Arne Garborg i hallingkledu

«1911. 02. januar 1911.

Drakk inn det nye Aare i Hallingdal denne Gongen. I Aal, hjaa Dr. Bruun. Der heldt eg Jol med, og hadde ei hyggeleg Jol. Det er gilde Folk, Bruuns. Frua klok, fin, grei, og tekkjeleg i alt sitt Lag, endaa ho hev Utearbeid nok (hev i 5 Aar von Formann i Ungdomslage) og arbeidt det godt upp), og Doktaren ein Austlending av desse som hugtek oss der vestantil: roleg, trygg, glad, endefram, likar Skjemt og Moro, og Strid med; kann bli sinna men aldri sur; er Selskapsmann og Skyttar og Sportsmann, — og hev, med alt dette, aandelege Hugmaal; ja hev kunna naa fram til aa bli norsk, og det heilt ut: er ein av dei faa norske

Embættsmennane som er Maalmennar; det var lengi fyrr eg rett kunde tru paa det. Og han er av desse sjølvtrygge Austlendingane som tek det rolegt og aldri braakar; ein høyrde aldri noko større um Arbeide hans. Men arbeidt hev han, og det betre enn Fleirtale av oss som blæs paa Lur; det er Mennar av det Slage som skal faa Tanken inn i Live. Ikkje minst trengst hans Arbeidsmaate paa Austlande. Hjaa honom var eg og hadde det huglegt og godt; og fleire Gongir fekk eg fylgje Doktaren paa hans Ferdir rundt i Bygdi (Folk er sjuke i Joletidi med). Ein Kveld heidt eg ,,Fyrilesnad” ¡ eit Ungdomslag (i Grannebygdi); ein Dag tok me med Bana upp til der me hev fengi eit stort, gildt, godt Hotel midt upp-aa nakne Høgfjelle; no i Joletidi var det fullt av Gjestir (Byfolk). Men dei siste Par Dagane sat eg inne og stellte med Fyriarbeid til Tolstoi-Stykke, liksom Hulda sat paa Hotelle den meste Tidi og arbeidde med sitt (,‚Under Bodhitræet”, ei asiatisk Skildring — god); og igaar bar det ned-yvi att».

Fra «Dagbok 1905-1923». Transkripsjon ved O. Sataslåtten

One Comment Add yours

  1. Eva Almhjell seier:

    Dette var forvitneleg lesing!
    Er det Dr. Holms hotell han og Hulda bur på? Det vart opna samstundes med Bergensbanen. Mor til Olav Sletto, Anne, g. Olsen, var vaskekone der. Olav budde på Dr. Holms under ei taleferd i Hallingdal i januar-februar 1915. Meir om dette i Olav Sletto-selskapets Årshefte 2018.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s