Frukthavene i Hallingdal på slutten av 1700-tallet

Av Olav Sataslåtten

Presten og pomologen Christian Teilman skriver i 1797 følgende om fruktdyrkingen i Hallingdal: “Hallingdals bønder har allerede beygynndt, enogsaa uden oplysning, at giøre havedyrkningen til sin hovedsak nest fedriften. Dette arbeidsomme folk skulde snart drive havedyrkningen meget vidt, dersom kan gav dem kundskab og opmuntring. Og felere fjeldfolk, der udgiøre gemeenlig den strevsomste deel af den norske almue, skulle følge deres exempel».

teilman have

Utrykket «pomolog» betyr fruktkyndig, eller en kjenner eller dyrker av spiselige fruktsorter.

Denne teksten sto opprinnelig i Teilmans bok ‘Anviisning til Norske Frugttræskoler at anlægge og vedligeholde : udfunden ved 25 Aars egenhændige Øvelse, og til almindelig Nytte bekiendtgiort av Teilman, Christian’ . Kiøbenhavn : Trykt paa Forfatterens Bekostning hos Hofbogtrykkerne N. Møller & Søn, 1797

Hvem var så Christian Teilman? I følge Norsk biografisk leksikon var han født 14. juni 1743 i Hole, Buskerud, og han døde 27. oktober 1821 på Heggen prestegard i Modum, Buskerud.

teilman portrett
Teilman

Han var prest og pomolog. Foreldrene hans var Sokneprest Hans Teilman (1705–65) og Anna Petersen Brøsting (død 1764). Gift 18.8.1772 med Anna Elisabeth Margrethe Middelfart f. Finchenhof (1745–22.9.1806; ho gift 1) med sokneprest Peder Middelfart, 1726–70), dotter til sokneprest Christian Jørgen Finchenhof (1712–75) og Sofie Elisabeth Arnesdatter Kongshaug (1711–95). Farfars far til Christian Teilman (1843–1909).
Christian Teilman var ein føregangsmann innan planteskoledrift i Noreg. Han var den første her i landet som dreiv med oppal av frukttre i stort omfang.
Far til Teilman var sokneprest i Hole, deretter frå 1752 i Bragernes (no Drammen). Christian fortel sjølv at det var faren som stod for undervisinga av borna og at han som 12-åring hadde vidaregåande kunnskapar, mellom anna forstod han to framande språk. Deretter fekk han utdanning på eit “Seminarium for unge Studerende” hjå presten Nils Bjerregaard i Lardal og var klar for universitetsstudium 1757. Han heldt likevel fram med teologistudier hjå Bjerregaard i tre år til før han avslutta studiet i København 1763. Deretter var han mest huslærar, mellom anna i rike familiar i Christiania. 1769 reiste han tilbake til København med tanke på vidare fordjuping i filologi, men han fann at den abstrakte vitskapen var nokså tom. Han brukte difor tida på fysikk, mekanikk, naturhistorie og økonomi. Han fekk interesse for planteskoledrift, vart oppglødd over korleis frukttre kunne masseproduserast i Danmark og var innstilt på å få til noko tilsvarande i Noreg.

Då Teilman vart residerande kapellan i Modum 1771, byrja han straks med oppal av frukttre på kapellangarden Komperud. Etter 4–5 år var resultatet skuffande, truleg for di det var stiv leirjord på staden. 1781 kunne han stolt skriva til Det Kongelige Danske Landhuusholdnings-Selskab i København at han hadde ein lyst-, frukt- og urtehage på 3,5 dekar, det meste frukttre for sal. Fem år seinare gav han opp at han hadde 10 000 frukttre i planteskolen. 1787 fekk han gullmedalje frå selskapet med offentleg ros for innsatsen.
Teilman ønskte å bli eigar av planteskolejorda, og 1784 søkte han om å få overta jordstykket ved makeskifte med eit jordstykke han hadde fått kjøpt av ein nabo. Men futen Widerøe og fleire med han hevda at naboen ikkje eigde bytejorda, men at ho høyrde til Komperud. Futen ville ha jorda tilbakeførd til landbruk i statseige. Det vart fleire rettssaker. Striden gjekk sterkt innpå Teilman, og om lag 100 sider av den store boka han skreiv om planteskoledrift, handlar om desse prosessane.
Planteskoledrifta var økonomisk lite vellukka, rettssakene kosta pengar, og kapellanløna var låg. 1782 hadde han fått ventebrev på Modum soknekall, men overgangen trekte ut, og 1788 vart han sokneprest i Borge i Østfold. 1791 fekk han stillinga i Modum. Teilman flytta no det som var av verdi frå den gamle, forsømde hagen på Komperud til prestegarden i Modum. Her planta han ut 1000 frukttrestammer årleg, sådde 16 000 morellsteinar og 2000 eplefrø. 1801 averterte han 1000 tre for sal. Ved dødsbuauksjonen etter han 1822 kjøpte landfysikus J. A. Münster 3000 3–8 år gamle frukttre. Det var også mange andre kjøparar.

Teilman hadde 1771 stått for første bind av Christian Braunmann Tullin sine samla skrifter. I kapellantida skreiv han Beskrivelse over Modums Præstegield, og 1797 gav han ut eit stort verk på 538 sider om planteskoledrift. Han kosta trykkinga sjølv. Boka var ikkje lett å selje, men vart likevel spreitt vidt, og ho var nok medverkande til at det frå 1797 til 1821 kom i gang minst 20 større eller mindre planteskolar i landet.
Teilman skreiv at fleire og store planteskolar måtte til om fruktdyrking skulle bli vanleg i landet. Det var frukttre for vanlege folk han ville ha fram, rotekte tre som var billigare og meir hardføre enn dei som var poda. Kvaliteten på fruktene av desse rotekte tre var jamt over bra, meinte han. Han har òg mange interessante samfunnsvurderingar. Til dømes kjem han inn på bruken av islandslav, som folk vart oppmoda til å blanda i mjølet, slik at dei kunne lære seg å akseptere bittersmaken med tanke på komande naudår. Dette meinte Teilman tok livsmotet frå folk; i staden burde dei få hjelp til å lære å bruke vekstbenker, dyrke grønsaker og plante frukttre.
Teilman skreiv ofte humoristisk. Til dømes fortel han at i England, før den store oppgangen i dyrking av åkervekstar på 1700-talet, kunne ein dele nasjonen i to grupper, jegarar og gjætarar; den første dreiv med revejakt, den andre klipte sauer og selde ull. I eit kapittel om skadedyr skreiv han om “Misunderne” at “disse Skabninger har ødelagt flere Træer for mig end baade Frosten, Spidsmuserne og Bladlusene til sammen”.
1813 søkte Christian Teilman avskil, men skreiv at han framleis kunne vere til nytte for norsk fruktdyrking dersom han kunne få disponere ein del av jorda på prestegarden. Det fekk han. Dette må vi rekne som ein aksept av innsatsen hans.

Verker:
Anviisning til Norske Frugttræskoler at anlægge og vedligeholde, København 1797
Tilbørlig Tak til Sognepræsten Hr. Holst for hans Lys i Mørket; hvorved gives Efterretning om den Modumske Frugttræplantnings nyeste Fremgang, København 1800

Kilder og litteratur
T. Skard: Hagebruk og gartneri i Noreg, 1963
d.s.: biografi i NBL1, bd 16, 1969
A. Ruud: Modums historie, bd. 5: Gårdshistorie, Drammen 1969

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s