leidde tyskarane til Hemsedal, ikkje rykte om Sunde. Kjeldegrunnlaget for denne samanhengen er solid og eintydig.
Furubotn var klar over at situasjonen på Krosstølen hadde vorte utrygg, og det var sett i verk tiltak for å flytta det meste av utstyret og papira til nye hytter ved Ålrust. Tyskarane kom derfor til nesten tomme hus på Krosstølen.
Sunde hadde for tryggleiks skuld flytta forlegninga si frå Saupeset og opp i fjellet til stølen Buglebjørk, som låg godt skjult i eit uoversiktleg terreng. Nede i Hemsedal gjekk tyskarane først til åtak på vaktmannskapet. Den 31. oktober bestod dette av Finn Eriksen og Josef Monsrud.
Seinare prøvde, merkeleg nok, endå ein av dei næraste medarbeidarane til Furubotn å hevda at Eriksen og Monsrud høyrde til kurertenesta i NKP og ikkje hadde noko med Sunde å gjera. Dei heldt til i ei hytte på Hødnset, nede ved Hemsila. Vegen til stølane ovanfor gjekk sørover like ved hytta. Dei skulle halda vakt og varsla dei andre, men hadde sjølvsagt lite å stilla opp med mot eit angrep av denne storleiken.

Tilfellet ville det slik at kureren Nikolai Danielsen hadde gått ut frå vakthytta og rett i armane på tyskarane. Han var den første som vart teken, og rakk ikkje å slå alarm. Tyskarane følgde skispora hans tilbake til hytta.
Eriksen og Monsrud hadde nett teke farvel med Danielsen då dei såg ein tysk soldat utanfor vindauget. Eriksen skaut rett mot han, tvers gjennom glaset. Hytta vart omringa og teken under eld. I skotvekslinga vart Eriksen treft i armen, låret og magen, og det høgre auget hans vart skote ut. Torgrim Titlestad skreiv at han skaut seg sjølv, men det er ikkje rett.
Den 17 år gamle Monsrud unngjekk ved eit under å verta treft. I staden fekk han ein geværkolbe i andletet. Han berga livet fordi han såg ut som ein ung gut. Saman med den sterkt forkomne Eriksen vart han frakta til Oslo. Under avhøyret forklarte han at han hadde vore i hytta for å mura ein peis. Denne forklaringa vart godteken. Eriksen døydde av såra sine på nyåret 1943.
På Krosstølen var det fire personar som enno ikkje hadde flytta til Ålrust. Dei hadde ikkje høyrt skytinga ved vakthytta og vart like overraska som Eriksen og Monsrud. Tyskarane hadde likevel vorte meir varsame. Dei fire klarte å koma seg unna. I forvirringa klarte Danielsen òg å røma.
Etter ei nervepirrande flukt ned gjennom skogen klarte dei å koma seg over det iskalde vatnet i Hemsila og opp i åssida på nordsida av Hemsedal. Der fann dei att staben til Furubotn, som hadde evakuert frå Ålrust for å finna tilflukt i Valdres.
Aksjonen kunne lett ha ført til ein katastrofe for Sunde. Det var bror hans, Håkon, som denne dagen gjekk mellom Krosstølen og Buglebjørk. Han var den einaste som visste nøyaktig kvar forlegninga til Sunde låg. Han hadde lege i hytta på Hødnset natta før angrepet og var på veg mot Sire då han høyrde skotsalvene oppe i lia.
Han forstod at noko var gale, avbraut turen og klarte å ta seg fram til ei hytte ved Lykkja, i nordenden av Tisleijorda, der det var ein kontaktstad. Dit kom etter kvart folka til Furubotn. Dei kunne fortelja om det som hadde hendt på Modum og nede i dalen.
Deretter gjekk Håkon ned att i Hemsedal, der dei tyske styrkane no hadde erklært unntakstilstand og herja mellom gardane. Til slutt klarte han å koma seg over dalen og fram til Sire, der han fekk skifta til tørre klede. Trass i det dårlege vêret heldt han straks fram opp til Buglebjørk. Der kunne han, i nokså medteken tilstand, orientera bror sin om det som hadde hendt.
Asbjørn Sunde har gjeve eit målande bilete av tilbakekomsten hans i Menn i mørket:
«Jeg visste ingenting før jeg sto midt på golvet med revolveren i spenn. Edgar, Bjørn og Kristen veltet ut av køyene og famlet etter våpnene i halvmørket. Jeg åpnet døra, og Hans tumlet inn. Han var hvit i ansiktet og ravet over golvet som en fyllik, sank ned i en stol og hikstet etter luft. Edgar fikk fyr på peisen, og jeg fant fram en flaske konjakk. Hans tømte noen glass og tente en sigarett. De sterke nevene dirret.
— Det er hendt jævlige ting. Ottar Lie er tatt.
— Ottar!
— Ja. Det kom melding med en kurer. Han og en del andre. De er ferdige. Leiren i Hemsedal er sprengt. Noen kom seg unna. Det er rene helvete.
Han tømte noen glass og ble litt roligere.
— Fikk tyskerne peiling på deg?
— Nei. Jeg kom meg unna. Jeg tror ikke de oppdaget meg.
— Hvordan ble Ottar tatt?
— Kureren visste ikke noe sikkert. Det er opplagt angiveri. Tyskerne laget razzia. De måtte sprenge døra, og det ble skyting. Ottar skjøt til de overmannet ham.
— Er du sikker på de tok ham levende?
— Nei, men det ser slik ut.
— Trist.»
Den tyske aksjonen var mislukka fordi tyskarane ikkje greidde å få tak i partileiinga. At aksjonen ikkje vart ein katastrofe for NKP, kom eine og åleine av den delvis gjennomførte flyttinga til Ålrust. Flyttinga var eit resultat av varselet som politigruppa hadde gjeve Sunde.
Gestapo fekk likevel tak i mange dokument og sette i gang eit omfattande analysearbeid. Aksjonen kravde òg eit offer til: Tor Bråten, som åtte Krosstølen.

Hemsedal som sentrum for den kommunistleidde motstandsrørsla
Hemsedal vart eit sentrum for den kommunistleidde motstandsrørsla då partileiaren i Noregs Kommunistiske Parti (NKP), Peder Furubotn, måtte flytta sentralforlegninga dit sommaren 1942. Av Tor Bråten frå Grønlio i Gol leigde organisasjonen Krosstølen og Øvrestølen. Andre budde på Snertevollen, og ein reknar med at det til saman vart leigd 14 hytter og stølsbuer.
Det frykta tyske tryggingspolitiet var likevel hakk i hæl på Furubotn. Kommunistane vart rekna som hovudfiendane til tyskarane i Noreg, og Gestapo sette inn store ressursar på å rulla opp og knusa motstandsgruppene over heile landet.
– Ein reknar med at over 10 000 personar var involverte i den kommunistiske motstandsrørsla. Dei fleste ønskte å delta i ei meir aktiv motstandslinje enn den Milorg stod for. Dei kom tidleg i gang og var langt framme med illegale aviser. Dette vart svært viktig for å mobilisera den sivile motstanden, seier Solbrekken.
Furubotn hadde tidlegare på våren flykta frå Oslo til Hemsedal via Harestua. Begge gongene kom Gestapo for seint. Det var likevel berre eit tidsspørsmål før Gestapo fann vegen til Hemsedal.
Aksjonen i Hemsedal
Den 31. oktober vart aksjonen, under leiing av SS-Hauptsturmführer Hellmuth Reinhard, sett i verk. For å unngå etterretninga til motstandsrørsla og dei lokale lyttepostane oppover Hallingdal køyrde styrken gjennom Valdres og over Filefjell.
Om ettermiddagen var dei framme i Hemsedal. I løpet av dei neste dagane rulla dei opp store delar av organisasjonen og arresterte eit titals personar. Furubotn slapp endå ein gong unna. Tyskarane fekk aldri tak i han.
Tor Bråten blir arrestert
Bråten var åtvara om at Gestapo var i ferd med å sirkla han inn. Han hadde leigd ut hyttene, og namnet hans var funne i ei notatblokk som tilhøyrde Nikolai Danielsen, ein av dei arresterte medlemmene av den kommunistiske motstandsrørsla.
Bråten flykta likevel ikkje. Han visste at Gestapo då truleg ville gå etter familien hans, kona og dei tre sønene. Etter det første avhøyret 3. november sa han til Torleiv Hornet, som òg var arrestert:
– Du får helsa kona og ungane, for eg er dødsdømd.
Grov tortur
Så byrja helvetet inne på Skogstad Hotell, der Gestapo hadde teke inn.
I to døgn vart Bråten avhøyrd og torturert fleire gonger. Behandlinga han vart utsett for, saknar sidestykke i den lokale krigshistoria. Han vart mishandla så grovt at han mista medvitet. Truleg er behandlinga Bråten vart utsett for i desse to døgna, eit av dei verste døma på tyske krigsbrotsverk i Hallingdal.
Mishandlinga førte til at Bråten fortalde at han hadde gøymt ammunisjon og granatar i ei steinrøys. Denne ville tyskarane sjå.
– Eg trur det var eit forsøk frå hans side på å koma seg ut, seier Solbrekken.
På hengebrua over Hemsila ved Granheim vart Bråten avretta. Gestapo hevda etterpå at han hadde kasta seg ut i elva og prøvd å flykta. Men som Solbrekken seier:
– Det var ei desperat handling. Han var så fysisk øydelagd at han ikkje var i stand til å flykta. Men trass i det han vart utsett for, røpte han ingenting.
Liket av Bråten vart lagt i ei kiste som tyskarane snikra saman på staden. Deretter vart han frakta bort og seinare kremert.
– Dette var heilt vanleg. Dei døde vart kremerte for å skjula brotsverket, seier Solbrekken.
I 2009 vart det avduka ein minnestein på staden der Bråten vart drepen.
Sundes tilhaldsstad
Tilhaldsstaden til Sunde på Hardangervidda vart ikkje råka av denne eller seinare aksjonar. Kåre Olav Solhjell fortel at Sunde-karane gjerne blanda seg med folket i Rukkedalen. Dei hadde vore innom nesten alle husa i Espeset-grenda.
Solhjell har ikkje funne noko døme på at nokon sladra på dei, anten for å tena lettvinte pengar eller av andre grunnar. Bygdefolket visste òg at sjølv om det var farleg å hjelpa sabotørane, kunne det vera endå farlegare å sladra på dei. Sunde understreka dette poenget.
Sire
Den viktigaste hjelpesmannen til Sunde i Rukkedalen var Erik Huse. Bror hans, Ingebret, budde òg på Saupeset på denne tida, og syster deira, Gunvor, laga mat til karane.
Korkje Erik Huse eller andre i Rukkedalen hadde hatt kjennskap til Sunde-gruppa før ho slo seg til på Saupeset. Det var heller ikkje sympati med kommunismen som fekk dei til å samarbeida med Sunde. Politikken låg langt frå tankane deira. Dei ønskte å skada den tyske okkupanten. Det var dette som heldt dei saman.
Etter kvart vart dei dregne lenger og lenger inn i verksemda. Så snart dei visste kva som gjekk føre seg, kunne ingen trekkja seg ut.
Det kom inga opprulling i Rukkedalen hausten 1942. Både Asbjørn Sunde, bror hans Håkon, Johan Peter Bruun og andre hadde tilhald der frå tid til annan utover vinteren. Dei kunne vera borte i lange periodar, men så dukka dei brått opp att.
Då Ingrid Huse, syster til Erik, kom heim på juleferie i 1942, sat karane på kjøkkenet heime på Solheim. Ho kjende dei att frå oppslaga ho hadde sett i Oslo.

Torgeir Rogne Foto: Karsten Vetteren
Både var i sving med å førebu leige av hytter frå ulike grunneigarar på Saupeset og innover fjellet i retning Torpo. Erik Huse trekte faren Levor, broren Ingebret og systera Gunvor inn i forsynings- og forpleiningstenesta. Martin Lokreim, som hadde vore gardsgut i Nesbyen, vart òg med.
På kort tid hadde Monthey Røse og Håkon Sunde, bror til Asbjørn, organisert ei kurerrute til Krosstølen i Hemsedal, der NKP hadde etablert sentralforlegninga si. Garden Sire ved Lien landbruksskule vart vald som knutepunkt på denne ruta, og folket på Sire vart engasjerte. Sire hadde eigne stølar i fjellområda opp mot Rundhovda, som dermed vart tilgjengelege for folka til Sunde.
Torkjel og Olav Sire var med i Milorg-gruppa i Torpo. Leiaren var Andres Haug, rektor ved Lien landbruksskule. Sire-karane kjende mange av radikalarane i Torpo-bygda, som etter kvart vart trekte inn i nettverket rundt basane til Sunde i fjellet.
På denne måten vart det etablert eit nettverk i traktene mellom Rukke og Nesbyen som gjorde det mogleg å halda verksemda i gang. Ei rekkje sabotørar vart denne hausten lærte opp i hytter og stølar innover fjellet og nede på sjølve Saupeset. Derfrå drog dei ut på oppdrag på Vestlandet og Austlandet. Frå fjellet strekte det seg eit etterretningsnett ned i Hallingdal og derfrå vidare til Oslo og Bergen.
Møtet mellom Sunde og Furubotn
Sunde bad no om eit nytt møte med Furubotn personleg. Dei to møttest i Oppistugu på Sire i Torpo nokre dagar seinare. Sunde hadde gått dit på sju timar og Furubotn på tre. Olav Sire hadde skaffa bensin ved hjelp av falske rasjoneringskort, og mellom sju og åtte vakter frå Milorg-gruppa i Torpo var plasserte rundt garden.
NS-lensmannen Johs. Høva i Nesbyen gjorde visitasjonane sine i Rukkedalen og på Saupeset, men la ikkje særleg stor iver i arbeidet. Bygdefolket plaga heller ikkje lensmannen med meldingar som måtte følgjast opp.
Gruppa til Sunde hadde no tilhald i fjelltraktene mellom Rukkedalen og Torpo heilt fram til mars 1943. Til tider var det stor trafikk av tilreisande som skulle på instruksjonskurs, og av sabotørar som skulle ut på eller kom heim frå oppdrag.
I løpet av denne lange perioden var det ikkje til å unngå at Sunde og dei næraste medarbeidarane hans vart kjende av mange i nabobygdene, særleg i Rukkedalen og Torpo. Alle var ikkje like begeistra for å ha sabotørane i bygda. Det var sjølvsagt mange som ikkje delte synet deira på kampen mot okkupantane. Slike opplysningar kom likevel ikkje okkupasjonsmakta for øyra, trass i at Wehrmacht var stasjonert både på Gol og i Torpo. På Gol låg det òg ein sovjetisk fangeleir med vaktpersonell frå SS.
Hovudkvarteret på Buglebjørk
Sunde heldt hovudkvarteret sitt på Buglebjørk, på den nordaustlege delen av Hardangervidda som vender mot Hallingdal, gjennom seinhausten og vinteren. Opphaldet der vart avbrote av kortare opphald på Saupeset og vest for Buvatn i Myking.
I periodar kom det folk på instruksjonskurs. Dei kom då vanlegvis til Bergheim ved Nesbyen, der ein drosjesjåfør frå Nesbyen transporterte dei vidare til dei rette stadene på fjellet.
Utover vinteren flytta Sunde hovudkvarteret til Hovdestølen, ein støl under Sire øvst i Ridalen mot Torpo. Milorg skaffa forsyningar og anna praktisk hjelp. Andres Haug, rektor ved Lien landbruksskule, sørgde for dette utan å vekkja mistanke hos Wehrmacht i Torpo og på Gol.
Gestapo leitar etter «Osvald» og «Edgar»
Utover vinteren kom Gestapo òg til Rukkedalen for å leita etter «Osvald» og «Edgar». Det ser ikkje ut til at dette skjedde som følgje av lokalt angiveri.
Lensmann Høva fekk ei førespurnad om Martin Lokreim frå ein slektning. Han rekna med at Lokreim hadde rømt til Sverige og rapporterte ikkje saka. Først etter krigen vart han klar over at Lokreim hadde slutta seg til organisasjonen til Sunde.
Noko seinare fekk lensmannen ordre frå Statspolitiet om å setja i verk ettersøking etter fem eller seks menn i fjellet. Då dette skjedde, var ei gruppe frå avdeling IV A allereie i ferd med å avslutta eit vekelangt søk etter sabotørane til Sunde på Hardangervidda. Dei hadde vore i Dagali og undersøkte no traktene mellom Myking og Rukkedalen.
Dette skjedde i første halvdel av mars, etter tungtvassaksjonen mot Vemork 27. februar 1943, som førte til omfattande tysk aktivitet over heile Hardangervidda. Det kan sjå ut til at Gestapo mistenkte organisasjonen til Sunde for å ha vore innblanda i Vemork-aksjonen.
Gestapo-folka, med Thielicke og Gjertrud Karlsen i spissen, tok Erik Huse på Saupeset. Huse spela tomsing, og lensmann Høva stadfesta at han var mentalt tilbakeståande. Etter avhøyret vart Huse, blodig og forslått, kasta ut av bilen til Gestapo ved Solheim.
Karlsen var rasande fordi ho hadde oppdaga at Huse hadde leigd ut Saupeseter til Sunde utan å ha skrive opp kven han leigde ut til. Høva stadfesta at dette var vanleg i bygda, og Gestapo-folka godtok forklaringa. Høva greidde òg å få tilbake legitimasjonspapira til Huse.
Lensmannskontoret sette deretter i verk eit søk i traktene vest i Myking, i fjellet ved Rødungen. Føremålet var å unngå ein større tysk aksjon. Der vart ei gruppe ukjende personar observerte utan at dette vart rapportert. Det var uklart om det var folk frå gruppa til Sunde eller Milorg-folk frå Torpo.
Det var uvêr, og folka til Sunde, som igjen hadde vore nede i dalen, trekte opp i fjellet for å vera på den sikre sida. Sunde skildra flyttinga i Menn i mørket:
«Enda det var fullmåne, kunne vi bare se noen få meter omkring oss. Stormen hvirvlet den lette nysnøen høyt til værs, og underlig forvridde tåkeskikkelser raste hylende forbi i en fantastisk, meningsløs dans. Ikke noe kunne holde kulden ute. Den skar som kniver i huden, gjennom tykke vadmelsklær, gjennom flere lag avispapir, gjennom solid, godt undertøy. Det er som alt håp og alt mot tyter ut av en en slik natt. Til slutt gidder du ikke tenke engang. Du blir sløv og dum og sint der du står og gjør deg liten i klærne og kjenner kulden herje som tannverk i hele kroppen. Sekken hang blytung på ryggen min, fullstappet med ammunisjon og hermetikk. Men jeg torde ikke ta den av meg. Innholdet var for livsviktig til at jeg våget å ta sjansen på at den skulle bli gravd ned under driva.»
Furubotn og folka hans drog til Valdres og brukte lang tid på å få ei ny forlegning og nye samband i orden. Meldestaden til Sunde var på Sire i Torpo gjennom heile vinteren, men Furubotn tok ikkje opp att kontakten.
Neverdekkadn
På seinvinteren flytta Sunde folka sine nærare Torpo. Dei tok då inn i ei hytte som vart kalla «Neverdekkadn», like bak ei lysverkshytte ytst i Ridalen. Dette var ein meir praktisk stad, men hytta var truleg ikkje tenkt brukt over lengre tid.
Hytta vart kalla «hotellet». Ho var dårleg utstyrt og i dårleg stand. Husgerådet måtte dei frakta med seg frå Hovdestølen. Det var truleg Andres Haug som hadde ordna med lånet av hytta. Avstanden til bygda, jernbanestasjonen og riksvegen var berre nokre kilometer.
I denne perioden hadde sabotørane òg mykje kontakt med bygdefolket. Ved eitt høve heldt Sunde eit føredrag om krigssituasjonen på Sire.
«Vi sat tett i tett rundt veggene. Han snakka om krigen og om korleis situasjonen kunne bli etter krigen. Det var veldig spennande», fortalde Ingmund Sire.
Lien landbruksskule var elles ein tilhaldsstad for sabotørane. Her fekk dei mat og kunne slappa av blant vener. Olav og Torkjel Sire var ofte der. Diskusjonane om krigen kunne gå høgt. Rektor Haug var medlem av Bondepartiet. Korkje han eller Sunde la fingrane imellom når dei var usamde.
Avhøyra på Syversrud skule
På denne tida hadde Gestapo fått tips om at noko gjekk føre seg i Rukkedalen. Fem væpna menn og den kvinnelege tolken Gjertrud Karlsen kom dit og tok inn på Syversrud skule.
Gjertrud Karlsen var meir enn berre tolk. Ho var berykta for dei harde slaga ho brukte for å få fangane til å snakka. Erik Huse og Bjarne Solheim vart kalla inn til avhøyr. Dei vart utsette for slag og spark, og Erik måtte få hjelp til å koma seg heim etterpå.
Dei røpte likevel ingenting. Dei visste heller ikkje mykje om kvar «Osvald» og hjelparane hans heldt seg nett då. Etter denne hendinga valde Erik å slutta seg til gruppa for ei tid.
Nye aksjonar
Like etter påske kom Sunde og nokre av karane hans ned til Sire. I dagane før hadde dei halde til på Hovdestølen. Dei tok med seg utstyret sitt, og det var tydeleg at dei no drog for godt. Dei reiste med toget. Då Asbjørn Sunde drog, fekk han vinterfrakken til bestefaren på Sire.
Nokre dagar seinare, 21. april, sprengde dei kontora til Arbeidstenesta i Pilestredet 31. Også denne gongen berga Asbjørn Sunde så vidt livet. Både broren Håkon og Johan Peter Bruun vart arresterte.
Dei åtte månadene mellom 21. august 1942 og 21. april 1943 var perioden då Sunde hadde hovudbasen sin i Hallingdal. Sunde kom truleg ikkje tilbake til Hallingdal etter dette, men andre av karane hans var der seinare.
I februar 1944 la ei gruppe sabotørar ei sprengladning på jernbanelinja i Sangelia. Våren 1944 var også proviantsjefen til Sunde, Amlie, fleire gonger i området og kjøpte mat på svartebørsen. Han var på Sire dagen før han vart skoten av Gestapo heime på Eina.
Ein annan gong kom ni menn til Sire. Då hadde dei planar om å frigjera dei sovjetiske fangane på Gol.
Olav og Torkjel Sire var med i Milorg og knytte til apparatet til Sunde så lenge sabotørane var i dalen. Då sabotørane kom tilbake seint i 1943 og i 1944, hadde dei tilhald på Sire.
Forholdet mellom folket i Torpo og sabotørane var stort sett godt. Sabotørane vart beundra for kaldblodet og handlekrafta si, i kontrast til det som elles skjedde i dalen.
Ved eitt høve skulle Sunde og Bruun til Bergen på oppdrag. Dei gjekk rett ned på jernbanestasjonen og tok toget. Nokre dagar seinare kom dei tilbake med toget. Oppdraget var utført. Så enkelt var det. Dette gjorde inntrykk. Dei var trass alt dei to mest ettersøkte mennene i landet.
Det var mykje reising. Bruun var mellom anna på oppdrag i Larvik-distriktet. Seinare var han i Skien på eit sprengingsoppdrag.
Heimestyrkane i Torpo
Harald Haugen skriv i artikkelen «Heimestyrkane i Torpo»:
«Det var noko merkeleg på Torpo, for som kjent var det ei aktiv gruppe av folk som var av ei anna meining der. Og me hadde mykje tyskarar på Torpomoen. Det var kanskje det som gjorde at me tok til å bli aktive. I 1943 begynte me å merka organisering. Eg trur det var det første møtet eg var med på. Olav Sollien kom til meg. Han hadde fått beskjed om at me skulle møtast på Lien ein kveld. Det var Andres Haug som stod for det. Han hadde gjennom andre kontaktar fått i oppdrag å sondera terrenget for ei motstandsrørsle i Torpo.»
Gruppe C i heimestyrkeorganisasjonen i Hallingdal dekte Torpo. Her var Andres Haug ei drivande kraft frå første stund. Lien jordbruksskule vart sentrum for motstandsrørsla i Torpo. Lærarane ved skulen var med i heimestyrkane, og både våpen og forsyningar vart lagra der.
Einar Johnsen var gruppesjef, og Gudmund Holstad var nestkommanderande. Harald Haugen og Olav Sollien var troppssjefar, med Sigurd Teigen og Olav Trøen som nestkommanderande.
Planane om å sprengja Bergensbanen
Behovet Sunde hadde for sabotørar, var verkeleg nok. Den 20. januar gjekk eit stort dynamittlager i lufta i Bergen, 25. februar vart ei bru sprengd i Ål, og 11. mars small det ved jernbaneverkstaden på Sundland i Drammen.
I desember 1943 hadde Sunde vore i Hallingdal for å få hjelp til å sprengja Bergensbanen gjennom dalen. Han møtte Andres Haug og August Pahle på Lien landbruksskule i Torpo, men begge stilte seg negative.
Sunde vart sint og la ein pistol på bordet, slik han av og til gjorde når han ønskte å understreka at han meinte alvor. Denne gongen verka det ikkje. Pahle gjekk sjokkert frå møtet. Haug var meir aktivistisk enn Pahle, men heller ikkje han ønskte at banen skulle sprengjast på dette tidspunktet.
Kåre Olav Solhjell har omtalt dette møtet i Krigsår i Hallingdal, men plassert det feil i tid. Sunde måtte gjennomføra sprenginga av jernbanelinja utan hjelp.
Sprenginga av Bergensbanen ved Sangelia
Om kvelden 24. februar 1944 kom to av karane til Sunde til Sire. Dei lånte to sparkar og følgde landevegen opp mot Ål. Undervegs passerte dei to vegkontrollar ved Torpomoen med ryggsekkene fulle av sprengstoff.
Der jernbanelinja passerte undergangen i Sangelia, plasserte dei sprengstoffet. Deretter tok dei sparkane tilbake til Sire og reiste vidare til Einastranda. Eit troppetransporttog var venta.
Tidleg om morgonen vart linja visitert, og ein dresin utløyste sprengladninga. Føraren kom uskadd frå eksplosjonen. Brua og jernbanelinja vart brotne. Sunde flytta heller ikkje til Sollia før i mai 1944, lenge etter sprenginga.
Sire-stølen i Ridalen
I Hallingdølen 12. juli 2008 intervjua Stein Torleif Bjella Ingmund Sire, som då var 81 år gammal.
«Osvald-gruppa slo seg ned på Sire-stølen vår i Ridalen», fortalde Sire.
Sunde-karane måtte røma frå hytta dei tidlegare hadde disponert i Rukkedalen. Frå denne hytta var vegen til Hovdestølen i Ridalen kort. Då far til Ingmund, Torkjel Eiriksson Sire (1897–1985), kom til stølen, såg han at det rauk frå pipa. Det var fleire karar der, og dei hadde teke seg til rette, forklarte Ingmund Sire.
Han fortalde at Sunde hadde god kontakt med rektor Andres Haug ved Lien landbruksskule. Truleg var det Haug som tipsa han om Sire, som vart mykje brukt i motstandsarbeidet, både av heimestyrkane og Sunde-gruppa.
Ingmund Sire fortalde at Sire var ein stad som tok imot alle. Der gjekk folk ut og inn heile tida. Han understreka at det ikkje var kommunistiske sympatiar som førte til at Sire vart hovudkvarter for Sunde.
«– Det var nok meir tilfeldig», meinte han.
Det var like stor aktivitet frå heimestyrkane som frå Sunde-gruppa på Sire.

Erland Hovde i Sunde-gruppa sykla fram og tilbake mellom Torpo og Gol, ifølgje Ingmund. Dei brukte sykkelen til bestefaren hans. Ingmund Sire var ikkje sjølv med i Osvald-gruppa, men sprang ein del ærend med meldingar og liknande.
Særleg hugsa han Håkon Sunde godt. Håkon var bror til Asbjørn Sunde og gjekk regelmessig som kurer frå Rukkedalen til Krosstølen i Hemsedal med meldingar. Då var han ofte innom Sire.
Ingmund fortalde at Sunde-karane hadde ein viss autoritet, og han hugsa korleis Asbjørn Sunde heldt føredrag. Det vart snakka mykje om politikk, ofte saman med forsyningssjefen Ivar Amlie. Han sørgde for mat til mellom 20 og 25 mann ved forlegninga på Sollia i Søndre Land. Det hende at Amlie gjekk fram og tilbake på golvet og snakka, men Ingmund skjøna ikkje så mykje av det.
Ingmund Sire fortalde at eit heilt følgje med menn var innom før Bergensbanen vart sprengd ved Sangelia 24. februar 1944:
«Dei kom om natta med bil frå Sollia. Det var vel ein seks–sju mann. Garasjen til Eivind Hagen stod open, og dei køyrde rett inn i han. Då stod bilen i skjul, for han var vel etterlyst.»
Det var forresten frakken til bestefaren til Ingmund som Asbjørn Sunde hadde på seg då han skaut ein tyskar i 1943, i samband med at Sunde-gruppa sprengde Arbeidskontoret i Pilestredet i Oslo.
Arvid Lund vender tilbake til Sangelia
Arvid Mindolf Lund var medlem av Osvald-gruppa. I 2005 reiste den då 87 år gamle Lund til Ål i regi av Hallingdølen, saman med krigshistorikarane Lars Borgersrud og Kåre Olav Solhjell.
Saman med to andre sabotørar plasserte Lund 24. februar 1944 to sprengladningar på jernbanelinja ved Sangelia mellom Ål og Kleivi. Alle tre høyrde til Osvald-gruppa.
Lund fortalde:
«Klokka var vel mellom 22.30 og 23.30 om kvelden. Det var kaldt og klart i vêret. Me passerte Ål på ski og kryssa på skrå over fjorden. Me klora oss oppover fjellsida.»
Etter ein del leiting langs jernbanelinja under besøket i 2005 kom dei fram til ein liten undergang.
«Her var det. Heilt sikkert. Her kom me opp lia og opp på lina», sa Lund.
Han forklarte korleis dei to sprengladningane vart monterte på skjenene:
«Eg er litt usikker på om me brukte dynamitt eller trianid. Me hadde eit 90-voltsbatteri med oss.»
Utløysarmekanismen var festa på eitt punkt på linja, medan sprengladningane var festa eit stykke unna. Sabotørane ønskte ikkje å skada lokføraren og resten av togpersonalet. Det var vognene med tyske soldatar som skulle sprengjast.
Sprengladninga blir utløyst
Ladninga skulle gå av når toget passerte om morgonen 26. februar. Den første som kom på linja, var likevel banevaktaren Nils Kvilekval. Han køyrde inspeksjon på ein dresin om natta. Kvilekval vart kasta av linja, men kom elles uskadd frå eksplosjonen.
Jernbanelinja vart øydelagd, men reparert i løpet av natta. Aksjonen var på same tid mislukka og vellukka. Ingen tyskarar kom til skade, men symboleffekten av ei slik sprenging var sterk og viktig. Lokalt vart det mykje spekulasjon om kven som stod bak, skreiv journalisten Stein Torleif Bjella i Hallingdølen.
Opphaldet i Neverdekkadn
Før aksjonen i Sangelia hadde Lund og dei to andre halde til i ei hytte i Ridalen i sju–åtte veker, ikkje langt frå Okslenuten. Hytta gjekk under namnet «Neverdekkadn».
Dei hadde fått melding frå leiaren av Osvald-gruppa, Asbjørn Sunde, om at dei skulle overvaka Fjellheim-hytta til Alf Whist på Veståsen. Whist var næringsminister i Quisling-regjeringa. Dei tre låg likevel for det meste i ro i Neverdekkadn og venta.
Dei hadde ein avtale med lokførarane på Bergensbanen om at dei skulle kasta ut forsyningar eit stykke aust for Torpo stasjon. Dei brukte 13 minutt frå hytta og ned for å henta maten, men det tok halvannan time å koma seg opp att, fortalde Lund.
Etter at dei hadde plassert ladningane på jernbanelinja ved Vestli, tok dei tre seg på skrå oppover mot Veståsen. Derfrå kom dei seg tilbake til hytta i Ridalen.
Dei reiste frå Hallingdal eit par veker seinare. Lund hamna i Sverige, der han var kurer på fleire oppdrag for Osvald-gruppa. Dei to andre karane vart verande i Noreg. Dei heitte Gjermund Karl Skaarud og Per Tore Stensrud.
Dette var unge karar, slik dei fleste i Osvald-gruppa var. Både Skaarud og Stensrud var fødde i 1924.

Begge deltok seinare i ein større aksjon mot ASEA Per Kure AS i Oslo, ein fabrikk som produserte transformatorar for tyskarane. Fabrikken vart totaløydelagd. Skaarud og Stensrud vart arresterte av tyskarane og avretta på Trandum 6. september 1944.
Arvid omtala dei to kameratane som Sigurd og Reidulf. Dekknamna deira var dei einaste namna han hugsa. Han vart godt kjend med dei. Dei budde saman i hytta og var alle unge speidarar.
Arvid Lund fortalde at dei tre fekk kamuflasjedraktene til oppdraget frå hjelparar ved husmorskulen på Lien landbruksskule. Truleg var to av sabotørane på Sire og henta ammunisjon, medan alle tre gjekk til Sangelia for å gjennomføra sprenginga.
Ut frå opplysningane til Arvid må ein gå ut frå at sabotørane sjølve valde staden for sprenginga.
«– Ladninga vart plassert her fordi det var praktisk, og fordi det var lett å koma til», sa Kåre Olav Solhjell.

Reint operasjonelt er det lett å forstå at behovet for å flytta seg nærare Oslo må ha vore til stades på ettervinteren. Fleire månader med opplæring og planlegging hadde ført til at nye grupper stod klare til å setjast inn. Det var likevel ikkje behova til organisasjonen sjølv som var den direkte årsaka til at flyttinga fann stad i byrjinga av mars 1943.
Andres Haug og Milorg-gruppa på Torpo hadde teke på seg ansvaret for å skaffa Sunde forsyningar og proviant. Haug hadde kontaktar i Milorg i Oslo. Sunde brukte frå tid til annan desse kontaktane til å kommunisera med Politigruppa. På ettervinteren var Olav Sire i Oslo i samband med eit slikt oppdrag. Då han kom heim att, pakka Sunde saman på «Hotellet» og drog.
Kort biografi: Asbjørn Sunde
Asbjørn Edvin Sunde (fødd 27. desember 1909 i Rørvik i Vikna kommune i Nord-Trøndelag, død i 1985 i Oslo) var sentral i Noregs Kommunistiske Parti (NKP) før og under andre verdskrigen og leiar for sabotasjeorganisasjonen Osvald-gruppa.
Etter frigjeringa tok den kalde krigen til, og Sunde fekk ikkje offentleg heider frå norske styresmakter for innsatsen sin. I 1954 vart han dømd for spionasje til fordel for Sovjetunionen. Først i seinare år har Sunde og Osvald-gruppa fått offentleg heider for krigsinnsatsen sin.
Han var son til skomakar og fiskar Anton Sunde (1876–1943) og Emma Sunde, fødd Sørensen (1881–1920). I folketeljinga frå 1910 finn vi familien på garden Indre Rørvik, der Asbjørn er oppført som det fjerde barnet i familien. Den yngre broren Håkon Marinius Sunde (fødd i 1911) vart fødd i Trondheim. Familien må derfor ha flytta nokså kort tid etter folketeljinga. Seinare vart dei buande i Kopervik på Karmøy, der Asbjørn Sunde hadde det meste av oppveksten sin.
Faren var syndikalist, og Asbjørn Sunde vart tidleg politisk engasjert. Sjølv vende han seg mot kommunismen og følgde dermed ikkje den same politiske retninga som faren. Familien gjekk etter kvart i oppløysing, og fleire av barna hamna på barneheim.
Då Sunde var gammal nok, reiste han til Horten for å gå inn i marinen. Der tok han styrmannseksamen. I 1931 gifta han seg i Horten med Astrid Kristine Nilsen (1912–1983), dotter til fyrbøtar Peter Severin Nilsen (1879–1943) og Anne Mathilde Fredriksen (1883–1949). Dei fekk sonen Rolf.
Krigsinnsatsen
Under den spanske borgarkrigen melde Sunde seg som frivillig. Der fekk han opplæring i sabotasje og partisanverksemd og arbeidde mellom anna som ambulansesjåfør ved eit frontavsnitt. Han lærte òg å laga sprengladningar og å arbeida bak fiendens linjer. Dette var kunnskapar han skulle koma til å bruka i Noreg få år seinare.
Frå Spania skreiv han for avisa Klassekampen til Noregs Kommunistiske Ungdomsforbund og for NKP-avisa Arbeideren. To av brørne hans, Håkon Marinius Sunde og Rolf Edgar Sunde, var òg i Spania. Sistnemnde vart arrestert i Noreg for å ha verva folk til dei internasjonale brigadane.
Etter at Sunde kom tilbake til Noreg, vart han hausten 1938 leiar for Wollweber-organisasjonen. Han miste kontakten med leiinga i Moskva etter at Wollweber vart arrestert i mai 1940, men sørgde for å halda organisasjonen i gang.
Gruppa var passiv i den første fasen av krigen på grunn av den tysk-sovjetiske ikkjeangrepspakta. Den 20. juli 1941 tok gruppa opp att sabotasjeverksemda. Ho fekk namnet Osvald-gruppa etter eitt av dei mange dekknamna til Sunde, «Osvald». Eit anna namn han ofte brukte, var Knut Pettersen.
Sunde var kjend som ein dugande og dristig sabotør. Både 2A, Milorg og Special Operations Executive (SOE) vende seg fleire gonger til han for å få utført særleg vanskelege oppdrag. Frå mars til september 1942 arbeidde han tett saman med Asbjørn Bryhn, leiaren for Politigruppa i 2A.
Hausten 1942 vart Sunde sabotasjeleiar i NKP. I februar 1944 oppstod det ein konflikt mellom Peder Furubotn og Sunde då Furubotn kravde at Osvald-gruppa skulle underleggjast partileiinga. I juni same året fekk Sunde ordre frå Moskva om å avvikla organisasjonen, noko han gjorde.
Etter sprenginga av hovudkvarteret til Statspolitiet 21. august 1942 vart det lova ut ei påskjøning på 50 000 kroner for opplysningar om Sunde. Etter sprenginga av Oslo arbeidskontor 20. april 1943 vart han alvorleg skadd då ein molotovcocktail vart knust under han. Han skaut seg likevel gjennom dei tyske sperringane.
I Menn i mørket skildrar han seg sjølv etter hendinga:
«… ein taus liten mann med hatten trekt langt ned i panna. Under bremmen skimta dei eit herja og skamfert andlet med grimme arr etter brannsår.»
Etter krigen fekk Sunde ingen norske utmerkingar for innsatsen sin, ikkje eingong Deltakarmedaljen. Dette var vanleg for medlemmer av den kommunistiske motstandsrørsla og hang saman med det politiske klimaet under den kalde krigen. Frå Sovjetunionen fekk han Medaljen for siger over Tyskland. Denne utmerkinga vart brukt mot han under spionasjesaka i 1954.
Etterkrigsåra
Gunnar Sønsteby i Milorg skaffa Sunde arbeid hos Esso på Sjursøya. Sunde skreiv Menn i mørket, som kom ut på Dreyers Forlag i 1947. Etter dette vart han maritim konsulent for forlaget.
Kjelder
Sunde, Asbjørn: Menn i mørket. Dreyers Forlag, 1947.
Harsson, Bjørn Geirr: Med Milorg D 14.2 på skauen, 1944–45: Ringerike, Hadeland og Hallingdal. Hjemmestyrkemuseets venner D 14.2, 1995.
Noss, Nils: Ål i krigsåra 1939–45. Ål historielag, 1999.
Borgersrud, Lars: Wollweber-organisasjonen i Norge. Del 1. 1995.
Borgersrud, Lars: Nødvendig innsats: Sabotørene som skapte den aktive motstanden. Universitetsforlaget, 1997.
Hallingdølen, ei rekkje artiklar.

Legg igjen en kommentar