Ola Ivarsson Asgrimplass Turrhaug vart fødd 16.03. 1856 og døyde i 1930. Han var på Langeland ei tid, kom til Turrhaug kring 1895. Ola var snikkar og småbrukar. Han laga også feler. Ei fele er på Ål Bygdamuseum. Den avbilda fela befant seg i Asker før den ble overtatt av Akershusmuseet.

Torleiv Perstølen skriver i notatboka si frå 1946: «Fyrst då han (Eivind Hollebakken) var i 17-18 års-alderen fikk han seg ei nokonlunde skikkeleg fele. Det var ein snidkar i Granshagen i Ål, Ola Iversen, som arbeidde felor. Han spela litt og. Det var Iversen-feler Hollebakken brukte i fyrsten han dreiv som spelemann. Dei kosta frå 15 til 30 kronur. Det var pengar det og den tidi, – visst for han Eivind.

«Ja, Dekken hadde ei Iversen-fele, ho var kji so verst», fortel Hollebakken. Det var elles Iversen-felor Hollebakken brukte i fyrstni, hev me høyrt».