Halldis Moren Vesaas sin julehilsen til Kari og Arnfinn Breie 1929

halldis

Gudrid Tolleivsdtr. Breie Moren 21.03. 1880—1963 var gift med Sven Moren 1871—1938. Barnet deira, Halldis Moren Vessas 1907—1995 var ein kjend lyrikar og omsetjar, gift med forfattaren Tarjei Vesaas.

Gudrid tok vev- og handarbeidskurs på Notodden lærarskule, og ein vinter var ho lærar på Voss Folkehøgskule. Gudrid og Sven budde i Trysil. Sven var diktar og bonde på Mora i Trysil.

breie bArfinn Breie

Arnfinn Tolleivsson Breie 21.07. 1883—1960 var gift med Kari Karoline Syversdtr. Luksengard. Karis foreldre var Syver Syversson Logsengard (Kongsvoll) og Liv Olsdtr. Vestenfor. Arnfinn og Kari gifte seg i 1923. I unge år var Arnfinn ein spretten kar som gjorde det godt både i skiløypa og på dansegolvet. Når han dansa laus, vart det stillt i stugu. Arnfinn var også innehavar av 3. premie frå kombinert renn i Holmenkollen, han var ein av dei fremste skiløyparane i dalen. I 1913 fekk han ein tur til Berlin. Lessing-theateret sette opp framsyninga Peer Gynt, og hyra Arnfinn til å danse laus og Asle Perstølen til å spela fele.

Arnfinn kjøpte Tjødndalen i 1899 for kr 3600 og kår. Arnfinn var ordførar i til saman 18 år, og hadde ei rekkje kommunale verv. Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull.

I 1923 skreiv bladmannen Anders Mehlum: “Altså er tusenårsriket kommet til Aal.

Ordføreren (Helgesen) er ytterste Høyre og varaordføreren (Breie) decidert Venstremand!”

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s