«Thor Villand» av Lars Reinton

«Ein av desse beste forteljarane i Hol i det 19. h.å. var Tor Villand, fødd 1806, avliden 1897. På den eine sida var han av gamal god ætt i bygda med gode tradisjonar. Faren døydde då han var liten, og Tor levde dei fyrste barneåra med mora, som vart kalla «Lybekka”, fordi ho budde i ein plass som heitte Lybekk. Tor vart difor óg kalla “Lybekk-Tor”. Som liten var han gjæslegut hjå Elling  Tolleivson Villand, og sia vart han der til han vart vaksen. Deri frå tok han namnet Villand. Med det kom han midt inn i største og rikaste segnkrinsen i Hol, segnkrinsen kring Villandstetta. Der på garden hadde han rikt høve til å høyre soger og fortelja dei att. Hjå dei vart i beit for ein lærar i bygda, peikte Elling Villand på at han hadde ein gjæslegut som det var godt hovud på.

Han kunde bli lærar. So vart Tor sett i lere, og 20 år gamal byrja han som umgangsskuleIærar. Det heldt han på med i 32 år, sia var han kyrkjeverje og kasserar for skule- og fattigkassa. Han var ein meir enn vanleg dugande lærar.

Ved sia av dei rettelege yrka sine, vart han mykje brukt til kjøkemeister og føretalsmann i bryllaup og likferder. Ingen hadde so god greie på som han korleis det skulde gå føre seg i slike lag etter gamal sed og skikk. Han fylgde skikkane nøye sjølv og sysla med at andre gjorde det same, difor vart han kalla “Sysle-Tor». Som foretaIsmann måtte han både tala og syngje, og Tor var god til båe deler. Men han vart leid til å drikke, so dei tilslutt vant kunde bruke han i lag. Det hende seg ein gong at dei til ei likferd i Rudningen bad presten Leganger tala over den avlidne i staden for Tor. Tor kom likevel til likferda og sat og høyrde på presten. Men då han var ferdig steig han fram til skåpet og heldi ein tale so mest ikkje eit auga var turt i forsamlinga. Dagen etter møtte gamle Ola Bakke Tor på vegen. Då kom det med sterkt trykk på kvart ordet frå Tor: «Det kom ein skarve kapellan til dikko i går. Det gjekk her som på Torpo, då han Klemme-Lars skulde rettast. Det var ingen som tala slik at syndaren mjukna. Men so kom det ein skarve kapellan frå Nes, og han tala so det song i Sata-fjelle, og då mjukna han til slutt han Klemme-Lars med. Slik var det i likferd’n i går med, — det kom ein skarve kapellan. Som føretalsmann og umgangsskulelærar fór han mykje ikring i bygdene og fekk soleis det beste høve til å bli ein god sogemann. Han hadde interesse for slikt, og dertil kom at han hadde eit utifrå godt minne. Han kunde ta uppatt preikene til presten ordrett, når han kom frå kyrkja, heiter det. Til slutt fekk han ein sjeldsynt stor kunnskap um ættene og bygdehøva i dei eldre tidene. Han fortalde soleis til mannen Nedremyr at han var den 10. mannen av den ætta på garden, og han rekna upp ættledene attover, i det han byrja med sonen på garden: — Ola — Pål — Ola — Pål Ola Eivinson, lensmann, — Eivin Sveinson Svein Eirikson — Eirik, lensmann. Granskingar har vist at rekkja er rett, burtsett frå eit mistak i dei aller eldste ledene.

Alle som høyrde Tor fortelja er samde um at han var ein meister til å ordleggje seg, det var ei njøting å høyre honom seie soger. Presten Erling Grønland var kapellan i Hol i 1885— 86. Tor budde den tid i ei lita stugu på prestegarden. Grønland skriv i nokre uppteikningar han let etter seg: “Hver eneste dag jeg var hjemme på prestegården satt jeg nede i stuen hos Tor og nød ham og hans visdom. Jeg ser ham for mig med de grå kindbarter og det lange, grå, fynde hår, små-tyggende på tobakken. Med høire albue støttende hodet, og høire fot småtrampende i gulvet, venstre hånd i bukselom-men, klædt i en tykk undertrøie og knæbukser av skind og spendesko på føtterne. Så fortalte han slægtshistorie. — alle slægter i bygden og i Ål hadde han rede på — og gamle
hendelser”. Soleis fortalde han um prestane. «Han kunde dem ut og ind langt tilbake — jeg tror til opimot reformasjonen, tegnet hver enkelt som menneske og prest og broderte med merkelige historier. «Den ene historie og tradisjon fulgte på den anden i timevis og med en friskhet og naivitet, som var likefrem klassisk. Han vart nesten 100 år, var en utmerket forteller og huskede alle ting i Hol 2—300 år tilbake i tiden.»

Tor var óg litt av ein diktar. Elles hadde han si interesse i grammatik, og hadde ikkje liten kunnskap på det umråde. Han hadde stor tru på seg sjølv, var «sværs, og meinte visstnok at han hadde betre greie på dei fleste ting enn andre. Då Ivar Aasen var på ferd i Hol for å studere holingsmålet, var han óg hjå Tor. Sander Røo spurde korleis de hadde gått hjå han. «Å, han er no so klok, han Tor” svara Ivar. Tor var eit godt hovud, men ein uroleg gjevnad. Han kom ikkje til å skrive ned stort sjølv av alt det han visste. Det finst eit stykke av han som heiter «Samtale i millo två Hallinga um ait gravøl», trykt i «Samlinger til det norske Folks Sprog og Historie» (Bnd. 4, 1836). Han har óg skrive ein del av det som finst i «Søgnir frå Hallingdal», utan at det der er peikt ut kva stykke som er av han. Men for tradisjonen i bygda har han hatt mykje å seie. Mykje av det som den dag i dag blir fortalt, skriv seg frå han. Han vart mest blind på sine gamle dagar og døydde 91 år gamal».

Opprinneleg gjengitt som del av ein lengre artikkel kalla “Forteljing og fortellarar” i Heimen 1941/45 Vol. 6 Nr. 5. Transkripsjon av Olav Sataslåtten, og det er fint om du henviser til han om du publiserer dette ein annan stad. Teikninga av Thor Villand er avfotografert av fotograf Neupert og bevart i Nasjonalbiblioteket.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s