Dei drog til Amerika

av Olav Sataslåtten

Birgit Olsdtr Kanafetmyro Sundre

Birgit Olsdtr. Kanafetmyro Sundre (f 1862) reiste i 1881 saman med søstera Jørand til Amerika. Birgit tok namnet “Gena Olsson”. Ho gifta seg 1899 med enkjemann Guttorm Olsson Sundre. Barn: Kristine 1900— ; Gudrun. Birgit reiste fyrst til Bragernes om lag 1881. Deretter til Amerika, og busett i Blanchester, Ohio i 1892.

Birgit var dotter av den kjende spelemannen Ola Jensson Skansen Kanafetmyro – Myreguten (1817—1904) som opprinneleg var frå Nes men som flytta til Ål kring 1851. Mor hennar Birgit var Kirsti Syversdtr. Sundre Kanafetmyro 1825—1889, som var dotter tå Syver Trondsson Steinmoen (Nes) Sundre og Jørand Levorsdtr. Gretegarden Sundre. Birgit kom attende til Noreg. På dette bilete er ho kyrkjekledd, altså i sine finaste klede. Birgit har jentepannelin, hovudbunaden til den ugifte, trøye, bringeduk, svart forkle og dås (stakk).

Jørand Olsdtr. Kanafetmyro Mundan.JPGJørand Olsdtr. Kanafetmyro Mundan født 22.06. 1860—“Jørand Gina”. Gift med Andelm Mundan, busett i Washington. Ho var altså syster til Birgit. Fotografiet er teke i Amerika og det viser at ho er kledd på amerikansk vis.

ola t haug 1
Ola Tolleivsson Haug 1881—1924 frå Ål . Sønn tå Tolleiv Olsson Helling Haug 1852—1926 og Margit Olsdtr. Lå Haug 1855—1911. Besteforeldre: Ola Tolleivsson nordre Helling (Øvre-Ål) og Ågot Knutsdtr. Myking,  Ola Olsson Øvre Lå og Sigrid Tolleivsdtr. Bjella.

Han gifta seg 1913 med Malene Agjeld, frå Olden i Nordfjord 1874—1954. Barn: Thelma 1914— g 1935 m Lester Lowdermilk (tre barn); Clara 1915— gm Vernon Olson (fire barn). (1242) Han drog til Amerika i 1901. Ola tok seg land i Williams Co., ND og dreiv med brunnboring ei tid. Fotografiet (som er teke før han drog, viser at han har mote-påverka hallingklede slik dei var bruka på den tid. Det er trøye med slag og liggjande krage, vest utan krage — og langbukse. Han har kvit skortekrage med halstørkle utanpå.

ola t haug 2
Ola T Haug. Fotografi teke i USA som visar at han har bytt hallingkleda med meir moderne klede.

syskinlaget tveito

Syskinlaget Tveito, Ål, Hallingdal. Foreldra var Thor Nilsen Tveito f. 14.5.1841 og Siri Olsdotter f. Løkensgard 16.6.1844.  1. rad frå venstre: Barbro f. 20.2.1868 g.m. Arne Solheim. Ho har konehovudbunad. — Gunhild f. 31.7.1871; Randi f. 5.3.1879; Ågodt f. 13.11.1881. Dei er ugifte og har jentehovudbunad. Alle saman er kyrkjekledde. I trøya sit «spennu og lekkje».  2. rad fra venstre: Nils f. 23.1.1866; Ola f. 22.4.1876; Knucf. 22.1.1884 og Engebret f. 13.2.1886.  Ola, nummer 2 frå venstre, er kledd på amerikansk vis. Han reiste til Amerika i1902 og busette seg i Pittsburg, Nord- Dakota. Hausten 1906 kom han heim att ein tur og han gifte seg våren 1907 i Leveld  kyrkje med Margit Sorteberg frå Ål. Ola reiste til Amerika att i 1907 saman med kona si, Margit.  Foto Sigv. S. Tveito, Ål. Truleg 1906—07.

ola og margit tveito.JPGOla og Margit Tveito med sonen Tor. Ola har same slag klede som han har på  det andre biletet. Margit har sølje i kjolen.  Foto Grand Forks, USA. P.E.  Avfotografert av Jens A. Myro, Ål Bygdearkiv.

knut og ola rødningen.JPG
To frakkkledde norsk-amerikanarar, Knut og Ola Rødningen som båe utvandra fra Ål, Hallingdal. «Amerika-frakken» kalla dei frakken med stor krage. Foto Petersburg, N.Dakota, USA. P.E.

Kjelder:
Ål bygdearkiv
Ål bygdesoge
Aagot Noss: Folkedrakter i Noreg i andre halvdel av det 19.hundreåret : frå norske folkedrakter til amerikanske klede, Oslo:Norsk folkemuseum, 1986.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s