Melding av Svein Nestegards lausdans i Bergen 1903

av Olav Sataslåtten

svein nestegard 1909 olav s reinton hol bygdearkiv
Svein Nestegard 1909. Fotograf Olav S Reinton. Eigar:  Hol bygdearkiv

Tidligare har eg skrive om då Hans Nestegard vann mesiterskapet i lausdans i Vestmannalaget i Bergen i 1905, men frem til no har me ikkje hatt noko referat frå den gongen han tok andrepremie der burte i 1903. Når eg no omsider har funne Sogn tidende si melding av Svein sin dans det året, er det viktig å setja lausdansen slik Svein fremførde den der i Bergen i samanhang med korleis det å gjere dristige og innovative stemeplakast var rekna som fenomenale karstykke i Hallingdal långt tilbake i tid.

Det var serleg på leikvollane dei dreiv alle slags leikar og tempu. I den tid karane hadde langt hår, hadde dei det til leik å ta kvarandre i det lange håret og freiste bøygje kvarandre ned til jorda. So kappsprang dei, og tok ryggtak. Slik dreiv dei det på Ringakollberget neda Mehus sundagane, fortalde gamle Pål Nerol. — Men vissaste øvinga var å gjera hallingkast. Det dreiv dei heile ungdomen igjenom. Den som kom so langt at han kunde gjera stemplakast på hålisen, var basen. Det var dei som gjorde kast på isen med brennevinsglaset og buttelen i handa; — um dei gjekk det gjetord både vidt og breidt. Den fyrste Ola Sjugurdson i øvre Reinton kunde det, fortelst det. Lars Reinton skreiv om Torstein Torgeirson Kaupang, dannebrogsmann, døypt 5. sundag i faste 1778, d. 1. august 1872. Han var skarpskyttar ved Sunnanfjellske infanteriregiment. Han var liten, men frisk, skarp og snøgg. Kunde gjera tre stemplakast etter kvarandre på ei svellkule, sa Sander Røo, han hadde sjølv sett på det ein gong på Kongsbergmarknaden.

Ingen skal ha vore så sprek og spenstig som Rotneinms-Knut, skreiv Kåre Olav Solhjell. Han skal ha gjort hallingkast på godt over tre meter. Og det vart fortalt at han spende i mønsåsen på alle kvilarstovene oppetter dalen så nær som på Stranden i Flå og på Tyribakken i Nes. I tida kring århundreskiftet galdt også hallingkast for å vere ein idrett som var dyrka på stenmet i Hallingdal fylkeslag.

Einar Tufte skreiv: “Karar med spenst og styrke gjekk det gjetord om. Prestasjonar var ein oppteken av den gong som no. Gjera karsstykkje. Eller med dagens uttrykksform, seta rekordar. Ein «god kar» var like ansett og populær som dagens idrettsstjerner i Hallingdal Der hjelpemidlane var få, måtte ein lite på muskelstyrken. Krefter trengtes til nær sagt alt arbeid. Tømmerstokker måtte Iyftas. Steinfylt jord skulle brytas opp. Høge steingjerder fortel om tunge lyft. Tungt arbeid ga styrke i armar og kropp. Den store steinen Sander Røo lyfte i 1846 vitnar om ein kar med kraft i både armar og bein. Og ein god rygg. Eit karsstykkje verd bryne seg på, for den som vil. Ein kappast om å ta store lyft. Bera tungt og langt.Vera hard i «klypa». Slik fortels det at «Malle Svein» frå Hol tok ein 100 kilos mjølsekk under kvar arm. Den tredje løfta han etter tennane.

svein nestegard 1905-1909 olav s reinton hol bygdearkiv
Svein Nestegard  ein gong mellom 1905 og 1909. Fotograf Olav S Reinton. Eigar: Hol bygdearkiv

Ta ryggtak, for å avgjerda kven var sterkast, finn vi mange soger om. Verre var det når gamal uvenskap skulle gjerast opp. Gjerne skjedde det etter inntak av sterkt øl og sprit. For som dei sa: «Når spriten rann inn, rann vetet ut». Uvettug bruk av kjempekrefter kunne gi folk mein for livet, førte endog til død. Då var å slenge seg over gjerder eller hoppe over grinder utan å ta seg nedi, meir uskuldig moro. Mest for gutane å syne jentene kor spreke dei var. For ei jente galdt det, nest etter å bli rikt gift, å få ein sprek og arbeidsam gut til altaret.

Eit godt derimot, var samarbeid mellom teknikk og spenst. Snøgg rotasjon, kraft i frasparket og djervskap gav dei store høgdene. Rekorden i Hallingdal har Olav Thorshaug frå Gol på 2.83 m. Herman Solhaug på Geilo låg ikkje langt etter. «Rekspenn» vart ikkje godteke.

Det fører oss inn i halling som solodans. Om hallingkastet skulle markere høgdepunktet i dansen. var det plass til mange «sprett» under vegs, både framlengs salto, slå hjul. nakkesprett og fiskesprett. Turnøvelsar gode som noko. Det vitjar om livsglede og dugleik når ein kar på heimveg gjerne på ei isglatt hengebru over Usteåni. Det fanns ogsa kvinner med styrke i beina. Ei stølskjerring frå Havsdalen sette støkk i bonden på nordre Tufte, då ho iført stakk gjorde ute i gardstunet. «Ho hadde leggji som ein kar», uttala han. Den kvinna turde han ikkje gå ut til.

Sevat Eiriksson Brenno 1888—1971 frå Ål var ein spretten hallingdansar som gjorde fine stemplakast. Då internatet på Lien landbruksskule var under oppføring, la Sevat ein planke på mønet og gjorde nakkespretten der. “Det skal gode nervu te slikt,” sa dei som såg på. Ein annan gong tok Sevat opp kjellarlemmen og la ein planke over hòlet. Deretter gjorde han eit stemplakast på planken.

Som Svein Nestegard sjølv skreiv: “Hallingdansen var likaste dansen, og kvar sprek hallingdansar kjende med seg sjolv at det gjaldt å verta den beste so han kunde redde æra for sjølv og bygdi. Då var det mang ei gong øsing og spaning og kappingi var likso hard som på sportsplassane no for tidi. Meistrane vart høgt æra og hadde stor vyrdnad».

Det er innafor denne konteksten vi må lese Sogn tidendes anmeldelse av Svein Nestegards lausdans under Kappdansen i Vestmannalaget i Bergen 17. Mai 1903 Sogn tidende skreiv 23.05.1903: “Maalmennerne sin 17de mai. Til Kappdansen den 16 mai i Vestmannalaget hadde meldt seg 12 dansarar. 11 av dei kom fram paa tilet. Dei var mykje flinkare no enn sist for tvo aar sidan. 1 pr. John Dale, Valders. 2 „ Svein Nestegard, Torpe, Hallingdal. 3 „ Tore Ribeson Hereid, Eidfjord. 4 „ Thomas Eldegard, Solvorn, Sogn. Desutan vart 1ste ekstrapremi gjeve til Olav Hereid, 2den — — „ Ribe Hereid, baae fraa Eidfjord”. I 1903 var Svein Nestegard butikgut på Torpo.

«Kven som i grunnen er best, Jon Dale eller Svein Nestegaard, det er det ikkje so snart aa segja. Jon Dale er mjuk og stilig og spenner makelaust, og Svein Nestegard er utifraa spretten og livande. Dei er so like, at det stend uavgjort, anten det er Valdres eller Hallingdal, som fostrar dei beste hallingdansarane. Valdrisen hadde ein føremun: han var meir van til aa vera paa tilet, og so hadde han klede som høvde. Dertil dansa nok han noko venare og førde t. d. henderne venare. Det er det med hallingdansen, at det so lett vert til krukedans og kraftkunster. Kolbyttor og alle slike hovudstupsprang høyrer til i ei turnhall meir enn paa dansegolvet. Alle dei akrobatkunster, som so mange trur dei skal vinna so mykje med, dei kann vera gode, men dei gjer dansen urein, og eit er vist: dei øydelegg præmien.

 

svein nestegard 1905
Svein i aksjon i Gol 1905. Fotograf Braaten. Spelemann er broren Hans. Me ser m.a. dansarane Sigvat Tveito og Arnfinn Breie frå Ål som bivånere.

Domarane legg vegt paa væn og stilfull dans og reine kraftige hallingkast. Anders Lysne fraa Lærdal fekk ikkje premi. Han hadde sterk god kropp, kasta godt og var i det heile langt paa veg komen. Han burde kann henda faatt præmi. Eg nemner han fram um dei hine, som ikkje rakk i præmi, avdi han visseleg hadde faatt, dersom han hadde dansa meir og ikkje brukt so mange kunster. Det er indre Sogn og indre Hardanger, som kjem mærast atti gutane fraa dalane austanfjels. Men desse bygderne hev mykje aa læra av dalegutane. Desse bruka og nokre kunster, men dei kom ikkje dermed utor takten, for det braut dansen.

 Kl. 7 1/2 um morgonen 17de mai samlast „Ervingane» kring Christiestytta og deretter kring Ole Bull og hengde kransar paa dei. Kl. 1 hadde „Ervingen» høgtidsstemni i Eldorado, Kl. 6 byrja femstemna som Vestmannalaget heldt i Logen, og kl. 8 byrja Ervingen si spelstemna i Eldorado. Desse stemnorne vart heldne for fullt hus og med mykje hugnad. Sjur Helgeland var ute med fela si i Vestmannalaget, og der kom og Hans Seland med nye og gamle segjande segner. I „Ervingen» gjekk folkevisedansen sin sigersgong, og spelstykket „Ervingen» og stevleiken hans Loland vart framsynte. Det er merkelegt aa sjåa, kor stor mun av 17de mai-galskapen som maal-mennerne er meister for. Serleg merkande er det, som det unge laget Ervingen alt maktar, Det hev fenge eit godt ord paa seg, dette laget, og det gjev gode voner til endaa meir”.

Som eg har skrive om tidligare vann Svein Nestegard fyrstepremie i lausdans der burte i Bergen i1905. Me tar uansett med uss heile referatet frå Bergens tidende 18. Mai det året: “Feststemna i Vestmannalaget, Bergen 17. Mai 1905. “Feststemna i Vestmannalaget var en overmaade stilig Festlighed. Kom man fra de sollyse gader omkring Byparken, hvor det bølgede af mennesker, hvis Frihetsgelde havde antaget karakter af sydlandsk karnevalsjubel, ind i Logen, saa følte man straks det behagelige, lidt højtidelige halvmørke som en lise for øinene. Man kom i en utmerket stemming, som ikke et øieblikk ble brudt.

Stemnet begyndte med Hr. Bladstyrer Johannes Lavik under livlight Bifald utbragte et “Leve Dagen”. Hertil sluttede sig en 17de-maisang af Vetle Vislie.

Saa kom Bergensernes gamle kjending Sjur Helgeland med huldreslaatter, og derefter dansede Gutter og Jenter fra Hallingdal og fra Vestlandet Springar.

Sjur Helgelands Slaatter havde den kjendte og uforfalskede huldretone, og hans Fele klang fin tog mygt som aldrig før. Springdansen vakte megen Opmerksomhed, Særlig viste Svein Nestegard fra Hol i Hallingdal og Søsteren sig som fortrinlige Dansere. (Det var Dordei Nestegard som var med Svein det året. Systra Sigrid dansa med Sveidn i Bergen i 1907).

Hr. Olav Rust udbragte saa et “Leve Minnet om Ole Bull”, som vant den livlige Tilslutning. Saa kom aftenens store Numer, Hallingdansen. Der var fremmødt en Række flinke dansere, allisammen spreke og staute Gutter, som det var en Fornøiesle at se. Det var mange fine hallingkast og mange friske Spræt, og det fuldtallige Publikum var henrykt.

svein hans torleiv asle nestagrd ca 1911 hol bygdearkiv
Svein, Hans, Torleiv og Asle Nestegard ca 1911. Torleiv var óg ein svært god hallingdansar. Eigar: Hol bygdearkiv

Præmievinderne var følgende:
1ste Pr (100 kr.) Svein Nestegard, Hol i Hallingdal. 2den Pr. (60 kr.) Olav Hæreid, Øyfjord, Hardanger. 3dje Pr. (40 kr.) Thomas Eldegard, Solvorn, Sogn. 4de pr. (30 kr.) Matheo Pisani, Lærdal, Sogn. Umframpræmie (Opsat af Privatmænd) fik Tore Hæreid (10 kr.) og Ingjald Haaland, Haalandsdalen (5 kr.)

Som dommere havde fungeret Dherr. Lærer E. Bugge, Doktor Fretheim og Kaptein Lunde.

Sjur Helgeland spillede nu igjen nogle af sine Slaatter og vandt stormende Bifald”.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s