Da Ole Bull overnattet på Ro skysstasjon

skysstasjonen på ro

Då Gol vart kommune var det skyss-stasjon i Haga og på Ro. Stasjonen
på Ro vart til nett då. I 1839 søkte Ola Ro om at det måtte verta lagt ein
stasjon på Ro. Det var då ingen stasjon millom Hovtun og Hemsedal, sa han,
og det var til meins både for dei reisande og for bøndene på øydgardo som
vart tilsagde til å skysse. Det var ikkje skyssplikt for bøndene i Grønlio. Dei
hadde ikkje stort hestar dei då. I 1841 sende Ola Ro ny søknad, og då til
kongen sjølv, om at Ro måtte verta skyss-stasjon «og at det tidlige maatte
blive afgivet et ungt Mandskab til Skydsskifterkarl. Straks etter har so søknaden
vorte innvilga. Det var i 1840-åra at ein so kjend reisande som Ole
Bull overnatta på skyss-stasjonen Ro. Det er fortalt at Roen om kvelden sa
til Ole Bull: «Du fær dra upp ein grepa lått åt uss». Dei kjende nok
ogso i Gol til at Bull var ein vidgjeten spelemann. Bull svara, seiest det:
Å nei, du er nok ikke den mann at du kan legge opp 40 daler for et musikk-
stykke. »

Fra ‘100 år i strid og vokster’ av Hallvard Svello, Grøndahl, 1963.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s